Frå demokrati til standssamfunn

0
Standssamfunnet i middelalderen. De som ber, de som kriger og de som arbeider. By Unknown author. - "Cleric, Knight and Workman representing the three classes", a French School illustration from Li Livres dou Santé (late 13th century, vellum), MS Sloane 2435, folio 85, British Library/Bridgeman Art Library; losslessly adapted from https://web.archive.org/web/20060115103059/http://www.uflib.ufl.edu/hss/medieval/., Public Domain, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=504006

Av Hans Olav Brendberg.

Demokratiets atom er statsborgaren. Vi hadde borgarmeistrar lenge før vi fekk demokratiske statar. Men demokratiet i middelalderens byar var eit privilegium, ikkje ein lik rett for alle som budde i staten. Og middelalderbyens borgar forsvarte sine privilegium, ogso mot krav om at bønder og andre undersåttar skulle få dei same rettane som han sjølv hadde.

Først når borgarskapet var borgarskap i ein stat, ikkje i ein by, vart statsmakta demokratisk og praktisering av demokrati ein rett, ikkje eit privilegium. Ein middelalderborgar ville ikkje forsvart ein bonde som freista praktisera dei same fridomane som han sjølv hadde.

Tvert om ville han forsikra fyrsten at han ikkje hadde noko med saka å gjera, og gjeve fyrsten full støtte når den uregjerlege bonden vart sett på plass. Først når borgarskap vart utvida til nasjonen, og borgarrettane var noko som bymann og bonde hadde i lag, stod ein saman mot den utøvande mata når borgarrettar var truga.

Borgar og statsborgar er to ulike konsept. Dei gamle stendene vart oppløyst, til fordel for ein ny samfunnstanke bygt på demokratisk likskap. Det vi ser under rettssaka mot Assange er byrjinga på eit nytt standssamfunn. Dei store nyhendemedia reagerer akkurat slik ein middelalderborgar ville reagert om ein bonde vart forfølgt avdi han hadde freista opptre som fri mann. Ikkje ved å forsvara den frie mannens rettar. Men ved å underdanig signalisera til herskaren at dei set pris på sine privilegie, og ikkje har tenkt å blanda seg inn når uautoriserte praktiserer standsprivilegia.

Når journaliststanden, av ymse grunnar, opptrer slikt når Assange blir utsett for ein rettsfarse for å publisera ekte nyhende, reagerer dei akkurat slik du skal forventa at folk opptrer i eit standssamfunn. Og når folk opptrer som om dei lever i eit standssamfunn, gjer dei truleg det. Demokratiet er ei døyande styreform, sjølv om vi held på formene. Demokratiet er like ekte som monarkiet. Og er i ferd med å bli eit like tomt symbol. Makta har tatt nye former, og gjev oss eit grenselaust standssamfunn.


Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.

Forrige artikkelSyria: Størsteparten av det søndre Idlib frigjort
Neste artikkelKva er galt med NIMBY?