Koronatala vi ikkje får sjå

0
Illustrasjon: Shutterstock

I et leserinnlegg i DN har Jørgen Hals Todalshaug, fysikar, PhD, og Tone Rose Gjøvik Todalshaug, sosiolog, gjort ei beregning av de samfunnsmessige kostnadene er av koronatiltakene. De bruker begrepet kvalitetsjusterte leveår som er en måleenhet for helsegevinster som benyttes for å kunne gjøre kost-nytte-vurderinger. Og her er deres beregning av helsekostnadene av lockdownpolitikken:

Nedstengingane som styresmaktene har iverksett i ulike sektorar i løpet av det siste året har gjeve oss:

  • 8000 sparte leveår frå avverging av koronadødsfall — 6900 kvalitetsjusterte leveår (KL) vunne. Dette er rekna ut som eit konservativt anslag basert på skilnaden mellom «Åpent“ og «Lukket“-strategiane som modellert av FHI.
  • 5000 færre leveår med koronasjukdomsforløp — 1700 KL vunne. Dette er rekna ut som førre punkt basert på tid med sjukdom, inkludert effekten av innlegging på sjukehus.

Nedstengingane har også tatt gode leveår:

  • 90.000 leveår i arbeidsløyse — 9000 KL tapt. Vi anslår her at 75 prosent av den ekstra arbeidsløysa skuldast nedstenging.
  • 100.000 leveår i einsemd og isolasjon — 16.000 KL tapt. Dette er estimert på bakgrunn av rundspørring frå Opinion.
  • 110.000 leveår prega av fysisk vald frå vaksenpersonar i oppveksten — 5000 KL tapt. Dette er framtidige leveår påverka av auke i vald mot barn og unge, estimert på bakgrunn av rapport fra Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress.
  • 13.000 tapte leveår på grunn av redusert fysisk aktivitet — 10.000 KL tapt. Dette er eit grovt anslag basert på rundspørring frå Opinion.
  • 300.000 leveår med redusert sosial utvikling, livsutfalding og læring blant unge — 15.000 KL tapt. Her anslår vi at kring halvparten av dei unge opplever dette, med fem prosent reduksjon i livskvalitet i snitt.

Dette er forsiktige anslag av dei negative verknadane, og inneheld berre eit lite utval av negative verknader som vi har klart å talfeste. Talgrunnlag og utrekningar finst ope tilgjengeleg for innsyn og kritikk.

Forrige artikkelOmfattende demonstrasjon mot Merkels koronaregime i Berlin
Neste artikkelTulsi Gabbard med alvorlig advarsel om faren for krig med Russland