Anneksjon forandrar ingenting

0
Illustrasjon: Shutterstock

Av Hans Olav Brendberg.

Det som skjer i Palestina, skjer i røyndomen. Dei juridiske fiksjonane, dei statsrettslege løgnene, propagandaen – alt dette andre finst eit nivå over.

Den grunnleggjande røyndomen er enkel. Ein mann har eit jordstykke med oliven. Det kjem væpna pøbel frå ei nærliggjande busetjing og trakasserer mannen og slektningane hans når dei freistar hausta inn oliven. Freistar mannen forsvara seg, vil den israelske hæren ta seg av han, «terrorisme». Etter kvart vil mannen mista inntektene frå oliventrea sine. Kanskje han blir fysisk hindra frå å få tilgang til eigedomen sin. Kanskje busetjarane øydelegg trea. Uansett metode: Før eller seinare mistar han sin eigen eigedom.

Dette er judaisering, «sjichreror laaretz» eller «frigjering av landet», den statsbyggjande ideologien i staten Israel. Staten er ikkje der for å verja lov og rett. Staten er der for å «frigjera landet», for å «judaisera» det som tidlegare var eigd av goyim.

Dette skjer med jordbruksområde, hus, landsbyar. Palestina blir utsletta, hus for hus og jorde for jorde. Prosessen har pågått i hundre år, og kjem til å halda fram. Fire millionar palestinarar er rettslause tilskodarar til at landet deira blir tatt frå dei. Freistar dei protestera ikkje-valdeleg, blir dei plaffa ned. Prosessen foregår med stort tolmod – salamien blir skore i tynne skiver. Det heilage landet er i ferd med å bli overtatt av den religionen som er mest fiendtleg til dei to andre. Prosessen vil ikkje vera ferdig før alle spor etter Jesus i hans eige fødeland er fjerna.

Osloprosessen var ein stor bløff, og sidan år 2000 har Israel vore konsolidert på at det ikkje blir nokon palestinsk stat. Den sokalla «fredsprosessen» har halde fram – som ei oppvising i illusjonskunst. Men tostatsløysinga er daud, og den einaste prosessen som har foregått i praksis er anneksjon. Hus for hus, jorde for jorde.

Denne sommaren planlegg Israel å annektera store landområde på Vestbreidda, i strid med internasjonal lov. Dette er berre ei formalisering av det som allereide har skjedd: Den formelle anneksjonen er avsluttinga av prosessen som byrja når banden med valdelege busetjarar byrja trakassera eigaren av oliventrea. Busetjarane er ikkje eit «hinder for fred», dei er forposten i den jødiske statsideologien. At Israel skulle vera oppteken av «fred» er ein fantasi som lever i hovuda til forvilla sjeler i vest som ikkje følgjer med på kva som skjer i Palestina – dag etter dag, veke etter veke.

Kvifor blir ikkje dette stoppa? Kvifor tillet vestlege land at Israel spyttar på og trampar på alle dei prinsippa for internasjonalt samkvem som dei hevdar vesten byggjer på?

Avdi Israel ikkje er ein normal stat. Israel er ikkje eit land, men eit bruhovud. «Frigjeringa av landet» er berre ei grein av eit mykje meir omfattande prosjekt. Og det verkelege maktsenteret i Israel ligg ikkje i Jerusalem eller Tel Aviv, men på austkysten i USA.

Før staten Israel, fanst den sionistiske lobbyen. Denne lobbyen spela ei nøkkelrolle då USA vart dratt inn i første verdskrig. Undergravinga av amerikansk nøytralitet avgjorde krigen, og sionistane fekk som løn eit løfte om å overta Palestina.

Under britisk vern skaffa sionistane seg eit fotfeste i Palestina. I åra fram mot andre verdskrig spela sionistane ei nøkkelrolle i dei politiske intrigane som forma det som vart den britisk-amerikanske alliansen. Og etter krigen fekk sionistane hjelp frå alle sigersmaktene – Storbritannia, USA og Sovjetunionen – til å gjennomføra ei omfattande, etnisk reinsing i Palestina.

Dei fekk denne hjelpa trass i at sentrale, amerikanske utanrikspolitikarar som utanriksminister Marshall og forsvarsminister Forrestal var mot amerikansk godkjenning av den nye staten.

Femtitalets strateg i State Department, John Foster Dulles, freista byggja eit «NATO» i Midt-Austen for å demma opp for Sovjetunionen. Prosjektet havarerte: Etter tre år var Baghdad ute av Baghdadpakta. Dulles forklarte at hovudårsaka var motstand frå den jødiske lobbyen – det var umogleg å få gjennomslag for noko om du ikkje hadde med deg den jødiske lobbyen.

Og slik har det halde fram heilt til våre dagar. Den organiserte, jødiske lobbyen i alle viktige, vestlege statar samarbeider tett med Israel for å kartleggja alle motstandarar, samla møkk på desse til bruk i bestilte drittpakkar, gje mevind til politikarar som har meir ambisjonar enn prinsipp, og på andre måtar gjera det utenkeleg at nokon vestleg politikar vågar møta Israel med hardt mot hardt når Israel finn ut at dei har lyst til å trampa over eitt eller anna prinsipp i folkeretten.

Øydeleggjinga av Corbyn er eit lærebokdøme på korleis dei gjer det – men det er ikkje noko einskilddøme. Israelvenene har vore sentrale i å øydeleggja for Carter, Bush den eldre – og truleg ogso for de Gaulle og Kennedy. Det organiserte støtteapparatet i vestlege land er kjelda til Israels suksess.

For dette støtteapparatet finst ikkje «rett» eller «gale», det finst berre for eller mot Israel. Dei har spela ei avgjerande rolle i forfallet i vestleg, politisk kultur. Og det er ikkje slik at dei nokon gong blir mette. Tvert imot: Kastar du mat til dei, blir apetitten større. Ambisjonane blir større, trongen til kontroll blir større, dei lugubre og amoralske forretningane i «tryggleik» , våpensal og liknande veks seg større. Og den intolerante og totalitære forfølgjinga av all opposisjon – «antisemittisme» – blir meir og meir intens.

Skal ein stogga dette, må Israel reformerast grunnleggjande. Det kjem ingenting godt ut av å byggja statar på religiøs identitet. Israel må bli ein stat for alle innbyggjarane som bur mellom Jordanelva og Middelhavet. Denne anneksjonen forandrar ingenting – men ein anneksjon der alle som bur i det heilage landet får borgarrettar vil endra mykje.

Men dette vil ikkje skje før det eksterne maktapparatet – lobbyens grep over det som skjer i Paris, London og Washington – blir utsett for dagslys. Den jødiske lobbyens arbeidsmåtar, alliansar og agenda må fram i dagen, og diskuterast ope. Medan skuldingane om «antisemittisme» må avvisast med forakt, og dei som arbeider i sverteindustrien må isolerast og frysast ut.

Først då vil straumen venda.


Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.

Forrige artikkelPrøver USA og Tyrkia å lage en «kurdisk føderasjon» i Syria og Irak?
Neste artikkelImmunitets-passet COVI-PASS skal rulles ut i 15 land