Stopp krigshissarane!

0

Av Svein Lund.

Svein Lund.

Da «Jernteppet» fall rundt 1990 trudde vi at no skulle det bli ei ny tid for Europa, ei tid for sjølvstende for folk og land og for samarbeid på tvers av grensene. Den første tida såg det lyst ut. Grensene opna, det blei lettare å besøke kvarandre og bli kjent. Mange fann vener og kjærastar på andre sida av «Jernteppet».

Sjølv har eg vore i Polen kvart år sidan 1987 og sett utviklinga der, og også besøkt tidligare Aust-Tyskland, Ungarn, Tsjekkia, Slovakia og ikkje minst Russland, Estland, Latvia og Litauen. Det byrja så bra. Vi heia på Solidaritet som no skulle få makta i Polen, ein siger for demokratiet, for fagrørsla og menneskerettane. Trudde vi. Vi heia på Gorbatsjov som forsøkte å løyse banda på folket i Sovjet, på dei nasjonale sovjetrepublikkane og på dei allierte landa i Aust-Europa. Først opna det for folkelig kontakt. Vel og bra.

Så kom varene. Mangelvarer som folk hadde sakna kom frå vesten, det gjorde kanskje at ein i starten ikkje såg kva som følgde med. Eg hugsar tidlig 90-tal da nederlandske tomatar oversvømde den polske marknaden og med subsidier og EU-støtte utkonkurrerte lokale produksjon. Eg hugsar den store forskjellen i dei baltiske statane der heimlege varer i butikkane på kort tid blei bytta ut med importerte vestlige. Eg såg jordbruket i Litauen bli liggande brakk.

Så kom kapitalen. Privatiseringa som starta som ei opning for private småbedrifter for produksjon og handel, blei snart til oppkjøp av alt som kunne kjøpast. På kort tid var så godt som alle bankane i Polen på utanlandske hender. Så etablerte daglegvarekjeder og kjøpesentra seg. Rimi, Netto, Lidl, Carrefour, Auchan, Biedronka. Alt med utanlandsk kapital. Så kjøpte dei opp fabrikkane, dei som dei fann verd å drive vidare. Men først og fremst blei dei utkonkurrerte og nedlagte, heile industribyar blei katastrofeområde der halve befolkninga blei utan arbeid. I dag er den polske tekstil- og skotøyindustrien omtrent like historisk som den norske, det går dei same kontainerane frå Kina dit som hit. Det same skjedde over heile Aust-Europa, bare Russland og Kviterussland klarte å halde litt igjen.

Så kom EU. Først samarbeidsavtalar, frihandel og kandidatstatus. Landa skulle få kvalifisere seg til medlemskap gjennom å fjerne alle hinder for kapitalen frå vest. Så blei dei tatt opp i «det gode selskapet», ein etter ein, nokre i klynger. Da fikk dei belønninga. EU investerte i dei prosjekta dei sjølve var tente med, som motorvegar tvert gjennom skog og åkrar, alt merka som gåve frå EU, etter at pengane hadde vore på tur-retur til Brussel. Så skulle dei millionane som var blitt arbeidsledige som konsekvens av opninga av økonomien i staden få dra til Vest-Europa og vere underbetalt arbeidskraft og brukast til å presse ned lønsnivået der. Frå Polen drog eit par millionar, frå dei baltiske landa drog ein katastrofalt stor del av den arbeidsføre befolkninga. Dei som skulle bygd landet var borte, igjen blei gamlingar og barn utan far. Dei personlige tragediane av denne arbeidskrafteksporten var ikkje ei sak for EU og kapitalen i vest som tente godt på dette.

Så kom NATO. Warszawapakta var gått i oppløysing og dei sovjetiske soldatane blei trekt heim. Vestmaktene hadde meir eller mindre lova Gorbatsjov at NATO ikkje skulle ekspandere austover. Men etter at Jeltsin hadde klart å ruinere både Sovjetunionen og Russland, var det ingen som kunne stoppe USA og NATO. Dei feide inn i land etter land, og heile 14 land er så langt innlemma i NATO. Jernteppet er gjenreist, men mange mil lenger mot aust.

Fascistdemonstrasjon i Kiev på 110-årsdagen for fødselen til nazikollaboratøren Stepan Bandera. Shutterstock.

