USA fantaserer om en begrenset kjernefysisk krig

0
Etter at atombombene har falt. Illustrasjon: Shutterstock.

Av Alfredo Jalife-Rahme, La Jornada, Mexico.

Krigen i Syria har vist at når det kjem til konvensjonelle våpen, så er ikkje US Armed Forces lenger høgste autoritet. No er det Russland som har kontrollen. Moskva har introdusert ein ny ressurs inn i krigsmørket: den siste generasjonen hypersoniske nukleære bærerakettar. Desse vil nok gi Russland eit forsprang over USA på området atomkrig. Uvillige til å hamne i bakevja, og i eit forsøk på å ta igjen det tapte, har Pentagon til hensikt å dra nytte av – så lenge dei kan – si kvantitative overmakt til å dytte sine val på Russland og Kina.


Oversetting: Monica Sortland. Publisert først i Norge på Derimot.no


Mektige Council on Foreign Relations sitt tidsskrift Foreign Affairs, har nyss brutalt eksponert den gåande debatten kring ein atomkrig som USA kunne la slå ut mot Russland og Kina.

Først er det artikkelen til Elbridge Colby, ein av hovudarkitektane bak Pentagon sin National Defense Strategy. Denne proklamerer slutten på krigen som no blir ført mot terrorisme, og starten på «konkurransen mellom dei store maktene». Mottoet er: «om du vil ha fred, førebu deg på atomkrig: ein strategi for ei ny rivalisering mellom supermaktene.»

Elbridge Colby: If You Want Peace, Prepare for Nuclear War

Colby, Joint Under Secretary med ansvar for «Strategi for og utvikling av styrkane», seier: «all komande konfrontasjon med Russland og Kina kan bli kjernefysisk» dersom «nokon av partane, under eit slag som blir tøffare og meir uvisst, skulle la seg freiste til å dra atomsverdet sitt for å konfrontere utfordringa, teste motparten si handlekraft, eller til og med berre halde kampen i gang».

Ifølge Colby er at den beste måten å unngå kjernekrig på å «førebu seg på å levere ein avgrensa ein» (sic); og «USA står klare til å framføre effektive, avgrensa nukleære operasjonar» (sic).

André Damon frå den trotskistiske nettsida WSWS granskar Trumps trussel om å trekke USA frå INF-avtalen (Intermediate-Range Nuclear Forces Treaty, avtale om kjernefysiske mellomdistanserakettar), som forbyr USA og Russland å utvikle missilar med ei rekkevidd på mellom 500 og 5500 km.

Damon meiner at Trump sine truslar utgjer ein risiko for «liva til millionar av folk i Europa og aust-Asia», når han planlegg sin «krysseld mot Beijing og Moskva». Og USA legg ikkje lenger skjul på sitt ønske om å «bruke atomvåpen i kampane sine», der målet – å overvinne «motstandarane» – heilagar alle middel.

Damon argumenterer for at «slike planar blir lagde i løyndom», med medverknaden til New York Times og Det demokratiske partiet «som har halde nesten heilt stille om konsekvensane og faren for ein verdskrig».

George Shultz, den mektige utanriksministeren under Republikanaren Ronald Reagan var USAs president, «forsvarar» INF: «vi må verne om denne atomavtalen».

Shultz seier at «atomvåpen utgjer ein trussel mot verda», og han gir seg i kast med å unnskulde Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov, då dei som Republikansk president og leiar for det tidlegare Sovjetsamveldet respektive, underteikna avtalen i 1987.

Han kritiserer Trump sine truslar om å gi opp INF, truslar baserte på påskottet at Russland har brote avtalen. Schultz nyttar høvet til å invitere andre land til å underteikne avtalen, og til å stå imot USA si freisting om å utvikle nye typar dødelege våpen; han legg fram forslag om, som første steg, eit møte mellom ekspertar frå USA og Russland «for å diskutere moglege avtalebrott».

Trass stor skepsis på den tida avtalen vart underskriven, gjer George Schultz merksam på at «omfattande inspeksjonar in situ vart utførte for å verifisere at alle forbodne missilar hadde blitt eliminerte.» I 1992 vart «nesten 2700 missilar øydelagde».

Schultz siterer noko viktig som Vladimir Putin sa for eit år sidan: «Dersom nokon spurte meg om atomnedrusting er mogleg, ville eg svare ja, det er det. Ønsker Russland ei univerell atomvåpenavvikling eller ikkje? Svaret på dette er også ja, Russland ønsker det og vil jobbe for det».

The Nuclear Posture Review bringer atomkrigen mye nærmere

Schultz minnast at han i sin Revisjon av USAs atomvåpenposisjon, publisert i februar i fjor, sa: «USA vil halde fram med å gjere ein innsats for å støtte global utrydding av nukleære, biologiske og kjemiske våpen. USA har redusert sine nukleære reservar til 85% av det dei hadde under Den kalde krigen og har ikkje levert ny kjernefysisk kapasitet på over to tiår». Den tidlegare utanriksministeren under Ronald Reagan konkluderer med at «no er det ikkje tida for å bygge store arsenal med atomvåpen. Det er på tide å eliminere denne trusselen frå verda.»

Det verste ville vere å tru at Russland og Kina kjem til å vente med armane i kross.

 

 

– Hvem lot Dr. Strangelove skrive The Nuclear Posture Review?

Begrepet angrep og forberedelser til kjernefysisk krig?

Den farlige illusjonen om å vinne en verdenskrig

 

Bli med på å styrke uavhengig og kritisk journalistikk. Klikk her.

Forrige artikkelPrivatisering av jernbanene i Storbritannia koster skattebetalerne 5 milliarder pund i året
Neste artikkelMacron: – Vi trenger en europeisk hær for å forsvare oss mot Kina, Russland – og USA