G7 har mistet grepet – et nytt G8 er i emning

0
The troupe of mad circus actors.

Bak Tinnteppet: BRICS+ versus NATO/G7

Av Pepe Escobar.

Ein gong i tida eksisterte det eit Jarnteppe som delte det europeiske kontinentet. Namngjeve av den tidlegare britiske statsministeren Winston Churchill, refererte termen til dåverande Sovjetunionen sin innsats for å skape ei fysisk og ideologisk grense til Vesten. Sistnemnde, for sin del, følgde ein politikk som freista å motverke kommunismen si spreiing og påverknad.

Innlegget er oversatt av Saksyndig

Spol fram til den noverande æraen av tekno-føydalisme, og der eksisterer no det som burde bli kalla eit Tinnteppe, fabrikert av den redde, uvetande, kollektive Vesten, via G7 og NATO: denne gongen vil dei essensielt stoppe integreringa av det Globale sør.

BRICS mot G7

Det mest nylege og betydelege dømet på denne integreringa har vore framkomsten av BRICS+ på toppmøtet sist veke, som Beijing var vert for. Dette gjekk langt utover å etablere konturane av eit «nytt G8», for ikkje å snakke om eit alternativ til G7.

Berre sjå på deltakarane til dei fem historiske BRICS (Brasil, Russland, India, Kina, Sør-Afrika): vi finn eit mikrokosmos av det Globale sør, som omfamnar Søraust-Asia, Sentral-Asia, Vest-Asia, Afrika og Sør-Amerika – noko som visseleg set «global» i det Globale sør.

Avslørande nok var Russlands president Vladimir Putin si klare melding under Beijing-toppmøtet, i skarp kontrast til G7-propagandaen, faktisk adressert til heile det Globale sør:

  • Russland vil oppfylle sine plikter til å forsyne med energi og gjødsel.
  • Russland forventar ein god kornhaust – og å forsyne verdsmarknaden med opptil 50 millionar tonn.
  • Russland vil sikre passasje av kornskip til internasjonale farvatn til og med medan Kiev minerer ukrainske hamner.
  • Den negative situasjonen rundt ukrainsk korn er kunstig oppblåsen.
  • Den skarpe auken i inflasjon rundt om i verda er resultatet av uansvarlege G7-land, ikkje Operasjon Z i Ukraina.
  • Ubalansen i verdsrelasjonar har bryggja i lang tid, og har blitt eit uunngåeleg resultat av erosjonen av internasjonal lov.
BRICS - Wikipedia
BRICS: Lederne fra Brasil, Russland, India, China og Sør-Afrika.

Eit alternativt system

Putin adresserte òg eit av nøkkeltemaa som BRICS har drive og diskutert i djupna sidan 2000-talet – designet og implementeringa av ein internasjonal reservevaluta.

«Det russiske finansielle meldingssystemet er ope for samband med bankar i BRICS-land.»

«Det russiske MIR-betalingssystemet utvidar tilstadeveringa si. Vi utforskar moglegheita for å skape ein internasjonal reservevaluta basert på korga til BRICS-valutaer,» sa den russiske leiaren.

Dette er uunngåeleg etter dei hysteriske vestlege sanksjonane etter Operasjon Z: den totale av-dollariseringa innført mot Moskva; og aukane handel mellom BRICS-nasjonar. Til dømes, innan 2030, vil ein fjerdedel av planeten sitt oljebehov kome frå Kina og India, med Russland som hovudforsynaren.

«RIC» (Russlans, India, China) i BRICS kan rett og slett ikkje risikere å bli utestengde frå eit G7-dominert finansielt system. Sjølv India, som balanserer på ei stram line, byrjar å få ferten av det.

Kven talar for det «internasjonale samfunnet»?

På sitt noverande nivå, representerer BRICS 40% av verdas befolkning, 25% av den globale økonomien, 18% av verdshandelen og bidreg med over 50% til den økonomiske veksten i verda. Alle indikatorane er på veg oppover.

Sergej Storchak, adm.dir. i den russiske banken VEG, ramma det inn temmeleg diplomatisk: «Dersom stemmene til oppdukkande markander ikkje blir høyrde dei komande åra, må vi tenkje svært alvorleg på det å få opp og gå eit parallelt regionalt system, eller kanskje til og med eit globalt system.»

Eit «parallelt regionalt system» blir allereie aktivt diskutert mellom Eurasia Economic Union (EAEU) og Kina, koordinert av minister for integrasjon og makroøkonomi Sergej Glazjev, som nyleg har forfatta eit storslege manifest der han forsterkar ideane sine om verdsøkonomisk suverenitet.

Å utvikle Den tredje verda

Det som skjer på den trans-eurasiske finansielle fronten vil gå fram parallelt med ein til no lite kjent kinesisk utviklingsstratregi: Det globale utviklingsinitiativet [The Global Development Initiative på engelsk; oms.an.] (GDI), gjort til kjenne av president Xi Jinping på FNs generalforsamling i fjor.

