Verden er i stor endring. Spenn på sikkerhetsbeltene!

0
Shutterstock / AlexandrinaZ

Tektonisk plateskifte for geopolitikken etter seks månadar

Av Pepe Escobar. 24. august, 2022

Seks månadar etter starten på Russlands Spesielle militæroperasjon (SMO) i Ukraina, har dei tektoniske platene til det 21. hundreårets geopolitikk skifta plass i ein sjokkerande fart og djubde – med enorme historiske etterdønningar allereie for handa. For å sitere T. S. Eliot: det er på denne måten (den nye) verda startar, ikkje med eit klynk, men med eit smell.

Det nedrige mordet på  Darya Dugina – de facto terrorisme ved Moskvas portar – fell kanskje illevarslande saman med seks-månadarsvegkrysset, men dét endrar ikkje dynamikken i den historiske framdrifta.

FSB [Russlands etterretningsorganisasjon] kan ha løyst saka på litt over 24 timar. Dei har utpeika som gjerningsperson ein nynazistisk Azov-operatør utstyrt av SBU [Ukrainas etterretningsorganisasjon], som sjølv berre er eit verktøy for CIA/MI6-komboen som de facto har makta i Kiev.

Azov-operatøren er berre ein nyttig idiot. FSB kjem aldri til å offentleg avsløre etterretninga dei har samla om dei som gav ordren – og korleis déi vil taklast.

Ein Ilya Ponomaryov, ein anti-Kreml, underordna karakter som har fått innvilga ukrainsk statsborgarskap, skraut av at han hadde kontakt med gruppa som førebudde angrepet på Dugin-familien. Ingen tok han alvorleg.

Det som er alvorleg, er kva slags motiv fraksjonar innan organisert kriminalitet, med band til oligarkiet, kan ha hatt for å eliminere Dugin, ein kristen-ortodoks nasjonalistisk filosof som, ifølge dei, kan ha påverka Kreml til å dreie mot Asia (det gjorde han ikkje).

Men framfor alt skulda desse fraksjonar innan organisert kriminalitet Dugin for ein organisert Kreml-offensiv mot den uforholdsmessig store makta til jødiske oligarkar i Russland. Så desse aktørane har både motiv og den lokale basen/etterretningsinfoen til å iverksette eit slikt kupp.

Om dét er tilfelle, så tyder det på ein Mossad-operasjon – på mange måtar meir sannsynleg enn CIA/MI6. Det som er sikkert, er at FSB vil halde korta tett til brystet – og gjengjelda vil kome raskt, presist og usynleg.

Strået som knekte kamelens rygg

I staden for å gi Russland eit kraftig slag i forhold til SMO-dynamikken, eksponerte attentatet på Darya Dugina berre gjerningspersonane som billige operatørar for Pappskalle Mord Inc.

Ein filosof – eller dottera hans – kan ikkje utslettast av ei heimelaga bombe. I eit viktig essay forklarte Dugin sjølv korleis den verkelege krigen – Russland mot det samla Vesten under USAs leiing – er ein idékrig. Og ein eksistensiell krig.

Dugin definerer, med rette, USA som eit «thalassokrati», arving til «Britannia, herskaren over havet», men no viser dei geopolitiske tektoniske platene ein ny orden: Kjernelandets retur.

Putin sa det sjølv på Sikkerheitskonferansen i München i 2007. Xi Jinping sette startskotet då han lanserte Den nye Silkevegen i 2013. Imperiet slo tilbake med Maidan i 2014. Russland slo tilbake då dei drog for å hjelpe Syria i 2015.

Imperiet auka innsatsen i Ukraina, der NATO væpna landet non-stop gjennom åtte år. Mot slutten av 2021 inviterte Moskva Washington til ein seriøs dialog om «udelelegheita til tryggleiken» i Europa. Det vart avvist med ein ikkje-respons-respons.

Moskva fekk raskt stadfesta at ein storoffensiv var i emning: Kiev stod på trappene til ein blitzkrig mot Donbas; Ukraina flørta med anskaffing av atomvåpen; og USA-eigde laboratorium arbeidde med biovåpen. Det var strået som knekte ryggen på Silkevegskamelen.

Ein systematisk analyse av Putins offisielle innspel desse siste månadane, avslører at Kreml – så vel som tryggingsrådets Yoda Nikolai Patrushev – skjønte fullt ut korleis dårane i politikken og media, og stormtroppane til det samla Vesten blir dikterte av herskarane over det Michel Hudson kallar FIRE-systemet (financialization, insurance, real estate. Finans, forsikring, eigedom), ein de facto bank-mafia.

Som ein direkte konsekvens, skjøner dei og at folkeopinionen i Vesten, lik Platons hulemann, ikkje har den fjernaste peiling på at dei er totalt fanga av sine FIRE-herskarar, som aldri kan tolerere eit alternativt narrativ.

Så Putin, Patrusjev, Medvedev vil aldri gå utifrå at ein senil teleprompter-lesar i Det kvite hus eller ein cokehead-komikar i Kiev «herskar over» noko som helst. Den uhyggelege Great Reset-inkarnasjonen av ein James Bond-skurk, Klaus «Davos» Schwab, og hans psykotiske historikar-assistent Yuval Harari  uttrykker i det minste «programmet» sitt i klartekst: global avfolking, med dei gjenverande neddopa til amnesi.

