Bananhandel i Old Bailey

0
Bakgrunnsbilde: Fasaden på Old Bailey.

Av Hans Olav Brendberg.

Old Bailey i London er eit av dei verkeleg gamle maktsymbola i Storbritannia. Bygninga er berre litt over hundre år gamal, men heilt sida 1500-talet har rettslokale i denne gata vore hovuddomsstolen i riket. Old Bailey er eit symbol for den britiske rettstradisjonen, med alt som ligg i dette.

Denne veka flytta utleveringssaka mot Julian Assange frå terroristfengselet i Belmarsh til denne mest kjende domsstolen i Storbritannia. Det gjev ein enno skarpare kontrast mellom dette symbolet på britisk makt, og det som foregår inne i rettslokalet.

Eg har no omsett ein god del av rettsreferata til Craig Murray – rettsreferat som er omfattande, men også opplysande, poengterte og svært lesverdige. Og det biletet som kjem fram i desse referata er svært lite flatterande for Boris Johnsons Storbritannia. Den britiske påtalemakta gjer seg til reiskap for imperiet, på tvers av dei tradisjonane som gjorde at Storbritannia i eldre tid alltid var tilfluktsstaden for dei einskildmenneska som kom på tvers av statsnytten andre stader i verda. Det er ikkje tilfeldig at opposisjonelle, frå Karl Marx til Emile Zola og Isaac Deutscher enda opp i Storbritannia. I Storbritannia galdt Magna Carta, i Storbritannia vart moderne pressefridom utforma – og Storbritannia hadde makt nok til å avvisa alle krav om utlevering i slike saker. I Storbritannia galdt rettgarantiane i britisk lov:

«The nations not so blest as thee
Must, in their turn, to tyrants fall,
While thou shalt flourish great and free:
The dread and envy of them all.»

Vel – dette byrjar gå ut på dato. Det som har foregått i rettslokala i Old Bailey, og tidlegare ute i Belmarsh, minnar mykje meir om bananrepublikk enn «Rule Britannia». Og dette har vore gjennomført frå dag 1. i rettssaken. Aktor James Lewis møter i retten med fire amerikanske rettleidarar, skytsenglar som leider hans minste steg. Preget av skodeprosess har vore der frå dag 1. – der Lewis innleida rettssaka med ein tale til pressa, som vart delt ut ferdigtrykt til journalistane, til neste dags aviser. Og som i stor grad prega det som stod i neste dags aviser – trass i at det som foregjekk i rettssalen resten av dagen i stor grad motsa det som Lewis hadde sagt i sin innleiande tale til pressa.

Undervegs har aktoratet freista byggja opp ulike argument for utleveringa. I utleveringsavtalen mellom Storbritannia og USA er politiske brotsverk eksplisitt unntatt i saker som gjeld utlevering. Lewis har freista argumentera for at traktaten ikkje gjeld – basert på ein eldre tradisjon der den gamle stormakta kunne heva seg litt over traktatane ho underskreiv, og der ein kunne stabla opp saker mot traktatane bygt på gamal rettspraksis og presedens. Veldig friskt frå Lewis – men til sjuande og sist ein blindveg. Utleveringstraktaten mellom dei to landa gjeld, er ratifisert – og seier det han seier om utlevering.

Og slik har Lewis hoppa frå isflak til isflak, i von om å finna eit som var stort nok til at det ikkje sokk. Det gjeld ikkje berre Lewis. Sidan forrige runde av saka i februar, har det dukka opp ein heilt ny, overordna tiltale. Heilt tydeleg avdi det forrige isflaket byrja søkka. Det er heilt tydleleg at målet med forestillinga ikkje er at uleveringskravet skal vurderast, slik at ein endar opp med ein rettferdig dom. Målet er at Assange skal utleverast – og imens er Lewis (og domar Baraitser) på jakt etter ei grunngjeving som er nokolunde truverdig. Bananrepublikk i Old Bailey.

Dette mønsteret har heller ikkje vore vanskeleg å sjå i denne vekas rettsforhandlingar, der Lewis heile tida hoppar tilbake til same isflaket etter kvart som forsøket på å byggja opp ei sak byrjar søkka i det kalde vatnet. Denne vekas isflak er ei erklæring frå assisterande statsadvokat i USA, Gordon Kromberg – ei erklæring som gong etter gong blir avslørt som villeiande både andsynes amerikansk rettspraksis, og andsynes lovtekstane til blir vist til i tiltalen mot Assange. Dette glansnummeret har Lewis gjort gong etter gong denne veka.

Det er heilt på grensa til komisk. Men rettssaka i seg sjølv er ikkje komisk, og kastar lange skuggar for oss som er undersåttar i dette imperiet som er i ferd med å gjera Old Bailey til utstillingsvindauga for ein bananrepublikk. At det i det heile er mogleg å gå vidare etter desse pinlege dagane i retten, skuldast eine og åleine ein ting: Pressa si rolle.

Den sokalla «frie pressa» spelar ei heilt avgjerande rolle i denne saka. Den same rolle som hunden i historia om Sherlock Holmes og Silver Blaze.

I «the Adventure of Silver Blaze» kommenterer Sherlock Holmes «den merkelege hendinga med hunden» til mannen frå Scotland Yard. «Men hunden gjorde jo ikkje noko», svarar inspektør Gregory. «Det var den merkelege hendinga», påpeikar Holmes.

Det er nøkkelen til mysteriet – hunden kjende sin herre og meister, og gøydde ikkje.

Mange freistar i desse dagar å argumentera for at rettssaka mot Assange trugar den frie pressa.

Men slik er det jo ikkje – den «frie pressa» er jo ikkje truga, og er stort sett taus. Korkje Aftenposten, Dagbladet eller VG har noko om saka på synelg plass, NRK berre marginalt betre.

Forklaringa forstår vi jo: VI har ikkje noko «fri presse», trass i at vi har pressefridom. Pressa kjenner sin herre og meister.

Det einaste som trugar den «frie pressa» er Assange, som med sine avsløringar synte kva som er jobben til ei presse som er lojal mot borgarane og opplysningstanken.

Som fleire kommentatorar i norsk presse kommenterte etter at Assange fekk tala på Holbergdagane: Det var ein skandale at han fekk snakka «uimotsagt».

Les: Faktagrunnlaget for slakten av Holberg-debatten

So den servile pressa kjenner sine fiendar, og opptrer som forventa. Ikkje minst dei reira for reine krapyl som har avslørt seg i denne saka – som the Guardian, arbeidsgjevar for ryggeslause «journalistar» av typen Luke Harding.

Sjølvsagt ser du variasjonar over dette sviket når du les MSM-aviser. Men nokre aviser treng du ikkje lesa. Det er nok å lukta.

Difor har vi ei dobbel oppgåve i denne situasjonen: Forsvara journalistar som er lojale mot oss medborgarar og opplysningstanken – men ikkje gå i den fella at vi forsvarar MSM, som er lojale støttespelarar i dette forsøket på å kriminalisera journalistikk.

Dette gjer vi gjennom å stø opp om medie som ikkje let seg styra av pengedryss frå milliardærar eller statsmakt, som Steigan.no og Derimot.no. Og vi gjer det gjennom å dela artiklar frå journalistar som ikkje følgjer straumen – som Craig Murray, Jonathan Cook, «The Saker» og andre.

Les mer om Julian Assange på steigan.no

Klikk på bildet og bli en av støttespillerne du også.
Forrige artikkelDe demoraliserte slår tilbake
Neste artikkelFra vondt til verre i Libya og i nabolandene