VAL 2020: Borgarleg demokrati møter globalt styre

0

Diana Johnstone tar eit djupdykk i moroa og spela kring moglegheita for eit omstridd valresultat, og konkluderer med at framtida blir planlagt andre stadar, til dømes ved neste møte i Davos.

Av Diana Johnstone.

Nokre få svært rike menn er bombesikre på at dei veit kva som er best for framtida til verda, og dei har nok rikdom og påverknadskraft til å tru dei kan få det til å skje. Dei kan kallast oligarkar, men omgrepet er ikkje dekkande. Dei høyrer heime i ein spesialkategori: dei som formar det globale herredømet det er bestemt skal erstatte det borgarlege demokratiet. Eg kan nemne to: ein som er vidgjeten, ja til og med berykta, men svært gamal, og ein annan som er ein generasjon yngre, ikkje enno så velkjend eller rik, men truleg med endå større påverknadskraft.


Denne artikkelen av Diana Johnstone ble opprinnelig publisert av Consortiumnews. Fritt omsett av Monica Sortland for Derimot.no.


Dei globale herskarane

Den gamle er sjølvsagt George Soros, som ikkje treng nokon introduksjon. Han tvilar ikkje på at verda burde vere eitt stort Open Society – med eitt ord: globalisering – der grenser og nasjonalstatar oppløysast i ein kaleidoskopisk miks av kulturelle identitetar, og store, viktige avgjerder blir tatt av briljante finansoligarkar som han sjølv.

Den yngre er Nicolas Berggruen, den feiande flotte, i Paris fødde, 59-årige sonen til ein leiande kunstsamlar. Berggruen har både US-amerikansk og tysk statsborgarskap og medlemskap i Council on Foreign Relations, NYU Commission on Global Citizenship, Brookings International Advisory Council, Leadership Council ved Harvard’s Kennedy SchoolCenter for Public LeadershipVerdsøkonomisk forum – og så vidare og vidare. Han hjalp til med å få Emmanuel Macron vald til president av Frankrike og pleier venlege relasjonar med Ursula von der Leyen, sjefen for EU-kommisjonen.

Nicolas Berggruen, i 2017. (Financial Times, Flicker, CC BY 2.0)

Milliardæren har sin eigen «tenke- og aksjonstank», Berggruen-instituttet, til å promotere interessene sine, som har «globalt herredøme» i sentrum. Han er særleg interessert i teknologiske måtar å forme og vegleie framtidas verd på. Framtida for Berggruen tilhøyrer digitalisering og, framfor alt, transhumanisme. I ein videosnutt grunnar han på om den digitale tidsalderen gjer oss «mindre humane».

Vi står alle i samband med kvarandre og er «mindre frie», men vi er alle «del av noko større – lokalsamfunn, familie, vener» … Den digitale verda «ser mindre human ut, men blir likevel skapt av oss». (Og kven er «oss», heilt nøyaktig?) Berggruen sin modell av framtida er som to morlause barn skapt av donerte frøemne og fødde av to surrogatmødre.

For europeisk-fødde Soros og Berggruen, er USA framfor alt det noverande kommando- og kontrollsenteret for Den vestlege verda som strevar etter å bli kjernen i eit globalt imperium. Vala i USA er viktige for desse verdsvisjonærane, når dei skal halde kursen i verdensomforminga. For dei begge kan president Donald Trump berre vere ei ufordrageleg skjermflimring. Dette må korrigerast i 2020. Heile den liberale eliten er i overveldande semje.

Transition Integrity Project

Så det har vore lett å reise nesten-panikk i Washington-etablissementet og lengre unna, over det at Trump kanskje ikkje blir kasta ut med november 2020-valet. Det blir spreidd frykt, mindre om at Trump kan kome til å vinne valet (for utenkbart til å tenke seg) enn at han vil tape valet, men nekte å rikke seg frå presidentsetet. Denne moglegheita vart godt forsterka av ei unik sosial hending organisert av professor Rosa Brooks ved Georgetown-universitetet, ein leiande forkjempar for kvinners deltaking i National Security State, og historikaren Nils Gilman, ein av sjefsforskarane ved Berggruen-instituttet.

