Raudt sin kamp mot kjettarskap

0

Av Hans Olav Brendberg.

Organisasjonar som samfunnsbyggjande kraft er bygt på tillit, felles vedtekter, objektiv og sakleg sakshandsaming – og mot. Mot til å tru på den seige innsatsen, på fellesinteressen bak konflikten, mot til å ta risiko sjølv når det kostar litt, reint personleg.

Organisasjonar som samfunnsbyggjande kraft betalar du sjølv. Der andre betalar, er det andre som avgjer spelereglane.

Pål Steigan er ikkje ekskludert frå Raudt. Han driv ikkje noko «politisk prosjekt», han driv ei nettavis der du finn kommentarar og vinklingar du ikkje finn i hovudstraumen. Noko er glimrande, noko er mindre opplysande. Men nettavisa er verdt å lesa, og tenkja gjennom, anten ein er samd eller ikkje.

Raudt har erklært nettavisa til Steigan som spedalsk – utan å ekskludera Steigan. Her finst inga objektiv og sakleg sakshandsaming. Her er ingen forslag til vedtak for å rydda opp. I staden brukar partiet dei same mekanismane som sterkttruande sekter for å unngå diskusjon, unngå sakleg avklaring. Og for å understreka at det her handlar om kjettarskap, og at det ikkje finst nokon plass mellom dei rettruande for kjettarar, har Raudt vraka førstekandidaten sin i Nordland avdi han er hovudeigar og styreformann i ei alternativ medieverksemd.

Raudt er ikkje betalt av medlemmene – som andre norske parti lever dei av millionar over statsbudsjettet. Og som andre norske parti, lever dei i spenningsfeltet mellom massemedia og karrierepolitikarar.

Kvar greier folk å sjå mot, vilje til sakleg og ryddig sakshandsaming, integritet og liknande i dette partiet? Eg ser ein feig gjeng som ikkje vågar å gå inn i diskusjonane – og som i staden driv med stempling og personretta kampanjar som skal halda flokken samla. Ein gjeng som vrir seg i frykt og skam ved tanken på at mediepuslingar som Snorre Valen skal driva kampanjejournalistikk mot ein av kandidatane deira.

Kvar greier folk å sjå prinsipp i det dette partiet held på med? Dei rir på mediebølgjene, med løfte om at berre dei får fixa og ordna, so kjem ting på magisk vis til å bli betre. Ein Raudt-politikarar som forsvarar eit prinsipp sjølv når det er upopulært? Gløym det.

Kva kan ein venta frå slike? Støtte når ein står i ein vanskeleg konflikt? Kanskje – om ein har medvind i mediebobla. Men langt meir sannsynleg er det at du får ein dolk i ryggen – utan sakshandsaming.

Forrige artikkelFlink bisk
Neste artikkelPentagon bekrefter at USA har «støvler på bakken» i Ukraina