Michael Hudson: Det blir lite hyggelig å være europeere i årene som kommer

0

The Saker intervjuer den kjente økonomen Michael Hudson.

Av redaksjonen i Derimot.

USA slit. Krigsplanane går i vasken og økonomien er i ei hengemyr utan utveg. Skyhøg inflasjon gjer at misnøyen blant folk breier om seg, og politikarane tøffar seg med provokasjonar mot andre land for å vinne tilbake stemmer til Kongressvalet i november. Den taktikken har fungert for dei før, og same oppskrifta blir repetert. 

På den andre sida har vi dei store maktene Russland og Kina med BRICS, som har stor økonomisk vekst og stadig utvidar seg med nye allierte og partnarar. Dei baserer samarbeidet sitt på gjensidig nytte og eit mål om framgang for alle. Internasjonale prosjekt som Silkevegen (Belt and Road Initiative) og BRICS-banken gjer innhogg i det tidlegare eineveldet til organisasjonar som Verdsbanken og IMF. Der sistnemnde har fungert som ein forlenga arm for oligarkiet i Vesten, som eit imperialistisk/kolonialistisk maktmiddel der særleg USA har dominert med sin vetorett, er dei nye storprosjekta i sitt vesen anti-imperialistiske.

Landa i BRICS er svært ulike, men styrken deira ligg nettopp i denne ulikskapen. Samarbeidet er basert på tre premiss:

-det skal vere eit samarbeid mellom sjølvstendige nasjonar;

-kvar og ein skal få følge sin eigen veg mot framtida og

-det skal vere basert på internasjonal rett.

Det er i praksis finanssektoren som styrer økonomiane i Vesten. Dei tapar marknadar med eit BRICS som breier om seg, og som nektar å la seg kjøpe opp av eit Goldman Sachs, slik Russland vart under Jeltsin. I sin iver etter å skade rivalen Russland – for seinare å kome lettare til Kina – er USA i praksis i ferd med å øydelegge både Ukraina og Europa elles. At dei går laus på sine eigne, er eit dårleg teikn.

«Den eine prosenten kan alltids tene meir pengar ved å skvise dei 99 prosenta i USA og Europa. Det vil bli svært lite hyggeleg å vere europear det komande tiåret,» som Michael Hudson uttrykker det i denne samtalen med Andrei The Saker:

Forrige artikkelVår analyse av Ukraina april 2014:
Neste artikkel– Bare 30 prosent av de vestlige våpnene til Ukraina når fram dit de skal