Les: Perfekt opplegg for borgerkrig?

Rosa Brooks i 2018, under en New America konferanse. (New America, Flickr, CC BY 2.0)

Dette paret fekk, med sine velutvikla nettverk, lett tilsett dusintals Power Point-presentatørar for deltaking i det avisa The Boston Globe kalla «ein Washington-versjon av Dungeons and Dragons», etter modell frå Pentagon-planleggarar som dannar team til å stille opp ulike scenario for kva USA og Russland kan kome til å gjere ved ein kjernefysisk krigskonfrontasjon.

Dei sette namnet Transition Integrity Project (Transisjonsintegritetsprosjekt, TIP) på moroa og spela sine, og indikerte tydeleg at «integriteten» i den forventa overgangen frå Trump til Biden var hovudsaka deira.

Berre nokre få av dei 67 deltakarane har blitt identifiserte: anti-Trump-Republikanaren Michael Steele, tidlegare president Bill Clinton sin stabssjef ved Det kvite hus John Podesta, David Frum (taleskrivar for president George W. Bush sin «Vondskapens akse»-tale, og den neokonservative politske analytikaren William Kristol.

Den 3. august gav TIP ut rapporten sin “Preventing a Disrupted Presidential Election and Transition” [‘Korleis hindre eit øydelagt presidentval og -overgang’]. Rapporten la fram resultata frå dei fiktive gaming-scenarioa, som gav imaginær støtte til den veksande liberal-Demokratiske hypotesa om at Trump kjem til å stele november-valet.

«Som så mange autoritære leiarar, har president Trump byrja legge grunnlaget for å potensielt ignorere eller bryte ned stemmeprosessen, t.d. ved å hevde at alle stemmesetlar via post vil vere falske, og at opponentane hans vil prøve å få ikkje-statsborgarar til å stemme gjennom svindel.» Det blir gjennomgåande tatt for gitt at frykta og skuldingane til Trump er falske, medan frykta og skuldingane til opponentane er baserte på ekte grunnlag.

TIP-rapporten gjorde eit ynkeleg forsøk på å framstå som nøytral: «TIP tar ikkje stilling til korleis amerikanarar bør avgi stemmene sine, eller kven som er den sannsynlege vinnaren av det komande valet; begge partia har ein sjanse til å vinne ved valurnene i november utan å ty til ‘skitne triks’» – ein nøytralitet som konsekvent blir underminert gjennom heile øvinga.

I øvinga var det fire scenario: (1) eit tvetydig valresultat, (2) klar siger til Demokratane sin utfordrar, tidlegare visepresident John Biden, (3) klar Trump-siger og (4) knepen Biden-siger. Spelet vart spelt av lag, først og fremst «Team Biden» og «Team Trump», men det er tydeleg at ingen av spelarane var pro-Trump, inkludert spelarane i «Team Trump». Likevel hevda spelet å vise korleis Trump-supporterar ville ha reagert under desse omstenda.

  • «Team Trump var konsekvent meir omsynslause enn Team Biden – meir villige til å ignorere eksisterande demokratiske normer, å ta i bruk desinformasjon, å plassere ut føderale byrå for å promotere Trump sine personlege og valmessige interesser, og å involvere seg i skremselskampanjar.»

Men «Team Biden» var mykje greiare:

  • «Team Biden kjende seg generelt meir hemma av å forhalde seg til normene og eit ønske om å trappe ned vald og redusere ustabilitet.»
  • «Team Biden hadde ofte majoriteten av publikum på si side, og evna til å mobilisere harme over den strukturelle fråtakinga av stemmerett som ligg i måten vi gjennomfører presidentval på.»

Russiagate blanda seg inn i spelinga på ein merkverdig og til og med latterleg måte: «Der var ein heil del spekulasjon om at Trump kunne […] prøve å samle nasjonalistiske kjensler om seg sjølv, eller blidgjere utlandske leiarar som han kjenner seg forbunden med, slike som Vladimir Putin.» Hæ?

