Ei vedunderleg ny verd utan rettar: ein slutt på dei autoritære tiltaka hindrar ikkje regjeringa i å innføre dei på ny

0

Av Julius Ruechel.

Julius Ruechel

Konvoien Truckers for Freedom  som har nådd fram til Ottawa har utløyst ei sjokkbølge som strekk seg over heile verda. Sjølv om det autoritære føderale regimet stadig kjem med fleire tiltak og truar med å bruke rå makt mot fredelege demonstrantar, så har no mange provinsar nervøst byrja legge fram planar for å trappe ned på tiltaka.

Men det er noko viktig som manglar i debatten om tiltaksstopp. Viss tiltaka rett og slett hadde blitt droppa i dag, utan å konfrontere den underliggande juridiske og etiske villfaringa som vart brukt til å rettferdiggjere dei, vil maktmisbruket til styresmaktene ha blitt normalisert. Vi vil bli ståande utan rettsvernet til å hindre dei i å gjere det mot oss på ny etter at lastebilsjåførane har reist heim. Alt som vil trengast for å sette oss tilbake i buret, er at regjeringa peikar på neste bølge, neste virusvariant eller neste ikkje-Covid-krise. Vil vil ha fått normalisert at våre rettar og fridommar, kroppsautonomien og sjølv tilgangen til liva våre er vilkårlege privilegium, gjenstand for meiningsmålingar og teknokratiske påfunn, og at dei kan trekkast tilbake att når som helst, «for vår tryggleiks skuld».

I mars 2020, i eit brot på grunnlovsprinsippa våre, overtydde regjeringar rundt om i verda innbyggarane til å gi leiarane sine og dei offentlege institusjonane makta til å overstyre individuelle rettar for å «flate ut kurva». Det påfunnet fekk utbreie seg uimotsagt då det vart feilaktig antatt at brot mot menneskerettane kunne rettferdiggjerast så lenge nytten for majoriteten vog tyngre enn kostnadane for minoriteten. Då vi godtok denne unnskyldninga for å overkøyre absolutte rettar, forma vi oss om til ein autoritær politistat der «makt er rett», “might makes right”. Det var då maktfordelingsprinsippet slutta å fungere i våre vitskapelege og demokratiske institusjonar.

Liberalt demmokrati vart bygd rundt prinsippet om at dei individuelle rettane måtte vere absolutte, ikkje til å rokke ved. Med andre ord er dei meint å trumfe styresmaktene sin autoritet. Altså var dei indiviuelle rettane (som t.d. sjølvråderetten over sin eigen kropp) meint å balansere maktfordelinga i høve til styresmaktene. Dei var meint å sørge for ei streng grense for kva styresmaktene våre kan gjere med oss utan vårt individuelle samtykke.

Dersom styresmaktene ikkje kan overstyre rettane dine og kue deg til å følge viljen deira, så vil dei måtte prøve å overtyde deg ved å snakke med deg. Dèt tvingar styresmaktene til transparens og til å vere med på meiningsfylt debatt med kritikarane. Evnen din til å seie NEI, og til å få respekt for vala dine, er skilnaden mellom eit velfungerande liberalt demokrati og eit autoritært regime. 

Redde folk sitt naturlege instinkt er å kontrollere dei rundt seg. Absolutte rettar tvingar folk til forhandle fram frivillig deltaking i kollektive løysingar. Såleis hindrar dei absolutte rettane danninga av ekkokammer og sørger for ei viktig motvekt til eit styre i ukontollert panikk. Når det ikkje er eit valalternativ å bruke statsmaktas rå makt til å tvinge andre til å underkaste seg det dei trur er «det som er rett å gjere», då er den einaste vegen framover å halde fram med å snakke med alle, inkludert «perifere minoritetar» med «uakseptable synspunkt». Om vi lar rettane bli knytte til vilkår, er det nesten sikkert at panikkslagne innbyggarar og opportunistiske politikarar under ei krise vil gi etter for sine verste impulsar og trampe ned dei som er ueinige med dei.

