Melding til NVE

0
Fra folkemøtet i Tana. Foto: Svein Lund.
Svein Lund

Av Svein Lund.

Dette opne brevet til NVE er skrive som reaksjon på eit folkemøte om vindkraft i Tana i Finnmark. Det kan best lesast etter tilsvarande ope brev til utbyggaren, publisert her; «Melding til Grenselandet AS», Etter møtet, eller kanskje snarare konfrontasjon i Sirbmá, skreiv eg eit lite skriveri under tittelen «Melding til Grenselandet AS». Blant dei bortimot hundre reaksjonane eg har fått vil eg sitere ein: «Takk, Svein. Du har klart å formidle frustrasjonen, fortvilelsen og sinnet vi føler.» Så langt har eg ikkje mottatt noko reaksjon frå Grenselandet.


Etter møtet, eller kanskje snarare konfrontasjon i Sirbmá, skreiv eg eit lite skriveri under tittelen «Melding til Grenselandet AS». Blant dei bortimot hundre reaksjonane eg har fått vil eg sitere ein: «Takk, Svein. Du har klart å formidle frustrasjonen, fortvilelsen og sinnet vi føler.» Så langt har eg ikkje mottatt noko reaksjon frå Grenselandet.

I lag med Grenselandet sat også NVE i høgsetet på møtet. Derfor trengs det og ein del 2.
Kven er NVE? Det er eit direktorat, underlagt olje- og energidepartementet, og altså ein del av den statlige forvaltninga. Blant mange oppgåver skal dei sikre ei «samla og miljøvennlig» energiforvaltning.

Så kjære NVE. No skal vi ta dykk på ordet og tru dykk på at de ønsker ei miljøvenlig forvaltning, sjølv om de ikkje klarte å få dette så veldig godt fram på dette møtet. Vi skal legge til side historia, og gløyme at de tidlig på 1970-talet var ein pådrivar for å få reist kjernekraftverk i Noreg og litt seinare for gjennomføring av Alta kraftverk, det kraftutbyggingsprosjektet i norsk historie som har møtt størst motstand. Vi skal i staden sjå på den situasjonen de står i no, guhkin Davvin, i Grenselandet mellom grøn kraft og grå betong, mellom naturmangfaldet og den lyse grøne elektriske framtida. I grenselandet mellom Grenselandet, som utan løyve brukar samiske symbol på selskapet og kaller prosjektet for Davvi, men som ikkje ein gong forstår samisk tale når dei får han omsett til norsk, og den framleis reelt eksisterande samiske kulturen, som de hadde gleda (?) av å få sjå nokre glimt av i Sirbmá. Om kva de i dette grenselandet skal gjøre seier Wikipedia: «NVE skal sikre at det er redegjort for alle sider av sakene, og at det kan fastsettes et vedtak der fordeler og ulemper er vektet opp mot hverandre.»

De har utvilsamt lang røynsle i å telle kilowattimar og lage kraftprognoser. Nokre av oss er så gamle at vi hugsar de laga slike prognoser på 1970-talet. Dei viste at kraftsituasjonen i Finnmark var så katastrofal at om ikkje Altaelva blei utbygd og Máze lagt under vatn, så ville vi stakkar ikkje lenger ha straum til kjøleskapet og komfyren og måtte gå tilbake til vedkomfyr og nøye oss med å høre batteriradio. At prognosene var opp som ein ulv og ned som ein skinnfell kan vi forbigå i stillhet. La oss no seie at de har kompetanse på å telle TWh, vindturbinar, kraftmaster, tippe kraftprisar og potensielle inntekter til både den eine og den andre, sjølv om sjansene for å bomme er minst like store som dei var på 1970-talet.

