Fascismen frå ein annan synsvinkel.

0
Den tyske nazismen tjente først og fremst storkapitalens interesser. Her er IG Farbens store kjemiske fabrikk ved Auschwitz der de brukte hundretusener av slaver fra konsentrasjonsleiren.


Av Eilev Groven Myhren.

Ope brev til Holocaustsenteret.

Eg skriv dette av di eg er kjend med at HL-senteret har gjort det til si oppgåve å kaste lys over «fascisme og nasjonalisme», og har sett i verk eit tiårig prosjekt der mellom anna Valdresmusea er involverte, for å drøfte korleis nazistane brukte dette i propagandaen sin. Før har eg skrive ein artikkel der eg påpeiker korleis nazistane her i landet misbrukte norsk-nasjonale kulturuttrykk, og korleis folkemusikkrørsla i stor grad (med unnatak av nokre få einskilde), avviste NS og nazismen i Noreg.

Fascismen som fenomen, kor kjem han frå, og langt viktigare – kven støtta fascistane? Min synsvinkel inneber at HL-senteret ønskjer å sjå «fascisme og nasjonalisme» som to sider av same sak. Eg vil her gå inn i ein meir økonomisk-historisk analysemodell, der andre krefter enn dei reint «nasjonale» er verksame. Dette inneber ei drøfting av den økonomiske liberalismen, av den klassiske dialektikken, fagrørsla og klassekampen i Europa, og ikkje minst: Den industrielle revolusjonen. Eg vil gjerne presisere at eg snakkar om «økonomisk liberalisme» som skild frå «politisk liberalisme» eller «liberalisme som livshaldning». Den økonomiske liberalismen har si eiga idehistorie, knytt til John Stuart Mill, Jeremy Bentham, og andre tenkjarar frå opplysningstida.

Arbeidarrørsla tok til å verte meir aktiv frå om lag 1820-åra, då fagorganiseringa auka i omfang, både i Frankrike og i Storbritannia. Kravet om forsvarlege arbeidstider voks fram, og ikkje minst, ønskje om betring i dei sosiale tilhøva. Den tidlege sosialismen, definert om lag 1830, målbar desse krava. Mot denne rørsla sto ein beinhard økonomisk liberalisme, som påpeikte at slike krav ville føre til nedsett produksjonsevne og fall i inntekt. I dette biletet argumenterte liberalistane for det dei kalla «arbeidets fridom» (Liberté du Travail), som var nedfelt i fransk lov etter 1791, men først formulert i 1776. Denne «fridomen» vart med tida brukt for å tvinge streikar og organisasjonsliv i kne. I denne samanhangen er det verdt å minne om at det dukka opp organiserte streikebrytarar her i landet på 1920-talet, som nytta parolen «Arbeidets Frihet». Desse gruppene kom snart etter til å gå inn i den norske fascistrørsla – Nasjonal Samling. Sjølve omgrepet vart imidlertid skapt av Ludvig XVIs finansielle rådgjevar, Jacques Turgot (1727-1781), ein tidleg talsmann for den økonomiske liberalismen.

Eg hevdar at den økonomiske liberalismen er internasjonal, og interessert i frihandel og avregulering. Tanken om «fri flyt av arbeidskraft» finn ein i dag i EUs charter, og er ein beinveges arvtakar av denne formuleringa. Men kva har så dette med fascismen å gjera?

Vi kan ikkje drøfte fascismen utan å sjå nærare på korleis denne ideologien står i dialektisk motsetnad til sosialismen, korleis han er knytt til liberalismen og kapitalismen, og kvar nasjonalismen står. Sistnemnde skal eg ta for meg til slutt.

Le Cri du peuple, Jacques Tardi (2001) The Paris comune

Då sosiale krav auka i styrke utover på 1800-talet, var det mange måtar å møte dei på. Anten kunne ein slå dei ned med makt, slik den franske regjeringa under Adolphe Thiers gjorde med Paris-kommunen i 1871, eller ein kunne koma krava i møte for å halde fagrørsla nøgd, slik Bismarck gjorde det i åra etter. Bismark førde ein naudsynt sosialpolitikk for å hindre oppstand og revolusjon, og er dermed i visse krinsar rekna som «far til moderne velferdspolitikk». Men i dei fleste land kom dette seint i gang, og den private industrieigarklassa ønskte ikkje endringar i sine eigne tilhøve – dvs. reguleringar til fordel for arbeidarane (arbeidstidslover, arbeidsmiljølover og velferdsordningar), dersom dette gjekk ut over deira eiga oppsamla kapital. Attmed dette industriborgarskapet finn vi den gamle jordeigaradelen i mange europeiske land, og dei var redde for radikale reformer i retning omfordeling, som ville ta makta, og jorda, frå dei. Her fann ein ofte kyrkja med, som jordeigar i katolske land. Dermed var den gamle eliten, og industrieigarane, ofte på lag. Tyskland, Italia og Spania sto i same situasjon.

