Den politiske vinden snur i Latin-Amerika. Lula er tilbake.

0
Lula taler på et møte 10. mars 2021. Shutterstock

Med korrupsjonsdommen omstøytt, er ikkje lenger den tidlegare presidenten gårsdagens mann. Han kan til og med kome til å atter stille som kandidat til presidentval.

Av Manuella Libardi, redaktør for democraciaAbierta.

Manuella Libardi

Lula var tidlegare kjent for sin ledige stil, med mange raude skjorter til ære for Arbeidarpartiet, som han grunnla i 1980. Denne gongen, iført ein elegant, mørk dress med ei lyseblå folkeleg skjorte, er meldinga frå den 75 år gamle mannen tydeleg: han er tilbake.

Sist måndag annulerte ein dommar av Brasils Høgsterett Lulas to korrupsjonsdommar, og rydda med det vegen for at den tidlegare presidenten kan stille til val i 2022 og utfordre ytre-høgre-presidenten Jair Bolsonaro. Lula, som styrte Brasil mellom 2003 og 2011, seier han er usikker på om han skal søke ein tredje periode.

Nesten utan å sjekke notatane sine under ein nesten to timar lang tale, viste Lula seg som den karismatiske, sjølvsikre leiaren han er kjent for å vere. Metallarbeidaren, som steig opp til prominens som fagforeiningsleiar på 1980-talet, brukar eit kvardagsleg språk når han diskuterer økonomien eller kritiserer Bolsonaro for korleis denne har takla Covid-19-krisa som har hærtatt landet. Han hevdar at Brasil no ‘ikkje har noka regjering’.

Luiz Inácio Lula da Silva eller»Lula».

Sjølv om det ikkje er stadfesta at namnet hans vil finnast på neste års stemmesetlar, er det mange som kjenner seg visse på det. Sikkert er det at framtoninga hans no for publikum bar tydeleg preg av presidentkampanje.

Talande til journalistane framfor eit berømt bilete av seg sjølv i ein gjeng supporterar og med eit banner øvst til høgre med påskrifta «Helse, arbeidsplassar og rettferd for Brasil», opna Lula med å ta opp den uretten han hadde blitt utsett for.

Etter å ha erklært seg som «offeret for den største juridiske løgna fortald i landets 500-årige historie», gjekk han vidare med å skildre den lidinga han gjekk igjennom i fengselet frå april 2018 til november 2019, då Høgsterett bestemte at han kunne sleppe fri medan saka var under behandling.

Lula vart dømt til 26 år etter å ha blitt funnen skuldig i å ha mottatt muter frå Petrobras. Brasils statseigde, multinasjonale oljeseskap, i to separate korrupsjons- og pengevaskingssaker.

Etterforskinga av han var ein del av den største antikorrupsjonskampanjen i Brasils historie, Operasjon bilvask (Lava Jato), som var leidd av ein svær innsatsstyrke frå det føderale politiets Curitiba-avdeling.

Skandale, ambisjonar og Operasjon Bilvask

Dommen mot Lula og den påfølgande arrestasjonen hindra han i å stille i presidentvalet i 2018, som tok stad seks månadar etter fengslinga. Medan han sat i fengsel låg Lula framleis over Bolsonaro på meiningsmålingane, med mange som mistenkte at arrestasjonen var arrangert for å sikre Bolsonaro valsigeren. Medan Lulas stjerne bleikna i fengsel, segla ein annan opp på stjernehimmelen: den mannen som mange hylla som løysinga på Brasils djupt rota korrupsjonsproblem, Sergio Moro. Den tidlegare dommaren hadde blitt vidt anerkjent for si aktive rolle i innsatsstyrken og for å ha gitt ordren om arrestasjon av Lula. Han vart ein helt i auga på halve befolkninga i ein delt nasjon.

Operação Lava Jato (Operasjon Bilvask) er kodenavnet på en kriminaletterforskning utført av det føderale politiet i Brasil som ble offentliggjort den 17. mars 2014 (Fra Wikipedia)

Den andre halvparten meinte han var ein karrieremann med politiske ambisjonar, som berre var ute etter å mele si eiga kake. Då Bolsonaro kunngjorde at han hadde vald ut Moro som sin justisminister, kom det høglydde klagemål om slagside. Likevel fekk han ryggstøtte frå tilhengarane av Operasjon Bilvask når han valde å ta imot tilbodet.

Men situasjonen endra seg i midten av 2019, berre seksmånadar inn i Bolsonaros presidentperiode og Moros nye rolle. Den 9. juni byrja nettpublikasjonen The Intercept Brazil, leia av den Pulitzer Prize-dekorerte journalisten Glenn Greenwald, å publisere ein serie med lekka meldingar som hadde blitt utveksla på Telegram mellom figurar involverte i innsatsstyrken. Mange av dei tydde på at dommar Moro hyppig hadde kommunisert med aktorar, og at han til og med hadde rettleia teamet bak Lulas korrupsjonsskuldingar.

Det skulle bli byrjinga på slutten for Moro. Etter å ha falle i unåde hos Bolsonaro, trekte den tidlegare dommaren seg frå stillinga i april 2020, mindre enn eit år etter skandalen som vart kjent som Vaza Jato (grovt omsett til Bilvask-lekkasjar).

