Niall Ferguson gjev EU dødsdom

0
Illustrasjon: Shutterstock

Av Ove Bengt Berg.

Den britiske historikaren og professoren Niall Ferguson byter kvar veke på å skrive ein sides kommentar i vekeavisa Dag og Tid med den amerikanske økonomen Paul Krugman. I siste nummer skriv Ferguson om britisk politikk: Om Boris Johnson, brexit og EU. Medan norske kommentatorar med Kjetil Wiedswang i Dagens Næringsliv i spissen som ivrigst hevdar at EU alltid kjem ned på bakken og utviklar seg framover mot meir føderasjon, hevdar Ferguson det stikk motsette. Han syner til tre viktige tilbakeslag der brexit er det fjerde, og at alt dette syner «ein dødsdom for prosjektet med en «stadig tettare union».» Og kallar den franske presidenten Emmanuel Macron for «den siste føderalisten på skansen».

Ferguson tek utgangspunkt i striden om leiarskapen i det britiske konservative partiet, og skriv at Boris Johnson og Donald Trump har lite til felles utanom utsjånad. Og så peikar han på noko om medlemmene i det konservative partiet, Tory-partiet:

«97 prosent kvite, 86 prosent øvre middelklasse, 71 prosent menn, 54 prosent frå Sør-England og 44 prosent over 65 år. Heile 84 prosent er mot ei folkerøysting nummer to om medlemskap i EU, og to tredjedelar av Tory-medlemane er tilhengarar av brexit utan avtale.»

Brexit-striden har ført til at det nå er fire 15-prosentpartier i Storbritannia. Ferguson meiner at motstanden mot EU i Storbritannia har vært tufta på generell motstand mot offentlig styring, statsstyring, av di han siterer Margaret Thatchers tale i Brugge i 1988 der ho sa:

«Vi har ikkje lukkast med å innskrenke staten si makt i Storbritannia berre for å sjå ho gjeninført på europeisk nivå, med ein europeisk superstat som utøver ny dominans frå Brussel.»

Men det er vanskeleg å tru at ikkje motstanden, særlig i arbeiderklassen, har auka mellom dei som ser kven som tapar og kven som vinn på EU-politikken, som den har i til dømes Danmark. EU er i dag ein kampsak for dei rikaste i middelklassen og dei enda rikare. Ferguson:

«Med Storbritannias særeigne historie var det uråd å godta tapet av suverenitet som var innbygt i det føderalistiske prosjektet.»

«EU [har] synt seg ute av stand til å hanskast med utfordringane frå tre nettverkdrivne kriser: den USA-skapte bankkrisa, dei arabiske revolusjonane og migrasjonsstaumen over Middelhavet. Det politiske tilbakelsaget etter desse fiaskoane, eit tilbakeslag som brexit berre er ein del av, har vore ein dødsdom for prosjektet med ein «stadig tettare union.»

Om framtida for EU skriv Ferguson:

«Ein ny generasjon av høgrepopulistar … har funne ut at det er lettare å bli verande i det europeiske teltet og snakke stygt om det hele tida enn å forlate det. Snart vil det vere tilstrekkeleg mange … til å reise ein varig barriere på innsida av ministerrådet mot meir integrering. Uansett er det nesten ingen nordeuropeisk leiar som tek framlegga frå den franske presidenten Emmanuel Macron om EU-reform på alvor. Han er den siste føderalisten.»

Ferguson avslutter litt merkeleg ut frå det han skriv:
«I røynda er brexit ei håplaust kostbar og komplisert skilsmisse frå ein ektefelle som ligg på det siste. Det er som å rive seg laus frå det heilage romerske imperiet.»

(Artikkelen til Naill Ferguson er med einerett for The Sunday Times og Dag og Tid, og er omsett av Lasse H. Takle.)

Denne kommentaren ble først publisert på Politikus.no.

Forrige artikkelAftenposten, Nord universitet og nedlegging av campus Nesna
Neste artikkelGigantene: – Hvem hersker over verden?