Ut med Nord Stream 2, inn med Sibirkraft 2

0
Videokonferansen til Putin og Xi. Foto: Xinhua

“Hvis ikke Tyskland vil, har vi kinesiske kunder.” Den militære supermakta Russland har fått nok av mobbinga frå USA og NATO, og dikterer no vilkåra i eit nytt arrangement.

Av Pepe Escobar, henta frå The Saker. Omsett av saksyndig.

Pepe Escobar

Ettersom det kom direkte frå president Putin, høyrdest det ut som eit toreskrall over himmelen:

«Vi treng langvarige, juridisk bindande garantiar sjølv om vi veit at vi ikkje kan stole på dei, ettersom USA ofte trekkjer seg ut av avtalar når dei vart uinteressante for dei. Men det er noko, ikkje berre munnlege forsikringar.»

Og dette er korleis forholdet mellom Russland og USA kjem til det definitive brestepunktet – etter ei endelaus rekkje av høflege naudsignal frå Moskva.

Putin måtte nok ein gong spesifisere at Russland leitar etter «udeleleg, rettferdig tryggleik» – eit prinsipp etablert sidan Helsinki i 1975 – sjølv om han ikkje lenger ser på USA som ein påliteleg «partner», som imperiet diplomatisk høfleg har fornedra sidan slutten på Sovjetunionen.

Senate ratifies ABM treaty, Aug. 3, 1972 - POLITICO
Senatet ratifiserer ABM-avtalen i august 1972

Referansen til at USA «ofte trekkjer seg ut av avtalar» kan enkelt førast tilbake til at Washington i 2002 under Bush Jr. trekte seg ut av ABM-avtalen signert mellom USA og Sovjet i 1972. Eller det kan referere til at USA under Trump øydela JCPOA signert med Iran og garantert av FN. Der finst eit vell av presedens.

Putin utviste nok ein gong Taoist-tolmodet som er so karakteristisk for utanriksminister Sergej Lavrov: å forklare det openberre ikkje berre til eit russisk men òg til eit globalt publikum. Det Globale sør kan lett skjøne denne referansen: «Når internasjonal lov og FN-pakta grip inn, erklærer dei [USA] det heile for avleggs og unødvendig».

Tidlegare hadde utanriksminster Aleksander Grusjko vore uvanleg sjølvsikker – og overlate ingenting til fantasien:

«Vi gjer det berre klart at vi er klare til å snakke om å gå over frå eit militært eller militær-teknisk scenario til ein politisk prosess som vill styrkje tryggleiken til alle landa i området til OCSE, Euro-Atlanteren og Eurasia. Dersom det ikkje fungerer, signaliserer vi til dei [NATO] at vi vil òg gå over til å skape kontra-trugslar, men det vil då vere for seint å spørje oss kvifor vi tok desse avgjerdene og kvifor vi utvikla desse systema.»

So til sjuande og sist koker det ned til at europearar står overfor «utsikta til å skape kontinentet om til eit område med militær konfrontasjon». Dette vil vere den uunngåelege konsekvensen av ei NATO-«avgjerd» som faktisk er teken i Washington.

Tilfeldigvis: alle moglege, framtidige «kontra-trugslar» vil bli koordinerte mellom Russland og Kina.

Mr. Zircon er på tråden, Sir

Kvart sansande vesen frå Atlanterhavs-kystane til dei eurasiske stepper veit no innhaldet i utkastet til dei russiske avtalane om tryggleiks-garantiar presentert til amerikanarane, som detaljert av assisterande utanriksminister Sergej Rjabkov.

Nøkkel-førebuingar inkluderer ein stopp i NATO-utviding; ingen ukrainsk opptak; ingen NATO-fantestrekar i Ukraina, Aust-Europa, Trans-Kaukasus og Sentral-Asia; Russland og NATO blir samde om å ikkje skyte opp luftvåpen med mellom- eller kortrekkjevidd i område der dei kan treffe kvarandre sitt territorium frå; å etablere direktelinjer; og NATO-Russland-rådet aktivt involvert i å løyse disputtar.

Russlands ministerium for utanlandske affærar gjentok omfattande at amerikanarane mottok «detaljerte forklaringar rundt logikken til den russiske tilnærminga», so ballen er på Washingtons halvdel.