Sjølv før The Intercept sitt bombenedslag av ei avsløring, hende det ofte at juristar peika på manglande både samsvar og samanheng i saka mot Lula. I auga på støttespelarane sine var Lula ein politisk fange og inspirerte til Fri Lula-rørsla (Lula Livre). Dei lekka meldingane gav nytt liv til støttespelarane sitt håp om at dommane skulle bli omstøytte. Forsvararteamet til Lula bad Høgsterett felle ein dom i spørsmålet om Moro hadde handla med den naudsynte upartiskheita eller ikkje. På tysdag la dei fem dommarane som var sett på saka fram avgjerda. Dei enda på uavgjorte 2-2 i avstemninga etter at den siste dommaren, som kom til i november, sa han ikkje kunne stemme fordi han mangla tilrekkeleg kunnskap om saka.

Sti til presidentembetet

Sjølv om den har samband med skuldingane mot Moro, stamma annulleringa denne veka frå ein annan uovereinskomst.

Sergio Moro

Dommar Edson Fachin – som tilbake i desember hadde røysta imot skuldingane om Moros partiskheit – bestemde no at dei fire sakene mot Lula fall utanfor jurisdiksjonen til Den 13. føderale domstolen i Curitiba. Han hevda at brotsverka ikkje skjedde i byen med lokasjon i den sørlege delstaten Paraná. Sakene ville bli vidaresende til Brasils hovudstad for ny handsaming der.

Avgjerda til Fachin frikjenner ikkje Lula, for dommaren bestemde ikkje om ekspresidenten var uskuldig eller skuldig i det han var anklaga for. Uansett er Lula no fri til å stille som presidentkandidat inntil han skal for retten igjen i landets hovudstad, noko som kan ta fleire år. For å bli uvalbar igjen, skulle han måtte bli dømd før han leverte inn kandidaturet sitt i midten av 2022, noko som er usannsynleg at vil skje.

Brasils statsadvokatkontor har anka Fachin si avgjerd og bede Høgsterett reversere den. Men Fachin sine argument er på linje med tidlegare avgjerder som landets høgaste domstol har tatt, og rettsekspertar seier det er usannsynleg at dei vil bli omstøytte.

Havande observert at Fachin tok Moro si side i partiskheitsskuldingane, så er den interne vurderinga i Høgsterett at han valde å omstøyte domfellingane mot Lula for å hindre andre i å bruke same argument mot den tidlegare dommaren, og med dét starte ein dominoeffekt som kunne sette heile Bilvask-granskinga på spel.

Økonomisk nedgang og Amazonas

Sjølv om Lula no står fritt til å stille til val, har det politiske landskapet endra seg sidan han forlet embetet i januar 2011 med rekordstor oppslutnad på 83%, noko som gjorde han til Brasils mest populære president i moderne historie.

Etter talen hans på onsdag fall dollaren med 2,5% og den brasilianske børsen auka med 1,3%. I denne vekas meinigsmålingar ligg Lula berre seks prosentpoeng bak Bolsonaro, eit gap som sannsynlegvis vil smalne inn etter domstolens avgjerd.

Lulas tilbakekomst kjem på eit tidspunkt når Brasil kjempar med pandemien, med eit tal daude på over 270 000 – nest høgast i verda. Bolsonaro har heile tida blitt kritisert for å bagatellisere pandemien og fornekting av vitskapen, som forverrar problemet i eit land der tiltak for sosial distansering allereie er utfordrande, ettersom 41,1% av folket er avhengig av svart arbeid eller lausarbeid, og minst 13,6 millionar bur i overfylte, marginaliserte bydelar kjende som favelas.

Forbundsrepublikken Brasil er Sør-Amerikas største stat, og den femte største i verden, både i folketall og i areal. (Fra Wikipedia)

Trass i at Bolsonaro vart vald delvis på grunn av sine ultraliberale økonomiske lovnadar, har Brasils Brutto nasjonalprodukt, BNP, som i løpet av det første året av presidentperioden hans steig med skuffande 1%, no krympa med 4,1% under pandemien – det verste tilbakeslaget sidan 1996.

Bolsonaro, med sin veksande ytre-høgre-agenda, har tapt støtte blant finanseliten, og investeringane i landet har falle til det halve. Han respektløyse overfor miljøet – særleg Amazonas, som har hatt rekordhøg avskoging under hans administrasjon – har også skadd Brasil sine relasjonar med nokre av dei mektigaste økonomiane i verda: USAs president Joe Biden har trua Brasil med sanksjonar, medan europeiske selskap har trua med boikott av brasilianske produkt.

Sjølv om knipa Brasil no er i kan oppmuntre Lula, særleg etter hendingane den siste veka, er det framleis grunn til å gå fram med varsemd. Annulleringa av domfellinga hans er ikkje nokon definitiv siger, verken for han eller støttespelarane hans. I eit land med ei grunnlov på 400 sider og eit komplekst rettssystem, kan avgjerder bli fatta og omkalfatra i løpet av få dagar. Men Lula og støttespelarane hans vil i alle høve feire mens dei kan. For Bolsonaro ser ut til å vere på vaklande grunn.

Fritt omsett av Monica Sortland for Derimot.no

Artikkelen ble først publisert på openDemocracy

Forrige artikkelTitusener demonstrerte i flere europeiske byer mot lockdownpolitikken
Neste artikkelSDF ødelegger ferger som frakter varer over Eufrat i Syria