Ingen tør tape

Særleg alarmerande og irriterande truverdig er det at TIP-spelet antar at ingen av sidene tenker akseptere eit tap i dette valet. Scenario-øvingane «avslørte at dette valet for mange Demokratar og deira viktigaste valkrinsar representerer ei eksistensiell krise, den siste sjansen til å stoppe eit raskt og irreversibelt fall for USA ned i autoritarisme og utilslørt nativisme.» Så, like mykje som Trump, er mange Demokratar parate til å bruke alle middel til å vinne dette valet – av dei beste grunnar, sjølvsagt.

Kampanjebilde av Kamala Harris og Joe Biden. (2020DemConvention, Twitter)

Trump blir portrettert som desperat etter å vinne for å unngå å bli behandla som ein kriminell. Ei underliggande hypotese i denne framstillinga er at Trump, så snart han trer av som president, vil bli arrestert og sikta for uspesifiserte brotsverk. Det ville sjølvsagt ha vore eit incentiv for å ikkje tape.

Her må vi hugse at demokratiske val av nasjonale leiarar er avhengige av ein viss grad gjensidig tillit som er i ferd med å forvitre i Amerika. USA insisterer med jamne mellomrom på at alle utlandske land må velge leiarane sine ved «rettvise og frie val». Men det finst mange land der, på eitt eller anna tidspunkt i deira historiske utvikling, denne metoden ikkje er tilrådeleg, fordi det eine partiet, eller stammen, fryktar for livet dersom eit rivaliserande parti, eller stamme, skulle kome til makta.

I slike statar er freden avhengig av herredømet til ein konge, ein meklar, ein diktator. I USA kan ein no sjå at landet er i tilbakegang til nett eit slikt nivå av gjensidig hat og mistillit.

Ingen kompromiss

På meg verkar det som at dersom det Demokratiske etablissementet hadde gitt prioritet til eit fredeleg val og ein fredeleg overgang, trass i at Trump kan kome til å avvise resultata, så ville det vere mest smart og fornuftig å gi han garantiar på dei to punkta dei meiner kan få han til å sperre: post-stemmefusk og trusselen om å gå til straffesak mot han.

Når det gjeld sistnemnde: «Deltakarar i scenario-øvingane trudde alle at å berge seg sjølv og familien sin vil bli Trump sin første, og kanskje einaste, prioritet dersom han blir tvinga til å innrømme valnederlag.» Så det er litt rart at Transisjonsintegritetsprosjektet held fram med å rapportere at: «Under mange av TIP-øvingane prøvde Team Biden å gå til forhandlingar med Team Trump om frikjenning og ein mjuk overgang, men dei ouverturane vart konsekvent avviste.»

Sidan det ikkje fanst Trump-støttespelarar på nokon av laga, reflekterer spel-resultata berre det Demokratiske etablissementet sine intensjonar om å anta at Trump vil bli anklaga for «statsbrotsverk», til no uspesifiserte. Ein kompromissavtale er uønska.

Når det gjeld stemming via post, burde det vere tenkeleg at Trump sin uro kan vere rettmessig. Trump er ikkje imot brevstemmer, som krev at den som stemmer viser identifikasjon, og slik kan samanliknast med det å gå til stemmeurnene, men han er mistenksam mot masseposting av stemmer fram og tilbake.

I ei tid der kven som helst kan kopiere kva dokument som helst, der posten er treg og det finst mange måtar å øydelegge stemmer på, er slik uro ikkje heilt bak mål. Og faktisk skjedde det under spelet, i Spel nr. 1, at «ein kjeltring øydela eit stort tal stemmer han trudde støtta Biden.» Korleis kan spelarane tenke seg at Biden-stemmer blir øydelagde, men utelukke øydelegging av stemmer som støttar Trump?

For heimefreden si skuld, korfor ikkje prøve å finne eit kompromiss?

