Fleire og fleire gjennomskodar løgnene

0
Kilde: exberliner.com

Når no Amnesty International stadfestar dei ukomfortable sanningane, som mange uavhengige journalistar og politiske observatørar allereie visste om, om den ukrainske arméens framferd i Donbas, så er det verdt å sjå nærare på kor manipulerande det har blitt – ikkje berre noko som skjer kvar dag, men eit sentralt element av Vestens proxy-krig i Ukraina.

Av Chay Bowes

Covert Action Magazine, 13. august, 2022

Eit stadig aukande tal mainstream-journalistar, kommentatorar og vanlege folk som i starten heiv seg på hylekoret «Stå saman med Ukraina!», finn etterkvart ut at dei ukomfortable sanningane om Zelensky-regimet og  regimets armé blir vanskelegare og vanskelegare å ignorere.

Det var ikonet for amerikansk demokrati, president Abraham Lincoln som sa «Ein kan narre ein del av folket ein del av tida, ein kan narre nokre folk heile tida, men ein kan ikkje narre heile folket heile tida.» Sjølv om Lincolns skarpsindige observasjon har blitt mykje feilsitert, så har den verkeleg ein spesiell resonans når vi tenker på dei uheldige og hardnakka utanrikspolitiske tabbane til hans kjære USA i det siste.

Abraham Lincoln, Source: etsy.com

Særleg spesiell er USAs iherdige innsats for å oppretthalde støtta til sine vaklande og kolossalt dyre ambisjonar i Ukraina frå ei stadig meir skeptisk befolkning.

Så langt har det ikkje vore altfor vanskeleg å pakke inn ein bodskap til allmenn konsumpsjon, eit slags provisorisk narrativ (fortelling) som er lett tilgjengeleg og fordøyeleg for eit tillitsfullt publikum, særleg når dei same mottakarane globalt har blitt nekta sentral, faktabasert innsikt i bakgrunnen for ein kompleks konflikt som har vart lenge, og som dei har blitt forførte til å støtte, som supporterar som har fått bind for auga.

Men den krisa dei no har i Ukraina er forskjellig; i den har den pro-Vestlege mediemaskina kultivert og spreidd desinformasjon, propaganda og falske nyheiter i ein skala vi aldri før har sett. Samstundes som USA og NATO driv sin proxy (stedfortreder)-konflikt på bakken, i lufta og til sjøs, blir ein annan ulovleg kamp utkjempa i sosiale medium, på radio og TV.

Sjølvsagt er ikkje propaganda og forsøk på å vinne «hjarte og sinn» i ein konflikt noko nytt. Så lang tilbake som på 1800-talet visste styresmaktene kor viktig narrativet var på heimebane; dei prøvde aktivt å skjule detaljar dei meinte kunne vere støytande eller unyttige for heimepublikummet.

I den andre Boar-krigen i Sør-Afrika (1899-1902), tydde den britiske arméen til fengsling av boar-kvinner og -barn i svære, dårleg utstyrte konsentrasjonsleirar då kolonikrigen slo feil. Sjokkerande 26 000 av fangane døydde av svolt, dårleg behandling og sjukdom. Britane vurderte aktivt å opprette ein PR-kampanje til å skjule dei skrekkelege forholda i helvetesleirane, mellom anna ved hjelp av falske rapportar og avisreportasjar.

The Boer War: The Opening Act in a Violent Century | History News Network
Boerne hadde ca. 4 000 falne i kamphandlingene, mot 22 000 på britenes side (av disse døde 16 000 av sykdom). For å effektivt kjempe imot boergeriljaen utvidet britene leirene som tidligere hadde huset kvinner, barn og andre ikke-stridende. De gjerdet inn kampområdene med piggtråd og brente farmene. De sperret også kvinner, barn og eldre inne i konsentrasjonsleire, ca. 200 000 (hvorav 80 000 sorte) på det meste. Av disse døde mer enn 25 000 av sult, sykdom og utmattelse.Fra Wikipedia) Boere er etterkommere fra innflyttere fra hovedsaklig Nederland.

Igjen, under Første verdskrig, vart dei grufulle detaljane med massedød i dei skrekkelege og inhumane skyttargravene på vestfronten steriliserte og bagatelliserte for heimepublikummet. For alt déi visste, var keisaren mordaren, tyskarane åt belgiske spedbarn og den avskyelege teutoniske (tyske) blekkspruten måtte stoppast same kva det skulle koste.

