Mineralstrategi for forsterka rovdrift

0
Elkem Tana kvartsittgruve, Austertana, Finnmark

21.06.2023 la regjeringa fram sin nye mineralstrategi. Ti år etter førre strategien av ein næringsminister frå same partiet.Kvifor treng vi no ein ny strategi? Er den gamle strategien oppfylt og det er på tide med nye mål? Eller ønsker ein å endre retninga? 

Av Svein Lund.

Ingenting oppfylt, ingen sjølvkritikk

Kva har skjedd med desse tre setningane som er framheva i strategien av 2013:
– «Norge skal være et attraktivt land å drive mineralvirksomhet i»
Dei store investorane står ikkje i kø. Dei store gruveprosjekta slit med finansiering, kjøparar trekker seg fordi gruveplanane ikkje er bærekraftige og i strid med menneskerettane. Har ein kanskje gått så langt i å gjøre seg attraktiv at det slår over i det motsette?
– «Regjeringens mål er en verdi­skapende og lønnsom mineral­­n­æring med god vekstkraft.«

Mineralnæringa i Noreg er i dag mindre enn i 2013.

– «Norsk mineralnæring skal være blant verdens mest miljøvennlige og aktivt søke fremtidsrettede løsninger.»
Norsk mineralnæring er i verdstoppen i utslepp av avgang i sjø og eit av to land som planlegg nye gruver med sjødumping. Dei «fremtidsrettede» løysingane består vesentlig i å slepe etter andre land i planlagt elektrifisering.

I 2023 kan vi trygt oppsummere: Ingen av desse målsettingane er oppfylt.
Daverande næringsminister skreiv i føreordet til strategien av 2013: «Norsk mineralnæring skal være blant verdens mest miljøvennlige. Mineralbedriftene skal vise samfunnsansvar, og jeg er opptatt av å bidra til en god sameksistens mellom mineralnæringen, lokalsamfunnet, andre næringer og samiske interesser.» Kva har skjedd i tiåret sidan førre strategien? Eit halvt år etter at denne kom sa Guovdageaidnu kommune nei til ny gruve. Seinare sa Sametinget nei til Nussir-gruva. I denne perioden har miljøorganisasjonane vurdert gruvespørsmål som eit av dei største trugsmåla mot naturen i Noreg. Aktivistar har lenka seg til anleggsmaskinane i Førdefjorden og Repparfjorden. Gruveplanar har ikkje bare fått miljøorganisasjonar mot seg, men fiskarar, oppdrett, havforskinga og Fiskeridirektoratet. Samfunnsansvaret er redusert til løfter for å få «Social licence to operate» og sameksistensen er havarert. 

Ut frå dette hadde det no vore på tide med ei sjølvkritisk vurdering: Kva har vi oppnådd med ti års mineralstrategi? Kvifor gikk det meste galt? Kan nokon finne spor av dette? Eg ser det ikkje. 

Les også: Nå skal også Norges ressurser på havbunnen plyndres

Kva er nytt? 

Det mest slåande ved den nye strategien er fargen. Mens strategien av 2013 brukar ordet «grønt» ein einaste gong, står det i strategien av 2023 «det grøne skiftet» eller tilsvarande heile 44 gongar. Regjeringa sitt «grønne» mål er klart: Å utvinne mest mogleg mineral som kan brukast til elektrifisering i form av vindkraft, solkraft, elbilar, osv. Sjølv om denne utvinninga går på kostnad av både grøne skogar, kvite vidder og blå fjordar. 

Det neste er at ambisjonane er auka. Det er ikkje lenger nok å vere blant dei mest miljøvenlige, no skal Noreg «utvikle verdens mest bærekraftige mineralnæring.» Ingen over, ingen ved sida!
Auka er også bruken av ordet «bærekraft», som no skal vere både sosial, økonomisk og miljømessig. Nussir-gruva i Repparfjorden har vore føregangsprosjektet til skiftande regjeringar i rundt 15 år. Denne skal utvinne koppar, det grønaste av dei grøne minerala, med grøn teknologi. For to år sidan mista dei sin einaste kunde fordi denne vurderte prosjektet som ikkje miljømessig bærekraftig. Utan at det fikk nokon verknad for regjeringa sitt syn. 
I kapitlet om «miljømessig bærekraft» nemnast EU-regelverk, som vassdirektivet, konsekvensutredningsdirektivene og mineralavfallsdirektivet. Det som ikkje nemnast, er at den norske regjeringa har blitt meldt inn for ESA og norske domstolar for brot på fleire direktiv.I kapitlet om «sosial bærekraft» blir det innrømt: «Prosjekter som realiseres er som regel avhengig av lokal tilslutning i form av flertall i kommunestyrer, men noen prosjekter, særlig med sjødeponi, har møtt motstand fra natur- og miljøbevegelsen. Flere prosjekter som er planlagt i områder med reindrift møter også motstand fra samiske organisasjoner og rettighetshavere.»
Det er likevel ikkje noko mål for regjeringa å endre prosjekta slik at det ikkje blir grunnlag for slik motstand.
«… gruvedrift har mulighet og potensial til å bidra positivt til alle de 17 bærekraftsmålene.»
 
Til samanlikning er det ikkje tatt opp om gruvedrift kan truge nokon av bærekraftsmåla.

Titania, Sokndal, Rogaland

Mindre eller meir deponi?

