Keynes sin kapitalisme eller Marx sin kommunisme

0
Illustrasjon: Shutterstock
Terje Valen

Av Terje Valen.

I Klassekampen 10.7.20 finn vi nok ein artikkel om korleis den borgarlege Keynes kunne løyse kapitalen sin krise. Alle som kjenner den vesentlege logikken i utviklinga av kapitalismen veit at Keynes sine teoriar og tiltak, til liks med dei såkalla nyliberale ikkje rører ved det vesentlege i denne logikken. Alle desse tiltaka ligg innanfor den kapitalistiske logikken og skal få kapitalismen til å fungere betre. Derfor fører dei, under visse tilhøve, nett til at dette systemet fungerer betre. Men det varer berre  ei stund og så fangar logikken dei att. Og då trengs det heilt andre drastiske tiltak for å få opp at den generelle profittraten. Det trengs anten ei stor utviding av rommet der kapitalen fungerer og/eller ei massiv øydelegging av produktivkrefter, særleg den delen av dei som Marx kallar konstant kapital, altså alt som brukast i produksjonen når du tar vekk arbeidskrafta.

Det var ikkje keynesianismen, men Den andre verdskrigen som måtte til for å redde kapitalismen ut av den store krisen som begynte i 1929. Etter den store øydelegginga av produktivkrefter undr krigen kunne kapitalismen starte opp att med mykje høgare gjennomsnittleg profittrate og USA som supermakt. Men profittraten tok straks til å falle.  Dermed blei rommet for at den keynesianske resepten og sosialdemokratiet kunne fungere stadig mindre.

Frå rundt 1965 til rundt 1980 fall profittraten i industrien svært mykje og om trenden hadde fortsett ville han nærme seg null litt ut i den 20. hundreåret. Frå då av fekk vi omlegging frå keynesianisme til nyliberalisme med gjeldsfinansiering og større hegemoni for finanskapitalen, sugerøyr i felleskassene og opning av nye marknader og investeringsområde med høgare meirverdirate etter oppløysinga av Sovjetsamveldet og overgangen til statskapitalisme i Kina, pluss hardare utbytting av arbeidskrafta gjennom nedskalering av velferd og pensjonar og overgang til dårlegare arbeidstilhøve med lågare løner, til dels gjennom fri flyt av arbeidskraft, og satsing på meir monopolkapital med monopolprofittar og nisjar der profitten enno var god – dei som kunne tileigne seg grunnrente (som Norge med olja) satsa også mykje på det. Eit vesentleg moment i tillegg dette har vore automatisering og bruk av digitale hjelpemiddel for å auke meirverdien gjennom å minske den naudsynte arbeidstida (då arbeidarane skaper verdiar tilsvarande si eiga løn) i høve til meirarbeidstida (då meirverdien blir skapt). Dette utsette krisa i kapitalismen ei stund, men den vesentlege logikken kunne heller ikkje dette stanse. I 2008-9 og deretter har vi fått provet på det.

Utviklinga av dei store finansmonopola har vorte resultatet av det som blei reklamert for som opning for den frie marknaden. Statsmaktene, med USA i førarsetet har vore avgjerande reiskapar for å sette alle desse tiltaka ut i livet, saman med internasjonale institusjonar der USA har hatt hegemoni. Men også lokale samanslutningar som Europaunionen har vore viktig.

Dei gamle kolonimaktene og deira avleggarar som USA, Canada, Australia og Sør-Afrika, som har dominert og utbytta verda sidan Columbus kryssa Atlanterhavet, gjorde ei lagnadstung feilvurdering då dei flytta mykje av industrien sin ut for auke profittraten ved å nytte den billigare arbeidskrafta utanfor sine eigne land og då svært mykje av han havna i Kina. Gjennom lausrivinga frå dei columbiske imperialistane i 1949 blei Kina i stand til utvikle seg ut frå eigne behov og då utlendingane kom med sine investeringar var landet moge for ei uhyre rask økonomisk utvikling som er i ferd med å skiple heile den verdsordninga som Columbus starta. Dei columbiske maktene sin verdsdominans står for fall og leiaren for desse maktene, USA, kjempar desperat og med fryktelege middel for å halde på den vaklande verdsdominansen. Derfor er det no på gong ei stor kampanje gjennom dei mest total einsretta columbiske media eigd av dei rikaste kapitalistane i «Vesten» for å svartmale Russland og Kina samt eit intenst arbeid for regimeskifte eller til og med væpna angrep på desse statane om det kan passe. Meir uavhengige media som Klassekampen blir rive med. Vi veit at det i USA er planar om å bruke Norge til å provosere Russland så mykje at dei gjer noko som USA og dei andre NATO-maktene kan konstruere som grunnlag for angrep på landet. Då kan vi som ei første krigssone i ein slik krig bli grundig øydelagd. Dette er det styresmaktene våre no risikerer når dei opnar for stadig meir utanlands militær verksemd i landet vårt.

Ut frå dette er skodinga mot Keynes eigna til å skape farlege illusjonar og kva vi kan gjere for å komme ut av alle dei frykteleg krisene som no rir verda. Dei keynesianske verkemidla kan nok enno utsette krisene noko og gi dei andre former enn nyliberalismen, men begge retningane ligg innanfor den vesentlege kapitalistiske utviklingslogikken og alle tiltaka deira førebur berre verre kriser lengre fram. I det vesentlege kan vi seie at dersom kapitalismen fortsett, under kva slags økonomisk slagord som helst, så vil det føre til vidare kapitalistisk anarki, større konsentrasjon av rikdom ved den eine (vesle) polen og fattigdom og elende ved den andre (svært omfattande) polen, stadige økonomiske og alle andre typar krisar, med miljøøydelegging og pandemiar som viktige innslag, demonstrasjonar og opprør av alle slag som blir slått ned, avvikling av dei  borgarleg-demokratiske rettane og oppretting av borgarlege despoti av ymse slag, ei uendeleg rekkje krigar, sultkatastrofar og slik bortetter.

Alle som vil redde menneska og den verda vi lever i og av, må no gå inn for å oppheve kapitalismen og innføre eit nytt system for korleis vi utvekslar oss med naturen rundt og fordelar produkta vi skapar med kvarandre, og sette i verk heile den enorme omforminga av alle menneskelege tilhøve som vil måtte følgje av det.

Kapitalismen er eit anarkistisk system med uavgrensa vekst som innebygd mål som har tatt makta frå menneska. Det vil seie at menneska må bringe økonomien under medveten demokratisk kontroll. Det kan i vår tid berre blir gjort gjennom politisk middel, ved at den samfunnsklassen som representerer kapitalen blir fråtatt makt i statane og dei internasjonale organisasjonane, og ved at utvekslinga med naturen rundt oss blir innretta og medvete planlagt av heile den arbeidande samfunnsklassen ut frå menneska sine ikkjeframandgjorte behov og dei grensene som naturen rundt set. Det er eit slik system Karl Marx i si tid lanserte og som han kalla kommunisme, dvs. den oppheva kapitalismen der vi tar med oss det materielle grunnlaget som er skapt under kapitalismen utan det kapitalistiske vekstanarkiet og med ei kraftig utviding av demokratiet slik at det kan lagast planar som tener behova til det arbeidande folket og ikkje profittstrevet. Altså: det vi treng er ikkje Keynes sin kapitalistiske keynesianisme, men Marx sin etterkapitalistiske kommunisme.

Denne artikkelen ble først publisert på bloggen til Terje Valen.


KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.