Absolutte rettar, som ikkje er knytte til vilkår, hindrar regjeringar i å ta uvillige innbyggarar på korstog. Dei hindrar vitskapsinstitusjonar i å omdanne seg til uimotseielege «Sanningsministerium» som kan gjere endå fleire feil for å unngå ansvar. Dei sikrar at maktfordelingsprinsippet som får vitskap og demokrati til å  fungere, ikkje bryt saman i kaoset under ei krise. Midt i ein krisesituasjon, når politiske avgjerder ofte blir tatt på sparket, er dei absolutte rettane ofte den einaste sikringa for at minoritetar blir verna mot panikkslagen mobb og sjølvsalva kongar.

Viss vi lar leiarane våre normalisere ideen om at rettar kan skruast av under krisesituasjonar eller når politiske leiarar bestemmer at «vitskapen har fastslått det», då gir vi styresmaktene ei skremmande og uavgrensa makt over oss. Det gir dei som sit ved spakane makta til å skru av tilgangen til livet ditt. Det gjer konkurransen om makta om til eit null-sum-spel: vinnarane blir ‘herrar’, taparane blir liveigne. Det betyr at du ikkje lenger, for nokon pris, har råd til verken å la den andre sida vinne eit val eller gå med på ei fredeleg overføring av makt, fordi eit tap medfører at vinnarlaget blir herre over skjebnen din. Og då har ein eit null-sum-spel med brutal maktpolitikk på gang. Absolutte individuelle rettar er motgifta til borgarkrig. Liberalt demokrati kollapsar utan desse

Å trekke tilbake tvangstiltaka fordi «Omikron-varianten er mild» eller fordi «kostnaden ved å halde fram med tiltaka veg tyngre enn nytten» gjer ikkje ugjort det som har blitt normalisert og legitimert. Viss ikkje legitimiteten til tvangstiltaka blir vraka, vil du ikkje kome tilbake til ditt normale liv. Det kan på overflata likne livet ditt før Covid, men i røynda vil du leve i ei verd av typen [Aldous Huxleys] Brave New World, der regjeringar midlertidig innvilgar privilegium til dei konforme, som underkastar seg regjeringa sin visjon for korleis vi skal leve. Du vil ikkje lenger feire mangfaldet, kultivere individualiteten din eller ta dine eigne frie val. Berre konformiteten vil la deg eksistere. Du vil leve under eit regime der ei ny «krise» kan tene som rettferdiggjering for å påtvinge restriksjonar på dei som ikkje «følger programmet» så lenge mobben og teknokratar meiner restriksjonane er «fornuftige». Du vil ikkje lenger vere herre over eige liv. Eit gullbur er framleis eit bur viss ein annan kontrollerer låsen på døra.

Politikarar og folkehelseautoritetar MÅ tvingast til å erkjenne at tvangstiltak er brot mot borgarfridommar. Folket MÅ konfronterast med det faktum at liberalt demokrati sluttar å eksistere utan vilkårslaust (umisteleg) vern om individuelle rettar og fridommar. Folket MÅ forstå at vitskapen sluttar å fungere når tvangstiltak kan bli brukt til å stoppe vitskapelege debattar. Regjeringane våre og medborgarane våre MÅ skjøne at absolutte rettar er særleg viktig under ei krise.

Viss vi ikkje stemplar dei juridiske og etiske feilslutningane som vart brukte til å rettferdiggjere tvangstiltak som totalt uforsvarlege brot på grunnlovsrettane våre, så vil vi i vanvare normalisere den uliberale ideen om at så lenge nokon i lab-frakk seier det er greit, så kan det gjerast mot oss igjen, når som helst, enten det er for å nedkjempe neste Covid-bølge eller å fjerne fridommar for å kjempe mot «klimaendring», kverrsette eigedom for å løyse ei statsgjeldskrise, eller berre manipulere utfall så dei passar til det leiarane våre definerer som ei «rettvisare verd med meir likeverd». 

Korleis vi navigerer slutten på tvangstiltaka vil bestemme om vi vinn fridommen vår eller i staden lar leiarane våre normalisere ei Vedunderleg ny verd med vilkårsbundne rettar som kan skruast av att under neste «krisesituasjon». 

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no og steigan.no

Originalens tittel: A Brave New World Without Rights: Ending Mandates Does Not Strip Government of the Ability to Do This Again

Man kan følge Julius Ruechel på hans side på Substack

Les også: The Emperor Has No Clothes: Finding the Courage to Break the Spell

Forrige artikkelItalias tragedie
Neste artikkelMotstand mot vaksineplikt kapres ikke av ekstremister
skribent
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.