Vel, rådgjevar for nasjonal tryggleik Jake Sullivan såg fyrst ut til å ville sparke ballen, då han innrømte under opptak at Putin ikkje vil ønskje å «invadere» Ukraina.

Deretter vart det brumma om at amerikanarane ville fare tilbake til Moskva denne veka med deira eigne «konkrete tryggleiksforslag», etter å de facto ha skrive manus for deira NATO-hordar, utan unntak gjort kjende på spektakulært middelmåtig vis av sekretær-general Jens Stoltenberg.

Ukraina-forteljinga endra seg ikkje ei tomme: «alvorlege tiltak» – av ein økonomisk og finansiell natur – forblir i kjømda dersom Russland involverer seg i «vidare aggresjon» i Ukraina.

Moskva lét seg ikkje lure. Rjabkov måtte nok ein gong spesifisere at russiske forslag hadde tosidig basis. Omsetjing: vi snakkar berre med dei med makt til å avgjere, ikkje med hordar. Involveringa av andre land, sa Rjabkov, «vil frårøve dei meininga si».

Frå starten har NATOs respons vore føreseieleg openberr: Russland fører ei «substansiell, uprovosert og urettferdiggjort» militær oppbygging langs grensa til Ukraina og kjem med «falske… påstandar om provokasjonar frå Ukraina og NATO».

Det beviste nok ein gong at det er monumentalt bortkasta tid å diskutere med bjeffande småhundar av Stoltenberg-typen, der «NATO-utviding vil halde fram, same om Russland likar det eller ikkje».

Det som faktisk skjer i Realpolitik-riket, same om funksjonærar frå USA og NATO likar det eller ikkje, er at Russland legg føringar på nye vilkår frå ein maktposisjon. I eit nøtteskal: du kan lære byens nye spel på ein fredeleg måte, inkludert sivilisert dialog, eller du vil lære det på den vanskelege måten via ein dialog med Mister Iskandr, Mister Kalibr, Mister Khinzal og Mister Zircon.

Den uvurderlege Andrej Martjanov har i årevis omfattande analysert alle detaljane rundt Russland sin overveldande militære dominans, hypersonisk og elles, i det europeiske rom – so vel som dei dystre konsekvensane dersom hordane frå USA og NATO «bestemmer at dei vil halde fram med å spele dumme».

Marjanov har òg notert seg at Russland «forstår skiljet med Vesten og er klar til å ta i mot alle konsekvensar, inkludert den allereie krympande handelen og reduksjonen av forsyningar med hydrokarbonar til EU».

Det er der heile balletten rundt tryggleiksgarantiane kryssar den særs viktige «Pipeline-istan»-vinkelen [pipeline = leidning eller privat kommunikasjonskanal; eit ordspel]. For å oppsummere det heile: ut med Nord Stream 2, inn med Sibirkraft 2.

So lat oss ta eit gjensyn på kvifor den ventande energikatastrofen i EU ikkje tek nattesøvnen frå nokon i Russland.

Å danse i den sibirske natta

Ein av dei mest sentrale konklusjonane ein kan trekkje frå den strategiske Putin-Xi videokonferansen sist veke, var den umiddelbare framtida av Sibirkraft 2 [i originalartikkelen: Power of Siberia 2, oms.an.] – som vil åle seg gjennom Mongolia for å levere opp til 50 milliardar kubikkmeter naturgass årleg til Kina.

So det var knapt nok eit uhell at Putin tok i mot den mongolske presidenten Ukhnaagiin Khurelsukh i Kreml, dagen etter at han snakka med Xi, for å diskutere Sibirkraft 2. Nøkkelparameterane av leidningen har allereie blitt fastslått, ei studie om gjennomførbarheit vil bli ferdig i tidleg 2022, og avtalen – bortsett frå siste-liten prisjustering – er i praksis fastslått.

Sibirkraft 2 følgjer den 2200 kilometer lange Sibirkraft 1, ferdigstilt i 2019 frå Aust-Sibir til nordre Kina og fokuset av ein 400 milliardar dollar-avtale gjort mellom Gazprom og Kinas CNPC. Sibirkraft 1 sin fulle kapasitet vil bli nådd i 2025, då den vil levere 38 milliardar kubikkmeter gass årleg.

