Kjem den organiserte nedtakinga av global gjødselforsyning no?

0
Kunstgjødsel

Av F. William Engdahl.

Den globale energimangelen som har drive prisane til kol, olje og naturgass til eksplosive høgder dei siste månadene er ein føreseieleg konsekvens av den galne jakta på “null-karbon”-økonomisk politikk der vi har sett idiotiske regjeringar subsidiere ein aukande andel elektrisitet frå upåliteleg sol- og vindkraft. Ein konsekvens har vore ein femdobbel auke i prisen på naturgass eller metan verda rundt. Dette går frå Kina til EU, USA og vidare. Ein følgjekonsekvens av denne naturgassmangelen og priseksplosjonen er ei aukande krise i verdslandbrukets gjødselproduksjon. Dette kan vere tilsikta. Det passar med WEFs Store Nullstillings-agenda i FN 2030. 

Amoniakkbaserte gjødseltypar laga av nitrogen (mesteparten av lufta vår, so det blir aldri mangel på det) og naturgass eller metan (CH4) utgjer nesten 70% av alle gjødseltypar brukt å støtte store landbruksavlingar slik som kveite, mais, ris og sjølv kaffi. Ettersom naturgassprisar har gått opp frå alt mellom 300% til 500% dei siste månadene, har dette hatt ein øydeleggjande verknad på verdas gjødselproduksjon der rundt 80% av kostnaden ved å lage amoniakkgjødseltypar er på grunn av naturgass. 

Når orkanen Ida storma gjennom Louisiana 25.august, vart det største amoniakkfabrikkomplekset i verda, eigd av CF Industries, stengt av tryggleiksgrunnar og fyrst opna ti dagar seinare. Merkeleg nok annonserte to andre fabrikkar frå det same CF Industries, dei i Storbritannia, at dei ville stengje to fleire gjødselverk 22.september, der dei påstod at høge naturgassprisar var grunnen, trass det faktum at deira verk i Louisiana nettopp hadde vore nede i ti dagar. Dei to verka forsyner rundt to tredjedelar av Storbritannia sitt heimlege gjødselbehov. Regjeringa vart tvinga til å gå med på naudssubsidiar til CF Industries for å gjenopne ein av dei to verka mellombels for å lette på trykket. Den kombinerte effekten av dei tre støre stengingane av den same gruppa la stein til børa i verdas gjødselforsyning. Det kan berre vere eit samantreff at dei to største aksjeeigarane i CF Industries er Vanguard og BlackRock.

Krisa rullar som ein snøball. Frå og med tidleg oktober hadde rapporterte stengingar av amoniakkgjødselproduksjon blitt annonsert av det gigantiske tyske kjemikaleselskapet BASF , på ubestemt tid. Dette påverkar òg produksjonen av ammoniakkbasert diesel-tilsetjingsstoff, AdBlue. 

Vidare stengingar går føre seg i Achema i Litauen, OCI i Nederland. Yara International reduserer med 40% sin produksjon av amoniakkgjødsel. Fertiberia i Spania stengjer eit verk saman med OPZ i Ukraina, ein stor gjødselprodusent. I Austerrike har AG stengt produksjonen og Tysklands største amoniakkprodusent, SKW Piesteritz, har kutta produksjonen med 20%

Som ei forverring av den globale gjødselkrisa kom Biden-administrasjonen med sanksjonar mot Kviterusslands regjering, der dei eksplisitt nemnde Belaruskali OAO, verdas fjerde største gjødselprodusent, for “å halde ved like det kviterussiske regimet i disfavør av det kviterussiske folket”. Belaruskali kontrollerer rundt ein femtedel av verdas kaliumbaserte gjørselmarknad. 

Hjartet i global mattryggleik

Nitrogenbaserte gjødseltypar er i all hovudsak den mest brukte i globalt landbruk, rundt tre fjerdedelar av alle kommersielle gjødseltypar. Sidan utviklinga av Haber-Bosch-prosessen i Tyskland rett før Fyrste verdskrigen, har kunstig produksjon av nitrogengjødseltypar støtta den enorme utvidinga i landbruksproduktivitet. Nitrogengjødseltypar er laga av amoniakk (NH3) produsert ved hjelp av Haber-Bosch-prosessen. Det er energi-intensiv og bruker naturgass (CH4) som er metan, for å forsyne hydrogen. NH3 eller amoniakk er brukt som råstoff for andre nitrogengjødseltypar, slik som anhydrøs amoniakknitrat (NH4NO3) og urea (CO(NH2)2). Kor mykje ein får ut av kvar avling har sidan Andre verdskrigen blitt sterkt avhengig av nitrogenbaserte gjødseltypar. Ein har estimert at utan nitrogengjødsel ville USA sine gjennomsnittsavlingar ha blitt redusert med 40 prosent. 

I dag seier estimata at kanskje halve den globale befolkninga er avhengig av nitrogengjødsel. Ifølgje studiar publisert i det vitskaplege tidsskriftet Nature, var 48 prosent av verdas befolkning i 2008 avhengig av nitrogengjødsel for deira daglege tilgang til mat. “Dette tydar at nitrogengjødseltypar i 2015 gav mattryggleik til 3,5 milliardar menneske som elles ville ha svelta i hel.”

