Kva er galt med NIMBY?

0
Det er riktig og bra med lokale protestaksjoner mot bland annet vindindustrien, skriver Svein Lund. Foto: Shutterstock
Svein Lund

Av Svein Lund.

NIMBY – Not In My Back-Yard – Ikkje i bakgarden min. Slik karakteriserer utbyggingsinteressene bak gruver, vindkraft og vasskraft dei som vil forsvare nærnaturen sin. Dei blir framstilte som egoistar som ikkje vil ofre noko for det store fellesskapet, ettersom dei ikkje vil godta at dei nødvendige utbyggingane blir gjort akkurat i det området dei bur, går tur, jaktar, fiskar, dyrkar jorda eller har beitedyr. Sjølv er dei derimot utbyggarane idealistar, som står for fellesinteressene. Dei tener det store fellesskapet i verda, sjøl om dei også tener på det sjølv. Nokon må tene for å tene, som ein representant for gruvenæringa sa.

Eg vil slå eit slag for NIMBY. Vi har alle ein bakgard, eit nærområde som betyr noko for oss i dagliglivet, anten vi lever av det som gror der eller vi «bare» utnyttar det på fritida. Eit område vi kjenner og er glad i, der vi går tur med eller utan hund, der vi plukkar bær eller sopp, eller bare nyter naturen. Det betyr enormt mye for trivsel og helse at vi har slike naturområde, anten dei er intakt natur utan større menneskelige inngrep eller det er ein park eller tre i bakgarden i byen, som reinskar lufta og er plass for fuglar og insekter. Når nokon har funne ut at dei kan tene pengar på å bygge eit kjøpesenter, ei boligblokk, ei gruve eller eit kraftverk her, så forsvarer folk nærområda sine. Og det gjør dei rett i.

Faksimile fra Dagsavisen. Hege Ullstein fordømte NIMBY. Illustrasjon: Siri Dokken

Vi har i dag eit samfunn der utbyggingsinteresser nesten alltid vinn fram. Det gjør dei fordi dei har ein dobbelt hærstyrke til å forsvare seg. På eine sida kapitalen som alltid ønsker å få investere overalt der det gir profitt. På andre sida store delar av fagrørsla og «kraftsosialistar» som ser all utbygging som arbeidsplassar, og derfor støttar eit kvart utbyggingstiltak. Ingen av dei spør om det er behov for tiltaka. Ingen av dei spør om vi har meir natur å vere av med, om det stadig minkande ville plante- og dyrelivet toler fleire inngrep.

Dei som held igjen blir stempla som konservative, reaksjonære og motstandarar av utviklinga. Dei blir gitt eit personlig ansvar for å ofre seg for råstoff til dei forbruksvarane dei brukar. Du kjører bil, da må du finne deg i gruve ved huset ditt eller i reinbeiteområdet ditt. Du brukar straum, da må du finne deg i vindturbinar og anleggsvegar tett i tett i turterrenget ditt. Elles er du NIMBY.

Kven er det som blir ramma av denne utbygginga og denne propagandaen? Jo, det er det store fleirtalet som bur fast på ein stad, som har bare ei leiligheit, eitt hus, ein gard eller eitt reinbeiteområde, og ingen stad å flytte til, som ønsker å bli buande der dei er og leve i og med naturen der. Det blir ikkje bygd vindindustri i Holmenkollen eller i hytteparadisa til spekulantane på børsen. Og om det skulle gjøre det, så kan dei bare kjøpe seg ein ny villa eller ei ny hytte. Dei treng ikkje natur i bakgarden når dei har råd å ta fly eller kjøre sin Tesla kor dei vil om dei skulle ha lyst å oppsøke natur.

NIMBY – Protestene på Frøya mot vindkraftbaronene har satt søkelyset på vandalisme drevet av profittjakt. Shutterstock.

Med klimaendringane har utbyggingsinteressene skaffa seg eit nytt argument som slår ut alle motargument. Om du no ikkje godtar inngrep i din næraste «bakgard» er det sjølve klimaet og menneska og kloden si framtid du ser på spel. «Vi må ofre noko for klimaet» sa ein direktør for eit oljeselskap som argument for at reindrifta måtte gi frå seg beiteområde og flyttevegar til vindkrafta.

Direktørane, aksjonærane, konsulentane og propagandistane deira ofrar sjølv ikkje noko, i alle fall ikkje sitt eige luksusforbruk. Derimot tener vindkraftbaronane hundrevis av millionar på å selge konsesjonar til tyske spekulantar. Pengane kan dei plassere i skatteparadis, og fly kor dei vil på kloden og leve luksusliv der. Så kan dei sette opp «dommedagsklokker» i Noreg for å gi folk flest dårlig samvet for å spise kjøttmiddag og kjøre 20 år gamle dieselbilar. Vanlige folk skal ha skulda og skammen for ikkje frivillig å ofre eige nærmiljø, mens overklassen solar seg i å vere miljøvenlige når dei kjører Tesla til ein million eller hydrogendrive luksusyacht til milliardar.

Vi skal ikkje skjemmast over å forsvare nærområda våre mot desse svindlarane. Leve NIMBY!

Svein Lund

Guovdageaidnu


Les også Svein Lunds: Naturrasering og ungdom


Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.

KampanjeStøtt oss

Start diskusjonen på forum.steigan.no