GDI kan bli sett på som ein støttemekanisme for den overhengande strategien – som forblir Belt and Road Initiative (BRI), som består av økonomiske korridorar som knyt saman Eurasia heilt til deira vestlege halvøy, Europa.

På Høg-nivå-dialogen om global utvikling, del av BRICS-toppmøtet, lærte det Globale sør litt meir om GDI, ein organisasjon som vart danna i 2015.

I eit nøtteskal har GDI som mål å turbo-lade internasjonalt utviklingssamarbeid ved å supplementere finans til ei rekkje organ, til dømes South-South Cooperation FundInternational Development Association (IDA), Asian Development Fund (ADF) og Global Environment Facility (GEF).

Prioriteringsområde inkluderer «fattigdomsreduksjon, mattryggleik, Covid-19-respons og vaksinar,» industrialisering, og digital infrastruktur. Påfølgjande vart ei Venner av GDI-gruppe etablert tidleg i 2022 og har allereie trekt til seg meir enn 50 nasjonar.

BRI og GDI burde avansere i tandem, sjølv om Xi shølv gjorde det klart under BRICS-toppmøtet at «enkelte land politiserer og marginaliserer utviklingsagendaen ved å byggje veggar og trekkje lammande sanksjonar over hovuda på andre.»

No er jo berekraftig utvikling ikkje akkurat G7 si sterke side, langt mindre NATO si.

Schloss Elmar i Tyskland var åstedet for G7-møtet

Sju mot verda

Det offentleg erklærte toppmålet til G7-toppmøtet i Schloss Elmau ved dei bayerske alpane er å «projisere sameining» – som i dei resolutte aktørane i det kollektive Vesten (inkludert Japan) sameina i berekraftig og bestandig «støtte» til den ugjenkalleleg mislykka ukrainske staten.

Det er del av «kampen mot Putins imperialisme», men so er der òg «kampen mot svolt og fattigdom, helsekrise og klimaendring», som den tyske kanslaren Scholz sa til den tyske riksdagen.

I Bayern pressa Scholtz på for ein Marshall-plan for Ukraina – eit latterleg konsept med tanke på at Kiev og omeign like godt kan bli redusert til eit like haleanheng av ein stat innan slutten på 2022. Tanken om at G7 kan arbeide for å «unngå katastrofal hungersnaud», ifølgje Scholtz, når eit anfall av latterlegheit, ettersom den overhengande hungersnauda er ein direkte konsekvens av det G7-påførte sanksjonshysteriet.

Det at Berlin inviterte India, Indonesia, Sør-Afrika og Senegal som ekstragjester til G7, tente som tilleggskomikk.

Tinnteppet er oppe

Det ville ha vore nyttelaust å forvente, utifrå den forbløffande samlinga av middelmåtigheiter «sameinte» i Bayern, under de facto-leiaren til Europa-kommisjonen (EC), Førar Ursula von der Leyen, nokon som helst substansiell analyse av samanbrotet av globale forsyningskjedar og grunnane som tvinga Moskva til å redusere gassflyten inn i Europa. I staden skuldar dei på Putin og Xi.

Velkommen til Tinnteppet – ei 21.hundreårs-gjenoppfinning av Mellomhavsområdet frå Austersjøen til Svartehavet, styrt meisterleg av Løgnimperiet, kompett med vest-Ukraina oppslukt av Polen, dei tre baltiske dvergane, Bulgaria, Romania, Slovenia, Tsjekkia og til og med NATO-medlemmar in spe, Sverige og Finland, der alle saman vil bli beskytta mot «den russiske trugselen».

Eit EU ute av kontroll

Rolla til EU, som herskar over Tyskland, Frankrike og Italia inni G7 er spesielt instruktiv, spesielt no når Storbritannia er tilbake i statusen som ein inkonsekvensmessig øystat.

So mange som 60 europeiske «direktiv» blir sendte ut kvart år. Dei må bli imperativt omforma til intern lov i kvar EU-medlemsstat. I dei fleste tilfelle er der ingen som helst debatt.

So er der meir enn 10 000 europeiske «bestemmelsar», der «ekspertar» i Europa-kommisjonen (EC) i Brüssel kjem med «anbefalingar» til kvar regjering, rett ut av den nyliberale kanonen, relatert til deira utgifter, deira inntekter og «reformer» (i helseomsorg, utdanning, pensjonar) som dei må lyde åt.

Altso er val i kvar einaste EU-medlemsstat fullstendig meiningslause. Statsoverhovud i nasjonale regjeringar – Macron, Scholtz, Draghi – er berre utførarane. Ingen demokratisk debatt er tillaten: «demokrati», som med «EU-verdiar», er ingenting anna enn fasadar.