Gazprom Begins Preparation for Power of Siberia-2 | Pipeline and Gas Journal
Sibirkrafr 2 er et langsiktig prosjekt for å overføre naturgass fra Sibirkysten til Kina.

Sibirkraft 2, ein mykje større operasjon, vart planlagt for fleire år sidan, men det var vanskeleg å finne einigheit om den endelege ruta. Gazprom ville ha Vest-Sibir til Xinjiang over Altai-fjella. Kinesarane ville ha overgang via Mongolia rett inn i sentrale Kina. Kinesarane fekk til slutt viljen sin. Den endelege ruta gjennom Mongolia vart avgjort for berre to månader sidan. Bygginga burde byrje i 2024.

Dette endrar spelet på ein massiv geoøkonomisk måte, fullstendig i tråd med det stadig meir sofistikerte strategiske partnarskapet mellom Russland og Kina. Men det er òg overordna viktig geopolitisk sett (hugs Xi: Kinda støttar Russlands «kjerneinteresser»).

Gassen til Sibirkraft 2 vil kome frå dei same felta som no forsyner EU-marknaden. Kva enn slags forrykte fabuleringar EU-kommisjonen – og den nye tyske regjeringa – vil bruke for å forsinke operasjonen til Nord Stream 2, vil Gazproms hovudfokus vere på Kina.

Det speler inga rolle for Gazprom at Kina som ein kunde i nær framtid ikkje vil fullstendig erstatte heile EU-marknaden. Det som speler ei rolle, er den stødige flyten av forretningar og fråværet av barnlege poliske kampanjar. Det som speler ei rolle for Kina, er ein ekstra, garantert forsyningsrute over land som vil styrke deira strategi som går ut på å «sleppe unna Malacca»: moglegheita, i tilfelle Den kalde krigen 2.0 blir varm, for at den amerikanske marinen til slutt vil stengje ute energileveransar over sjøen via Søraust-Asia til Kina.

Beijing er naturlegvis over heile fjøla når det gjeld å kjøpe russisk naturgass. Kinesarane har 30% aksjeandel i Novateks 27 milliardar dollar Yamal-prosjekt og 20% andel i det 21 millardar dollar-prosjektet i Arktis.

So velkommen til 2022 og det nye høgrisikable Realpolitikk-storspelet.

Amerikanske elitar hadde vore livredde for å spele Russland mot Kina fordi dei fryktar dette vil få Tyskland til å alliere seg med Russland og Kina – noko som vil stengje Kaosimperiet ute i kulden.

Og dette fører til «mysteriet» inne i gåta bak heile Ukraina-ansiktet: bruke det til å tvinge EU vekk frå russiske naturressursar.

Russland snur heile showet på hovudet. Som ei energisupermakt, i staden for eit internt korrodert EU diktert av NATO, vil Russland mest ha fokus på sine asiatiske kundar.

Parallelt, har den militære supermakta Russland fått nok av mobbing frå USA og NATO, og legg no føringar på vilkåra i ein ny avtale. Lavrov bekrefta at fyrste runden med Russland-USA-samtalar rundt tryggleiksgarantiar vil bli halden i tidleg 2022.

Er dette ultimatum? Ikkje eigentleg. Det ser ut som Rjabkov, med betydeleg belæring, vil vere nødt til å halde fram med å forklare det igjen og igjen: «Vi snakkar ikkje ultimatumets språk med nokon. Vi har ei ansvarleg haldning overfor vår eigen tryggleik og tryggleiken til andre. Poenget er ikkje at vi har stilt eit ultimatum, ikkje i det heile, men at alvoret i åtvaringa vår ikkje må bli undervurdert»

Omsett av saksyndig for Derimot.no.

Forrige artikkel– Graverende at ikke vitamin D-mangel nevnes
Neste artikkel390 tyske leger: Liten nytte og uklar risiko med koronavaksinene
Pepe Escobar er spaltist i The Cradle, redaktør i Asia Times og en uavhengig geopolitisk analytiker med fokus på Eurasia. Siden midten av 1980-tallet har han bodd og jobbet som utenrikskorrespondent i London, Paris, Milano, Los Angeles, Singapore og Bangkok. Han er forfatter av utallige bøker; hans siste er Raging Twenties.