Norwea: hjarterå og kunnskapslaus

0
Kilde: MOTVIND Norge

Av Knut Langeland.

Til styret i Norwea

Hei,

Mitt namn er Knut Langeland, eg er tidlegare journalist i Bergens Tidende, no nyslått førtidspensjonist. Eg er ein av etter kvart svært mange, som kvar morgon vaknar med ein stor klump i magen, redd for kva det neste trekket til vindkraftbransjen kan vera. Eg er ein av dei som meiner naturen har ein eigenverdi, som natur. Eg er ein av dei som set pris på naturen, men som aldri kunne vore i stand til å gi han ein kroneverdi. Naturen er inga vare, han er ikkje omsetteleg. Eg er ein av dei som difor opplever det som svært nedslåande at somme, utan skamvit, kan seia at vindkraft er lønsamt. Det er for meg eit uttrykk for ei både hjarterå og kunnskapslaus tilnærming til eit stort spørsmål i vår tid. Dei som uttrykkjer seg slik, seier at naturen har ingen verdi.


Knut Langeland har publisert dette åpne brevet til Norwea på sin Facebook-side og oppfordret til å dele den. Det gjør vi med glede.


Eg har i det siste teke meg tid til å lesa litt av det som de presenterer på heimesida dykkar, endå om det er smertefullt. Eg måtte verkeleg stålsetja meg. Å bli utsett for ei glansbildeframstilling av ideen om industrireising i norsk urørt natur, er faktisk ei påkjenning. Det er uråd å forstå at det som for meg er det viktigaste av alt i vår tid å få stoppa, det synest for andre å vera det viktigaste av alt å få gjennomført. Men eg har levd lenge og erfart nok til å forstå at det handlar om pengar, ikkje idealisme.

No ser eg at Andreas Aasheim, lett triumferande, meiner å kunna slå fast at diskusjonen om infralyd frå vindkraft kan leggjast død ein gong for alle. Dette etter funna i ei finsk undersøking. Han om det. Eg på mi side tenkte at heile den absurde ideen om vindkraft i vår finaste og mest verdfulle natur kunne leggjast død då rapporten frå FNs naturpanel kom i fjor. Den som påla oss å ta vare på det vi har att av urørt natur, og som til overmål gir uttrykk for at vi bør strekkja oss langt for å reparera øydelagd natur.

Ingenting skjedde. Det eg var naiv nok til å tru skulle vera ein såkalt gamechanger, endra ingenting. Vindkraftbransjen har så vidt eg har registrert, heilt ignorert rapporten. Difor hadde eg ingen illusjonar då Norsk institutt for naturforsking (NINA) nyleg kom med sin rapport, med følgjande konklusjon: Det beste vi kan gjera for klimaet, er å la naturen vera i fred.

Det neste eg ser frå naturen er det groteske biletet av mektige maskiner som grev seg ned i myra (den som lagrar karbon) ved Buheii i Kvinesdal. Med hekkande ørn like i nærleiken. Hjarteskjerande, spør du meg, og det undrar meg stadig korleis bransjen de med slik iver forsvarar, kan opptre så kaldt og ufølsamt. Meir om det seinare.

Andreas Aasheim gjorde eit stort nummer av den tidlegare nemnde finske undersøkinga om infralyd. La oss vera ærlege nok til å seia at dette kanskje ikkje er det viktigaste argumentet i den store debatten om vindkraft. Skal vi halda fram med å vera ærlege, så har eg tiltru til at sjølv de, som har teke på dykk å kle fjell og kyst med stadig meir ruvande turbinar, i tillegg til all infrastrukturen som følgjer med, sjølv de må i ettertenksame augneblinkar erkjenna at vindkraften kjem med ein kostnad. I mange tilfelle ein altfor høg kostnad. Eg skal ta dei så systematisk som eg berre klarer:

1) Sjølve ideen. Industri i norsk fjell- og kystlandskap. Er det ingenting som skurrar når de ser toppar bli sundsprengde og flata? Når gammalskog blir hogd? Når myrer blir punkterte? Når skjeringar blir sprengt ut? Når vatn blir fylt i? Når enorme vindturbinar reiser seg og landskapet med eitt slag blir endra? Gjer det ikkje vondt ein stad, eller er prosjektet så høgverdig at det trumfar og undertrykkjer alle slike kjensler?

