Skammens parlament

0
Plenumssalen i EU-parlamentet

Av Hans Olav Brendberg.

Parlamentarisk immunitet er ein grunnleggjande institusjon i frie statar. I statar der denne institusjonen ikkje finst, er ikkje hovudproblemet at folkevalde blir arrestert og dømt på oppkonstruerte klager. Hovudproblemet er at den utøvande makta kan bruka dette som eit trugsmål, for å skaffa seg eit servilt parlament. Trugsmål mot parlamentarikarar må anten bort, eller parlamentet si rolle blir undergravd. Dette er veldig gamal kunnskap – då kongen i Stockholm i si tid rasla med sablane, skreiv Bjørnson oppsong for dei norske skytterlaga:

«Gamlingen på tinge/skal få stemme trygt og kjækt
bagom rifleringe/av vor unge slægt.» 

Det er mange ting å seia om konflikten mellom Katalonia og Spania – men dette er ikkje vesentleg i den saka der det no er gjort vedtak. Den katalanske sjølvstenderørsla har so langt arbeidd utan å ty til vald – so langt har spanske styresmakter vore åleine om valdsbruken. Spania har også gjeve lange fengselsstraffar til politiske leiarar som med fredelege og demokratiske middel har arbeidd for sine politiske mål.

Det som no har skjedd, handlar ikkje berre om at resten av EU stiller seg bak slik autoritær maktbruk. Det er verre enn som so. Ved å ta frå EU-parlamentarikarane frå Katalonia parlamentarisk immunitet, legg EU-parlamentet seg på rygg for at trugsmål om straffeforfølgjing kan brukast for å skapa eit servilt parlament. Den ryggraden EU-parlamentet mangla på mandag, vil dei mangla også i morgon og til neste år.

Men i tillegg flaggar denne samlinga med politisk plankton og drivved at dei sjølve veit at undergrev dei verdiane dei preikar i festtalar. For å føya skam til skade, gjennomførte EU-parlamentet avstemminga som ei hemmeleg avstemming. Vi veit ikkje kven som røysta for å fjerna hindringane for at den utøvande makta kan nytta trugsmål om straff for å skaffa seg eit servilt parlament. EU-parlamentet kan liksogodt kle seg i finlandshette eller burka – andleta deira er berre ei maske, og talene berre ei bortforklaring.

Det er verdt å merka seg at dette skjer utan store protestar frå dei som driv kampanjar om at Victor Orban er eit trugsmål mot det liberale demokratiet. Orban kan nok ha sine feil og manglar, men viktigare er det at dei som driv kampanje mot han heilt openlyst ikkje har prinsipp. Hadde dei hatt prinsipp, ville dei protestert kraftig og tydeleg mot at katalanarane blir strippa for parlamentarisk immunitet. Det gjer dei ikkje.

EU-parlamentet har aldri hatt spesielt mykje makt, og kan ikkje brukast for å gjennomføra reformer i EU. Den som vil ha noko gjort, må gå andre stader. I staden har EU-parlamentet engasjert seg i all slags tøv, som å vedta resolusjonar om kva som skjedde før andre verdskrig og liknande. Tradisjonelt har vestlege parlament ikkje vedtatt historiske sanningar – vi har overlatt til historikarar å diskutera kva som skjedde. Berre autoritære politikarar treng ei vedtatt historie å stø seg på.

«En politiker uten makt er en uting», sa Johan Sverdrup. EU-parlamentet har nok ein gong vist kor riktig dette er. Etter mandagens anonyme røysting fortener ikkje denne forsamlinga av overbetalte uting noko anna namn enn «Skammens parlament».


Forrige artikkelDnB-sjef fikk lønnshopp på 5 millioner kroner
Neste artikkelUSA har bombet hver dag i 20 år