Hjem Norge

«Samer og samepolitikk» – Svar til Jarl Hellesvik

0
Sametinget i Karasjok. Shutterstock.

Svein Lund skrev ei bokmelding av Jarl Hellesviks bok «Samer og samepolitikk». Han fikk svar fra Hellesvik og nå kommenterer Svein Lund dette svaret.

Svein Lund.

Finst det en «gjeldende samepolitikk»?

Jarl Hellesvik går til angrep på den «samepolitikken som myndighetene, NSR og co, herunder Svein Lund forfekter». Men det finnes ikke en slik samla samepolitikk. For å ikke sjå forskjellen på samepolitikken til den norske regjeringa og NSR, må ein vere ganske forblinda. Det finst rett nok eit visst felles grunnlag for politikken til samtlige storttingsparti unntatt FrP og fleirtalet på Sametinget. Det er den som kjem til uttrykk i grunnlova: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at det samiske folket, som urfolk, kan tryggje og utvikle språket sitt, kulturen sin og samfunnslivet sitt.» Trass i denne prisipielle semja, er det ein stor forskjell på politikken i praksis. Det ser vi kvar gong det er konflikter rundt inngrep i område som er brukt av reindrift, fjordfiske og anna samisk næring og kulturutøving. Dei siste åra har dette skjerpa seg gjennom kampen om Nussir-gruva, vindkraft i reinbeite og oppdrettsanlegg i fjordane. Her står regjeringa (med støtte av H og KrF og dels SP) klart mot fleirtalet på Sametinget, som i større eller mindre grad har støtte av SV, MDG, Raudt og V på Stortinget. Den store forskjellen såg vi også i Stortinget si behandling av Sannings- og forsoningskommisjonen, der stortingsfleirtalet avviste alle forslaga frå mindretalet om å endre politikken med å bygge ned dei samiske bruksområda bit for bit. Kor står Jarl Hellesvik i desse kampane? Han forsøker å rive med dei rettane som samar har som kan hindre slike inngrep. For den tidligare naturvernaren har det no blitt viktigare å knekke samisk kultur og næring enn å ta vare på natur. 

At kritikk av samepolitikken «ikke skal tåles» er krokodilletårer fra ein som har fått inn flere tusen innlegg om samiske spørsmål i omtrent alt av medier i Noreg. Det er knapt nokon som har hatt så mye ytringsfridom som Hellesvik og EDL.

Kva er kolonisering? 

Eit hovudpunkt i min kritikk av boka er at historia om kolonisering, fornorsking og undertrykking ikkje eksisterer i Jarl Hellesvik si verd. Utan denne bakgrunnen vil tiltaka som i seinare år er gjort eller krevd for å rette opp uretten kunne framstå som uforståelige og urimelige. Nettopp derfor er det at Hellesvik & Co må skrive om historia for å fjerne grunnlaget for dagens tiltak for samisk kultur. 
Sin vane tru lagar han si eiga framstilling av sine motdebattantar, for så å gå til åtak på denne feilaktige framstillinga. Når eg snakkar om kolonisering av samiske busettingsområde, betyr det ikkje at samar har vore einerådande frå Dovre til Kola sidan istida, og at desse områda så er erobra av norske styresmakter med våpenmakt. Koloniseringa av Sápmi har skjedd med ganske andre middel enn dei europeiske kolonimaktene si kolonisering av Amerika og Afrika, men det er like fullt ei kolonisering. Dette uttrykket er da også brukt av styresmaktene sjølve i samband med jordbrukskolonisering i bl.a. Indre Troms og Pasvik på 1700- og 1800-talet. 

Med koloniseringa av samiske bruksområde meiner eg at desse er overtatt av norske innflyttarar eller norske og utanlandske selskap, som ein bevisst politikk frå styresmaktene, samt at naturressursane er ført ut ut av område og beslutningane er gjort av sentrale styresmakter. Det siste store koloniseringstiltaket var da Støre dro til Hammerfest og erklærte at Melkøya skulle elektrifiserast og at det var reindrifta og finnmarksnaturen som skulle betale prisen. Det går ei samanhengande linje frå vikingane sine finneferder til dagens politikk, men Hellesvik nektar å sjå denne, og skriv all kolonisering, urett og tvangsfornorsking ut av historia. Dermed fornektar han også den 700 sider store rapporten til den stortingsoppnemnde Sannings- og forsoningskommisjonen.

Ein gong søring – alltid søring!

Jarl Hellesvik startar sitt svar til bokmeldinga mi med eit genealåtak på meg: Svein Lund er en søring som flyttet til Finnmark for omkring 50 år siden og har i mange tiår oppført seg som en overkikkador når det gjelder historieskrivningen om samene og om samepolitiske spørsmål. Dette har han i betydelig grad drevet på med i ufine ordelag.