2) Fugledød. Somme på mi side i debatten kallar turbinane for kjøtkverner, andre kallar dei for drapsmaskiner. Eg konstaterer at dei tek livet av svært mykje fugl, flaggermus og insekter, og slik kan begge karakteristikkane rettferdiggjerast. Biletet av éi skamfert ørn er nok til å vekkja ubehag i meg. På Smøla har meir enn hundre blitt kvesta og mista livet, og de på tilhengjarsida trekkjer berre på skuldrane. Det er godt dokumentert at både eksisterande og planlagde vindkraftverk ligg i korridorane for fugletrekk. For meg, og mange med meg, er det ubegripeleg at dette får lov til å skje. Kva slags ny kunnskap må til for at denne kunnskapen skal få konkrete konsekvensar? Så ser eg at Jens Ulltveit Moe og andre tilhengjarar peikar på at kattar drep meir fugl enn vindturbinar. Som om éin biologisk bøddel rettferdiggjer også ein mekanisk, ein (det er vel dessutan slik at kattar har problem når det kjem til ørn og tiur og gås og annan storfugl).

3) Splitta bygder. Vindkraftbransjen har i årevis lista seg på gummisolar rundt i norske bygder og lokalsamfunn. Vel vitande om at utbyggingane dei planlegg, kjem til å vekkja strid så snart folk får berre litt kunnskap om omfanget. Eg er mellom dei som ikkje er blitt merksam på denne raseringa av norsk natur, før ganske nyleg. Bransjen har ved si framferd lukkast, ikkje berre i å byggja ut vindkraft, men også i å gjera det utriveleg i mange lokalsamfunn.

4) Redusert livskvalitet. Folk er glad i sin nærnatur. Eg tippar at også de som sit i styret i Norwea, har nær natur som de nyttar og er knytt til. Når denne naturen blir truga av massive og irreversible inngrep, reagerer folk. Denne naturen let seg ikkje kompensera av ei varmestove eller eit klubbhus. Meir pengar gir dei ikkje naturen tilbake.

5) Helse. Mange opplever å leva med trugsmålet om vindindustri i årevis i uvisse. Kjem dei, eller kjem dei ikkje? Forstår de kva slag påkjenning dette representerer? Forstår de at folk kan bli sjuke av slikt? Er det tenkjeleg at bransjen i ein gitt situasjon kan finna på å seia at “det er nok no. Vi trekkjer søknaden”. Om ikkje anna, så for å gi dykk sjølve eit menneskeleg andlet?

6) Arealbruk. Eg ser at de på dykkar heimeside prøver så godt de kan å bagatellisera arealet som eit vindkraftverk legg beslag på. De likar å snakka om promille. Det hadde vore fint om de relaterte desse promillane til andre promillar. Kor mange promille av Noregs landareal utgjer alle eksisterande byar og tettstader og industriområde? Det vi på kanskje 1000 år med sivilisasjon har rukke å byggja? Og kor mange promille utgjer vindindustrien i norsk natur? Den eksisterande og den påtenkte. Slik at folk har ein begripeleg målestav å sjå det mot. Det er eit ugjendriveleg faktum at vindkraftutbygginga er den største raseringa av norsk natur nokon gong. Og den blir gjennomført i løpet av berre nokre tiår. Kvifor ikkje vera ærleg om det, heller enn å pakka det inn i promillar? Og uansett kor få promillar det er snakk om, er det uinteressant for dei som får naturen sin øydelagd.

7) Dyreliv. Eg ser at de på heimesida prøver å gi inntrykk av at dyra ikkje lir, at dei kanskje til og med kan trivast betre med vindindustri enn utan. Og jegerar slepp til med heilt meiningslause kommentarar som at jakta er blitt lettare med vegar opp i heia. Som om det er eit poeng at jakta skal vera lett! Er det ikkje snarare eit poeng at dyra skal ha ein fair sjanse til å gøyma seg og lura seg unna? At jakt skal vera jakt, ikkje nedslakting?

