Forvirring og utrygghet er nettopp hensikten

0

Korona-informasjonen er veldig forvirrende, og det er hensikten, skriver F. William Engdahl i dette innlegget.

Delta-variantar, PCR-testar og kognitiv dissonans

Av F. William Engdahl.

For å sitere ein berømd sarkasme frå Bill Clinton, den gong han var presidentkandidat, i ein debatt med sin Republikanske opponent i 1992: «Det er vaksinen, dummen!». Den fortellinga som dei største media og dei politiske styresmaktene verda over dagleg overfløymer oss med, er mildt sagt forvirrande for dei fleste. Såkalla Delta- eller «indiske» variantar spreier seg som meslingane, fortel dei oss, men ikkje kva den «spreiinga» betyr. Uvaksinerte vert skulda for å spreie COVID-19 til dei som skal vere vaksinerte. USA, Storbritannia og EU fører an med dette forvirrande og dødelege narrativet.

Politisk utnemnde ber barn skaffe seg stikket, trass i at den offisielle rekommendasjonen frå WHO og nasjonale helsestyresmakter som t.d. STIKO i Tyskland er å vente. PCR-testar som bestemmer politikk, men som ikkje seier noko om om ein person har eit spesifikt virus, vert behandla som «gullstandarden» for infeksjon. Men til dags dato har ikkje eit einaste laboratorium greidd å isolere reinsa prøver av det påståtte SARS-CoV-2-viruset dei seier forårsakar sjukdommen COVID-19. Korleis kan PCR-testane vere kalibrerte dersom det påståtte patogenet ikkje er tydeleg? Viss vi tar eit steg tilbake, blir det tydeleg at vi er utsette for ein medviten, verdsomspennande operasjon i kognitiv dissonans, og dei tilsikta konsekvensane av denne for framtida til sivilisasjonen vår fortel dei oss ikkje om.

Løysing av dissonans

Kognitiv dissonans er eit omgrep i psykologien som handlar om den indre tilstanden av stress som ein person opplever når han blir utsett for to motstridande eller sjølvmotseiande erfaringar. Stresset vert løyst opp i hjernen av at personen tyr til umedvitne knep for å løyse motsetninga. Det minner om Stockholmssyndromet. I dette tilfellet er det den tradisjonelle tilliten til autoritetar – regjeringar, WHO, CDC, RKI, Bill Gates og andre sjølvoppnemnde epidemiologiske ekspertar, i mange tilfelle utan helsefagleg utdanning. Desse autoritetane påfører folk drakoniske nedstengingar, maskering og reiserestriksjonar og det som raskt er på veg til å bli de facto tvangsvaksinering med uuttesta stikk som gir bivirkningar til millionar i EU og USA.

Den ordinære hjernen seier: «Korfor skulle autoritetane ville skade oss? Vil dei ikkje det beste for oss og landet eller verda?» Dei verkelege erfaringane under dei siste 18 månadane, sidan Verdshelseorganisasjonen WHO erklærte pandemi på grunn av eit påstått virus først kunngjort i Wuhan i Kina, tyder på at enten har politikarar og embetsfolk i helseetatar rundt om i verda mista vitet, eller så er dei tilsikta vondskapsfulle, forsettleg destruktive eller rett og slett korrupte. For å løyse dei skremmande motsetningane, tar millionar av oss eit eksperimentelt brygg kjent som gen-redigert mRNA-substans og går utifrå at dei då er beskytta mot infeksjon eller alvorleg sjukdom frå eit påstått dødeleg patogen, kalla COVID-19. Somme til og med går til angrep på dei som har eit anna syn på dissonansen og nektar å ta vaksinen av mistillit eller forsiktigheitsomsyn. Men sjølv den alltid tilstadeverande dr. Fauci i Washington innrømmer at dei nye mRNA-vaksinane ikkje hindrar at ein får den påståtte sjukdommen eller er smitteberande, dei hjelper berre kanskje til med å minske verknadane. Dèt er ikkje ein vaksine, men noko anna.

