
«Prøv en avis som går i dybden». Dette slagordet frå Klassekampen har fløyma over oss den siste tida. Mitt spørsmål er da: Går det an å anmelde dette til Forbrukertilsynet som villeiande reklame?

For mange år sidan vedtok Klassekampen denne formålsparagrafen:
«Klassekampen skal drive en seriøs, kritisk journalistikk, med allsidige, politiske og økonomiske avsløringer av alle former for utbytting, undertrykking og miljøødeleggelser – samt inspirere og bidra til ideologisk kritikk, organisering og politisk kamp mot slike forhold ut ifra et revolusjonært, sosialistisk grunnsyn«.
Så vidt eg veit er ikkje denne formelt oppheva, men i praksis var vel Jon Michelet den siste redaktøren som styrte avisa i samsvar med dette. Seinare har avisa meir og meir blitt «Mainstream Media», med eit nærare og nærare forhold til regjeringa og AP-leiinga.
Mange saker kunne vore nemnd, eg skal konsentrere meg om to som viser at avisa i dag ikkje går i djubda, men held seg på overflata og godtar makta sine premiss.
Den eine er miljøkampen. I tida rundt 1980 var kampen om Guovdageaidnu-Alta-vassdraget den store kampen både om miljø og om samiske rettar. Klassekampen var på banen som ingen andre norske medier, og det var aldri noko tvil om at avisa støtta opp om motstanden. Dei siste åra har vi hatt fleire liknande store miljøkampar, som har starta lokalt men ført til eit stort engasjement på nasjonalt og tildels internasjonalt plan. Eg tenker da særlig på kampane om Førdefjorden, Repparfjorden og Fosen. Kor var da Klassekampen? I beste fall har ein hatt «nøytrale» reportasjer som har fortalt om utbyggingane og aksjonane, men avisa har aldri markert noko klart standpunkt.
Avisa har heller ikkje i nokon av desse sakene gått foran og gravd fram ny kunnskap og avsløringar. Ho har aldri gått «i dybden». Eg har særlig følgd Repparfjordsaka, som eg har vore med å skrive bok om. Ikkje ein gong på dei 17 åra denne kampen har vara, har Klassekampen klart å ta standpunkt, ikkje ein gong har avisa klart å vere foran andre medier i verken fakta eller analyse. Det same kan seiast om andre kampar om gruver, vindkraft og andre naturinngrep.
Den andre er spørsmålet om krig. Frå første augneblinken av Ukraina-konflikten har Klassekampen tatt eit totalt einsidig standpunkt for Ukraina og NATO sin krig. Ein har støtta opp om norske våpenleveranser og norsk opprustning for meir krig. Med det har ein stilt seg på sida til USA-imperialismen, NATO og EU og mot fredsrørsla. Kor er det revolusjonære sosialistiske grunnsynet blitt av?
Kor kan vi i dag finne avsløringar av korleis USA / NATO gjennom mange tiår har forsøkt å undergrave sjølvstendet til Ukraina og gjøre landet til ei slagmark for deira eigen krig for å knuse Russland? Kor kan ein finne korleis dei har jobbe med alle middel for verdsmakt og for å knuse all opposisjon? Ikkje i Klassekampen. I alle fall ikkje i den delen av avisa som er skrive av redaktør og tilsette journalistar. I den grad noko slikt kjem fram er det innleigde spaltistar og lesarinnlegg. Men sjølv der er det vanskelig å nå fram.
Nylig hadde Klassekampen ein leiarartikkel som gikk fullstendig god for at den vestlige offisielle mainstream vitskapen er sanning og all kritikk av denne er usaklige konspirasjonsteoriar. Eg skreiv ein kritikk av denne, men den kom ikkje inn i avisa. Like etter prenta avisa ein annan kritikk av ein leiar i Klassekampen. Den kom inn, men den var skrive av ein leiande høgrepolitikar. Dei kan redaksjonen godt sleppe til, for dei er den ideelle motstandar. Det virkar som det er H og FrP-politikarar som no har lettast tilgang til avisa sine spalter. Vi som kritiserer avisa frå venstre, er derimot uønska. Nettopp fordi vi skriv i samsvar med den formålsparagrafen som avisa sjølv for lengst har forlatt.
Svein Lund
Klassekampen-lesar sidan 1969
oss 150 kroner!