8) Skuggekast og iskast. Eg kan ikkje sjå at iskast er nemnt med eitt ord som eit problem på dykkar heimeside. Tvert om blir det oppmuntra til skigåing. Er ikkje det uansvarleg? Og skuggekast! På sida dykkar presterer de å gi plass, til og med framskoten plass, til ein innbyggjar som påstår at skuggekast liknar på dansande englar?! Eg har sett korleis skuggekast verkar i praksis. Eg opplever samanlikninga med engledans som både provoserande og respektlaus.

9) Landskap. Vindturbinar er høge, og høgare skal dei bli. Dei ruvar på kysten, og dei ruvar i fjellet. På Vestlandet, der eg bur, ligg fjella jamt over på 800-1000 meter. Ein 200 meter høg vindturbin på toppen av dette er godt synleg over lange avstandar. 50 av dei vil vera totalt dominerande. Frå der eg vandrar, er utsynet mange mil. Det er fjellet som må vera perspektivet når vi snakkar om visuell forureining. Kva vi må tola av utsyn, må det vera opp til oss å vurdera. 50 blinkande turbinar i synsranda, om det er 50 kilometer unna, er framleis 50 blinkande turbinar i synsranda. Påtrengjande visuell forureining på dagtid og på nattetid.

10) Reiseliv. På heimesida dykkar blir det vist til ei undersøking som visstnok slår fast at vindindustrien ikkje har negativ påverknad på reiselivet. Viss de i fullt alvor trur på det, føreslår eg at de spør reiselivet, det er dei som må leva med konsekvensane. Innsiglinga av Sognefjorden, kringsett av vindturbinar. Er det det turistane kjem for å sjå? Eg nektar å tru at de sjølve meiner det.

11) Mikroplast. Straks eit vindkraftanlegg kjem i produksjon, blir det utsett for vêr og vind. Mikroplasten på vengjene spreier seg i naturen og kjem inn i krinsløpet, gjerne i vasskjeldene våre. Er dette eit problem, eller er det som infralyden, berre eit påstått problem? Eg kan i same slengen nemna dei store mengdene med olje som turbinane er avhengige av for å sviva. Kritisk om slikt slepp ut i naturen.

12) Opprydding. Eit vindindustrianlegg har ei levetid på 25-30 år. I beste fall. Etterpå skal det ryddast. Kan de lova at bransjen sjølv kjem til å syta for dette? Eller blir det lasta over på grunneigarar/kommune? Og kjem de til å rydda skikkeleg og på ein miljømessig trygg måte? Fjerna rubbel og bit?, Inkludert betongen som turbinane er plassert oppå? Har de dei pengane som dette krev? Oppunder millionen pr. turbin, ifølgje mine kjelder. Korleis tenkjer de å tilbakeføra landskapet? Skal de mura opp att sundskotne toppar? Og kva tenkjer det om vengjene? Skal dei gravast ned, slik som tonnevis av vengjer blir i dag?

13) Skatteparadis. Vi har sett avslørt på TV at mykje av pengane som vindkraftselskap tener på å selja til utanlandske aktørar, hamnar i skatteparadis. Eg veit at dette ikkje juridisk sett treng vera eit problem, men er det det kanskje moralsk? Er det litt beklemmande, kanskje, at grådigheitskulturen kjem så eksplisitt til uttrykk i ein bransje som elles gir inntrykk av å vera grunnleggjande oppteken av vår felles framtid, ikkje berre vindkrafteigaranes framtid?

De argumenterer på heimesida dykkar på ein måte som gjer at vi helst skal sjå på den naturen som ligg innanfor planområdet for eit anlegg, som om han framleis er urørt. Samstundes argumenterer de for at der store vasskraftutbyggingar er gjennomførte, der er naturen allereie så øydelagd at han like gjerne kan takast i bruk til vindkraft. Lova seier noko anna. Lova seier at det er særskilt viktig der natur er påverka av tekniske inngrep, å ta vare på dei lommene av urørt natur som er att. Eg veit om område som ligg tett inntil damanlegg og anleggsvegar, som likevel har preg av å vera urørte. Små idyllar. Slik kan det aldri bli i eit vindkraftanlegg.