Delta-variant?

Det kan her vere nyttig å ta ein kik på nokre påviste fakta om koronaviruset og den tilsynelatande uavgrensa mengda «variantar» av viruset. Det noverande skremselet i Storbritannia, EU og USA er ein såkalla Delta-variant av koronaviruset. Det einaste problemet er at vi ikkje får nokon nyttig informasjon frå dei relevante autoritetane om den varianten.

Sidan den påståtte Delta-varianten av eit påstått, men ikkje vitskapeleg bevist, nytt koronavirus frå Wuhan vert brukt til å rettferdiggjere ein ny runde med drakoniske nedstengingar og vaksineringspress, er det verdt å sjå nærare på testane som bestemmer om ein Delta-variant er til stades i ein person som vert testa med standard-testen som WHO har rekommandert, PCR-testen.

Delta-varianten vart tilbake i mai først kalla for «den indiske varianten». Den fekk snart skulda for opptil 90% av nye positive COVID-19-testar i Storbritannia, der også ein betydeleg del av innbyggarane er indarar. Det som ikkje vert sagt, er at på berre to månadar fall talet på påstått Delta-positive i India dramatisk frå 400 000 om dagen i mai til 40 000 i juli. Symptoma vart sagt å vere mistenkeleg like dei som vanleg høysnue har, så WHO var raskt ute og endra namnet til «Delta-varianten», etter bokstaven delta i det greske alfabetet, berre for å forvirre litt meir. Liknande Delta-tilbakegang kom i Storbritannia. «Ekspertar» hevda det var fordi skrekkslagne indarar heldt seg heime, ettersom berre 1-3% av den folkegruppa hadde blitt vaksinerte. I Storbritannia hevda ekspertar at det var fordi så mange var vaksinerte at talet på Delta-tilfelle stupte. Om du sit att med det inntrykket at dei berre finn på forklaringar for å fore vaksine-narrativet, så er du ikkje aleine om det.

Det vert verre. Nesten ingen i Storbritannia, India, EU eller USA som dei påstår har testa positivt for Delta har fått ein spesifikk Delta-variant-test, ettersom ein slik direkte variant-test ikkje eksisterer. Komplekse og svært dyre testar skal visst finnast, vert det hevda, men det vert ikkje lagt fram bevis for at dei vert brukt når dei seier slikt som at «90% av britiske tilfelle er Delta …». Laboratorium rundt om i verda brukar berre rett og slett dei vanlege, høgst unøyaktige PCR-testane, og helsestyresmaktene erklærer at det er «Delta». Det finst ingen enkel test for Delta eller andre variantar. Om det ikkje hadde vore sant, så burde CDC eller WHO eller andre helseinstitutt forklare dei testane detaljert. Det har dei ikkje gjort. Spør relevante helse-«ekspertar» korleis dei provar at dei har funne Delta eller andre variantar. Det greier dei ikkje. Testlaboratorium i USA innrømmer at dei ikkje testar for ulike variantar.

Verdilause PCR-testar

Til og med PCR-testen sjølv er ikkje ein test for virus eller sjukdom. Vitskapsmannen som vann ein Nobel-pris for å ha funne opp PCR-testen, dr. Kary Mullis, anklaga på TV sjefen for NIAID, Tony Fauci, for å vere inkompetent når han hevda at PCR-testane kunne påvise patogen eller sjukdommar. Testen var ikkje designa for det føremålet, men derimot som eit analyseverktøy i laboratorieforskningsarbeid. PCR-testar kan ikkje stadfeste ein akutt infeksjon, smittsamheit eller faktisk sjukdom. PCR-testen er ikkje designa for å identifisere aktiv infeksjonssjukdom; den identifiserer genetisk materiale, enten det er oppstykka, levande eller daudt.

