Teoretisk om konspirasjonsteoriar

0
Drapet på Caesar i Senatet i 44 fvt. En berømt konspirasjon.


Av Eilev Groven Myhren.

Roma, seinvinteren 44 før Kristus. Ei gruppe romerske politikarar og misnøgde senatorar møtast i løynd, alle samde om ei sak: Julius Cæsar er eit problem, og bør fjernast før han uropar seg sjølv til konge. Desse mennene går saman om ein konspirasjon. Konspirasjonen handlar altså om å kvitte seg med leiaren i republikken. Som vi veit, lukkast denne konspirasjonen – dei stakk ned Julius Cæsar i det romerske senatet, rydda han av vegen og endra den kursen historia følgde. Republikken var ved å bryta saman, men Marcus Antonius og ein knapt tjuge år gamal grandnevø, Octavian, samla styrke og slo ned konspiratørane. Dette rydda vegen for keisardømet.

London, hausten 1605. Ei gruppe misnøgde engelske katolikkar og misnøgde politikarar møtast i løynd, alle samde om ei sak: Det engelske parlamentet er eit problem og bør fjernast. Desse mennene samlar seg om ein konspirasjon, medrekna ein kjellar full av krutt, stabla opp rett under møtesalen der parlamentsmennene skal møtast den femte november. Nokon får ferten i dette og konspirasjonen vert avdekt i siste liten. Den historiske kursen vart ikkje endra av dette, men det var nære på.

USA, 1963. Ei gruppe sentrale politikarar og etterretningsfolk samlast i løynd, alle samde om ei sak: Den sitjande amerikanske presidenten er eit problem og bør fjernast. Desse mennene samlar seg om ein konspirasjon…

Tre politiske konspirasjonar, men berre to av dei er stadfesta av historia. Kva skil den siste frå dei to første? Mangelen på konkrete fakta. Dei som drap Cæsar sto fram sjølv og fortalde kva dei hadde gjort – og kvifor. Dei som skulle sprenge parlamentet, vart arresterte og vedgjekk alt. Forutsett at det var ein plan bak drapet på Kennedy, er dette framleis ikkje oppklara i fullt mon, av di dei ansvarlege aldri har stått fram (og den eine som bar ansvaret vart skoten før han fekk fortalt stort). Det florerer likevel mange teoriar, eller skal vi seia hypotesar på grunn av dette. Saka er at når fakta ikkje er lagt på bordet, kjem hypotesane, og hypotesar om korleis og kvifor er arbeidsfeltet for alle forskarar, i dette tilfellet historikarane. Dersom ein historikar kjem med nye data som endrar synet på eit handlingsforløp eller ei hending, kan han prove at han har rett gjennom avkrefting eller stadfesting av gjevne data. Det kan vera snakk om eit brev, avgraderte politiske dokument, opptak av ein telefonsamtale. Stundom kan dette vera avgjerande, som den gongen Pentagon Papers vart offentleggjort i 1972, noko som medverka til at Vietnamkrigen vart avslutta.

Vi lyt vedgå at konspirasjonar har følgd det politiske livet så lenge dette har eksistert. Politikk er i mange tilfelle «konspirasjon i praksis». Konspirasjonar finst i alle politiske parti, i all samrøre der det er viktig å få gjennom ei sak, og i alle tilfelle der dei få finn det rådeleg å halde informasjon borte frå dei mange. Så, når «dei mange» ikkje får fakta på bordet, tek rykta til å svirre, og spørsmåla kjem. Dette er grobotnen for konspirasjonsteoriane.

«Konspirasjonsteoriar», eller som denne skribenten likar å kalle dei – konspirasjonshypotesar, er det mange av. Ein «teori» og ein «hypotese» er båe rekna som grunnsteinsord i klassisk vitskapleg metode, og vitskap/forsking har ein fastsett praksis på å samle data for å kunne stadfeste (verifisere) eller avkrefte (falsifisere) dei teoriane eller hypotesane som ligg føre. Denne prosessen kallast til vanleg deduktiv metode, og er fastsett i opplysningstida, der Descartes la fram tanken om «den metodiske tvilen», og David Hume seinare sette opp induksjonsproblemet: «Same kor mange svarte ramnar som flyg over himmelen, så kan du aldri vera viss på at den neste ramnen ikkje vil vera kvit». Under denne forutsetninga er det altså ikkje mogleg å vera hundre prosent viss på noko som helst. Men det har stundom synt seg at når nye data (ny informasjon) kjem på bordet, har desse velta eit fastsett vitskapleg syn eller jamvel eit verdssyn. Desse omslaga kallast paradigmeskifte. Hypotesen om det heliosentriske verdsbiletet er eit slikt døme. Semmelweiss og forskinga på barseldødsfall er eit anna. Det var ikkje lett for Semmelweiss å nå fram med dei resultata han la til grunn for forskinga si. Og Copernicus var varsam. Boka om heliosentrismen vart ikkje publisert før etter at forfattaren var avgått ved døden. I båe tilfelle var det snakk om ein «kompakt majoritet» som ikkje ville tru på dei nye resultata. I denne samanhangen kan eg og nemne Giordano Bruno, som la fram teorien om eit uendeleg univers. Det har vore påpeikt at Bruno ikkje hadde høve til å underbyggje teorien med innsamling av informasjon i si eiga samtid, og han endte på bålet som kjettar. Men han hadde rett, synte det seg. Stundom kan det syne seg at ein av dagens «konspirasjonsteoretikarar» slumpar til å ha rett på same vis, og han lid same lagnad som Bruno (sjølv om han ikkje nett endar på eit kjettarbål). I dag er den «kompakte majoriteten» sterkt oppteken av at avvikande informasjon om aktuelle politiske hendingar ikkje skal koma for dagen, av di desse informasjonsbitane kan svekke den «offisielle hypotesen». Men ein journalist er ikkje ein vitskapsmann – langt derifrå. Og sett i lys av regelen om den metodiske tvilen, er det mange i offisielle fora som forsyndar seg, ved å syne ei kolsviartru på eit av fleire moglege handlings- eller hendingsforløp. Det er rett og slett ikkje lov å tvile.