Den Demokratiske visepresidentkandidaten, senator Kamala Harris (D-CA), har lagt fram lovforslag om å generalisere brevstemming [å gjere det lovleg i heile landet, og ikkje berre i nokre av statane, mrk.]. Korfor ikkje heller utvide stemmetida, halde stemmeneboksane opne ikkje berre på den andre tysdagen i november, men også i helga før? Det ville gi ekstra tid til å la stemmarar som er redde for Covid-19 halde avstand frå kvarandre, som dei gjer når dei går på supermarknaden. Det ville redusere talet på brevstemmer, tida som trengst til opptelling, og framfor alt mistankane i samband med brevstemming. Men di meir engsteleg Trump er over brevstemming, desto meir insisterer Demokratane på å gjere den universell.

Det blir meir og meir tydeleg at hatet mot Trump har nådd eit slikt nivå at det for det demokratiske etablissementet med tilhengarar ikkje lenger er nok å slå Trump ved valurnene. Dei praktisk talt eggar han opp til å stridast om valet. Så kan dei få noko meir spennande og avgjerande: eit genuint regimeskifte.

Førebuingar til regimeskifte

Det klassiske regimeskiftescenariet involverer eit omstridd val, massedemonstrasjonar i gatene som inkluderer sivil ulydnad og til sist militær intervensjon.

Så til ei byrjing stiller spelarane opp ein autoritær leiar som nektar å trekke seg. Det er Trump.

Deretter kan «eit show av massar i gatene – og aksjonar i gatene – bli avgjerande faktorar for kva publikum oppfattar som eit rettvist og legitimt utkome.» I eit intervju som set søkelyset på «manglane ved valsystemet vårt», seier TIP-organisator Gilman at det vi treng «er at folk er førebudde på å ta til gatene i ikkje-valdelege protestar» dersom det ikkje rekk å appellere til offentlege tenestemenn.

«Vi har dei siste månadane, sidan protestane til Movement for Black Lives [rørsla for svarte liv] verkeleg tok av igjen etter drapet på George Floyd, lært at det å ta til gatene og vise engasjement i ein demokratisk prosess utover berre stemmeboksen, er ein verkeleg viktig del av det å drive fram endring.» Demonstrasjonane må vere ikkje-valdelege, understrekar Gilman.

Som TIP-rapporten formulerer det: «omfanget av nylege demonstrasjonar har auka sjansane for at Det demokratiske partiet kan bygge sterke band til grasrotsorganisasjonar og vere lydhøyre overfor rørsla sine krav.» Visse av desse grasrotsorganisasjonane – MoveOn og Black Lives Matter – har mottatt økonomisk støtte frå Soros, ettersom Det demokratiske partiet tydelegvis prøver å supplere seg sjølv frå protestane.

I følge scenaria kunne slike protestar stige opp, ikkje berre dersom Trump nektar å godkjenne ein valsiger for Biden, men også, i Spel nr. 2, dersom det finn stad ein «komfortabel Valkollegium-siger for president Trump (286 mot 252), men også ved ein signifikant siger blant folkets stemmer (52 prosent for Trump, 47 prosent for Biden). Spelet enda med ei konstitusjonell krise, med truslar om utskilling, og potensial for enten ei forverring til autoritarisme eller eit radikalt gjenoppussa sett med demokratiske reglar som sikrar at folkeviljen får rå (avskaffing av Valkollegiet …)».

Biden-kampanjen trekte tilbake si opprinnelege innrømming og skreiv med store bokstavar «om folkets raseri over at ein kandidat for tredje gong på 20 år tapte folkets stemmer, men vann Valkollegiet sine.» Biden-kampanjen oppmuntra California, Oregon og Washington til lausriving «med mindre Kongress-Republikanarar gjekk med på eit sett strukturelle reformar for å fikse vårt demokratiske system for å sikre majoritetsstyre.» Kongressen støtta Biden. «Det var uklart kva militæret ville gjere i denne situasjonen.»

I røynda veit Demokratar at dei har greidd å halde på Den permanente staten, inklusive militæret og etterretningsbyråa, som har stått ved deira side sidan starten av Trumps presidentskap. Kor er kreftene som skulle kunne sette i verk eit pro-Trump-statskupp?

Kven sitt kupp?

«Under øvingane,» seier rapporten, «steig det å vinne ‘narrativet’ fram som ein potensielt avgjerande faktor. Både den eine og den andre sida kan ekspandere eller innskrenke ‘debattmarginen’ dersom dei lykkast i å substansielt endre korleis viktige avgjerdstakarar og folket ser på ‘fakta’, risikoane ved aktivitet eller inaktivitet, eller eksterne hendingar som t.d. sivil uro.»

