Hjem Internasjonalt

Somewhere over the rainbow

0
Imperiets dager er talte. Kina har gått forbi USA med god margin. Men illusjonen om hegemoniet henger igjen. KI-generert.

Regnbogen er vår tids symbol, mangfald er vår tids tru. Men kvifor er det slik? Når ein ser litt kritisk på ulike delar av regnbogeprosjektet, møter ein fort på sanningar av det slaget som er heva over kritisk diskusjon, og «debatten» blir avlyst. Regnbogen går hand i hand med svart/kvitt-tenkjing der dei usamde blir stempla som «vonde krefter» som skal nedkjempast eller avlysast. Ei gruppe utpeikte offer er heva over alminneleg kritikk, og «mangfald» går saman med sterkt konformitetspress. I vår moderne samtid er alle like – og nokre er svært mykje likare enn andre.

Hans Olav Brendberg.

Det heiter at det ligg ei kiste med gull ved enden av regnbogen, men viktigare og mindre kjent er det at ein over regnbogen finn ei makt som ikkje skal nemnast.

Din støtte holder oss gående!

Steigan.no er en av de svært få norske nettavisene med daglig publisering som drives 100 % av frivillige leserbidrag, uten pressestøtte, uten annonser og uten betalingsmur. Takk for at du gjør det mulig.

Støtt oss her

Vi er også inne i eit globalt veromslag, og regnbogen er eitt av verteikna i dette omslaget. Om vi skal forstå omslaget, kan eit lite tilbakeblikk vera eit utgangspunkt.

Det globale veromslaget

Ettersommaren 1941 reiste ein amerikansk økonom, Stacy May, frå England til USA gjennom det nøytrale Dublin. I kofferten hadde han verdas viktigaste dokument: Ein totaloversikt over britisk, industriell produksjonskapasitet i ulike sektorar. I USA samarbeidde han med mannen som hadde utvikla omgrepet «brutto nasjonalprodukt», Simon Kuznets, for å laga ein plan for økonomisk mobilisering av vestmaktene sine økonomiske ressursar. Og saman med den unge økonomen Robert Nathan greidde dei nedkjempa hæren sine planar for å ta kontroll over amerikans økonomi gjennom sitt program for bestillingar. I staden vart «gjennomførleg» nøkkelordet for all planleggjing – og amerikansk økonomi greidde i løpet av krigsåra å gjennomføra noko som var nær optimal mobilisering av tilgjengelege ressursar.

Då krigen slutta, stod USA åleine for 51% av verdas bruttoproduksjon målt i pengeverdi. All historie etterpå ber preg av dette. USA skapte eit globalt imperium, basert på den rå krafta til amerikansk industri.

I mange år no har ein diskutert kva økonomi som er størst – Kina eller USA? Diskusjonen er meiningslaus. La oss samanlikna nokre nøkkeltal for produksjon no:

Køyretøy: Kina 34,5 millionar, USA 10 millionar.

Stål: Kina 1 milliard tonn, USA 80 millionar tonn.

Betong: Kina 2 milliardar tonn, USA 90 millionar.

USA er forbikjørt, med god margin. I 2013 og 2014 til saman brukte Kina langt meir betong enn det USA brukte på heile 1900-talet.

I 1940 såg Storbritannia ut som ei mektig, global makt med ein marine som var større enn alle andre. USA hadde på same tid ein hær som var mindre enn hæren til Nederland. I realiteten var den globale, britiske maktposisjonen gått ut på dato. Dette skapte kronisk uroleg ver i internasjonal politikk – heilt til amerikansk industri og den amerikanske regjeringa overtok rolla som dominerande makt under og etter andre verdskrig.

I dag er det stor avstand mellom USAs rolle i verdas politiske og militære maktsystem, og det økonomiske fundamentet dette står på. Difor er det politiske klimaet uroleg.

Frå velferdsstat til sekulært teokrati

Då USA greip tømmane som den leiande, vestlege stormakta i 1945, hadde dette prosjektet vore i emning i fleire tiår. Det fanst ein liberal, vestleg elite som ofte var samde, og i alle fall var på talefot, på tvers av dei politiske kulturane i vest. Pionerprosjekta for å byggja ein slik overnasjonal elite byrja rett etter år 1900. Ei grein av dette er «Milners Kindergarten» – ein krets av unge, konservative internasjonalistar i Storbritannia som var sentrale i å byggja etterkrigsregimet i Sør-Afrika etter boarkrigen. Dei laga «Round Table»-organisasjonen, og etter kvart tankesmia Chatham House. I nettverksbyggjinga møtte dei det uformelle nettverket kring «House of Truth» i Washington – med namn som Walter Lippman og Felix Frankfurter. Også USA fekk sitt «Chatham House»: «Council on Foreign Relations».

Desse nettverka og institusjonane hadde ikkje sterk, formell makt. Men dei fekk liberale elitar i USA og Vest-Europa inn i dei same tenkjemåtane. Dei var svært viktige for å dra eit mobilisert USA inn i andre verdskrig. Og etter krigen utgjorde dei ryggraden i vestleg, tryggleikspolitisk tenkjing. Byggjinga av velferdsstaten i Europa og avviklinga av raseskiljesystemet i USA skjedde i stor grad under vengene til desse elitane – og denne ideologien. Og denne omforminga av vestlege samfunn stod på to føter: For det første at masseproduksjon og effektivisering av produksjonen i vestlege samfunn skulle gje rom for omfordeling. At også arbeidarklassen skulle få ein «stake in the country», og få del i den materielle veksten som følgde med industri, frihandel og forbrukarsamfunn. For det andre at dette skulle gje politisk stabilitet, der liberal internasjonalisme sette dagsorden for reformar og maktbruk i vestlege samfunn.