Les:Fascismen i ulike former

Mussolinis maktovertaking i Italia kom som konsekvens av mange år med ugreie politiske tilhøve i Italia, men og som konsekvens av redsla for sosialistisk maktovertaking etter første verdskrigen. Det er trass i alt Mussolini, ikkje Hitler, som har grunnfesta tanken om «fascismen», sjølv om Hitlers gruelege framferd har fått langt meir merksemd i ettertid. Både Hitler og Mussolini var skuvne fram av krefter som ønskte dei, fordi «fascismen kjem utor av ein kapitalisme i krise», som det ofte er sagt. Mussolinis politiske hovudmotstandarar var sosialistane, og han la ikkje skjol på det. Under hans regime vart sosialistane gripne, arresterte og politisk forfølgde – fagrørsla vart oppløyst. Alt til fordel for den eliten som hadde hjelpt han til makta. Fascismens framstår dermed som ein reaksjon på sosialismen! Dette kjem tydeleg fram av skrivestykke frå denne tida, der mellom anna Ragnar Vold i Dagbladet kalla desse høgrepolitiske straumdraga for «den svarteste reaksjon» – etter hans syn ikkje berre på sosialismen, men like mykje på dei demokratiske verdiane han sto for som venstremann.

Men Mussolini ville ha folket med seg, fordi han skjøna verdien av å ha samla folket mot den «indre fienden», og når desse vart nedkjempa – ein ny «ytre fiende» (som førte til felttog i utlandet, på Balkan og i Afrika). Han var ein smart demagog, og forsto at det ikkje gagna å snakke på vegne av industrieliten eller jordeigarane. Nei, åtet han la ut, var nasjonalkjensla. Dette beit italienarane på, med agn, søkke og snøre, og flokka seg bak tanken om å «gjera Italia stort att». Med andre ord: Nasjonalismen vart nytta som «valflesk» for å få støtte for fascistsaka ute i folkedjupet. Noko dei lukkast godt med (som og seinare i Tyskland). Men Mussolinis tanke om korporativ stat var viktig nok. Næringslivsleiarane fekk virke i fred, og det kom til ei ordning om samarbeid mellom korporasjon og stat (korporatisme, ein viktig ingrediens i fascismen, og ein arv frå den økonomiske liberalismen – sterkt utvikla i USA i tida etter borgarkrigen).

Benito Mussolini utropte seg til «islams beskytter» og brukte det i sine kriger i Afrika.

Etter denne analysen, kjem ikkje fascismen som ein konsekvens av nasjonalismen, men av den økonomiske liberalismen – og står for ein systemordning som har som mål å knekke sosialismen og arbeidarrørsla. «Det nasjonale» argumentet er utnytta som agn, for å narre folk med seg.

Men kva med Hitler? Då Hitler kom til makta, vart han «plassert der» i eit parlamentarisk spel (som mellom anna Dagbladets korrespondent Ragnar Vold har påpeikt i boka «Tyskland Marsjerer», artiklane er og attgjevene i samlinga «Motstand», 2006). Hitler ville ikkje ha nådd kanslarembetet på anna vis, og som Mussolini knekte han fagrørsla først av alt (oppløyst sommaren 1933). Sosialistane og andre politiske dissentarar var dei første som hamna i leirar. Bak Hitler, og i samarbeid med han, sto industriherrane (IG Farben, Krupp og Springer), som og tente stort på den gratis arbeidskrafta leirane gav. Den internasjonale storfinansen, som desse var knytt til, såg og venleg på Hitler i lang tid etter, og let han for det meste virke i fred. Av internasjonale kontraktørar vil eg gjerne få trekkje fram amerikanaren Henry Ford, som støtta Hitler langt på veg, og tente gode pengar på å handle med maskindelar til tysk rustningsindustri i mellomkrigstida. At Ford hadde sterke antisemittiske trekk, gjer vel ikkje saka betre.