No står Ukraina for tur. Sovjetrepublikken som knapt har vore ein sjølvstendig stat, men plutselig uforvarande fann seg som det da Sovjetunionen gikk i oppløysing, og Ukraina måtte bygge ein nasjonal identitet som landet mangla, etter som landet hadde vore delt mellom Polen og Sovjet i mellomkrigstida. Som Noreg har leita fram vikingane, leita ukrainarane fram den gamle ukrainske nasjonalismen frå mellomkrigstida og krigstida. Denne sto særlig sterkt i Vest-Ukraina og retta seg mot dei to største minoritetane der, polakkane og jødane og hadde ein svikefull alliert: Nazi-Tyskland. Det nyfødde Ukraina gjenreiste den ukrainske nasjonalismen, Ukrainas quisling Stepan Bandera blei gjort til nasjonalhelt, og det oppsto væpna nazistiske bander som styresmaktene ikkje kunne, og kanskje ikkje ville, kontrollere. Ein del av nasjonalismen var å gjøre ukrainsk til einaste offisielle språk og det store mindretalet med russisk som morsmål mista da retten til bruk av språket i skole og forvaltning, også i provinsar der russisk var dominerande språk. Men den staten som blei oppretta i 1990 var djupt splitta. Ein stor del av folket i aust kjente seg nærare knytt til Russland enn til nasjonalistane i vest og ein stor del ønska ein demokratisk stat med plass for fleire språk og minoritetar. Ikkje minst ønska dei eit godt forhold til Russland, og dei var redde for å bli utsett for den oppspisinga frå vestlig kapital som dei hadde sett i naboland. Men NATO og EU var på offensiven og ville ha Ukraina med. Da ein folkevald president ville ha eit nøytralt Ukraina, blei han kasta i eit USA-støtta kupp i 2014. I vesten og norske media blei det feira som ein demokratisk revolusjon, der det skulle snakkast minst mogleg om nazigruppene og NATO si rolle i kuppet. Allereie i 2008 prøvde USA å presse Ukraina inn i NATO, men Russland klarte da å hindre det. No er dei på offensiven igjen.

Den nazistiske Høyre sektor og Azov på Maidan

Eg har ikkje vore i Ukraina. Trass i at svigermor mi er fødd i eit område som no hører til staten Ukraina. Eller kanskje akkurat derfor. Under og etter andre verdskrigen jaga dei ukrainske fascistane polakkar frå gard og grunn og drepte mange av dei. Dette skjedde under leiing av Stepan Bandera, mannen som no er erklært nasjonalhelt i Ukraina. Svigermor var ti år da ho i lag med mor og bror måtte flykte hals over hovud for å berge livet. Dei såg aldri garden eller landsbyen sin igjen og måtte bygge eit nytt liv i det som da plutselig var blitt Polen. Den gamle heimplassen blei bare historier frå ei anna tid. Historier som eg har fått høre og lese og omsette til norsk. (http://sveinlund.info/polen/hadenkow.htm). Sjokket deira kan ein knapt førestille seg da dei gamle nazist-nasjonalistane igjen blei folkeheltar. No blei det enno meir umogleg å reise tilbake.

Tre tiår etter at den kalde krigen skulle vere over, har NATO igjen erklært Russland som ein fiende. Økonomiske og kulturelle band blir kutta, mistenkeliggjøring og hat overtar for fredelig samarbeid. Påskotet er at eit stort fleirtal av befolkninga på Krim, som aldri har hatt eit fleirtal av ukrainarar, i ei folkerøysting valde tilslutning til Russland. Dette kunne ikkje det «demokratiske» vesten godta. Det gode samarbeidet med Russland, som særlig hadde vore i nord, skulle no erstattast av fiendskap.

Vi som voks opp på 50-/60-talet fikk høre at NATO var ein forsvarspakt mot det aggressive kommunistiske Sovjetunionen. No er kommunismen borte, Sovjetunionen er borte, Russland er ikkje lenger noka supermakt og er ikkje noko trugsmål mot veste. NATO har derimot markert seg som den virkelig aggressive, som har bomba eller invadert Serbia, Irak, Afghanistan, Libya, Syria, alt med støtte frå norske politikarar. Mens USA raknar økonomisk og politisk, skal den framleis overlegne militære makta brukast til å oppretthalde ein koloss på leirføter. NATO har dei siste åra vore formelt leia av krigshissaren Jens Stoltenberg, mannen bak den norske bombinga av Libya, som meinte at drap på nokre tusen libyarar var god trening for det norske flyvåpenet. I dag går han i spissen for å presse medlemslanda til opprustning og krig mot Russland, før han skal gå over i den økonomiske delen av den norske imperialismen.

Å trekke Ukraina inn i NATO vil vere ei krigserklæring mot Russland. Det vil vere eit stort overgrep mot den russisktalande minoriteten i Ukraina og mot alle som ønsker fred i Europa. Det er ikkje Russland som trugar verdsfreden. Det er våre eigne allierte i USA og NATO, vår eiga regjering og våre eigne stortingspolitikarar. Det er på høg tid å gjenreise den norske fredsrørsla.

Svein Lund, Guovdageaidnu / Gdansk

Forrige artikkelVestlige medier bruker nazipropaganda for å bygge opp hetsen mot Russland
Neste artikkelFølg storjuryen mot koronaforbrytelsene