Når regjeringane i Canada og Australia kritiserer Kina for manglande menneskerettar

0
Det britiske imperiet underviste verden i menneskerettigheter. Her fra henrettelsen av noen av de 10.000 slavene som deltok i Demerara-opprøret i Britisk Guyana i 1823. Shutterstock

I Bergens Tidende/Jyllandsposten (28.12.20) finn vi ein artikkel under overskrifta «Savner kritikk av Kina». Her skriv Claus Blok Thomsen at «Canada, Australia, Storbritannia og Sverige er blant gruppen av land som internasjonalt har tatt de hardeste oppgjørene med Kina, og overfor Politiken understreker de fire landenes regjeringer nå viktigheten av å si Kina midt imot.»

Av Terje Valen.

Den columbiske epoka

Etter at Columbus kom til Amerika i 1492 begynte ei historisk epoke som eg kallar den columbiske epoka. Det var då overklassane i nokre nordatlantiske land erobra verda for seg og brukte han for å overføre størst mogleg verdiar til heimlanda. Dei nytta utruleg mykje vald og våpen for å klare dette. Demokrati og menneskerettar var i det vesentlege fråverande i denne prosessen. I kronologisk rekkefølgje har dei leiande columbiske maktene vore Portugal, Spania, Holland, Frankrike, England og USA. I dag blir det columbiske hegemoniet utfordra,  og den viktigaste utfordraren er Kina. Dette er grunnen til at dei columbiske elitane no angrip Kina. La oss no sjå litt på haldninga til demokrati og menneskerettar i historia til dei statane som «savner kritikk av Kina»..

England og menneskerettar under den industrielle revolusjonen der

Det var ikkje mykje snakk om menneskerettar då England på 1800-talet tente seg rik på opiumsmugling til Kina i ein grad som held på å øydelegge heile landet. Eller då dei gjekk inn med militærmakta si og var med å slå ned opprør mot opiumstrafikken for å kunne fortsette å dope og drepe kinesarar. Og det var heller ikkje mykje snakke om demokrati då dei stal Hong Kong frå Kina og behandla det som engelsk territorium, eller då dei kjempa med nebb å klør for å forsetta å halde på det då Kina kravde det tilbake på 1990-talet og fortsett med det når dei stør dei som vil rive Hong Kong ut av Kina att. Alle som kjenner England sin kolonihistorie og dei gruelege følgjene den industrielle revolusjonen der hadde for arbeidsfolka i landet, veit at dette blei bygga opp på systematiske brot på alle menneskerettar og alle demokratiske rettar. Det er berre å lese Dickens sine bøker eller sjå filmane, så veit du kva vi snakkar om. Kva historisk og moralsk rett har England til å kritisere eit land som har gjennomført verdas raskaste industrialisering og samstundes fått 800 millionar menneske ut av fattigdom samt fått auke gjennomsnittsinntekta for ein person frå 2500 kroner i året i 1978 til 90 000 og der gjennomsnittleg levealder har gått opp med 30 år? Og det har dei klart utan å utbytte koloniar, slavar og bølgjer av innvandrarar.

Settlarstatane sitt tilhøve til menneskerettar og demokrati

Men aller mest ironisk blir det når settlarstatane Canada og Australia kritiserer Kina. Her har folk, stort sett frå dei nordatlantiske statane, komme og stole landet til dei som budde der opphavleg. Og under denne prosessen drap dei svært mange, mens dei andre blei fråteken alle rettar i lange tider, og mange framleis er vist til reservat og eller fattigdom i stor stil. Settlarane bygde opp makta si på systematisk brot på menneskerettar og demokratiske rettar. I Australia gjekk det føre seg eit regelrett folkemord. Ein reknar vel med at over 80 % av det opphavlege folket blei eliminert. Og går du og spør dei opphavlege folkeslaga i desse landa, så får du og vite at det er så som så med deira menneskerettar og demokratiske rettar også i dag, nett som vi ser i USA når det gjeld indianarane og dei farga. For ikkje å snakke om alle som er fattige i alle desse landa.