Gjennom dei snart 53 åra eg har budd i Nord-Noreg, har eg hørt dette argumentet eit utal gongar. På alle andre område der eg har engasjert meg, i fagforeningspolitikk, naturvern, fiskeripolitikk osv. har eg blitt godkjent som ein som har rett til å uttale meg, uavhengig av kor eg måtte ha levd dei første 21 åra av livet mitt. Men når det gjeld samepolitikk er det eit unnatak, der blir ein ALDRI kvalifisert til å uttale seg om ein er fødd på feil stad. Det er slåande at dette argumentet alltid kjem frå det same miljøet av samerettsmotstandarar, eg har f.eks. aldri hørt det i Guovdageaidnu. Eg har budd omlag 15 år i blanda samisk-norske område på kysten og over 35 år i Guovdageaidnu, vore godkjent som tilsett ved fleire samiske institusjonar og deltatt i eit tital bøker om samiske forhold, men har altså ingen rett til å uttale meg om samepolitiske spørsmål. Det seier mest om kor desperate nokon kan bli når dei blir plukka frå kvarandre og ikkje har andre argument. Kva da med alle dei samisktalane og norsktalande samar, samt norsktalande nordnorske nordmenn som deler synspunkta mine? Kva argument skal ein avvise dei med?

Fleire samar – inga fornorsking?

Som «bevis» på at det ikkje har vore noka tvangsfornorsking, brukar Hellesvik befolkningsstatistikken som viser at talet på samar auka 1845 – 1930 med 40% i Troms og 70% i Finnmark. «I den utstrekning som myndighetene bedrev en fornorskningspolitikk så må denne politikken kunne oppsummeres som totalt mislykket. Svein Lund har hevdet at fornorskningspolitikken var brutal. Det kan den jo umulig ha vært i denne perioden siden antallet samer økte så kraftig.» Det er ingen som har hevda at fornorskingspolitikken betydde ei fysisk utrydding av samane. Her er snakk om ein svært lang periode da gjennomsnittlig befolkningsauke i landet var over 110%.

Talet på samar auka altså langt mindre enn den norske befolkninga i denne tida, altså har det allereie da vore eit relativt fråfall av samar, som ikkje kan forklarast med anna enn fornorsking og identitetsskifte. Fornorskinga starta som statlig politikk midt på 1800-talet, men det tok tid før dei store verknadane kom. Nokre få vekers skole var nok til å gi samiske elevar eit nederlag, men ofte ikkje nok til å få foreldra til å skifte til eit språk dei knapt kunne. Det er også vanskelig å tolke slike statistikkar. Statistikken seier antall samar, ikkje antall samiskspråklige og ofte har nok norsktalande samar vore telt som samar trass i skifte av hovedspråk. Heller ikkje SSB er enige med Jarl Hellesvik sin påstand om at den som har skifta språk til norsk ikkje lenger kan vere same.

Svarinnlegget til Jarl Hellesvik er prega av «angrep er det beste forsvar», som denne: «Jeg vet ikke om en eneste person i Loppa kommune, i min generasjon, som lærte å snakke samisk.  Men søringen Svein Lund, som vokste opp på Østlandet på den tiden, vet selvsagt best også når de gjelder dette.» Eg har aldri hevda at det var folk i Loppa som vaks opp med samisk på 1950-talet. Til det var presset for språkskifte for hardt. Eg har snakka samisk med folk i Loppa og nabokommunane Hasvik og Kvænangen, men da av litt eldre årgang, fram til for nokså få år sidan, men no synest det dessverre som dei siste samisktalande er borte. I dag finst det både i Loppa i mange andre kystkommunar i Troms og Finnmark sameforeningar som vil gjenopplive språk og kultur. Dessverre har dei stor motstand frå dei som gler seg over fornorskinga og ønsker at denne skal fortsette til alt samisk er borte. 

Kor blir det av «venstresida»?

På den såkalla venstresida har det vore eit stort engasjement mot kolonialisme og imperialisme rundt i verda. Det er lett å støtte urfolk i Amerika og Australia. Verre er det å gå inn i den svært betente kampen om samiske rettar i Noreg. Jarl Hellesvik og EDL gjør sitt beste for å stoppe kjeften på dei som vågar å vere antiimperialistar også på heimebane. Den største skammen er etter mi meining at Klassekampen ikkje har tatt eit standpunkt i samiske spørsmål på mange år, mens steigan.no har hatt svært lite informasjon om samepolitiske spørsmål.


De foregående artiklene:

Debatt

Vi har invitert til debatt om disse spørsmålene og dersom Jarl Hellesvik ønsker det, vil ha få inn et tilsvar. Deretter vil vi se om det kommer innlegg fra andre for å se om det blir noen debatt av det.

Red.

Forrige artikkelSynliggjør Norges støtte til Cuba NÅ!
Neste artikkelRiksrevisjonen går fra «nulltoleranse» til en viss toleranse for korrupsjon – «fordi det er krig»