Hykleri i storformat

0
Den britiske marinen bombarderer en kinesisk havn under Opiumskrigen. Shutterstock.

Ei kort historie om demokratiet i Hong Kong

Av Hans Olav Brendberg.

På attenhundretalet byrja ein omfattande europeisk handel med Kina, med kolonimakter som Storbritannia og Frankrike i spissen. Europearane etablerte handelsstasjonar i mange kinesiske hamner, og fekk omfattande rettar frå eit veikt kinesisk keisardøme. Problemet med handelen var at han var einsidig: Europerane ønskte å kjøpa mange ulike ting i Kina, men hadde for lite å by på som kinesarane ønskte kjøpa. Difor var det heile tida ein lekkasje av edle metallar den vegen.

Dette problemet vart løyst då britane byrja omfattande eksport av opium, dyrka i India og eksportert til Kina i regi av det britiske Austindiakompaniet. Handelen med narkotika førte til sosial katastrofe i Kina, og ny forsking i regi av professor Rolf Bauer i Wien syner at også dei opiumsdyrkande regionane i India vart utarma som følgje av denne trafikken. Men Austindiakompaniet tente svært gode pengar.

På 1840-talet var dei sosiale konsekvensane av narkotikahandelen i Kina so utprega at keisardømet freista få slutt på trafikken. Resultatet vart den første opiumskrigen – som Kina tapte. Kinesarane måtte godta opiumshandelen, og Storbritannia skaffa seg ein koloni i Hong Kong. Knapt tjue år etter førte sosiale problem, oppløysing og liknande problem til det store Taiping-opprøret i Kina – og eit nytt forsøk på å gjera noko med opiumshandelen. Resultatet vart at Kina tapte andre opiumskrig, og at Hong Kong-territoriet vaks. Etter det kinesiske nederlaget i den kinesisk-japanske krigen på 1890-talet pressa so Storbritannia kinesarane til å leiga bort eit stort tilleggsterritorium i Hong Kong for 99 år. Den britiske kolonien Hong Kong hadde fått si endelege utstrekning.

Makta i kolonien låg hjå ikkje-kinesarane. I lange periodar var delar av territoriet reservert for ikkje-kinesarar. Men kolonien bløma som sentrum for handelen mellom Sør-Kina og resten av verda. I ein kort periode under andre verdskrig okkuperte japanarane Hong Kong, men då Japan kapitulerte gjenetablerte britane kolonistyret.

Korleis var dette kolonistyret? Stalins Sovjet var pluralistisk og demokratisk i samanlikning: Guvernøren hadde i prinsippet all makt, og trong ikkje eingong konferera med noko politbyrå. Guvernøren utnemnte den lovgjevande forsamlinga, regjeringa, domarane. All makt var samla i guvernørens hand. Den britiske regjeringa utnemnte guvernøren, og gav han dei fullmaktene og retningslinene han trong. Ingen i Hong Kong hadde røysterett eller slikt noko. Ikkje eingong pro forma, som i kommuniststatane.

Etter opprettinga av Folkerepublikken kunne Beijing lett ha tatt militær kontroll over kolonien. Men Kina ønskte ikkje unødige, militære konfliktar – og lot Storbritannia halda fram å driva koloni i Hong Kong, og Portugal halda fram med kolonien i Macao. Beijing visste at leigeavtalen for dei nye territoria gjekk ut i 1997, og at britane ikkje hadde kaninar å dra opp av hatten når kalenderen ubønnhørleg gjekk mot dette årstalet.

Tidleg på åttitalet innsåg Storbritannia at kolonistyret gjekk mot slutten, og i 1984 underteikna Storbritannia og Kina ein prinsippavtale om tilbakeføring av Hong Kong i 1997.

Med prinsippavtalen byrjar historia om demokrati i Hong Kong. Sidan britane hadde gjeve opp å styra kolonien på sikt, fann dei ut at tida var inne for demokrati. Året etter la det britiske kolonistyret fram ein valreform som introduserte indirekte val til den lovgjevande forsamlinga. So følgde raskt ei rad andre reformar, slik at Hong Kong hadde etablert ei demokratisk styreform i 1993 – fire år før overføringa til Kina. Kina godtok desse reformane i britisk regi – under prinsippet «eitt land, to system». Og dette blodferske demokratiet heldt fram med å fungera etter desse prinsippa då Hong Kong vart sameina med Kina i 1997.

