Den banale vondskap

0
Foto: assangecourt.report

(been there, done that) – Lærdomar frå saka mot Assange.

Av Hans Olav Brendberg.

Fire hovudpunkt er viktig å få med seg i denne saka så langt: 1. At ein juridisk freistar definera journalistikk som «spionasje». 2. At pressa, av forståelege og uforståelege grunnar er medspelar i dette. 3. At aktor og domar samarbeider om å feia røynleg brotsverk i regi av USA under teppet, slik at dei moralsk og juridisk aktverdige motiva til Assange for å offentleggjera statsløyndomar kjem i bakgrunnet og 4. At ein for å legitimera dette gjev Assange skulda for at identiteten til informantar kom på avvegar, trass i at heilt andre folk, sentralt i MSM, hadde skulda for dette.

I den nye straffelova, § 121 står det:

«Med bot eller fengsel inntil 3 år straffes den som til fordel for en fremmed stat, terrororganisasjon eller uten aktverdig grunn samler inn eller setter seg i besittelse av en hemmelig opplysning som, om den blir kjent for en slik stat, terrororganisasjon eller for øvrig avsløres, kan skade grunnleggende nasjonale interesser.»

Nøkkelordet i denne teksten er «aktverdig grunn». Det finst folk som av aktverdige grunnar skaffar seg innsikt i hemmelegstempla opplysningar. Når staten gjennomfører brotsverk som trugar internasjonal fred, rettstryggleiken eller borgarrettane våre, kan det vera svært gode grunnar til å offentleggjera hemmelegstempla dokument som avslører slike lovbrot i regi av statsmaktene. Journalistar som samlar inn slik dokumentasjon kan ikkje straffast for å gjera jobben sin, sjølv om dei som bryt teieplikt eller ulovleg gjev frå seg dokument kan straffast.

Dette vesle omgrepet – «aktverdig grunn» – gjer det mogleg med kritisk journalistikk om norsk forsvars- og utanrikspolitikk. Dette ordet gjer også at det ikkje er tilstrekkeleg for norske styresmakter å stempla noko «hemmeleg» eller «strengt hemmeleg» når dei har gjort noko ulovleg. For når styresmaktene har gjort noko ulovleg, er det i seg sjølv nok til at det er aktverdig å få brotsverket fram i lyset.

Det er dette vernet – av «aktverdig grunn» – Assangesaka handlar om.

Som Craig Murray har vist i sine grundige rettsreferat, er dette kjerna i saken: Om ein skal kunna straffast for å ta imot eller ha hemmelege dokument som ein ikkje er autorisert til å ha. Det er dette Assange er tiltalt for, og det er dette han vil bli dømt for om han blir utlevert til USA. Det er lovvernet for kritisk journalistikk som står på spel i sakførsla i Old Bailey.

Les artiklene til Craig Murray her.

For i den amerikanske «Espionage Act» frå 1917 står det ingenting om «aktverdig grunn», og det er med vilje. Espionage Act var lova som skulle banka ned all motstand mot 1. verdskrig i USA, og lova råka hardt. Forfølgjinga av all krigsmotstand etter at lova var vedteke var ein av hovudgrunnane til at sosialistrørsla i USA forsvarnn. Fleire titals radikale aviser og tidsskrift, mellom anna vekeavisa «Appeal to Reason», som hadde opplag kring ein halv million, vart stengt ned. Den amerikanske sosialistleiaren Eugene V Debs vart fengsla etter Espionage Act for å halda ein tale der han sa det han meinte om krigen. Han fekk nesten ein million røyster som presidentkandidat i 1920 som fange i eit føderalt fengsel. Han slapp ikkje ut før den nyvalde president Harding benåda han, og inviterte han til det kvite hus. Lova er laga som eit trugsmål mot borgarrettar og ytringsfridom, og har alltid vorte brukt slik. Den tids justisminister meinte folk burde kastast i fengsel om dei kalla president Wilson «ein reidskap for Wall Street», og rosa advokatane i Ilionois då dei vedtok at det var «uprofesjonelt» og «upatriotisk» å ta oppdrag som forsvarsadvokat for folk som vart tiltalt etter denne lova.

Det er denne sovande dragen det amerikanske justisdepartementet freistar vekka til live.

Men har ikkje journalistikk noko vern? Jo dei har det første grunnlovstillegget. Det seier:

«Congress shall make no law respecting an establishment of religion, or prohibiting the free exercise thereof; or abridging the freedom of speech, or of the press; or the right of the people peaceably to assemble, and to petition the government for a redress of grievances.»