Kva så med den gamle tyske lågadelen? Ein viktig brikke i dette spelet var den prøyssiske junkerstanden, ei jordeigarklasse som og såg seg tent med Hitler som kanslar – alle desse såg det slik at han var deira mann, og skulle arbeide for deira interesser. Junkerstanden vart offisielt oppløyst ved opprettinga av DDR etter krigen, forøvrig.

John Heartfield: Millioner står bak ham.

Nasjonalismen som stråmannsargument

I denne analysen har, som de ser, nasjonalismen berre plass som stråmannsargument. Det HL-senteret ofte kallar «nasjonalisme», kallar eg anten sjåvinisme eller reint ut sagt imperialisme. Både Mussolinis Italia og Hitlers Tyskland syner imperiale tendensar (og skulle opprette stordomen i falne keisardøme). Men kva så med nasjonalismen? Kva med nasjonalstat og demokrati? Hitler var ikkje interessert i nasjonalismen, anna enn som «stortysk» ide. Nasjonale rørsler i andre land, som kom under tysk okkupasjon, vart motstandsrørsler, og brutalt slegne ned om det høvde slik. Her i landet fekk jamvel NS-folk dask på lanken om dei skulle syne seg litt for ihuga «norsk- nasjonale» i motsetnad til herrefolkets «overnasjonale» interesser. Ein kunne altså ikkje vera meir nasjonalistisk enn nazistane sjølve tillet i den tida.

Dermed vil eg tillate meg å hevde at det ikkje er nasjonalismen som er det primære opphavet til fascismen og nazismen, men korporative og liberalistiske interesser. Den økonomiske liberalismen er internasjonal av natur, og krev avregulering av grenser, nasjonale reglar og andre «handelshinder». Nasjonalismen er ein naturleg motstandar. Men det er innanfor nasjonalstaten at demokratiet trivst best, og det er innanfor ramma av dette at fagrørsla har funne plass til sine arbeidsrettar og sine krav. Den sosialistiske internasjonalen har tradisjonelt ikkje arbeidd for «overnasjonalitet», men for internasjonal solidaritet.

Sett i lys av HL-senterets mandat, vil eg foreslå at senteret konsentrerer seg om Hitler og folkemordet hans, og gjev plass til denne alternative idehistoriske vurderinga av fascismen som fenomen både før krigen og i dag. Eg tilrår og at senteret les seg opp på skriftene til Ragnar Vold, nyutgjevne og kommentert av Jan Erik Vold i 2006 («Motstand»). Skilnaden mellom Mussolinis fascisme og Hitlers nazisme kjem tydeleg fram i desse samtidsskildringane. Medan Mussolinis tanke var ideologisk tufta, utvikla Hitlers folk nazismen til ein «raseideologi» i ein heilt annan (metafysisk) forstand. På eit reint økonomisk-strukturelt nivå er det likevel ikkje store skilnaden på desse ideologiane.

Hvorfor tier HL-senteret om den framvoksende ny-nazismen i Ukraina?

Eg meiner det er ei avsporing for senteret å drøfte «andre folkemord» med tilvising til leiarar som Stalin og Mao, for det første av di dei ikkje representerer fascismen, og for det andre fordi det ikkje er snakk om så opplagte «folkemord» som i Hitlers tilfelle. Dårleg planlegging, svikt i avling og generelt administrativt rot ligg bak desse katastrofane (medan Hitlers utryddingsplan var gjennomarbeidd og gjekk på skinner, bokstaveleg talt). Skal ein klandre Stalin for folkemord på grunn av hungersnauden i Ukraina i 1931, kan ein like gjerne klandre kongen av England for folkemord her i landet på grunn av blokaden i åra etter 1807, då avlinga mellom anna svikta i 1812. Legg heller vekt på nyare fascistleiarar som Pinochet i Chile, Juntaen i Hellas, eller Francisco Franco i Spania.

Eilev Groven Myhren.

Vær med på å styrke den uavhengige og kritiske journalistikken, klikk her eller bruk konto 9001 30 89050  eller Vipps: 116916

Forrige artikkelMerkel avviste USAs press om at Tyskland skulle provosere Russland
Neste artikkelUkrainsk Watergate?