Jan Myrdal har gått bort

0
Jan Myrdal under en Vietnamdemonstrasjon i Stockholm i 1967. By Gunnar Westerlind - Pressens bild, Public Domain, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=27331174

Av Hans Olav Brendberg

Jan Myrdal er død (30. oktober 2020). Få nordiske forfattarar har påverka meg like mykje som Myrdal. Ikkje avdi eg alltid var samd med han – men avdi han sakleg og ryddig ressonerte, og fekk fram argumenta og den historiske samanhengen. Tvang fram motargument, opplyste det han arbeidde med. Ofte handla det om å utgreia dagsaktuelle spørsmål. Men av og til handla det om å gå djupt i dei historiske røtene – som td. i «Ord og avsikt», der han nøstar det radikale perspektivet tilbake til Pisarev, Tsjernysjevsky og russisk 1850-60-tal. Sidan eg las Myrdal, lærde eg å lesa både Dostojevski og Tsjernysjevski!

Myrdal lærde meg å alltid gå tilbake til kjeldene, lese begge sidar av ein historisk situasjon. Og han lærde meg å gå på jakt etter det prinsippielle, det som ligg under konfliktane som oppstår etter kvart som historia tenkjer seg om.

Eg ville aldri forstått noko av Frankrike og av fallgruvene i klassisk marxisme utan Myrdal. Han synte at det ein trudde var fast grunn, var langt meir svikefullt enn det inntrykket som først festa seg. Og han synte kor grunn og moralistisk «progressiv» konsensus ofte var.

Jan Myrdal var kort sagt ein viktig forfattar, som prega eit halvt hundreår.

Jan Myrdal var også paradoksal. Både på jakt etter det prinsippielle, det reinskorne – men også med blikk for realpolitikkens lover. Under krigen gjekk Myrdal på møte i det kommunistiske ungdomsforbundet i Stockholm – det einaste kommunistiske partiet i Europa som då opererte lovleg, utan å ha monopol i ein eittpartistat. Det var ein paradoksal situasjon – og Myrdal såg paradokset sjølv. Han respekterte Per Albin Hanson – samstundes som han var djupt kritisk til mykje av det han representerte.

Desse paradoksa utforska Myrdal gjennom eit langt forfattarliv. Då Palme byrja kasta journalistar i fengsel i samband med IB-skandalen, var Myrdal den fremste forfattaren i Sverige som skreiv i klårtekst. Kommunisten Myrdal var ytringsfridomens mest pålitelege forsvarar. Myrdal kunne vorte mykje rart, men aldri partikommisær.

Det er ikkje noko merkeleg i dette: Bak kommunisten Myrdal finn du ikkje lite fransk republikanar, ein mann som las seg inn den store, europeiske tradisjonen. Og som gjekk sine eigne vegar, uavhengig av om han var på moten eller isolert. Heilt typisk var det når han mot slutten av livet gjekk mot den nye ekteskapslova i Sverige. Myrdal var oppteken av prinsippa – så fekk resten av verda gjera som ho ville. Han deltok ikkje i nokon popularitetskonkurranse.

Eit stort menneske har gått ut av tida. Eit stort livsverk står att. Myrdals forfattarskap er meir aktuelt enn nokon gong.

Forrige artikkelZuckerberg: FBI-advarsler om lekkasjer og hacking bidro til at Facebook strupte nyheter
Neste artikkelDet är rätt att göra uppror