Og no kan vi pusta letta ut, her var det jo språk som tydeleg dekte problemet med å ta mot, ha og publisera hemmelegstempla informasjon?

Nei – det er det ikkje. Det første grunnlovstillegget er svært generelt. Det forsvaret kritisk journalistikk har hatt til no – at regjeringa i Washington i løpet av hundre år aldri har brukt Espionage Act for reisa tiltale mot nokon for å publisera – vil bli gjennomhola om Assange blir dømt. Den kriminaliseringa av kritikk og opposisjon som gjorde perioden 1917-20 til unntaktstilstand vil bli normaltilstand. Dette er saka som skaper presedens. Og dette råkar ikkje berre USA, men i tillegg land som Storbritannia, som har utleveringsavtale med USA. I praksis råkar dette alle massemedia som har hovudbase i desse landa – BBC, the Times, New York Times, CNN, Washington Post og alle dei andre. Dette er ei sak med enorm rekkevidde. Det vernet journalistikk har hatt av første grunnlovstillegg er at den amerikanske regjeringa til no aldri har reist tiltale etter Espionage Act for publisering, av frykt for dei generelle formuleringane i første grunnlovstillegg.

Den hindringa er no passert, og i tilfelle fellande dom er dette vernet historie.

Den andre hovudsaka så langt – er at dette ikkje blir rapportert av dei medieorganisasjonane som no får hengt falløksa over hovudet. Ei sak med enorme konsekvensar for pressa blir ikkje dekt. I år ut og år inn vart Assange latterleggjort som «paranoid» etter at han søkte tilflukt i ambassaden til Equador. Han vart skulda for å spreida «konspirasjonsteoriar» om vestleg presse.

Alt dette ligg no daudt og makteslaust – Assange hadde heile tida rett. Og det trengst ingen konspirasjon når serviliteten har gått inn i ryggmargen til dei store, korporative medieorganisasjonane i vestlege land. Dei let seg leida «som av ei usynleg hand», sjølv utan konspirasjonar. Avdi dei er godversjournalistar, som likar å sola seg i glansen frå makta. Prisen for fridom er at ein alltid må vera på vakt. Men vi lever i vaktlaust land, og dei vi har sett til vakthald snorksøv. Andre purring ligg allereide på bordet.

Den tredje hovudsaka er den fordoblinga av røyndom som oppstår når styresmaktene rett og slett kan sjå bort frå at røyndomen eksisterer. Etter at ein først freista kvela Khaled el-Masri si sak med karakterdrap og grunnlause skuldingar, har denne saka etter kvart vorte heilt opplyst. Ein tysk borgar blir plukka opp av CIA medan han er på ferie, sendt til Afghanistan der han blir torturert – og der han ikkje greier forsvara seg, avdi han ikkje veit kva han er skulda for. Etter månader med tortur blir han dumpa på Balkan. CIA oppdaga tidleg at mistanken om terrorisme var grunnlaus, likevel vart han halde i månad etter månad avdi CIA-tenestemen meinte at han var «ond», sjølv om han ikkje var terrorist. Saka er dokumentert i bøtter og spann, opp til og med dom i den Europeiske Menneskerettsdomsstolen.

Og likevel avgjer domar Baraitser at det ikkje skal vera lov å fortelja detaljar om kva denne mannen vart utsett for, og når han skal avgje sitt vitnemål oppstår det «tekniske problem» som gjer at heile vitnemålet blir avlyst – ikkje utsett til teknikken er reparert. Og likeeins skal ein ikkje seia høgt kva som skjer i filmen der journalistar vart myrda i kaldt blod i Baghdad og ymse anna.

Domaren plasserer venleg ut eit skjermbrett i rettslokalet, slik at vi skal sleppa å sjå dei brotsverka som har vorte gjort på statsløn, og som Assange-saka til sjuande og sist handlar om. Dette skjermbrettet gjer det enklare for aktor Lewis å leida merksemda andre vegar. Latinamerikansk «forsvinning» og tortur har vorte praksis også her i Europa – i dette tilfellet ein tysk statsborgar på ferie på Balkan. Kva vi gjer med dette? Straffar dei som offentleggjer dokumentasjonen, og hindrar at dette blir omtalt i rettssalen.