Sjølvsagt ignorerte ein galant det faktum at heile konflikten handla om kongemakt, kommers og konkurranse mellom dei tre barnebarna til britiske dronning Victoria. I juli 1916 stod desse vidgjetne orda å lese i britiske avisreportasjar om slaget ved Somme, eit av dei blodigaste slaga i historia: «Tapstala våre er ikkje tunge», ei ytterst villeiande overskrift som lyder urovekkande velkjend i dag.

Kastar vi eit blikk på USA sine siste storskalige militære fadesar i Afghanistan, Irak, Syria og Libya, så ser vi at desse ukloke og blodige mistaka igjen har blitt framstilte som «dei gode mot dei vonde». Det er cowboyane mot indianarane, dei farlege muslimske villmennene vi ikkje kan stole på mot sjølve eksistensen til den Vestlege sivilisasjonen.

Den umålelege menneskelege lidinga som desse krigane har kasta over dei uskuldige folka, hamnar sjeldan på forsidene. USA sin medverknad i og ansvar for skapinga av nett dei same problema dei no prøver å «løyse», blir bisart nok fullstendig ignorert i klientmedia deira.

Dagens konflikt i Ukraina er ikkje noko unntak. Eit liknande narrativ blir seld, der dei historiske sanningane om korleis konflikten eigentleg starta, framleis blir haldne unna mediebiletet. Nokre av dei mest kritisk viktige fakta om Ukraina, blir av mainstream-media rutinemessig gjort komfortabelt usynlege, slikt som t.d. kva tid denne borgarkrigen starta, og viktigast: kven betalte for og bygde stillaset som krigen no brenn opp.

Det er sjølvsagt upopulært å vere kjerringa mot straumen, å vere barnet som seier at keisaren er naken, og å utfordre «realitetane» som har blitt breitt aksepterte av ei tillitsfull allmente. Trass den veldige ubalansen i presentasjonen av fakta, vart meiningsforskjellar fram til no i det minste aksepterte som eit privilegium ein hadde i Vestlege, demokratiske samfunn. Men den tale- og meiningsfridommen er no i alvorleg fare, særleg viss den er basert på ukomfortable sanningar.

«Den absolutte sanninga»

Når det gjeld Ukraina, har Vestlege styresmakter og media tatt i bruk eit nytt, farleg og overdådig finansiert våpen i krigen mot sanninga; la meg kalle det «Den absolutte sanninga». Den absolutte sanninga tolererer ikkje å bli utfordra; når påstandane til Den absolutte sanninga blir motbeviste, så blir dei reelle bevisa undertrykte og ignorerte.

Den siktar seg straks effektivt inn på alle avvik frå det føreskrivne narrativet og stemplar utfordrarar som «fiendar», «utlandske agentar» eller «nyttige idiotar». Det finst ikkje rom for nokon slags debatt, der førekjem ingen analyse av fakta, der er berre deira Absolutte sanning.

Skulle ein journalist, statleg eller individuell, sette spørsmålsteikn ved denne Absolutte sanninga, eller berre føreslå ein objektiv analyse av fakta, så blir han straks brutalt marginalisert og deretter gjort til målskive for hemnaksjonar. Denne bestemte og koreograferte straffa kan omfatte alt ifrå å ta frå ein jobben til å isolere ein heil nasjon, og banale valdstruslar.

Det faktum at Vestens «Absolutte sanning»-narrativ implisitt er avhengig av massesensur og ei øydelegging for fote av talefridommen, er tydelegvis irrelevant for narrativets arkitektar og disiplar. Viss ein må gi opp desse pilarane til det liberale demokratiet i denne krigen mot fakta, så får ein berre gjere det; må ein, så må ein.

Absolutt sanning har også ei selektiv haldning når det gjeld framferda til idola sine. Når det kjem fram at herr Zelensky driv valkamp med assistanse, kontantar og musklane til ein korrupt oligark, blir det ignorert. Når det kjem fram at han antidemokratisk forbyr all opposisjon og fengslar opposisjonsleiarar, så er det greit. Om Den absolutte sanninga krev godtaking og bruk av brutal nazi-milits (som Vesten før brukte å kalle terroristar) mot sivile, så er det óg heilt akseptabelt.

