Konspirasjonsfobikarane trur at konspirasjonar ikkje finst

0
Impressions from the World Economic Forum Annual Meeting 2020 in Davos-Klosters, Switzerland, January 20, 2020.nnWorld Economic Forum / Boris Baldinger

Av Michael Parenti, professor i historie, USA.

Konspirasjonsfobikarane trur at konspirasjonar ikkje finst, eller at dersom dei finst, så er dei ikkje viktige… dei som lir av konspirasjonsfobi likar å seie:

«Trur du verkeleg at det finst ei gruppe menn som sit i eit rom og lagar komplott?» Av ein eller annan merkeleg grunn er dette bildet av ei gruppe menn (vanlegvis utan kvinner til stades) som faktisk sit i eit rom, sett på som heilt utruleg… sjølvsagt sit dei i rom. Kor elles skulle dei treffast?

Dei konfererer heile tida & dei har plenty med rom hos CIA, Det kvite hus, utanriksdepartementet, FBI, Pentagon, NSA og kor det måtte vere. Og ja, dei lagar komplott medvite for å få visse ting til å skje, å styrte regjeringar, å etablere system til valdeleg undertrykking av reformistiske eller revolusjonære regjeringar & rørsler, å skipe ut våpen til hemmelege armear.

Dei kallar det ikkje samansverjingar, dei kallar det «planlegging». Dei har eit heilt vokabular til å omtale sine statssponsa konspirasjonar: «hemmelege operasjonar», «djupe operasjonar», «off the shelf-operasjonar», svartbok-operasjonar… på det breiare politiske nivået, ingen pratar & planlegg meir enn dei politiske og korporative elitane i Amerika. Ingen gjer fleire studiar på medviten politikk for eigeninteressene – dei fleste i løynd – dei har eigne yrke dedikerte til spesialplanlegging.

Dei brukar milliardar av dollar kvart år av våre skattepengar for å gjere verda trygg for interessene deira. Likevel har vi desse konspirasjonsfobikarane som spør oss, med skeptiske & nedlatande smil, om vi verkeleg trur at folka på toppen faktisk snakkar med kvarandre om felles interesser & agendaar, og med hensikt agerer utifrå sine eigne interesser… desse elitane blir kjende med kvarandre.

Dei plantar ord om ambisjon & lovnadar i øyra på kvarandre. Dei ber om støtte, tilbyr garantiar, kjem til semje. Dei møtest, pratar og planlegg – ja, i rom. Møta deira blir vanlegvis haldne private, nett som agendaane deira. Dei konspirerer jamleg & ofte.

Ordet «konspirasjon» bør ikkje brukast til å avvise røynda… offentleg politikk bør fokusere på behova til dei mange, heller enn grådigheita til dei få. Problemet vi står framfor er at herskarane er djupt dedikerte til ein visjon om ei verd som lar seg omsynslaust utbytte av overherrane og er individualistisk og økologisk ikkje-berekraftig.

Det einaste valet vi har, er å avsløre & opponere mot dei med alle våre sameinte krefter… det konvensjonelle synet er at makta er antitesen til fridom, ein trussel mot den. Det kan stemme for statsmakt & andre former for institusjonalisert autoritet.

Men folkemakt & fridom er ikkje anitesisk, men komplementært: viss du ikkje har makt til av avgrense overgrepa til rikdom & posisjon, så har du ikkje mykje fridom. For å rive til oss demokratiske vinningar frå rotfesta interesser, må vi folk mobilisere ei utliknande makt. John Stuart Mill skreiv i 1869 at når dei privilegerte innrømmer dei uprivilegerte rettar, så skjer det sjeldan med noko betre motiv enn vissa om dei uprivilegerte si makt til å tilrive seg rettane… heller enn å seie at ein ikkje kan nedkjempe rådhuset, kan vi seie at vi ikkje har råd til å ikkje gjere det.

Det er ofte frustrerande & iblant farleg å utfordre dei som eig & kontrollerer jorda, arbeidet, kapitalen & teknologien i samfunnet. Men på lengre sikt er det endå farlegare å ikkje gjere det.

~~ Michael Parenti, US-amerikansk professor i historie

fritt omsett av Monica Sortland

Michael John Parenti (født 30. september 1933) er en amerikansk statsviter, akademisk historiker og kulturkritiker som skriver om vitenskapelige og populære emner. Han har undervist ved amerikanske og internasjonale universiteter og har vært gjesteforeleser før campus og publikum.

Michael Parenti vokst opp i en italiensk-amerikansk arbeiderklassefamilie i East Harlem-området i New York City.

Parentis skrifter dekker et bredt spekter av emner: USAs politikk, kultur, ideologi, politisk økonomi, imperialisme, fascisme, kommunisme, demokratisk sosialisme, ortodoksier i det frie markedet, konservativ rettsaktivisme, religion, antikkens historie, moderne historie, historiografi, undertrykkelse i akademia , nyheter og underholdningsmedier, teknologi, miljøvern, sexisme, rasisme, Venezuela, krigene i Irak og Jugoslavia, etnisitet og hans eget tidlige liv.

I 1974 stilte Parenti til valg i Vermont på den demokratiske sosialistiske Liberty Union Party-lista til kongressen i USA og fikk 7% av stemmene. Parenti var en gang en venn av Bernie Sanders, men splittet med ham på grunn av Sanders’ støtte til NATO-bombinga av Jugoslavia.

Forrige artikkelLite interessant toppmøte
Neste artikkelVitenskapelige Teorier
skribent
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.