Det ekte statsstyret blir utført av ei samling apparatsjiks utvalde som eit kompromiss mellom utøvande makter, som agerer på ein desidert ugjennomsiktig måte.

EC er fullstendig utanfor kvar form for kontroll. Det er sånn forbløffande middelmåtige personar som Ursula von der Leyen – tidlegare den verste forsvarsministeren i det moderne Tyskland – vart sendt i katapult oppover i hierarkiet til å bli den noverande EC-Føraren, der ho dikterer politikken deira rundt utlandet, energi og til og med økonomi.

Kva står dei for?

Frå Vestens perspektiv er Tinnteppet, i alle sine illevarslande Kald Krig 2.0-overtonar, berre ein forrett før hovudretten: hardbarka konfrontasjon over heile Stillehavs-Asia – omdøypt «Indo-Stillehavet» – ein karbonkopi av Ukraina-bråket designa for å leggje føringar på Kina sitt BRI og GDI.

Som eit motkupp er det opplysande å observere korleis det kinesiske utanriksministeriet no set fokus på kontrasten mellom BRICS – og BRICS+ – og den imperiemessige AUKUS/Quad/IPEF-kombinasjonen. (AKUS = Australia, UK og USA) (Quad = Australia, USA, India og Japan).

BRICS står for de facto-multilateralisme; fokus på global utvilling; samarbeid for økonomisk gjenoppretting; og å forbetre globalt styre.

Det USA-konstruerte bråket står på den andre sida for Den kalde krigen-mentalitet; utnytte utviklingsland; rotte seg saman for å stoppe Kina; og ein USA-fyrst-politikk som heilaggjer den monopolistiske «regelbaserte internasjonale orden».

Det ville ha vore uklokt å forvente at dei lyse hovuda i G7 som er samla i Bayern forstår absurditeten i å påføre eit pristak på russisk olje- og gasseksport, til dømes. Om det verkeleg skulle skje, vil Moskva ikkje ha nokon problem med å fullstendig stengje av for energiforsyning til G7. Og dersom andre nasjonar blir ekskluderte, vil prisen på oljen og gassen som dei importerer auke drastisk.

BRICS legg til rette for vegen vidare

So det er ikkje rart at framtida er illevarslande. I eit forbløffande intervju med kviterussisk stats-TV, oppsummerte den russiske utanriksministeren Sergei Lavrov korleis «Vesten fryktar ærleg konkurranse».

Soleis har ein sjølve toppen av avlysingskultur, og «undertrykking av alt som på alle måtar motseier den nyliberale visjonen og arrangeringa av verda.» Lavrov oppsummerte òg kartet som ligg føre oss, til gagn for heile det Globale sør:

«Vi treng ikkje eit nytt G8. Vi har allereie strukturar… primært i Eurasia. EAEU fremjar aktivt integreringsprosessar med PRC, der dei samordnar Kina sitt Belt and Road Initiative med den eurasiske integreringsplanane. Medlemmer av Association of Southeast Asian Nations sit og ser nærare på desse planane. Fleire av dei signerer avtalar om frie handelssoner med EAEU. Shanghai Cooperation Organization er òg del av desse prosessane… Der er éin til struktur utover dei geografiske grensene til Eurasia.»

«Det er BRICS. Denne samlinga lit mindre og mindre på den vestlege måten å gjere forretningar på, og på vestlege reglar for internasjonal valuta, finans- og handelsinstitusjonar. Dei føretrekkjer meir jambyrdige metodar som ikkje gjer slik at nokon prosessar er avhengige av den dominerande rolla til dollaren eller nokon annan valuta. G20 representerer fullt ut BRICS og fem andre land som deler posisjonane til BRICS, medan G7 og deira støttespelarar er på den andre sida av barrikadane.»

Dette er ein alvorleg balanse. G20 kan forfalle dersom Vesten bruker dei for å piske opp konfrontasjon. Strukturane som eg nemnde (SCO, BRICS, ASEAN, EAEU og CIS) stoler på konsensus, gjensidig respekt og ein balanse av interesser, heller enn på eit krav om å akseptere einsidige verdsrealitetar.»

Tinnteppe? Heller eit rakna teppe.


Originalens tittel: Behind the Tin Curtain: BRICS+ vs NATO/G7

Opprinnelig publisert i The Cradle. Oversatt til norsk av saksyndig.

Forrige artikkelEU vil løse matkrisa ved å tillate mer bruk at genmodifisering
Neste artikkelModerna-vaksine øker risikoen for myokarditt med 44 ganger hos unge voksne
Pepe Escobar er spaltist i The Cradle, redaktør i Asia Times og en uavhengig geopolitisk analytiker med fokus på Eurasia. Siden midten av 1980-tallet har han bodd og jobbet som utenrikskorrespondent i London, Paris, Milano, Los Angeles, Singapore og Bangkok. Han er forfatter av utallige bøker; hans siste er Raging Twenties.