Og så Sverige då

Det er kanskje rart at Sverige har kasta seg på denne vogna, om det ikkje er for å få stjerne i boka frå USA. Men dette landet er heller ikkje utan sine svin på skogen. Vi må ikkje gløyme at store delar av politikken i Norge berre for vel eit hundre år sidan blei bestemd i Stockholm fordi Norge var lagt under svenskekongen mellom 1814 og 1905. Vi måtte truge med krig for å komme fri av den underdanige stillinga og hadde det ikkje vore for den store støtta vi fekk av arbeidarane i Sverige så hadde det kanskje blitt ein krig som vi kunne ha tapt, og då hadde vi kanskje framleis vore under svenskekongen. Den svenske overklassen har sine kolonitradisjonar å følgje opp dei og. Om vi då ikkje skal gå lengre tilbake og ta med at Sverige kriga over store delar av området rundt Baltikum og langt nede i dei tyske småstatane for å skape eit slags Stor-Sverige.

Claus Blok Thomsen opptrer som ein columbisk propagandist

Når Claus Blok Thomsen ikkje ser ironien i at nett England med si blodige kolonihistorie og Canada med sine krigar mot indianarane og Australia med sitt folkemord kritiserer Kina, så viser det anten ei total historieløyse, eller ei overtyding om at andre vil svelge kritikken fordi dei i alle fall ikkje kjenner historia.

Thomsen siterer det australske utanriksdepartementet slik: «Australia vil forbli tro mot våre verdier og respektfull overfor de grunnleggende reglene og normene som har bestått historiens prøve. Den ordenen som er basert på disse reglene og normene har tjent alle land i regionen godt». Men kjenner du historia så veit ut at desse grunnleggande reglane også har tillate at de kvite settlarane likviderte 80 % av den opphavlege folkesetnaden på kontinentet og at mange av dei som lever att av desse i dag stort sett heller ikkje har det så bra.

Den columbiske overklassen i dei store kolonistatane og settlarstatane har ikkje eit fnugg av historisk eller moralsk rett til å kritisere andre land for brot på menneskerettar og verkeleg demokrati. Dei er nemleg sjølv bygd opp bygd opp på systematiske og heilt groteske brot på dei same rettane. Thomsen er ein opplyst mann, og han veit sjølvsagt alt dette. Men han nemner det ikkje fordi han sjølv er ein propagandist for dei columbiske elitane. Og han veit sjølvsagt at dette ikkje dreier seg om demokrati og menneskerettar eller andre bra saker. Det dreier som om den gamle, nådelause columbiske eliten sin kamp for å halde på verdsherreveldet sitt.

Regjeringa i USA sitt arbeid for demokrati og menneskerettar

Det er regjeringa i USA som no står i spissen for denne kampen og har peika ut Kina som sin hovudfiende, og då hoppar dei columbiske elitane og deira allierte i alle land. Men merk at USA sjølv er den mest aggressive og krigerske staten i verdshistoria. Dei har kriga mot andre statar utanfor eige territorium kvart einaste år sidan 1776 då det blei ein sjølvstendig stat, med unnatak av 7 år, då. Og hugs at det er USA som sidan 2. verdskrigen har prøvd å kaste meir enn 50 utanlandske regjeringar der dei fleste var demokratisk valde, har blanda seg grovt inn av demokratiske val i over 30 land, har prøvd å drepe meir enn 50 utanlandske leiarar og klart det med mange av dei, har slept bombar over meir enn 50 land og forsøkt at undertrykke folkelege eller nasjonale rørsler i meir enn 20 land og set i verk daudelege økonomiske sanksjonar mot land som ikkje vil godta amerikansk hegemoni. Alt godt dokumentert.

Det viktigaste vilkåret for fred i verda

Det viktigaste vilkåret for at alle land og folk i verda kan utvikle seg utan utanlandsk innblanding og dirigering, på sine eigne vilkår, er at det columbiske systemet blir demontert. Det er USA sin innsats for å halde på dette systemet som har vore den vesentlege årsaka til mest alle krigar og det meste av fattigdomen og elendet i verda sidan 2. verdskrigen. Når dette systemet er vekke kan statane sjølv lettare løyse sine eigne problem og legge grunnlag for å få leiarar som er interessert i å gjere gode avtalar for eige land og folket der og ikkje berre for seg og sine næraste, også når dei forhandlar med til dømes Kina, eller USA.

Terje Valen, måndag 28. desember 2020

Forrige artikkelNy rapport: Kina vil gå forbi USA allerede i 2028
Neste artikkelWHO skriver om definisjoner for å tekkes vaksineindustrien