Mineralstrategien legg større vekt på sirkulærøkonomi og tiltak for å redusere behovet for deponi. Dette har vore krav fråmiljørørsla og fleire parti i mange år. Korleis skal dette bli meir enn vakre ord så lenge praksisen er motsett. Dumping av verdifulle ressursar skjer i dag i ei 5 norske fjordar og det er gitt løyve til dumping i Førdefjorden, Repparfjorden og Bøkfjorden. Det visast til at det er mange gamle gruvedeponi som inneheld stoff som med fordel kan takast ut. Konkrete forslag om slike tiltak er reist for fåår sidan bl.a. ved Joma gruver, men da avvist av sentrale styresmakter.

Om regjeringa meiner noko med dei gode ønskene, kan dei seie til Sydvaranger, Nussir, Nordic Mining og Nye Sulitjelma Gruver:«Stopp no. De har enno ikkje byrja å dumpe, og vi kan hindre det med å legge ein plan i lag. Vi beklagar at vi har kome i skade for å gi litt for mange utsleppsløyve, så vi vil derfor kompensere for tapa dykkar med omlegging. Så kan vi samarbeide omføregangsgruver utan deponi.» Da skal eg ta av hatten for regjeringa. Ikkje før.


Er primærnæringar næringar?

Strategien har ambisjonar for heile norsk næringsliv: «Det viktigste myndighetene kan gjøre for norske bedrifter er å sørge for gode, generelle rammevilkår, som gjør det forutsigbart og lønnsomt å drive næringsvirksomhet i Norge.» Den næringa som har vore mest i strid med gruvedrifta er reindrifta. Minst 20 av dei vel 80 reinbeitedistrikta i Noreg har fått innsnevra sitt bruksareal og/eller lever under trugsmål frå gruveplanar. I tillegg er minst halvparten av reinbeitedistrikta truga av ei anna side ved «det grøne skiftet» – vindkraft. Reineigarane veit ikkje om neste generasjon vil ha noko reindrift å overta. Det er i dag alt anna enn forutsigbart å drive reindriftsnæring i Noreg. Men det hører kanskje ikkje med til næringsministerens definisjon av næringsvirksomhet?
Strategien argumenterer for dialog og konsultasjonar: «I prosjekter der reindriften vil påvirkes negativt er det nødvendig med god og jevnlig dialog for å avklare både prosessen, involveringen og det faglige grunnlaget for beslutningene som skal tas.» Ikkje eit ord om å respektere samiske rettar eller internasjonale konvensjonar. Sjølv etter Fosen-dommen skal praksis fortsatt vere dialog som spel for galleriet. Held ikkje det, har vi politi.

Forsking for kva?

I strategien blir det innrømt at forskinga innafor tradisjonell mineralindustri er på eit lågmål «og i hovedsak konsentrert rundt utvinning av havbunnsmineraler.» Trass i at ein i eit tiår har hatt dei enorme ambisjonane om verdas mest miljøvennlige gruvedrift, finst det praktisk talt ikkje forsking der det virkelig trengst. 

Farlig eksperiment på havbotn

Rett før mineralstrategien kom, opna regjeringa for gruvedrift på havbotnen. «Norge skal være verdensledende når det gjelder en fakta- og kunnskapsbasert forvaltning også av havbunnsmineralressursene som er helhetlig, bærekraftig og forsvarlig. Norge har lang tradisjon for slik forsvarlig ressursforvaltning som både legger til rette for høsting av naturressursene, samtidig som hensynet til miljøverdier og andre interesser blir ivaretatt.» Slik argumenterer regjeringa for at Noreg skal gå foran i eit av dei farligaste eksperiment som nokon gong har vore gjort med mineral- og naturressursar. Dette skriv dei trass ei rekke åtvaringar, bl.a. frå eige Miljødirektorat. 


Mineral for opprustning og krig

Den nye mineralstrategien gjør mineralpolitikken i langt større grad til ein reiskap i utanrikspolitikken, ikkje bare for Noreg, men for EU og USA/NATO. Vår gruvedrift skal styrke dei «vennligsinnede» landa med mineral for våpenproduksjon: «Alt fra kampflyet F-35, missiler, kommunikasjonsutstyr, robotikk, våpensystemer, radarutstyr og romfartsmateriell avhenger av kritiske råvarer. Dette betyr at forsyningssikkerhet for disse råvarene er av vesentlig betydning for norsk og vestlig sikkerhet generelt og for forsvarsindustri spesielt.» 

Hastverk er lastverk

Dette gamle ordtaket passar godt her. Dei to siste gruveprosjekta som har fått driftskonsesjon er begge prega av ei rekke store saksbehandlingsfeil. Regjeringa sitt svar er ikkje grundigare, men raskare saksbehandling. Ein er så ivrig etter å få ned saksbehandlingstida at ein nærast tigg EU om å bli pålagt det. Strategien sitt eksempel på kor denne forserte saksbehandlinga skal brukast er dei sjeldne jordmetalla på Fensfeltet, som «har potensial for å bli et svært viktig prosjekt for Norge.» Det som ikkje nemnast er at dette trulig er det mest radioaktive området i Noreg, og at tidligare gruvedrift der førte til radioaktivt avfall som ikkje er ferdig rydda opp 58 år etter tidligare drift. 
Likevel skal dette brukast som føregangseksempelet på «hurtigsporet» med rask og uforsvarlig behandling.

Konklusjon

Dei to store sakene som har ført til motstand mot gruveplanar i Noreg det siste tiåret er dumping i fjordar og inntrenging på areal som brukast av reindrift. Her vil ikkje strategien gi noka endring.
Dette er ein strategi for fortsatt og forsterka rasering av mineralressursar, naturressursar og naturbaserte næringar i Noreg, for overkjøring av samerett og menneskerettar. 

Svein Lund

Forrige artikkelEt kraftig varsku mot de fore­slåtte endringene av offentlighets­loven
Neste artikkelBorgerkrigen i Frankrike