Ein tarmkreftspasient som fekk operasjonen sin kansellert på grunn av Covid-19 har sagt at «folk vil ha døydd» av utsettingar.
Adrian Rogers, 46, skulle etter planen opererast i april, men etter behandlingsforseinkingar vart kreften hans inoperabel.
Stillasarbeidaren frå Retford, Nottinghamshire, seier regjeringa kunne ha gjort meir for å sikre tilgjengelege sengeplassar for dei mest sårbare.
Regjeringa seier: «Det er utruleg trist å høyre om tilfelle der kreftbehandling har blitt påverka.»
Herr Rogers fekk diagnosen tarmkreft stadium fire i juli 2018.
«Etter 52 rundar med kjemoterapi kunne kreftsvulsten opererast; noko som var eit godt teikn,» sa han.
Han vart tatt av kjemoterapi i åtte veker for å la immunsystemet hente seg inn nok til å overleve ein operasjon ved Manchester Royal Infirmary. Men behandlinga vart kansellert fordi dei sa det var for risikabelt for han å dele plass på intensiven med Covid-pasientar.
På grunn av forseinkinga fekk hr. Rogers 20 nye tumørar, og tilstanden hans vart atter inoperabel.
Han trur at det ikkje vart gjort nok frå regjeringa si side for å sikre tilgjengelege sengeplassar for dei kreftpasientane som treng det mest.
Han sa: «Folk vil no ha døydd som følge av behandlingsutsetting.»
Hr. Rogers held no fram med kjemoterapien, og skal starte med ein medisin kalla Avastin, som ikkje er tilgjengeleg under det offentlege helsevesenet, NHS.
Kona Amanda har gjennom GoFundMe samla inn 27 000 pund til behandlinga.
Manchester University NHS Foundation Trust seier dei har halde fram med å gi kreftbehandling til pasientar unntatt når «risikoen ved behandling er større enn fordelane».
Ein talsperson for Department for Health and Social Care seier: «Kreftdiagnose og -behandling har framleis vore ein absolutt prioritet.»
Cancer Research UK seier det var 20 000 færre behandlingar mellom april og juli i England, ein reduksjon på 28% samanlikna med same periode i 2019.
Chief executive Michelle Mitchellseier Covid-19-pandemien har hatt ein «katastrofal innverknad på kreftbehandlingar og liva til kreftpasientar.» Ho seier ein er bekymra for at det vil hope seg opp med ubehandla pasientar ein ikkje får ut av køene raskt nok.
Kjelde: BBC/anti-empire: https://www.anti-empire.com/sorry-to-have-killed-you-cancer-patient-left-inoperable-after-lockdown-delay/
Fritt omsett av Monica Sortland for Derimot.no
Kommentar:
Denne artikkelen bekrefter det vi vet fra mange ulike og pålitelige kilder. The Institute for Public Policy Research (IPPR) har gjennomført en studie av hva koronatiltakene har ført til i reduksjon av kreftbehandling i Storbritannia, og tallene er massive.
Det er blitt gjennomført 210.000 færre kreftundersøkelser i uka. Og i juni hadde køen for kreftundersøkelser økt til 2 millioner. Antall behandlede kreftpasienter falt med 43 prosent fra april til juni, totalt 339.242. Tallet på kreftoperasjoner hadde falt med 29 prosent fram til og med mai. Totalt antall kreftbehandlinger har falt med 30 prosent. At dette har kostet svært mange liv, er hevet over tvil, og det har også redusert livskvaliteten og livsutsiktene for mange flere. Hva totalen blir, gjenstår å oppsummere.
Legetidsskriftet The Lancet har foreløpig beregnet seg fram til at minst 10.000 barn i fattige land vil dø hver måned som følge av lockdown og 140 millioner mennesker vil bli kastet ut i den ytterste fattigdom. Dette vil igjen føre til at nye millioner av barn kommer til å bli underernært. Antallet mennesker som vil oppleve akutt matusikkerhet vil bli doblet til 265 millioner innen utgangen av 2020.
For første gang i menneskehetens historie ble en epidemi møtt med det som kalles lockdown, stengning av hele samfunn. Det er et svært tynt vitenskapelig grunnlag for at dette har noe for seg, og prisen vil bli enorm, både økonomisk, sosialt og i tap av menneskeliv.