Har kurdarane andre vener enn fjella?

0
Erling Folkvord

Dei statane som no fører krig for ny oppdeling av Midtausten, må forholde seg til ei revolusjonær rørsle med solid folkeleg forankring i nordlege Syria og i Tyrkia. Dette er nytt, samanlikna med tidlegare krig og drakamp om makt og naturressursar i regionen.

Kurdistan er det samanhengande landområdet der fleirtalet er kurdarar. Både vestlege statsleiarar og media oppdaga hausten 2014 at berre forsvarsstyrkane i Rojava var i stand til å møte IS (Islamsk Stat) i bakkekrig. Rojava er Vest-Kurdistansom, eller den kurdiske landsdelen lengst nord i Syria. YPG er (Folket sine forsvarsstyrkar). YPJ er (Kvinnene sine forsvarsstyrkar). YPG og YPJ stansa ein IS-offensiv og nedkjempa IS i byen Kobanê. Sia januar 2015 har dei vori på offensiven og tvinga IS og al-Nusra til retrett i fleire område.

No må den politiske og militære leiinga på kurdisk side kvar dag gjere vanskelege taktiske vurderingar. Ingen av dei krigførande partane ønskjer at revolusjonen i Rojava skal lykkast. Det kan vere nyttig å sjå litt på korleis stormakter tidlegare har operert i Syria og Tyrkia.

Dobbeltspel under første verdskrigen

England og Frankrike skreiv under den hemmelege Sykes Picot-avtalen for 100 år sia. Dei laga nye statar og nye grenser. Slik skulle dei dele Midtausten mellom seg så snart første verdskrigen var slutt. Så sende England og Frankrike ut ei offentleg erklæring om at målet med krigen var «den fulle og endelige frigjøring av de folkene som så lenge har vært undertrykt av tyrkerne, og å bygge opp nasjonale regjeringer og administrasjoner som skal hente sin makt fra den innfødte befolknings frie utøvelse av initiativ og valg.» USA-president George Bush sine ord etter invasjonen i Irak i 2003 hadde omtrent same innhaldet.

Etter første verdskrigen delte stormaktene Kurdistan mellom Iran, Irak, Syria og Tyrkia. Splitt og hersk-opplegget var detaljert. Statsgrensa mellom Syria og Tyrkia gjekk tvers gjennom både arabiske og kurdiske byar.

Nytt dobbeltspel på 1970-talet

Kurdarleiaren Mele Mistefa Barzanî i Sør-Kurdistan (eller Nord-Irak som europeiske politikarar seier) gjorde i 1972 ein avtale med USA, Israel og Iran om å få våpenhjelp til frigjeringskrigen mot regimet i Bagdad. Barzanî sa til medarbeidarane sine at det skulle gå bra: «Jeg stoler på Amerika. Amerika er en for stor makt til å forråde et lite folk som kurderne.» Men USA, Israel og Iran braut avtalen med Barzanî etter to og eit halvt år og gjorde i staden ein avtale med Saddam Hussein i Bagdad. Barzani oppsummerte slik i eit brev til den amerikanske presidenten: «Jeg kunne ha forhindret den katastrofen som rammet mitt folk, hvis jeg bare ikke hadde stolt helt og fullt på Amerikas løfte.»

Pike-kommisjonen, som den amerikanske Kongressen oppretta i 1975 for å granske CIA-operasjonar i utlandet, omtala Barzanî og kurdarane som USA-klientar. Kommisjonen sa dette om korfor USA ga våpen til Barzani: «Dr. Kissinger [utanriksminister i USA] og Sjahen håpet at våre klienter ikke skulle seire.» Målet hadde berre vori at styrkane til Barzani skulle svekke Bagdad-regimet midlertidig. Etter dette vart Saddam Hussein USA sin allierte i 15 år, fram til sommaren 1990.

Dei mektigaste kurdarleiarane i Sør-Kurdistan har likevel ikkje endra syn på USA. I 1998 møtte eg Celal Talebanî, som var leiar i Patriotisk Union Kurdistan (PUK). Han var ikkje i tvil: «Våre nasjonale interesser her ligger svært nær Amerikas interesser.» Talebanî vart president i Irak i 2005, to år etter den amerikanske invasjonen. Både Talebanî og Mesud Barzanî støtta invasjonen både militært og politisk.