Men no hadde ikkje Hong Kong lenger ein privilegert posisjon – mange andre byar i Sør-Kina fungerer som handelssenter heilt på eigen kjøl, og samanlikna med desse har Hong Kong hatt ein stagnerande økonomi. Etablerte oligarki, særleg eigedomshaiar, har i tillegg sytt for at bustadkostnader og andre kostnader er skyhøge. Den oppveksande generasjonen i Hong Kong har vorte meir og meir frustrert. Samstundes har kinesarane i den gamle kolonien framleis noko av den eksklusive identiteten og kjensla av å vera av finare slag enn fastlandskinesarar som vart stimulert i kolonitida.

So dukka det opp ei gneiste som sett fyr i kruttønna.

Tidleg i 2018 reiste Chan Tong-Kai og kjærasten Amber Poon Hiu-wing på ferie til Taiwan. I Taiwan drap Chan Tong-Kai kjærasten, la henne att på hotellrommet og tok første fly heim til Hong Kong. Sidan Hong Kong ikkje har utleveringsavtale med Taiwan, kunne ikkje styresmaktene i Hong Kong straffeforfølgja drapsmannen for anna enn bagatellar knytta til kvitvasking av pengar.

Difor la styresmaktene i Hong Kong fram eit framlegg til utleveringslov der styresmaktene kunne utlevera forbrytarar til statar dei ikkje hadde utleveringsavtale med i alvorlege tilfelle. Hong Kong har utleveringsavtalar med Storbritannia og USA (den siste frå 1997), men ikkje med Taiwan eller Kina.

Edward Snowden var på svært utrygt territorium i Hong Kong, men kom seg ut i tide. At han lak opplysningar om den ulovlege verksemda til amerikansk etterretning ville truleg vore nok for å få han utlevert til USA.

Derimot kan ein mann frå Hong Kong truleg reisa til Peking, myrda folk der, ta seg tilbake til Hong Kong – og leva straffefritt der.

Framlegget om høve til å utlevera forbrytarar starta ei svær protestrørsle – bygt på sterke kjensler med røter i kjensla av tapte privilegie etter kolonitida, og utan tvil støtta og finansiert av amerikanske og britiske etterretningsorganisasjonar. Denne krisa har no vara litt over eit år. Demonstrantane har drive omfattande hærverk, har kasta bensin på og tent på folk som er usamde med dei, og gjort tilhøva i kolonien kaotiske.

Denne krisa vart so avlutta for to dagar sidan, med den nye tryggleikslova. Tryggleikslova opphevar ikkje den valde forsamlinga i Hong Kong, eller dei andre demokratiske institusjonane som Storbritannia so vidt greidde skipa før Kina overtok. Det særeigne demokratiet i Hong Kong held fram. Hong Kong har 27 år med demokratiske tradisjonar å byggja på, 24 av desse åra under kinesisk suverenitet.

Men lova gjev politi og andre tryggleiksstyrkar sterkare fullmakter, og høve til å gjenoppretta ro og ordna tilhøve. Ikkje minst avdi utanlandske etteretningsorganisasjonar og andre som har sine grunnar til å ønskja uro og kaos i tilhøvet mellom Kina og Hong Kong no får langt mindre spelerom.

Dette var eit naudsynt tiltak – økonomien i Hong Kong ville gått inn i ein varig, negativ spiral om kaoset hadde halde fram.

Her kan ein godt samanlikna med den spanske undertrykkinga i Katalonia etter forsøket på folkerøysting for eit par år sidan. Kinesarane har ikkje arrestert eller dømt sjølvstyreregjeringa til lange fengselsstraffer, slik Spania gjorde i Katalonia. Medan rørsla for å lausriva Katalonia var heilt ikkje-valdeleg, var protestrørsla i Hong Kong utprega valdeleg, og brukte medvite ekstrem vald for å hindra løysingar og maktforlik.

I dei neste vekene vil stoda i Hong Kong roa seg. Kinesisk suverenitet og tryggleiksansvar er tydeleggjort, og USA og Storbritannia blir nøydd til å finna seg andre proxykonfliktar for å laga trøbbel for Beijing. Men les gjerne kommentarar i norske avisar om «det tapte demokratiet i Hong Kong».

Også hykleri kan vera ein ekstremsport.

Les også: Forsøket på å lage «fargerevolusjon» i Hong Kong vil mislykkes


Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.

Forrige artikkelStatusrapport fra Forsvaret
Neste artikkelHer er USA sin nye plan om hvordan ødelegge Syria – 2020