Kinasjokk

Noko som gav eit stort sjokk til den aukande globale mangelen på gjødsel, er avgjerda frå Beijing dei siste vekene om å alvorleg kutte eller fjerne gjødseleksport av ei rekkje grunnar, inkludert mangel på kol og naturgass for elektrisk kraft og ein panikkarta forsøk på å kontrollere heimleg inflasjon. Rekordaktige sommarflaumar i Henan-provinsen trefte hjartet i den kinesiske kornregionen og styresmaktene har starta ein kampanje for å late borgarar gjennomgå ein “Reint fat-kampanje 2.0” for å stoppe matsløsing, som nokre trur er ein måte å skjule dei alvorleg feilslegne innhaustingane. 

Kina, India og USA er med stor margin verdas største brukarar av nitrogengjødsel i tonn per mål. Kina er òg ein av dei største gjødseleksportørane og der annonserte regjeringa i september eit forbod mot eksport av nitrogen- og fosfatgjødsel fram til juni 2022. Med høgare og høgare globale naturgassprisar, so vel som kol som Kina importerer, har landet opplevd betydelege straumbrot som skuldast at kraftselskap heller stengjer enn å selje straum med tap. Ein konsekvens av den komplekse krisa er forbodet mot gjødseleksport. Kina er er den største eksportøren av urea-nitrogengjødsel, som utgjer nesten ein tredjedel av den globale forsyninga, og er i tillegg ein betydeleg fabrikant av fosfat.

I Bayern i Sør-Tyskland er bønder visstnok ikkje i stand til å kjøpe gjødsel iallfall fram til neste sommar. Spreiinga av den globale gjødselkrisa vil tyde markant minke av fôrmais, kveite, ris, kaffi og andre avlingar i 2022. Dette treffer midt i den høgaste matprisinflasjonen på fleire tiår, i sin tur forverra av covid-tiltak og forstyrringar i den globale skipsfarthandelen. 

COP26 metanåtak

Bak den veksande gjødselmangelkrisa ligg den femdobla eksplosjonen i prisen på metan eller naturgass som det vanlegvis er kalla. Dette har sitt opphav i den bevisste “anti-karbon” grøne politikken til Biden-administrasjonen og EU med dens “Fit for 55”-program for å kutte CO2-utslepp med 55% innan 2030, inkludert metan eller naturgass. Biden-administrasjonen har tvinga de-investering i amerikansk skifergass og den tvinga utvidinga av høg-subsidiert Grøn Energi slik som vind- og solkraft har skapt eit upåliteleg straumnett. Når vinden ikkje blæs og sola ikkje skin får ein ikkje alternativ straum. Lagring er eit stort problem. Dette var ikkje so kritisk når sol- og vindkraft berre utgjorde ein liten andel av nettet. Men i dag i land slik som energi-avhengige Tyskland, kan alternative energiformer utgjere 42% av brutto elektrisitetsforbruk. Ettersom kjerne- og kolkraftverk er skatta til utrydding i null-karbon-galskapen, har prisar på olje og naturgass eksplodert. Ny investering i hydrokarbonutnytting kollapsar som eit resultat av dette, og forsyning er begrensa når alle treng det. 

Den veksande krisa i verdas gjødselproduksjon passar godt inn i FNs Agenda 2030 for “berekraftig” (sic) landbruk der globalistar slik som World Economic Forums Klaus Schwab og BlackRock i Wall Street, verdas største private investeringsfond som estimert forvaltar 9 billionar dollar, tydar dramatisk reduksjon i kjøtproduksjon, der kjøtet blir erstatta med falsk labdyrka kjøttypar eller til og med insekt som ei proteinkjelde. 

Der er ei veksande demonisering av landbruk og spesielt kjøtproduksjon, der ein hevdar at det er ei betydeleg kjelde til global oppvarming. Metan er no eit stort mål for den Grøne Agendaen til USA og EU. Spesielt på den nylege UN COP 26 global oppvarming-samlinga, skreiv rundt 100 nasjonar under på eit felles EU-US-forslag om å kutte metangassutslepp med 30% innan 2030. Vi kan forvente å sjå ein auke i regjerings- og NGO-åtak på vårt matsystem ved hjelp av høgare og høgare gjødselprisar, kampanjar mot kjøt og krav om “berekraftig” landbruk for å vidare høgne våre noverande skyhøge matprisar. Nøkkelen til dette åtaket er Green New Deal-krigen mot olje, gass og kol, lågkostnadsenergisystmet som har vore hjartet av dagens globale økonomi og unnslepping frå fattigdom sidan Andre verdskrigen. 

Omsett av HFANoreg for Derimot.no.

Forrige artikkelAustralia: Hæren tvangsdeporterer covid-eksponerte borgere til karanteneleirer
Neste artikkelStor rapport: Koronakrisa har ført til omfattende angrep på demokratiet over hele verden
skribent
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.