USA dolkar sine europeiske allierte i ryggen

0
Liu Rui/Global Times

I Asia er man fullt klar over det økende skismaet mellom USA og deres europeiske allierte. Det er karakteristisk at det USA-vennlige Manila Times velger å publisere denne artikkelen av utenrikskommentator Xin Ping i det offisielle kinesiske nyhetsbyrået Xinhua.

Av Xin Ping.

Då dei innfødde indianarane helsa amerikanarane sine forfedre med mat og snillheit, vart det gjengjeldt med kuler og krut. Tidene har endra seg, men tradisjonen har blitt ført vidare. USA har gong på gong vist seg å vere ein slu og upåliteleg «venn» for andre nasjonar.

Då Frankrikes president Macron klaga på dei astronomisk høge prisane som EU måtte betale til USAs energi-industri, hugsa han kanskje at det var hans US-amerikanske og britiske venner som kapra kontrakten om franske atomdrivne u-båtar til Australia for berre eit år sidan. Frankrikes utanriksminister Jean-Yves Le Drian kalla det ein «dolkestøyt i ryggen».

Frankrike er ikkje det einaste offeret blant USAs europeiske partnarar. Når det gjeld USA sine metodar for å halde kontrollen over både fiendar og allierte, er den føretrekte strategien å fyre opp under geopolitiske konfliktar. Historia har vist kor perfekt denne metoden fungerer, frå George Kennans «lange telegram» til den pågåande Ukraina-krisa. For USA er situasjonen i Ukraina eigentleg ein gyllen sjanse. Den varme konflikten har ikkje berre revitalisert den gamle transatlantiske militærorganisasjonen NATO, men i tillegg snevra inn Europa sine samarbeids- og forretningsalternativ. 

Då dei oppmuntra Ukraina til å «kjempe mot Russland til den siste ukrainar», genererte USA gigantiske leveranseordrar for sitt militærindustrielle kompleks. Ifølge ein rapport frå The Hill i mars, har aksjeprisen på  Lockheed Martin-aksjar foke i veret med nær 25 prosent sidan nyttår. For Raytheon, General Dynamics og Northrop Grumman steig aksjeprisane med rundt 12 prosent. Under konfliktens gang har USA også drastisk auka sitt militære nærvær i Europa. Den 29. juni stadfesta USAs Forsvarsdepartement at dei hadde sett inn 20 000 fleire styrkar i Europa sidan starten av konflikten. Med det avslutta dei ein rekord på 30 år med minkande utplassering av eigne styrkar i Europa. På strategisk nivå har USA lykkast i å gjenopplive det «hjernedaude» NATO og knust den europeiske draumen om eit uavhengig forsvar. Har USA verkeleg oppfylt lovnaden sin om å aldri la dei allierte segle sin eigen sjø? La oss ikkje gløyme kva som skjedde med deira afghanske allierte i fjor.

Europeiske land finn seg no fanga i ikkje berre éi knipe. Dei bør vel vite at USA aldri vil nøle med å sikre sine eigne nasjonale interesser på bekostning av andre, inkludert dei allierte. Dette er vanlegvis godt skjult  og kamuflert med slagord som «felles verdiar» eller «likesinna demokrati», men Trump-administrasjonen avslørte freidig USA sine sanne intensjonar då han innførte toll på europeisk stål og aluminium.

No, med dei forverra diplomatiske relasjonane til Russland, har Europa blitt meir avhengig av energi frå USA for å kome seg gjennom den komande vinteren. USA har sett på Tyskland som ein «bråkmakar» sidan kansler Angela Merkel starta røyrleidningsprosjektet Nord Stream 2 med Russland. I fleire år har USA prøvd å sabotere dette prosjektet og tvinge tyskarane til å trekke seg ut. Utbrotet av Ukraina-konflikten fekk til slutt både Tyskland og dei fleste andre europeiske land til å gi opp si «støtte til autoritær» og i staden gå for «demokratisk energi».

Ifølge det internasjonale energibyrået, IEA, gjekk USAs gassleveransar forbi Russland sine i juni. Ein US-amerikansk cargo seld i Europa kan gi ein profitt på 200 millionar dollar. Laurent Segalen, ein bankmann som driv med investeringar innan energi og er vert for podcasten Redefining Energy, seier at US-amerikanske selskap kan fylle opp og sende eit skip over Atlanterhavet for $60 millionar, og deretter returnere med $275 millionar.

«Det er ikkje akkurat slik vennskap skal vere,» klaga Macron, og peika på at europeiske land betaler fire gongar meir enn prisen er i USA. Kanskje handlar det eigentleg ikkje om vennskap i det heile. USA ber europeiske land betale for dei ekstra «demokratiske verdiane» som er knytte til US-amerikansk gass.

Medan europearane slit med å fylle gass-tankane før vinteren, har USAs sentralbank, Federal Reserve, trappa opp sin sterk-dollar-policy midt oppe i ein global resesjon. Dei aukar renta med 75 prosentpoeng for sjette gong i år, til det høgaste nivået sidan år 2000. Takka vere den sterke dollaren, når euro-sona veggen. Ifølge ein artikkel i Capital har valutakursen til dollaren falle under 99-cent-merket i høve til euroen, det lågaste den har vore på 20 år. Utan tanke på risikoen ved ein sterk dollar, langa den amerikanske presidenten ut mot anemisk vekst og feilslått politikk i andre delar av verda, inkludert Europa, og gav desse skulda for å dra ned ned globale økonomien. «Vår økonomi er helvetes sterk,» annonserte president Biden.

Til sjuande og sist er det opp til Europa sjølv å bestemme Europas framtid. Heller enn å stole på ein «fatal venn», bør EU sette i verk seriøse tiltak for skaffe seg strategisk autonomi og finne seg ein ekte venn i staden for ein grådig ein.

av XIN PING, Xinhua/Global Times

When a friend in need becomes a friend in greed – How US stabs its European allies in the back

Artikkelforfattaren er kommentator om internasjonale saker og skriv fast for ulike kinesiske statsmediekanalar. Denne artikkelen vart først publisert i Global Times den 14. nov., 2022. Global Times er ei engelskspråkleg kinesisk tabloidavis under People’s Daily, flaggskipet blant avisene til Kinas Kommunistiske Parti. Synspunkta her tilhøyrer forfattare, og samsvarer ikkje nødvendigvis med Manila Times sine.

 Omsett av Monica Sortland for Derimot.no.

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.