Ein brennande aktivist har gått bort

0
Foto: Naturvernforbundet

Til minne om Jon-Arne Jørstad

Av Svein Lund.

Tirsdag 19. juli 2022 kom den triste meldinga at Jon-Arne forlot oss på sjukehuset i Tromsø. Med det er eit svært allsidig og aktivt kjempande liv kome til endes, og vi er mange som står igjen med eit stort tomrom, som kan bli vanskelig å fylle.

Da han gikk bort var han leiar for Naturvernforbundet i Troms, men han er også kjent som mangeårig aktivist og tillitsvald i organisasjonar som RV/AKP/Raudt, LO, Nei til EU, SOS Rasisme, NSR/Samefolkets Parti, Viseklubben Spelt og fleire solidaritetsorganisasjonar. 

Eg har kjent Jon-Arne i noko rundt 40 år, men likevel er det mye i historia hans som er ikkje kjenner. Eit så allsidig aktivt liv kunne fortent ein heil biografi, men Jon-Arne var ikkje den som såg bakover og ingen andre sørga for å få samla røynslene hans mens han kunne fortelje. Derfor får dette minneordet bare med nokre fragment av livet hans, og eg vonar andre vil bidra til å fylle ut.

Jon-Arne Jørstad blei fødd i Vardø i 1949. Han vaks ikkje opp med stamtavla på veggen, og mye av familiehistoria var også ukjent for han. Jørstad-namnet fortel om røter i Trøndelag og fleire med dette namnet har i Finnmark blitt kjente politikarar, men med stikk motsett syn av det Jon-Arne sto for. Andre delar av familien var samiske røter, som nesten blei borte under fornorskingsprosessen, men Jon-Arne fann i godt vaksen alder tilbake til desse røtene.

Da han var 14-15 år flytta han med mor, stefar og søsken til Tromsø, der han skulle bli buande det meste av livet, avbrote av nokre år på 1970-talet med studier og arbeid på Vestlandet. I Bergen studerte han psykologi, sosiologi og samfunnsfag, men han blei aldri ferdig med studiene og flytta heim til Tromsø med to barn som han måtte ta eineansvaret for. Der jobba han med psykisk utviklingshemma i barneskolen på Prestvannet, ein jobb han hadde i fleire tiår. Eg veit han hadde tankar om å ta opp igjen studia, men det blei det aldri tid og råd til.

Allereie i tida på Vestlandet var han politisk aktiv på fleire felt, men det fell litt utafor horisonten min, så det får eventuelt andre fortelje om. Frå han kom tilbake til Tromsø var han i alle fall i full aktivitet. Blant anna bygde han opp RV-radioen i Tromsø, ein pioner i lokalradioens barndom. I RV, AKP og seinare Raudt har han vore aktiv så lenge eg kan hugse og ein del år før det. Jon-Arne sto alltid på vallistene, men aldri på førsteplass. Han sat ofte i styret, men ikkje som leiar. Han var ikkje ute etter posisjonar, men stilte opp når det trengtest. Dermed blei han i fleire periodar vararepresentant både til kommunestyre og fylkesting, og fikk prøvd seg begge stadane. Og der, som i andre fora der han deltok, tok han ordet og sa det han meinte klart og tydelig. Det kunne sjølvsagt ergre ein del politiske motstandarar, men samtidig sette han seg i respekt, fordi han alltid hadde grundige kunnskapar og visste kva han snakka om.

Jon-Arne var sterkt engasjert i kampen mot norsk EU-medlemskap, og i åra rundt folkerøystinga i 1994 var han leiar for Tromsø Nei til EU. Eg hugsar han frå eit Nordkalottmøte mot EU i Luleå før dei tre nordiske folkerøystingane. Innafor dei nordiske nei-organisasjonane var det ymse syn, bl.a. hevda nokre at om bare EU også omfatta Aust-Europa ville det vere ein heilt annan situasjon og da kunne vi også gå inn. Det var bare ein som frå salen tok ordet og motsa innleiarane med ei skarp analyse av EU som monopolkapitalen sitt organ uansett, og det var Jon-Arne. 

