Ofre miljøet for arbeidsplassar?

0
Bakgrunnsbilde: Shutterstock. Innfelt: Rødts kronikk i Klassekampen.

Av Svein Lund.

Klassekampen 23.04.2020 har eit innlegg under tittelen «Det haster med havvind!» I innhald kunne innlegget vore skrive av Arbeiderpartiet, LO, NHO eller vindindustrien sin organisasjon Norwea. Men det er faktisk skrive av leiinga i Raudt, partiet som no set seg som mål å vere Noregs fremste industriparti, om naudsynt på kostnad av miljøet.

Vi står no midt oppe i ei gigantisk utbygging av vindkraft på land. For kvar dag raserer denne uopprettelig større og større del av det vi enno har igjen av intakt natur i Noreg, først gjennom anleggsarbeid som gjør natur om til industriområde, så gjennom drift som dreper fugl, flaggermus og insekter i masseomfang, og øydelegg grunnlaget for både reindrift og villreinbestand, for ikkje å snakke om friluftsliv og turistnæring.
Dette skjer i namnet til «det grøne skiftet», for å skaffe verda «fornybar» energi, så vi skal kunne ha godt samvet når vi held fram med overforbrukssamfunnet på kostnad av naturen i verda og ressursane for framtida. Det skjer med enorme subsidiar betalt av norske skattebetalarar og straumforbrukarar, og dei som tener på dette er vindturbinprodusentar i Danmark, Tyskland og Spania, vindkraftbaronar i Noreg og andre land, som kan stikke fortenesten unna i skatteparadis, samt dei konsulentane som er betalte for å fornekte skadeverknadane.

Etter som det blir meir og meir klart at vindkraft på land skaper store problem, utan å kunne erstatte fossil energi sjølv om alt av natur og kulturlandskap byggast ned, kastar vindkraftbaronane auga sine på havet, ei tilsynelatande uuttømmelig kjelde for ny profitt for Vestas, Siemens og store og små vindbaronar. Alt tyder på at «havvindeventyret» vil bli ei gjentaking av landvindtragedien. Denne gongen er det ikkje reindriftsnæringa, men fiskerinæringa som blir ramma. På profitten sitt alter, kamuflert som grønn energi og arbeidsplassar, skal fiskefelta no beslagleggast utaskjærs, etter at fjordane allereie er fråtatt fiskarane gjennom oppdrettsnæringa. I staden for å skremme rein, skal ein no skremme fisk og kval. Men i likheit med landvindkrafta vil ein drepe ned fugl i masseomfang, i ein situasjon der verdas fuglebestand allereie er i katastrofal tilbakegang. Venger av glasfiberarmert plast vil slitast ned til små partiklar som vil spreiast i havet og bli tatt opp av alt som lever der. Å satse på storstilt havvind er eit nytt uforsvarlig eksperiment som vi ikkje veit resultata av.

Les: Vindkraftsøppel: 2000 tonn glassfibervinger, ingen gjenvinning

Vindkraft på land er i dag lønsam for investorane BARE fordi han er betalt av milliardar i subsidiar. Den påståtte verdiskapinga på 117 milliardar frå havvind vil måtte koste enno meir. Dette vil skje med eit gigantisk forbruk av metall som koppar, jern, nikkel og sjeldne jordmetall, samt kalkstein for betong og oljebasert venger som slitast ut men ikkje kan resirkulerast. Det vil tappe enno meir av jordas knappe ressursar for å auke forbruket på vegen mot undergangen. Å satse på havvind er både svært dårlig miljøpolitikk, feil energipolitikk og høgst tvilsam økonomisk politikk.
Vi treng eit parti som kan stå opp mot dette vanviddet. Eg hadde trudd Raudt kunne vere eit slikt parti, men må dessverre konstantere at eg tok feil.

Svein Lund

tidligare Raudt-velgar


Representanter for partiledelsen i Rødt inviteres til å svare på dette innlegget.

Red.


Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.

Forrige artikkelPengenes oppmuntrende virkning
Neste artikkelTolfa Economic Forum