Ja, Absolutt-sanningsbrigaden har ei magisk evne til å slette historia, tildele heltestatus til massemordarar (Stepan Bandera) og demonisere dei som sigra over nazismen i Europa. Den absolutte sanninga definerer no narrativet; fakta gjer det ikkje. Fakta og uavhengige bevis vil bli selektivt brukt, om i det heile, og dei som set seg opp imot dette, blir straks stempla som kollaboratørar, krigshissarar og fiendar av demokratiet.

Eit anna forkasteleg element ved denne Kulta for Den absolutte sanninga, er motviljen mot å korrigere arkiva, eller innrømme når ein har tatt feil (dementere). Frå «massakren» på Slangeøya, som aldri skjedde, til dei falske overskriftene om fødselssjukehuset i Mariupol, for å nemne eit par, kjem det aldri noko forsøk på å rette opp att feila. Det reiser det openlyse spørsmålet om kor ekte eller oppriktige påstandane var i første omgang.

Interessant var det å sjå at då den internasjonalt respekterte organisasjonen Amnesty International djervt sette seg opp imot Den absolutte sanninga med uimotsagde fakta, så vart dei sjølve angripe av ein stadig meir paranoid Zelensky. Det er no eit utprega element av «guten som ropte ulv» ved Zelenskys iherdige, og no rutinemessige, påstandar om folkemord, målretta angrep på sivile og det tilsynelatande ønsket om å «slette Ukraina frå kartet».

Ei rask gransking av fakta rundt den ukrainske arméens «kontraterrorist-operasjonar» mot eiga befolkning i 2014 i Donbas, tyder på at det var eit stadig meir radikalisert ukrainsk militær som først angreip dei etnisk russiske folkegruppene i aust i 2014.

Medan NATOs eksepsjonelt dyre og stadig meir destruktive proxy-krig mot Russland skurar vidare, så svinn utsiktene til ein militær siger for Ukraina bort nær sagt for kvar time som går, og sannsynet for at Russland skal søke forlik svinn også bort dag for dag når alle incentiva for det no er strategisk verdilause.

Vestleg støtte til Zelenskys tilsynelatande rorlause og inkompetente regime vaklar i det stille, ettersom følgene av dei klossete sanksjonane mot Russland truar det sosiale samhaldet i Europa og USA side om side med ei global energikrise.

Lova motoffensivar i sør har ikkje materialisert seg. Den svære «million-mannsterke arméen» dei har briska seg med, har ikkje dukka opp, og endå ein gong har den US-amerikanske og europeiske pressa, som presenterte dette som fakta, ikkje gått tilbake på sine aparte påstandar.

Den brutale krigsrøynda verkar gå Absolutt-sanningsbrigaden hus forbi; dei er nøgde med å «stå saman med Ukraina», men kjem aldri til å stå i Ukraina.

Vestens publikum er eit lunefullt publikum. Med mangelen på innleiande undersøkingar, som har vore typisk for mainstream-narrativet om Ukraina, er det sannsynleg at etterkvart som fleire ukomfortable sanningar om Zelensky, juntaen hans og realitetane i denne konflikten kjem til overflata, vil fleire og fleire i Vesten liste seg ut i hagane sine i nattas mulm og mørkre for å låre sine hastig heisa ukrainske flagg.

Trass iherdig innsats frå dei som har finansiert, forma og forsvart denne proxy-krigen, har sanninga alltid for vane å kome opp til overflata igjen. Det vil bli umogleg å «styre» den komande realitetsbølga som kjem til å fløyme ut av Ukraina medan Vest-maktene igjen fokuserer på sin sjølvforskylde heimlege problem når vinteren kjem. Zelensky sjølv kan bli syndebukken for NATOs mislykka eskapade i Ukraina.

Det er greia med desse ukomfortable fakta, dei overlever under overflata. Sanninga har inga datostempling, og den er tolmodig. Minnet om dei tallause døde krev det.

Og sjølvsagt, som gode gamle Abraham Lincoln sa, «Ein kan narre ein del av folket ein del av tida, ein kan narre nokre folk heile tida, men ein kan ikkje narre heile folket heile tida.»

***


Irske Chay Bowes driv kampanjar for uavhengig journalistikk. Han er entreprenør og skribent, interessert i geopolitikk og historie, og har graden master i strategiske studiar.


Omsett av Monica Sortland for Derimot.no. Litt går tapt under omsetting, originalartikkelen finn du her.

Forrige artikkelBak CDCs snuoperasjon
Neste artikkelEnergikrisa: Tyske myndigheter venter masseprotester og opprør
skribent
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.