Det er mykje ved vindindustrien som er problematisk, og eg trur de veit det godt sjølve. Det hadde vore befriande om de hadde vedgått berre bittelitt av dette. Eg er sjølv ein ihuga brukar av naturen. Oppe på eit fjell, ute på ein fjord, har eg mine aller beste stunder. Her finn eg ro og sjelefred, rom for tankeflukt, høve til refleksjon. Her samlar eg overskot. Samstundes er eg veldig klar over at eg er berre ein gjest i dette riket. Det tilhøyrer dei som har heimen sin der, og som, om dei hadde stemme, ville ha protestert høglytt og energisk. For ein slik som meg, er det uråd å forstå at somme ser ut til å vera heilt utan magemål når det gjeld å leggja beslag på denne naturen.

For meg er det sjølvinnlysande at vi kan ikkje reparera natur ved å øydeleggja endå meir natur, og den krafta som vi treng, må ikkje koma frå vind. Det finst mange andre måtar å sikra energiforsyninga vår enn å byggja vindkraft. Oppgradering av vasskraft, sol, geotermisk energi, men ikkje minst energieffektivisering. Det finst ulike oppfatningar om potensialet, men kan ikkje de, før de gjer påstanden til latter, vedgå kor neglisjerbar påverknaden av den norske vindkraftutbygginga er på det globale klimaet?

FN har lista opp 17 berekraftsmål. Meir fornybar kraft er eitt av dei, å ta vare på natur og naturmangfald er eit anna. Vindkraft let seg ikkje foreina med ivaretaking av naturmangfald. Samarbeid er det 17. og siste berekraftsmålet. Kor mykje føler de at vindindustrien bidreg til samarbeid? Synest de at bransjen har vore open, transparent og samarbeidsorientert? Synest de at prosessane har vore gode og demokratiske? Synest de systemet har fungert tilfredsstillande? Eller kan vi ha eit poeng, vi som meiner at her har det skjedd svært mykje i lukka rom og i dølgsmål? Vart det invitert til dialog før de oppsøkte grunneigarar og skaffa dykk ein fot i døra? Mi oppleving er at behovet på dykkar side for dialog først oppstod då motstanden byrja å bli plagsam. Har de på noko tidspunkt vore ærlege overfor publikum når det gjeld dei enorme inngrepa som vindindustrien representerer? Eg reknar meg som eit opplyst menneske. Hjå meg gjekk vindindustrien langt under radaren i årevis. Eg har det ikkje med å vera konspiratorisk, men eg trur det var ein nøye uttenkt strategi.

På same måten var det sjølvsagt nøye uttenkt å setja naturinteressene ut av spel ved å underleggja arealbruken når det gjeld vindkraft energilova, ikkje plan- og bygningslova. Det er svært provoserande at styremaktene på den måten kan overkøyra demokratiske spelereglar og berre tura fram etter eige forgodtbefinnande.

Som resultat er eit mektig opprør i ferd med å reisa seg ute i befolkninga. Folk føler seg lurte, førte bak lyset, manipulerte, utnytta på det grovaste. Viss de, som representantar for bransjen, saman med styremaktene, ikkje tek dette opprøret alvorleg, er eg redd for at det kan bli stygt. Å ta opprøret alvorleg, vil ikkje berre seia å lytta, det vil seia å setja bremsene på og visa måtehald. De må gjerne meina mykje om kor fortreffeleg vindindustrien er, men eg trur de hadde vore tente også med å vedgå dei problematiske sidene ved vindkraft. La dei gjerne koma til uttrykk også på dykkar eiga heimeside. Det ville bidra til truverdet. I dag framstår den som propaganda. Lett gjennomskodeleg propaganda.

Ei siste bøn: Kan de slutta å bruka omgrepa “vindmøller” og “vindparkar”? Sjølv om de har lukkast i å eksportera desse omgrepa langt inn i motstandarrekkjene, er dei framleis like misvisande og løgnaktige.

På førehand takk!


steigan.no har en omfattende dekning av problemene med vindkraftindustrien. Les mer her.


Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting. Og få gjerne med deg venner og kolleger.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.

Forrige artikkelUSA: Mat dumpes og matkøene vokser
Neste artikkelVil USA dumpe sin gjeld til Kina?