Siger for USA betyr nederlag for PKK

Det kurdiske arbeidarpartitet (PKK) har eit anna syn på USA. Cemal Bayik, ein av PKK-leiarane, ga meg ein kortversjon i 2004, året etter at USA-invasjonen av Irak. Dette er ikkje sitat, men det viktigaste innhaldet i det han sa: USA har ein plan for eit nytt amerikansk hundreår i Midtausten. Planen vår er demokratisk konføderalisme. Det betyr at folka i Midtausten skal ta over styringa sjølv og utvikle eit verkeleg folkestyre. Desse to planane utelukkar kvarandre. Siger for USA betyr nederlag for oss, og omvendt.

Det nokså krøkkete begrepet demokratisk konføderalisme er ei samfunnsordning med tverrkulturelle styringsråd på ulike nivå i samfunnet. Rojava er det første området der dette no blir prøvd ut i praksis.

Mesud Barzanî, som i dag er president i Sør-Kurdistan, har vori tett alliert med USA i over 20 år. Mesud er sonen til Mele Mistefa Barzanî som feilvurderte USA så grovt på 1970-talet.

I dag er situasjonen annleis, både for kurdarane og stormaktene. Den breie rørsla rundt Det kurdiske arbeidarpartitet (PKK) har leiarar som ikkje stoler på verken USA eller andre utanforståande statar. Det demokratiske einskapspartiet (PYD) i Rojava står for same ideologi som PKK. PYD vart oppretta i 2004. Da levde kurdarane i Syria framleis under brutal undertrykking frå Assad-regimet. Da Assad i 2012 måtte flytte det meste av dei militære styrkane til andre delar av Syria, hadde PYD så solid folkeleg forankring at dei kasta ut Assad-administrasjonen og starta oppbygginga av eit nytt samfunn. Folk du treffer i Rojava seier at revolusjonen starta i 2012.

PYD: Borgarkrig er feil metode for å forandre Syria

Sjølv om Rojava er kringsett av fiendar og og har vori under blokade det meste av tida etter 2012, har dei klart å bygge opp forsvarsstyrkane YPG og YPJ. Assad-regimet, Tyrkia, Den frie Syriske hæren (FSA), al-Nusra, IS og andre væpna grupper har ført krig mot Rojava på ulike vis i desse åra. Dei har ikkje stort anna felles enn at dei vil øydelegge den nye folkestyremodellen i Rojava. Den minst fiendtlege naboen, president Barzani i Sør-Kurdistan, er tett alliert med president Erdogan i Tyrkia. Derfor er grensa mellom Rojava og Sør-Kurdistan stengt i lange periodar.

PYD ønskjer, naturleg nok, å avskaffe Assad-regimet. Men dei meiner borgarkrig er feil metode. Rojava har derfor haldi seg utafor krigen mellom regimet og ulike opprørsgrupper. Men dei har forsvara seg kvar gong det har vori nødvendig.

Frå oktober 2014 oppstod ein ny situasjon. USA ga litt flystøtte til YPG og YPJ ved frontlinja mot IS i Kobanê. Desse amerikanske bombeangrepa var retta mot militære mål i eit område der sivilbefolkninga var evakuert før IS rykka fram. USA har seinare gitt liknande flystøtte fleire stader der YPG og YPJ har rykka fram mot IS.

Fleire ikkje-kurdiske grupper har etter kvart gjort felles sak med YPG og YPJ. Det gjeld mellom anna assyrarar og arabarar. Burkan al Firat, som har bakgrunn frå FSA, er ei av desse gruppene. Dei deltok og i forsvaret av Kobanê. I oktober 2015 gjekk alle desse styrkane saman og oppretta Syrian Democratic Forces (SDF). YPG og YPJ er utan tvil den største delen av SDF og dei som har mest militær erfaring. Ei rekkje politiske organisasjonar oppretta samtidig Syrian Democratic Council (MSD) som er eit politisk uttrykk for den same fronten eller alliansen.

Frå oktober 2015 har SDF og rykka fram mot IS og al-Nusrah utafor det kurdiske området. 19. februar kunngjorde SDF at dei hadde frigjort byen Shaddadi eit IS-kontrollert område sør for Rojava og ikkje langt frå grensa mot Irak. Viss dei klarer å halde kontrollen i og rundt Shaddadi, har dei kutta ei av IS sine forsyningslinjer frå Mosul i Irak og til Kalifat-hovudstaden Raqqa i Syria. For åtte månader sia kutta dei hovudforsyningslinja frå Tyrkia til Raqqa. Dette er strategiske tilbakeslag for IS.