Her lyt eg skyte inn at i vanleg vitskapleg terminologi er det skilnad på teori og hypotese, og definisjonen av «hypotese» (Noko som er framsett for å forklara eller forutseia noko, og som krev

grunngjeving eller undersøking), ligg nærare det vi til dagleg forstår ved ordet «konspirasjonsteori» enn ordet «teori». Bruken av ordet teori i denne samanhangen er dermed nytta i folkeleg snarare enn i strengt vitskapleg forstand. Ein teoretikar er til vanleg det motsette av ein praktikar – av di det til vanleg er sett eit skilje mellom teori og praksis. Slik sett er ein «teori» ofte rekna som «bakgrunnskunnskap eller lære om eit emne». Ut frå denne tanken er «konspirasjonsteori» ikkje anna enn «den teoretiske læra om konspirasjonar», slik «musikkteori» som emne tek opp problem kring «korleis skrive og lesa musikk», eller «vitskapsteori» drøftar vitskapleg metode. «Konspirasjonsteori» skulle dermed, som nemnd, vera eit emne for drøfting av konspirasjon som metode – men dette ser ut til å liggje under fagemnet statsvitskap, der ein studerer politikk.

Før vi går vidare vil eg minne om at teori og hypotese elles er knytte tett saman reint språkleg (slik at om ein slår opp på det eine, får ein det andre som synonym). Skilnaden er at ein «hypotese» har eit snevrare bruksområde.

Det er viktig å skilja mellom plausible hypotesar, tufta på vitskapleg vurdering, framkomne data og informasjonsbitar, og «ville» hypotesar, som er tufta på synsing, overtru og generell skepsis. Til dei første soknar tvilen kring drapet på Kennedy, eller den lange debatten om 11/09-katastrofen. Til dei siste høyrer tanken om at månelandinga var forfalska, at jorda er flat, eller at reptilar styrer verda. Men viftinga med dei ville hypotesane svekkar truverdet til dei plausible teoriane. Eit typisk maktgrep i ein diskusjon om «den plausible hypotesen», er å trekkje fram «dei ville hypotesane», som om desse to er to sider av same sak. Det er i røynda lettare å framskaffe prov på «konspirasjonen mot Kennedy» enn det er å prove at «jorda er flat».

Tankekrossen i det siste tilfellet er at dei som freista, gjennom skir vitskapleg observasjon, på å prove at jorda gjekk rundt sola, vart sperra inne og overvaka, skulda for sjuk spekulasjon av ei kyrkjeleg makt som nekta å akseptere fakta. I dag kunne ein seia at ein mann som Galilei, eller Giordano Bruno, ville fått taleforbod på grunn av ein «konspirasjonsteori» han ikkje gav seg på. At Galilei hadde data å vise til, kunne ein i dag ha avfeid som «cherrypicking», altså at Galilei hadde samla nett den informasjonen som gagna den oppfatninga han hadde. På dette grunnlaget kan ein i røynda delegitimere store mengder akseptert vitskap og innsamla data. Kven er det som gjer nett det no om dagen? Jo, dei som er tilhengjarar av «ville» teoriar, til dømes om vaksinering. Av dette er det vanskeleg å slutte anna enn at ei mengd med menneske ikkje veit kva dei skal tru lenger, og dermed sluttar seg til dei villaste av konspirasjonsteoriane. Den historiske bakgrunnen i nett dette sertilfellet, er truleg at kjemisk industri, tobakksindustri og annan næringsindustri i ei årrekkje har arbeidd målretta for å skaffe til vegar «fiksa» vitskapleg informasjon, for å leggje til rette for sal av sine produkt (her er til dømes tobakksindustrien ein stor syndar). Dette har «vanlege folk» fått med seg, og deligitimerer dermed vitskaplege resultat endå meir av di dei har mist trua. I denne diskusjonen ligg i røynda kampen for «den uhilda forskinga», og tanken om at vitskaplege ideal er (eller burde ha vore) hevja over snevre økonomiske interesser. Ironien er at misbruk av vitskap for eiga vinnings skuld fører til meir oppslutning om serlege konspirasjonsteoriar hjå menigmann.

Poenget mitt? At ein konspirasjonsteori, som alle andre hypotesar, kan syne seg å halde stikk, eller ikkje, avhengig av det innsamla materialet som kan stadfeste eller avkrefte hypotesen. Når det er snakk om å innføre «konspirasjonsteoriar» som emne i skulen, kan dette lett gjerast gjennom bruk av vanleg vitskapsteori og kjennskap til deduktiv metode. Og om no den kompakte majoriteten er leidd av den gamle Per Degn, som kunne imponere dei ulærde med den veike latinkunnskapen sin, er det likevel viktig å hugse på at Erasmus Montanus hadde rett i at jorda var rund, same kor mykje juling han fekk (sjølv om han laut avsverja det for å få fred for storborgaren Hieronimus).

Vil du være med på å utvikle den kritiske og uavhengige journalistikken? Klikk her eller bruk konto 9001 30 89050  eller Vipps: 116916

Forrige artikkelOslopolitiet henla 55.448 saker i 2018, men vil etterforske dine indre følelser.
Neste artikkelOberoende journalister ger motbilder från Syrien