Med bakgrunn i eigne samiske røter kombinert med ei klar analyse av norsk kolonialisme i Sápmi engasjerte han seg i samepolitisk arbeid, både gjennom Raudt, der han i mange år var medlem og tildels leiar for samepolitisk utval og samisk representant i landsstyret, og gjennom samiske organisasjonar. Seinast ved sametingsvalet i 2021 sto han på lista til Sámeálbmot Bellodat/Samefolkets Parti i Gáisi valkrins. Frå kandidatpresentasjonen saksar eg nokre treffande ord: «Jon-Arne er svært samfunnsengasjert og solidarisk med de svake i samfunnet. Han er rettferdig, inkluderende og sitter med en bred erfaring i både norsk og samisk samfunnsliv og politikk. Vi i Sámeálbmot Bellodat/Samefolkets Parti ser det som en stor styrke at du står på lista vår til Sametingsvalget 2021.» 
Internasjonal solidaritet og kamp mot rasisme og diskriminering var sentralt for Jon-Arne. Ei tid var han leiar for SOS Rasisme i Tromsø, og han har vore i leiinga for organisasjonar for solidaritet med bl.a. kurdarane. Han hadde nær kontakt med mange flyktningar og innvandrarar til Tromsø, og sto sentralt da nokre flyktningar var truga med utkasting og måtte gå i kyrkjeasyl. Eit særlig engasjement var ein som kom aleine frå Sri Lanka til Tromsø, og som Jon-Arne blei som ein adoptivfar for. Dei reiste seinare på fleire turar i lag til Sri Lanka.

Noko av det som eg set høgast ved Jon-Arne sitt arbeid er at han klarte balansegangen mellom å vere eit aktivt medlem av organisasjonar, styrke dei og verve til dei, samtidig som han sjølv på mange måtar var i opposisjon og arbeida for å endre politikken. Det trur eg ein kan seie om arbeidet hans både i LO, Raudt og Naturvernforbundet. Han var alltid veldig klar på kva han meinte, og blei respektert for det, sjølv om han sjølvsagt fikk politiske motstandarar både her og der.

Jon-Arne var også engasjert i kulturlivet. Han var ikkje sjølv nokon veldig utøvande kulturarbeidar, men engasjerte seg i kulturformidling med nære kontaktar i musikkmiljøet i Tromsø og Nord-Noreg, blant anna gjennom Viseklubben Spelt. Årlig var han fast deltakar på Karlsøyfestivalen og Riddu Riđđu.
Det var i Nord-Noreg han kjente seg heime, og trass i at han mest budde i Troms, var han finnmarking heile livet. Også Nordland fikk han eit nært forhold til, både gjennom nære vener i Narvik og gjennom familie som etablerte seg i Bodø. Jon-Arne var ikkje av dei som reiste verda rundt eller til Kanariøyane og Thailand på ferie. Dei reisene eg veit om gikk til Sri-Lanka. Elles hadde eg gleda av at han i lag med kjærasten Søssa kom til Gdansk og deltok i bryllaupet mitt i 1999. Søssa var Jon-Arne sin følgesvenn i mange år, men gikk bort så alt for tidlig. 

Jon-Arne sleit lenge med forskjellige helseproblem, og det å ta vare på eiga helse blei ikkje alltid prioritert i første rekke. På forsommaren, under eit besøk i Bodø, reagerte familien på at han såg så dårlig ut og fikk sendt han på sjukehus, der dei konstaterte kreft i bukspyttkjertelen. Ei tid vona vi at det kunne opererast og lækjast, men det var kome for langt. Dessverre blei han raskt dårligare og det var ikkje noko helsevesenet kunne gjøre. Sist eg var i Tromsø, ringte eg han og spurte om han orka besøk, men da var han ikkje i form til det. Da eg hørte han var blitt dårligare, skreiv eg eit brev til han for å takke for langt venskap og samarbeid, men eg var for seint ute. Han var allereie ute av stand til å lese eller høre noko brev, og same kvelden var det slutt. Så brevet mitt blei bare eit grunnlag for dette minneordet.

Det er mye meir som kunne og burde vere sagt om Jon-Arne, men det er sikkert andre som kan bidra. Eg har i går mista ein av mine aller beste vener og ein av dei eg har samarbeida mest med gjennom mange år. No vonar eg vi kan finne måtar å heidre han på, samtidig som vi anstrenger oss det vi kan for å fylle mest mogleg av det holet han etterlater seg og føre kampane vidare, for naturen, for sosial rettferd og for sameretten. Det ville ikkje vere i Jon-Arne si ånd om vi laga ei statue av han på torget, men eg kunne tenke meg at vi f.eks. oppretta eit minnefond, som alle hans vener og samarbeidspartnarar kunne gi større eller mindre bidrag til, og som kunne brukast til å finansiere vidareføring av tiltak i tråd med det han sto for.

Svein Lund

Forrige artikkelEuropas opprør har akkurat begynt – flere land slutter seg til
Neste artikkelStor protestbevegelse i Panama