Kary Mullis – Wikipedia
Oppfinnaren av PCR-testen, dr. Kary Mullis: “Testen er ikkje eit diagnoseverktøy”.

Ein rapport av to tyskarar, Corman og Drosten, som vart publisert den 21. januar, 2020, vart brukt til å skape PCR-testen som WHO straks tok i bruk og gjorde til verdsstandard for å påvise tilfelle av det nye koronaviruset frå Wuhan. På det tidspunktet var det berre seks personar som var identifisert med det nye koronaviruset. I november 2020 vurderte ei gruppe vitskapelege, eksterne fagfellar Drosten-rapporten og fann ei utruleg stor mengde store vitskapelege feil og manglar, så vel som ein uforskamma interessekonflikt hos Drosten og kollegaer. Vitskapsfolka merka seg at PCR-designet og rapporten til Drosten leid av «talrike mengder med tekniske og vitskapelege feil, inkludert utilstrekkeleg ‘primer design’, ein problematisk og utilstrekkeleg RT-qPCR-protokoll, og fråver av ei presis testvalidering.

Verken den presenterte testen eller manuskriptet sjølv lever opp til krava som gjeld for akseptable, vitskapelege publikasjonar. Vidare er ikkje forfattarane sine seriøse interessekonfliktar nemnt. Og sist, men ikkje minst: ei systematisk fagfellevurdering vart enten aldri gjort her, eller den var av problematisk dårleg kvalitet.» Likevel vart Drostens PCR-design straks tilrådd av WHO som verdas koronatest.

PCR forsterkar genetisk materiale ved hjelp av syklusar av forsterking heilt til ein når den såkalla syklusterskelen (Cycle threshold, CT), talet på forsterkingar som trengst til å observere genetisk materiale før prøva blir verdilaus. Mullis sa ein gong at om ein forsterkar mange nok gonger (syklusar), så kan ein finne kva som helst hos kven som helst, ettersom kroppen inneheld eit kolossalt stort tal virus og bakteriar, for det meste harmlause. Sjølv dr. Fauci slo i eit intervju i 2020 fast at ein CT på 35 eller høgare er verdilaus. Likevel er CDC mistenkt for å tilrå testlaboratorium å bruke ein CT på mellom 37 og 40! På det nivået er kanskje 97% av dei COVID-positive sannsynlegvis falske.

Verken CDC eller WHO offentleggjer sine CT-rekommendasjonar, men det kjem inn rapportar om at CDC no rekommenderer eit lågare CT-nivå for testing av vaksinerte, slik at ein kan minimere talet på COVID-positive blant dei vaksinerte, samstundes som dei rekommenderer ein CT på over 35 for uvaksinerte – kriminell manipulering, dersom det stemmer.

For dei som er interesserte i korleis perverteringa av PCR-testane til å liksom skulle diagnostisere spesifikt nærvær av ein sjukdom gjekk føre seg, sjå nærare på den skitne historia som byrja på 1980-talet med Fauci og hans den gong underordna ved NIAID, dr. Robert Gallo, då dei brukte Mullis sin PCR-teknologi til å feilaktig hevde HIV-positivitet. Eit kriminelt føretak som resulterte i unødvendig død for ti- eller hundretals tusen menneske.

Oppsiktsvekkande nok har nesten alle dei prominente COVID-vaksine-forkjemparane, frå Fauci til WHO-sjef Tedros, kome frå HIV/AIDS-sumpen og den falske PCR-testinga der. Alle panikk-tiltaka som har blitt sette i verk sidan 2020 rundt om i verda er baserte på den falske premissen at ein «Positiv» RT-PCR-test betyr at ein er sjuk eller infisert med COVID. COVID-19-skremselet som hadde sitt utspring i Wuhan, Kina, i desember 2019, er ein testingspandemi, har mange doktorar påpeika. Det finst ikkje bevis for at eit patogent virus vert oppdaga av testen. Heller ikkje finst det ein bevist referanseverdi, eller «gullstandard», for å avgjere kor grensa for positiv går. Det er reint vilkårleg. Set deg inn i det, så finn du det.