Den fjerde hovudsaka handlar om namn på informantar. Fleire vitne har omtalt den svært grundige redigeringsprosessen Wikileaks gjennomførte. Men i eitt tilfelle slo dette feil: Passordet til ei dokumentsamling som var lagra ute på nettet av tryggleiksgrunnar kom på avvegar, og dokumenta vart tilgjengeleg uredigert.

Vi veit kven som sytte for at passordet kom ut: The Guardians David Leigh, som saman med Luke Harding gav ut bok om WikiLeaks. Heile historia om korleis dei uredigerte dokumenta kom ut vart rulla opp av professor Christian Grothoff (dag 14). Desse «journalistane» misbrukte tillit, skadde Wikileaks, sette informantar i fare – og dekte seg ved å koma med alvorlege skuldingar mot Assange. Skuldingar som aktor Lewis har gjentatt gong etter gong i retten.

Kvifor blir ikkje Leigh innkalt til kryssforhør? Kvifor får ikkje andre augnevitne som var til stades og høyrde den samtalen som Leigh og aktor Lewis siterer frå vitna i retten?

Få stader er rigginga av dette justismordet nærare dagslys enn her. Men Storbritannia har inga kritisk presse som stiller desse spørsmåla, som difor ikkje vil bli besvart. Men det som har vorte kjent i løpet av rettssaka er i hovudsak nok til at ein kan leggja saman 2+2. Når Leigh nytta passordet til dokumentsamlinga som kapitteloverskrift i boka si om Wikileaks var det eit Judaskyss heilt på line med det i Getsemane.

Det er freistande å klypa seg i armen, men det vi ser her er verkeleg. Avviklinga av den liberale staten er ikkje interessant nok til at det får pressedekning. Og vi veit kvifor. Dei leiande kommentatorane og portvaktarane har bunde seg sjølve til masta, og får seg ikkje justera kurs. Då Eirin Eikefjord og Inger Margrete Hobbelstad etter Holbergdebatten i Bergen kom med furtne innlegg der dei klaga over at Assange fekk snakka «uimotsagt» og spreida «konspirasjonsteoriar» om vestleg presse snakka dei for lauget. Og avslørte lauget. Eit laug som no er så kopla laus frå analystisk tenkjing, og som har så sterkt fokus på pirking i eiga navlelo at dei trur rettssaka i London handlar om Assange, ikkje om rammevilkåra for journalistikk. Stanghelle sine svertejobbar mot Assange er mindre naive, meir kyniske. Dei inngår likevel i laugets sjølvforsvar.

Les: Faktagrunnlaget for slakten av Holberg-debatten

Harald Stanghelle dolker Julian Assange i ryggen

Når domaren kjem med ferdigskrivne avgjerder, før ho har høyrt argumenta, bør også varsellampane blenka for fleire enn journalistane. Dette er ikkje berre eit svik frå pressa, men også eit justismord. Konsekvensane av ein fellande dom i denne saka er store, og blir ikkje borte av at vi let vera å snakka om dei. Men dei som gjennomfører dette justismordet, og curlingkostarane i pressa som har funne ut at dette ikkje er nyhende, er hårreisande banale. Slik Arendt påpeikte er det ofte noko banalt med vondskap. Det handlar om folk som ikkje har noko ved seg, sjølv om dei er tildelt ei rolle i ei viktig sak. Folk utan fantasi, ansvarskjensle, prinsippiell forståing – folk som er skapt for å setja opp togtabellar, og etterpå gå fornøgd heim etter dagens dont. Dagens liberale og radikale og konservative har nok med å «leva på minnen från fornstora dagar», for å herma den svenske nasjonalsongen. Dei er ubrukelege når det gjeld å møta vår tids vondskap. Vår tids vondskap er ikkje spesielt grotesk eller monstrøs. Men han er effektiv, og han møter nesten ikkje synleg opposisjon. Difor minnar han intenst om det som Arthur Koestler etter krigen freista skildra som fascismens vesen.

Det Koestler for seg i draum var dette: Du er ute i ein park, det er solskin, folk kosar seg. Og du veit at dei skal ta deg, at du er sjanselaus. Men du veit også at det er nyttelaust å freista ropa om hjelp. Ingen vil høyra, ingen vil sjå.

Akkurat så banalt er det.


Klikk på bildet og bli en støttespiller du også.













Forrige artikkelHva er Strong Cities Network og hvorfor er Oslo med der?
Neste artikkelDin mann på galleriet – Assange-høringen dag 16