Dei siste vekene har SDF og rykka fram til vestsida av Eufrat. I eit område nær grensa mot Tyrkia slåst SDF no mot al-Nusrah med allierte. Viss SDF vinn fram her, har dei kontroll med så godt som heile grensa mellom Tyrkia og Irak. Og Tyrkia kan ikkje lenger sende våpen eller andre forsyningar til IS og sine andre allierte i Syria. For å hindre dette sende Tyrkia 18. februar inn bakkestyrkar mot byen Azaz og trappa samtidig opp angrep med artilleri og rakettar. Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) som ikkje alltid er så godt orientert som eigaren gir inntrykk av, hevdar at det var 500 islamistiske krigarar som får tyrkisk rettleiing.

Syrian Democratic Council (MSD) Co-President İlham Ehmed
Syrian Democratic Council (MSD) Co-President İlham Ehmed

Manøvrering i ureint farvatn

Sia oktober 2015 har SDF utvida bakkekrigen i ei viss forståing med USA og Russland. Og det er ingen tvil om at både Russland og USA ønskjer å bruke dette samarbeidet som plattform for å styrke sine eigne posisjonar i Syria. Og dei to stormaktene har sjølvsagt eit felles ønskje om å øydelegge det nye styringsordninga i Rojava. USA er i til dels skarp ordkrig med president Erdogan i Tyrkia, og dette får masse medieomtale. Samtidig gir USA Erdogan full støtte i krigen og terroren mot kurdarane i Tyrkia og bombinga av det området der PKK har kontrollen i nordlege Irak. Det same gjer EU og NATO.

PYD og PKK er dei sterkeste demokratiske kreftene i Midtøsten. Statsleiarane i Saudi-Arabia, Qatar, Iran, Tyrkia og Israel rivaliserer om makt, olje og gass. Og dei ønskjer alle å øydelegge Rojava. Oppe i alt dette bør vi hugse på at PYD i Rojava ikkje ønskjer å opprette ein ny kurdisk stat. PYD-leiarane bryr seg lite om statsgrenser og ser på nye nasjonalstatar i Midtausten som eit blindspor for dei som vil at folka i regionen skal overta makta og styringa.

SDF og styringsråda i Rojava må i dag manøvrere i mildt sagt ureint farvatn, både militært og politisk. I kampen mot IS, al-Nusrah og dei medspelarane dei har, må SDF inngå taktiske alliansar med ein del av dei som på lengre sikt er motstandarar.

Solidaritetsarbeid?

Ingen veit kva framtida blir for Syria når krigen ein gong er slutt. President Assad har kunngjort val i Syria 13. april. Samtidig hevdar USA og Russland på nytt at dei skal få til våpenkvile. İlham Ehmed, den eine av dei to likestilte leiarane i Syrian Democratic Council, fekk nyleg spørsmål om Syria etter krigen. Ho var i Geneve, ordla seg forsiktig og sa berre at eit framtidig føderalt Syria blir diskutert. Det kan bli ei tredeling i nordlege, sentrale og sørlege Syria. Ho meiner at kvar føderal region i så fall skal ha sitt eige parlament, men samtidig vere ein del av staten Syria. Framtida vil vise om forbunsstaten Syria blir meire enn eit samtaletema.

Eg meiner både PKK og PYD fortener støtte. Noko av det viktigaste i Norge er å stille statsminister Erna Solberg og NATO til ansvar. Den norske regjeringa støttar den folkerettsstridige krigen president Erdogan i Tyrkia fører mot kurdarane i Tyrkia, Irak og Syria. Samtidig støttar dei den like folkerettsstridige krigen USA fører for å få eit USA-lojalt regime i Syria.

Jordnært solidaritetsarbeid for kurdarane er viktigare enn nokon gong. Det bør kome på dagsordenen både i fagforeningar og i mange andre organisasjonar. Ein bra start kan vere å ta kontakt med Solidaritet med Kurdistan: https://solidaritetmedkurdistan.wordpress.com/ Fram til solidaritetsarbeidet i ikkje-kurdiske miljø får eit langt større omfang enn i dag, bør ingen undrast over at mange kurdarar det gamle uttrykket som seier at Kurdarane har ikkje andre vener enn fjella.

Forrige artikkelNorsk Folkehjelp, USA og Syria
Neste artikkel– Slutten på demokratiet slik vi kjenner det