Å vinne narrativet verkar vere eit av hovudmåla for Transisjonsintegritetsprosjekt, og det vart raskt sekunderte av topp-Demokratar.

«Joe Biden bør ikkje under noko omstende gi etter, for eg trur dette kjem til å dra ut, og til sist trur eg han vil vinne om vi ikkje firar ein tomme og om vi er like fokuserte og ubøyelege som den andre sida er,» sa Hillary Clinton i eit intervju den 25. august.

Hillary Clinton og Joe Biden i 2016. Shutterstock

Eit par dagar seinare istemte Al Gore, den tidlegare visepresidenten som tapte presidentkandidatvalet for Demokratane i år 2000, med eit særs lada bildespråk: «Trump prøver å sette kneet sitt i nakken på demokratiet» når han kritiserer brevstemmegivning. «Han ser ikkje ut til å ha noko samvitsnag over å prøve å rive i stykke det sosiale stoffet og det politiske ekvilibriet til det amerikanske folket, og han plantar strategisk ut tvil på forskot.»,

Folk spør om Trump vil gå av neste 20. januar. «Vel,» sa Gore, «det betyr ingenting, for det er ikkje opp til han. For ved nonstid den 20. januar, viss ein ny president er blitt valt … vil politiet, Secret Service, militæret, alle dei tilsette for den utøvande makta repondere på kommandoen og direktivet til den nye presidenten.»

Botnlinja

I mellomtida kan amerikanarar lytte til den ekstravagante retorikken til dei to fiendeleirane, som ber dei velje mellom «autoritært kvitt overherredøme» og «radikal marxistisk sosialisme» samstundes som dei ikkje tilbyr det aller minste av samanhengande politikk for det offentlege til gagn for det amerikanske folket og verda. Politikarane klamrar seg til ein ineffektiv posisjon, medan framtida blir planlagt andre stadar.

Dei politiske retningslinjene vil bli trekte opp av Dei globale herskarane, til dømes ved neste møte i Davos, av Verdsøkonomisk forum som i følge grunnleggaren og styreleiaren Klaus Schwab vil legge fram agendaen «Great Reset» for Den fjerde industrielle revolusjonen, som er forma for å omskape alle våre liv. Nicolas Berggruen vil vere der med sine idear. Det vil også andre milliardærar.

Fra møte i World Economic Forum i Davos. Foto: WEF

Dei vil ikkje «konspirere», men heller legge planar for det dei meiner er best for verda. Det finst ikkje noko politisk system som gjer at vi kan innverke, eller i det heile fullt ut forstå, prosjekta dei vil sponse. Det som er sikkert, er at desse prosjekta fortener å bli skarpt debatterte. Men politikarane som liksom skal representere oss er på andre plassar, i rasande kamp mot kvarandre om oppfunne saker.

Valkollegiet er ikkje den mest fatale mangelen i amerikansk demokrati. Heller då monopolet på politisk diskurs for eit to-parti-system som hovudsakleg er drive av personlege ambisjonar og lar seg styre av lobbyar, det militærindustrielle komplekset, Wall Street og Dei globale herskarane.

Fritt omsett av Monica Sortland


Les: The Great Reset – Den store omstarten – Del 1

The Great Reset – Den store omstarten – Del 2


Klikk på bildet og bli en støttespiller du også.
Forrige artikkelKorona: Antallet smitta og døde kan ikke forsvare alle tiltaka
Neste artikkelIndia ødelegger sin egen silkevei
Diana Johnstone, f. 1934, er forfatter av Fools 'Crusade: Jugoslavia, NATO og vestlige vrangforestillinger. Hennes siste bok er Circle in the Darkness: Memoirs of a World Watcher (Clarity Press). Memoarene til Diana Johnstones far Paul H. Johnstone, From MAD to Madness, ble utgitt av Clarity Press, med hennes kommentarer. Hun kan nås på diana.johnstone@wanadoo.fr.