Dette programmet for reform – ulikt i USA og Europa – var grunnlaget for den lange stabilitetsperioden etter andre verdskrig. Men denne ordenen møtte nye utfordringar frå ikring 1980.

Vi menneske er fødde med omfattande evner som vi kan utvikla. Men om vi ikkje utviklar dei, mistar vi dei. Styrke som ikkje blir brukt visnar, tenkjeevne som ikkje blir utfordra byrjar gå i ring.

Slik fungerer også maktelitar. Dei som utøver makt i eit samfunn må gjera det heile tida. Om dei ikkje kjem med nye initiativ, gjennomfører nye reformer eller set nye dagsordenar, vil evna deira til å utøva makt forfalla.

Den liberale internasjonalismen møtte dette problemet på åttitalet. Fram til då hadde produktivitetsvekst gjeve grunnlag for omfordeling av velstand og byggjing av velferdsstat. No byrja industridød og andre omstillingskriser å undergrava det etablerte regimet. Dei partia som hadde definert oppbyggjinga etter krigen, som Demokratane i USA og Arbeidarpartiet i Noreg byrja slita i politiske motbakkar.

I denne prosessen byrja eit skifte som er for lite sett, og som er avgjerande for det vi står oppe i. Paul Gottfried analyserer desse tinga i boka «Multiculturalism and the politics of Guilt». Dei elitane som ikkje kunne legitimera si makt med sosialdemokratisk omfordeling, byrja i staden med ein ny type legitimerande politikk. Det er no ein byrjar be om orsaking for tidlegare generasjonars handlingar. Det er no en byrjar tøyga strikken for det utvida «rasisme»-omgrepet. Det er no ein byrjar gjera det til ei viktig oppgåve å få banka ned politisk ukorrekte ytringar. Medan ein tidlegare hadde ei presse prega av ideologiske tradisjonar og skilje, og debatt mellom desse, får ein no samling i eit stadig meir intolerant sentrum. Dei ulike «regnbogeprosjekta», det eine etter det andre, er definerande for dette sentrumet. Lista over ting det ikkje er lov til å meina eller argumentera for har vorte lengre og lengre for kvart tiår som har gått. Ein «liberal» elite som ikkje lenger kan legitimera si makt gjennom omfordeling byrjar i staden å legitimera makt gjennom å tilby pakkeløysingar på kva du har lov til å meina. Gottfried kalla det nye regimet eit «sekulært teokrati».

I dette skiftet ligg også ei forskyving av maktgrunnlaget for desse elitane. Så lenge velstand skulle omfordelast, var nasjonalstatane viktige for gjennomføringa. Fram til slutten av den kalde krigen var nasjonal suverenitet og folkerett viktige hjørnestolpar. FN, krigsforbod og nasjonal suverenitet var innebygt i regimet.

I det «liberale», sekulære teokratiet kjem kvar nye, korrekte bølgje gjennom den same internasjonale medieindustrien og dei same dagsordensetjarane. Medan nasjonal identitet og tradisjon er ein viktig del av fiendebiletet til dei sekulære teokratane. Folkerett, suverenitet og liknande er uviktig – det «nye mangfaldet» er truga av populistar og andre feiltenkjande som trur all slags spørsmål er oppe til debatt.

Kissinger påpeikte at «imperier ikkje har noko interesse av å operera innanfor eit internasjonalt system – dei har ambisjonar om å vera det internasjonale systemet».

Det som politikarane våre kallar «den regelstyrte verdensordenen» er eit slikt imperium. Det er ikkje bygt på folkeretten, FN-pakta og nasjonal suverenitet. Det er bygt på at vestlege, liberale elitar har rett til maktbruk når dei sjølv meiner dei er truga – på tvers av dei grensene folkeretten og FN-pakta set.

Det «politisk korrekte» tyranniet i vestlege samfunn heng med andre ord saman med forfallet i det internasjonale systemet, der nøytralitet og folkerett blir ofra til fordel for eit system med vilkårlege trugsmål og maktbruk. Eit system der diplomatiet i stor grad er avskaffa. Ingen vestlege land protesterte då Trump truga Iran med «annihilation» frå FNs talarstol – i seg sjølv eit ope brot på FN-pakta.

I denne stoda er det viktig å avdekka dei berande ideane i det sekulære teokratiet som er så sentralt i det vestlege maktsystemet. Det er i desse berande, og ofte uutalte ideane ein finn nøkkelen til stemplinga av «konspirasjonsteoretikarar» og «putinistar», opphavet til konformiteten som sakte skvisar ut dei røynlege meiningsbrytingane i demoratiske samfunn – og til sjuande og sist legitimeringa av den vilkårlege maktbruken som systemet meir og meir renn over med.

Ein liten nøkkel her: Skal du handheva ei offerrolle som blir universelt godtatt i alle politiske leirar, og som held seg over tid, må du ha omfattande nettverk og store ressursar.

Dette er ikkje ein posisjon for historias taparar.

Forrige artikkelMer avslørende pandemitall – Canada