Kvar vi er på veg

0

Av Hans Olav Brendberg.

Vi er raskt på veg i retning ei platonisk verd, ei idealverd der det kompetente regimet syter for det styret vi fortener. Kva tyngdelover gjeld i ei slik platonisk verd?

1. Det er ideane som er det primære, røyndomen er berre ei bleik avskygning av ideane. Kartet gjeld, og er terrenget i vegen – verst for terrenget. Hjelper det ikkje med makt, kan ein bruka meir makt.

2. I den platonske idealstaten er det kasten av normale, allvitande ikkje-ekstremistar som har monopol på diskusjon og formidling. Skal ideane til avvikarar, konspirasjonsteoretikarar, rasistar, antisemittar, antivaxxxxxarar eller andre asosiale bli gjeve sendetid eller spalteplass, skal det alltid vera ein normal, allvitande ikkje-ekstremist som skal presentera desse ideane. Om ekstremistane kjenner seg att i det som blir presentert, er uviktig. Ideane er meir verkelege enn røyndomen, og den asosiale konspirasjonsteoretikaren er berre interessant som idé, ikkje som borgar med eigne standpunkt og vurderingar.

3. Debatt er alltid paneldebatt, slik at ein sikrar at uautoristerte standpunkt ikkje kjem til orde med eigne ord. Ålmogen kan i høgda få lov til å stilla spørsmål til panelet.

4. I den platonske idealstaten uttalar ingen seg på eiga rekning. Alle uttalar seg på vegne av funksjon eller institusjon – og alle har ein offiser over seg. Om nokon går over grensene, og ureinar dei reine ideane, vil denne offiseren bli ansvarleggjort for overtrampet.

5. Nyansar øydelegg dei reine ideane. Dei fleste nyansar, og det meste av dialektikk kan lett uskadeleggjerast av «guilt by association» og liknande teknikkar. Teikna bart på det som gjev disharmoni, og mobiliser sosialt press for å få alle ansvarlege til å ta avstand frå barten – problemet er løyst.

6. Profesjonalitet er heilt avgjerande. Folk som skal få ordet i offentleg debatt skal få ordet avdi det er jobben deira. Avdi lønsslippen kvar månad heng på denne knaggen. Ingen skal ha ordet avdi dei brenn for noko. Brannstiftarar kan øydeleggja kartet, og svekka dei ideane som røyndomen berre er ei veik og utilstrekkeleg avspegling av.

7. I ein platonsk idealstat vil alle vita at det dei ikkje forstår sannsynlegvis er vondsinna og fårleg. Om folk melder dei meiningsytringane dei ikkje forstår, men opplever som urovekkande, til FBs rapporteringssystem, Antirasistisk Senter eller andre kompetansesenter for å fjerna rotenskap og degenererte idear, kan samfunnsanden haldast sterk og handlekraftig.

8. Det er viktig at det blir halde arkiv, slik at gamle saker og meiningsytringar kan leitast fram om nokon skapar disharmoni. Ein gong asosial, alltid asosial.

Forrige artikkelSosialskolen i Stavanger
Neste artikkelSvertekampanje