Sidan USA herskar over den globale populærkulturen, passar det her å låne noko av det Walter White/Heisenberg, ein gjennomsnittsamerikanar som kanaliserer sin indre Scarface, seier i Breaking Bad: «Eg er i Imperie-businessen.» Og Imperie-businessen handlar om utøving av rå makt – brutalt oppretthalden med alle nødvendige middel.

Russland braut trolldommen. Men strategien til Moskva er langt meir sofistikert enn å jevne Kiev med jorda med hypersoniske visittkort, noko dei kunne ha gjort når som helst under dei siste seks månadane, på ein blunk.

Det Moskva gjer, er å snakke med nær heile det globale sør, bilateralt eller med grupper av aktørar, og forklare korleis verdssystemet er i endring rett framfor auga våre, med framtidas nøkkelaktørar konfigurerte som BRI, SCO, EAEU, BRICS+, Greater Eurasia Partnership.

Og svære skarar av det globale sør – eller 85% av verdas befolkning – blir sakte, men sikkert, klare for å engasjere seg i å kaste FIRE-mafiaen ut av sine nasjonale horisontar, og til sist slå dei for godt: ein lang, innvikla kamp som vil medføre mange tilbakeslag.

Fakta i felten

Ute i felten i det som snart blir rest-Ukraina vil distribueringa av hypersoniske visittkort – utskotne frå Tu-22M3 bombefly eller Mig-31avskjerarar – halde fram.

Haugar av HIMARS vil bli tatt. TOS 1A tunge flammekastarar vil fortsette å sende ut invitasjonar til Helvetes portar. Luftforsvaret på Krim vil framleis avskjere allslags små droner med sprengladningar: terrorisme frå lokale SBU-celler som til sist vil bli knuste.

Med hjelp av fenomenal artillerisperreeld – billig og masseprodusert – vil Russland annektere heile det svært verdifulle Donbas – jord, naturressursar og industri. Deretter ber det av garde til Nikolajev, Odessa og Kharkov.

Geoøkonomisk har Russland råd til å selge oljen sin med feite rabattar til kven som helst av kundane i det globale sør, for ikkje å nemne dei strategiske partnarane Kina og India. Utvinningskostnadane når maksimalt $15 per fat, med eit nasjonalbudsjett som legg til grunn $40–45 for eit fat Ural-olje.

Ein ny russisk standard er nært føreståande, så vel som olje i rublar etter den ville suksessen med gass for rubel.

Glenn Diesen.

Mordet på Darya Dugina framprovoserte endelause spekulasjonar på om Kreml og forsvarsdepartementet endeleg vil bryte med disiplinen sin. Det kjem ikkje til å skje. Framdrifta langs den nær 300 mil lange fronten er ubøyeleg, svært systematisk og integrert med eit større strategisk bilde.

Det er avgjerande om Russland har ein sjanse til å vinne informasjonskrigen med det samla Vesten. Det vil aldri skje innanfor grensene til NATOstan – sjølv om suksesshistoriene hopar seg opp rundt om i det globale sør.

Som Glenn Diesen så meisterleg har demonstrert, i detalj, i si siste bok, Russophobia , så er det samla Vesten instinktivt, nesten genetisk immun mot å innrømme russiske merittar, sosiale, kulturelle eller historiske.

Og dét vil bli utleidd til irrasjonalitetsstratosfæren, etter kvart som nedharvinga og demilitariseringa av imperiets proxy-armé i Ukraina driv imperiestyrarane og vasallane deira frå sans og samling.

Men det globale sør bør aldri miste «Imperie-businessen» av syne. Løgnimperiet utmerkar seg når det gjeld å skape kaos og plunder, alltid støtta av utpressing, muting av comprador-elitar, mord og alt det den gigantiske FIRE-finansmakta har oppsyn med. Kvart knep i Splitt-og-hersk-boka – og særleg utanfor boka – bør forventast, når som helst. Ein skal aldri undervurdere eit bittert, såra og djupt audmjuka, synkande imperium.

Så spenn på deg sikkerheitsbeltet: dette blir den spente dynamikken heilt fram til 2030-åra. Men før det: gjer deg klar for General Vinter. Når ryttarane hans nærmar seg raskt, vil vinden byrje hyle, og Europa vil fryse til i den svarte natta, medan FIRE-mafiaen puffar på sine sigarar.

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no.

Denne artikkelen ble opprinnelig publisert i The Cradle: Six months into Ukraine’s collapse, the world has changed forever

Forrige artikkelEnsidig og hatefullt
Neste artikkelNår milliardærer og regjeringen jobber sammen for å kontrollere informasjon
Pepe Escobar
Pepe Escobar er spaltist i The Cradle, redaktør i Asia Times og en uavhengig geopolitisk analytiker med fokus på Eurasia. Siden midten av 1980-tallet har han bodd og jobbet som utenrikskorrespondent i London, Paris, Milano, Los Angeles, Singapore og Bangkok. Han er forfatter av utallige bøker; hans siste er Raging Twenties.