Kva er ”norsk kultur”?

0
Eidsvollsbygningen. Foto: Morten Normann Almeland, Shutterstock

Av Edvard Mogstad.

For nesten fem år sia hadde Pål Steigan på denne nettstaden eit varmt forsvar for svensk kultur, etter alle åtaka på svensk sjølvkjensle frå media, politikarar og liberalarar av alle slag («Finnes det en svensk kultur?», 25. januar 2015). Vi er fleire som er blitt alvorleg bekymra for tilstanden hjå våre søta brør i aust. Det er som dei raljerande svenskevitsane ikkje er så morosame lenger. Påls artikkel burde spore til ein grundigare analyse, men her vil eg sjå på vår norske kultur i denne omgangen. Det som rammar Sverige, har det med å komme til Norge nokre år etterpå.

Les: Finnes det en svensk kultur?

Øyvind Andresen reagerer nyleg på åtaka på norsk kultur her på steigan.no («Hvorfor jeg i år velger å gå på skolens julegudstjeneste….», 16.desember), og held fram:

«Jeg er så inderlig lei av alle liberalistene og kulturradikalerne som vil avskaffe julegudstjenestene. Sist uke gikk blant annet Unge Venstre inn for det. Det er ikke obligatorisk for noen elever å gå på julegudstjeneste. Men viktigere er at jeg oppfatter angrepene på julegudstjeneste som en del av et politisk prosjekt som vil fjerne det noen foraktelig ser på som «norsk kultur», «norsk tradisjon» og «norske verdier» (…) Dette er svært viktig i et flerkulturelt samfunnet at vi har noen felles myter og referanserammer [t.d. bibelsoge og folkeeventyr]; det limet som holder oss sammen.»

Folkedrakter fra østre Telemark sist på 1800-tallet, med beltestakk, gråtrøye av ubleket vadmel og knebukser. Tradisjonell klesdrakt blant bondebefolkningen i ulike regioner i Norge har dannet grunnlag for flere bunader, dagens konstruerte festdrakter. Foto: Axel Lindahl/Nasjonalbibliotekets bildesamling

For eigen del kunne eg leggja til: Kor vart det av skulesongboka til Mads Berg? Her var ei mengd songar som var felles referanse for heile nasjonen frå Mandal til Kirkenes. Ingen av mine elevar på vidaregåande hadde høyrt «Brede seil over Nordsjø går», eller nokon av dei andre ringeakta «nasjonalromantiske» songane.

I debatten om norsk kultur må vi først bli samde om kva norsk kultur er. Det må det vera muleg å gi eit svar på, særleg for dei som underviser i skulen. Dessverre er dette emnet i lærebøkene domenet til sosialantropologane. Dei gir eit statisk, stort sett nåtidig, bilete, mykje basert på ytre, lett synlege ovringar. Da blir det lett geitost, 17. mai og tur i Nordmarka.

Sjølv vil eg starte med historie og geografi..

Kva har gjennom tidene skapt det ”norske”? Kva av det overleverte, historiske lever framleis? Kva er nytt og moderne? Kva er sært, og kva er felles med andre land? Det kan vera praktisk å byrja i fortida, og gradvis gå til vår eiga tid, for å finne den blandinga vi kallar ”norsk kultur”.

Rolf Groven: Norsk nyromanitikk 1972, også kalt Willoch og Bratteli.

For det første set landskapet klare rammer: Fjord og fjell, fiske og magert og spreitt jordbruk gav spreidd busetting, framfor samling i landsbyar, som er det vanlege i resten av verda. Dette kan ha gjeve grobotn for meir individualisme. For det andre hadde vi ein nokolunde sjølvstendig allmuge der fleirtalet, heile landet under eitt, var frie odelsbønder (eller leiglendingar med odelsrett), altså ingen liveigenskap (bondetrelldom), som på Kontinentet.

Odelslova har vore kalla den eldste antikapitalistiske lova i verda, og ho har hindra godsdanning i Noreg til skilnad frå det meste av verda elles. Dette har gitt den jamlikheita og tilliten i landet vårt som vi er så takknemlege for, og som eg vil kalle typisk norsk. Vi hadde eiga dikting og sogelitteratur på nasjonalspråket, og eigne lover, vaksne fram frå landskapslovene.  Mykje av dette finst i lover og rettstenking framleis, i slikt som odelslova, allmannaferdsle i skog og mark, havet som allmenning, og naudhjelp til fattige og uheldige. Alt dette har fostra likskap og samfunnskjensle.

Den relativt sjølvstendige nordiske kvinna er ein gammal arv. Ho er tydeleg til stades i dei islandske ættesogene. Den lange kysten med dei smale strendene gav ikkje grunnlag for storbruk, i staden fekk vi ein sterk kvinnekultur. Kvinnene måtte vera heime og ta ansvar for arbeidet på småbruket mens mennene var på fiske. Mange menn omkom på havet, noko som over tid gav sterke kvinneskapnader på grunn av ansvar som einslege forsørgjarar. Arbeidet på havet er slik at det formar språket over tid. Ein får eit direkte, usminka språk som må vera tydeleg og kortfatta, slik det kravst under ofte svært farlege forhold.

I vekselverknad med omverda utvikla landet sin eigen versjon av folkedikting, eventyr, musikk, dans og drakt.

I Middelalderen vart vi med Kyrkja ein del av den felleseuropeiske kulturen. Seinare kom også europeisk filosofi, litteratur, musikk og kunst til, og med dei renessansen, humanismen og opplysingstida, som for alltid sprengde rammene som kyrkje eller dogmetru freista å spenne rundt den frie tanken.

På 1800-talet sette det moderne samfunnet inn for fullt, med demokrati, kapitalisme og industrialisering, som igjen utløyste sosialisme og sosialdemokrati. På 1900-talet er vi blitt med i moderne vestleg underhaldningskultur, der film, Hollywood, motar, reklame, sanseleg nyting, rus og ”hedonisme” er viktige ingrediensar. Det er denne kulturen mange utafor Vesten tar for å vera vestleg kultur, sidan han er så dominerande i media. Han kan verke støytande på fleire enn berre religiøse menneske, med si einsidige vekt på hedonisme i ein sjølvdyrkande saus.

Eg har freista ovafor å finne kulturarv som vi har framleis, og som er spesielt norsk. Derfor er liten omtale vigd til felleseuropeisk kulturarv, eller vintersport, eller norsk kunst og litteratur.

Men med norske verdiar blir det verre. Vi kan nemne jamlikheit, dugnadsånd, sjølvstendige kvende, tillit og slikt. Men gode verdiar bør bli universelle, felles for både kristne, muslimar, hinduar, humanistar og så vidare. Dei har røter i alle verdsdelar, og vona er at vi etter kvart blir samde om dei same verdiane, same kva slags kultur vi elles kjem frå.

Dette bildet mangler alt-tekst; dets filnavn er Banner-Steigan-1024x546.png
Dette bildet mangler alt-tekst; dets filnavn er Mitt-innlegg-7-1024x1024.png
Forrige artikkelEkslusivt intervju med Bolivias president Evo Morales
Neste artikkelFrankrike: En samlet fagbevegelse sier nei til Macrons pensjonsreform