Pushing av eksperimentelle vaksinar

Viss det er sant at vi sidan tidleg 2020 har øydelagt for billionar av dollar i verdsøkonomien og ruinert tallaust med liv basert på verdilause PCR-testar – og no ekspanderer den same svindelen galskapen med ein påstått Delta-variant – så er konklusjonen tydeleg: nokre aktørar med stor påverknadskraft bruker den frykta til å presse fram eksperimentelle, genetiske vaksinar som aldri før har blitt testa verken på menneske eller, i særleg utstreknig, på dyr.

Men dei offisielle vaksinerelaterte dødstala i EU og USA når stadig nye høgder. Når dette vert skrive, har det blitt rapportert om totalt 20 595 dødsfall blant folk som har fått det eksperimentelle, genetiske mRNA-stikket! Det er tala frå EU sin offisielle database for rapportering av vaksineskadar, EduraVigilance, oppdaterte den 2. august, 2021. Slike tal har aldri før vore sett. I tillegg har det blitt rapportert om 1 960 607 skadar og 50% av dei alvorlege, inkludert blodproppar, hjarteatakk, forstyrringar i menstruasjonssyklus, paralyse – alt saman etter mRNA-injeksjonar mot COVID-19. USA sine data i CDC sin database VAERS vert ope manipulerte, men sjølv dei viser fleire enn 11 000 post-mRNA-vaksine-dødsfall. Dei største nyheitsmedia nemner aldri dette.

Autoritetar og politikarar svarer at det ikkje finst bevis for at dødsfalla eller skadane var vaksinerelaterte. Men dei kan ikkje bevise at dei ikkje var det, for dei forbyr legar å gjere obduksjon. Om vi får beskjed om å høyre på vitskapen, så korfor får legar beskjed frå helsetenestemenn om å ikkje gjere obduksjon på pasientar som har døydd etter å ha fått to mRNA-vaksinar? Etter tusentals vaksinerelaterte dødsfall, har det vore rapportert om berre éin obduksjon, den i Tyskland, og funna var skremmande: mRNA-piggproteinet hadde spreidd seg gjennom heile kroppen. CDC slutta å overvake mildare COVID-19-tilfelle blant vaksinerte i mai. Det skjuler dei alarmerande tala på vaksinerte som blir alvorleg sjuke.

Noko er forferdeleg gale når respekterte, erfarne medisinske ekspertar får munnkorg for å foreslå alternative hypotesar til heile COVID-dramaet. Når andre vitskapsfolk, som følger den offisielle linja, etterlyser kritikk av Tony Fauci eller andre mainstream COVID-doktorar skal stemplast som utøvarar av «Hat-kriminalitet». Eller når billige og ferdigtesta remedier blir forbodne til fordel for dyre, dødelege mRNA-vaksinar som Faucis NIAID har finansielle interesser i.

Allereie snakkar vaksineforkjemparar som Fauci om behovet for booster-mRNA-sprøyter, og åtvarer om endå ein ny variant på gang, «Lambda-varianten». Korleis vil dei teste for dén? Eller skal vi berre ta den i blind tiltru til han eller ho som CNN eller BBC seier er «ein respektert autoritet»? Kor mykje meir vil mentalt friske folk la denne kognitive dissonansen øydelegge liva våre?

***

F. William Engdahl er konsulent innan strategisk risikovurdering og førelesar. Han er utdanna innan politikk ved Princeton University og har skrive fleire best-seljande artiklar om olje og geopolitikk for nettmagasinet “New Eastern Outlook”.

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no

http://www.williamengdahl.com/englishNEO11August2021.php

Forrige artikkelVideo: John Færseth, brønnpisser, klovn eller begge deler?
Neste artikkelErna vet ikke hva hun har stelt i stand: «Hva mener du er helseskandalen?»
skribent
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.