MEN: Å vekte fordeler og ulemper føreset vel å kjenne begge sider? Da undrar eg meg over kva kompetanse de har på vegne av naturen til å avgjøre kva som blir verknadane av at ekte natur er i ferd med å bli borte, av at mengden med insekter og fuglar går katastrofalt tilbake og at vi forgiftar både jord, vatn og luft. Eg lurar på kva kompetanse de har til å veie tapet når den samiske kulturen og det samiske språket blir borte? Reindriftskulturen og samekulturen blir ikkje borte av seg sjølv, han blir drept. Dette har de bidratt til før, med Altautbygginga. Da klarte samekulturen langt på veg å reise seg igjen. Når den siste vidda er lagt under oppdemte vatn og vindturbinar, når dei siste fjordane er forgifta av oppdrett og gruvedeponi vil han ikkje lenger ha noko grunnlag å reise seg på. Tilbake til møtet i gymsalen på den sterkt nedleggingstruga Sirpmá skuvla. Formelt satt vi i salen overfor to partar med totalt forskjellige roller. Grenselandet er det private selskapet som vil tene pengar på kraftutbygging og som ikkje har anna å ta omsyn til enn eiga pengebok. På andre sida har vi den ansvarlige forvaltningsinstitusjonen som skal sørge for at all kraftubygging er sikker og miljøvennlig før nokon får løyve å sette i gang.

De må ha meg unnskyldt, men da vi satt der hadde i alle fall eg vanskelig med å sjå det store skiljet. NVE har også eit oppdrag frå departement og regjering, det er å sørge for ei kraftig utbygging av vindkraft i Noreg. Det har ikkje mangla på initiativ til vindkraftanlegg. Ei mengde selskap frå inn- og utland har sett seg ut norske nes, åsar og fjellvidder der det kan vere plass til vindturbinar. I mange tilfelle har ingen i desse selskapa sett sine bein på desse plassane før, men pytt, kva betyr det? Liksom i mineralutvinninga gjeld her «første finners rett». Ikkje retten til dei som først fann naturverdiane eller beiteverdiane i området, eller først slo seg ned her, men til dei som først fann på at dette kunne utnyttast kommersielt.

På møtet blei det brukt eit ord frå salen: «rettighetshavere». Kven er det? Jo det er brukarar av området. Reinbeitedistrikta er rettighetshavere, bygdefolk er rettighetshavere og Sametinget er det på vegne av heile det samiske folket. Rettane er bygd på alders tids bruk. Er Grenselandet AS, som blei stifta for få år sidan og i historisk samanheng kom hit i går, ein rettighetshavar?

Dei neste fem vekene skal vi få skrive høringsuttalar til ei Melding skrive av Grenselandet AS. Det er denne vi skal uttale oss på grunnlag av. Kva med den andre sida? Er det skrive noko melding på vegne av naturen, på vegne av reindrifta eller på vegne av den samiske kulturen? Er det skrive noko melding på vegne av framtida?

Når høringsuttalane er skrive, eller allereie før, skal Grenselandet sitt innleigde konsulentselskap Multiconsult skrive ei konsekvensutgreiing (KU). Denne skal konkludere at fordelane er større enn ulempene, at reinen ikkje skyr vindturbinar og at det vil vere nok å betale reineigarane ei lita erstatning for absolutt netto minimum beitetap. På det grunnlaget skal kommunar, reineigarar, naturvernarar og alle andre få uttale seg. Kva har så den andre parten å stille opp med? Kven betaler ei utgreiing frå reinbeitedistriktet, naturvernarane, lokale bygdefolk som brukar område til jakt, fiske og friluftsliv? Ingen betaler dei eit øre, verken for å studere utgreiingane frå utbyggar eller for å skaffe seg motekspertise og slå i bordet med. Den eine parten har pengane og den andre må jobbe gratis på fritida. Mellom desse to partane skal så NVE balansere, ut frå eit materiale utarbeida etter oppdrag og instruksjon av den parten som ikkje har rettar i området, men kom hit i går og reiser i morgon.
Så kjære Norges vassdrags- og energidirektorat: Når de no skal veie er det første vilkåret at de forstår at den eine parten har eit stort økonomisk og forvaltningsmessig overtak, men den andre parten har ei fortid og ein rett til ei framtid. Og hugs at konsekvensutgreiingar kan kjøpast, men forståing kan ikkje kjøpast. Den må ein ta seg tid til å tileigne seg. Lukke til!

Svein Lund
Leiar Naturvernforbundet i Ávjovárri og framleis lærling i samisk naturbruk.

 

 

KampanjeStøtt oss

Start diskusjonen på forum.steigan.no