Revolusjonen i Rojava

18
Erling Folkvord

Av Erling Folkvord.

2012-revolusjonen i Rojava starta bygginga av ei samfunnsording som er ulikt alt anna i Midt-Austen. Rojava er namnet på dei områda i Nord-Syria der kurdarane er i fleirtal.

PYD (Det demokratiske einskapspartiet) slutta seg ikkje til opprøret mot president Assad lenger sør i landet i 2011. Medleiar Salih Muslim i PYD hevda den gongen at maksimum ein tredjedel av befolkninga kom til å støtte ein av partane. Det store fleirtalet kom berre til å bli krigsoffer.

Sommaren 2012 var Assad og regjeringa i Damaskus svekka både militært og politisk. Og befolkninga i Rojava fann seg ikkje lenger i å bli styrt og undertrykt på den gamle måten. PYD, som vart oppretta i 2003,  hadde drivi ideologisk folkeopplysning i mange år. Partiet har same ideologi som PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet). PYD hadde og folk med våpen og  greip sjansen som var der i juli 2012. Dei utnytta situasjonen og ga Assad sine menn eit ultimatum: Forlat Rojava innan 24 timar – utan våpen.

Maktovertakinga gjekk i hovudsak fredeleg for seg. Regjeringsstyrkane gjorde motstand berre nokre få stader. President Assad brukte flyvåpenet i Serê Kaniyê, ein by som er omtrent like stor som Moss. Eg har sett bombekratera i eit av boligområda der.

PYD vil ikkje opprette ein kurdisk stat. Dei vil heller ikkje dele opp Syria. Ut frå dette er det logisk at dei let den syriske regjeringa ha kontroll over flyplassen og ein del av Qamishlo, den største byen i Rojava.

PYD har høgare mål enn å skifte ut Assad: Frå fridomen i Rojava til eit demokratisk, føderalt Syria. Denne parolen for ein demokratisk revolusjon i heile landet er noko heilt anna enn dei ulike måla USA-koalisjonen og diverse jihadist-grupper slåst for. USA vil erstatte Assad med eit regime som tar ordre frå Washington. USA har aldri kjempa for demokrati i Midt-Austen.

Erling Folkvord i Rojava

Eit nytt samfunn veks no fram i Rojava. Det kan bli ein modell både for folka i resten av Syria og i andre statar i Midt-Austen: Ei sekulær samfunnsordning med eit tverrkulturelt folkestyre der kvinner skal ha like mykje makt som menn. Da er kvinnekvotering utilstrekkeleg. Medleiar-ordninga er eit langt steg framover: Ei kvinne og ein mann deler leiarvervet. Det gjeld internt i PYD, i mange andre sivile organisasjonar og i dei folkevalde organa.

Heile Midt-Austen er ein mosaikk av kulturar, språk og religionar. PYD legg særleg vekt på at dei ikkje-kurdiske folka skal ha plass i styringsorgana: Arabarar, turkmenarar, assyrarar, tsjerkessarar, armenarar, for berre å nemne nokre. Eitt eksempel: Kurdiske Hedya Yosef og arabiske Mensur El-Selum er likestilte medleiarar i Føderasjonen Nordlege Syria. Dette er eit større område enn Rojava og omfattar store område der dei fleste er arabarar.

Mest muleg av makta skal ligge nederst. Med norske begrep ville vi kanskje sagt grendeutval eller kvartalskomitear og at dei utviklar eit folkestyre nedafrå. Ein utlending som korkje snakkar kurdisk eller arabisk, kan i begrensa grad vurdere kva slags makt desse organa har i kvardagen.

Men ein ting er sikkert: Rojava-modellen skaper samhald og gir den tverrkulturelle befolkninga så mykje makt og sjølvtillit at fleire enn president Assad blir skremt. President Erdoğan i Tyrkia, kong Salman i Saudi-Arabia og Tamim, den 37 år gamle emiren i Qatar, ser det nye Rojava som eit trugsmål. Presteregimet i Iran, president Trump i USA og mange andre statsleiarar ser det på same måten.

Folkestyret i Rojava, har derfor mange fiendar. Den militære alliansen dei akkurat no har med USA mot IS (Islamsk Stat), endrar ikkje dette. Jonathan Cohen, som er talsmann for det amerikanske utanriksdepartementet, sa nyleg at dette er eit taktisk og mellombels samarbeid i kampen mot IS. Fordi USA ikkje fann andre som kunne føre bakkekrig mot IS.

President Erdoğan  har støtta IS i mange år for at dei skulle øydelegge Rojava. Da IS mislyktest, sende han i august 2016 den tyrkiske hæren over grensa til Syria med eit tydeleg oppdrag: Øydelegg samfunnsordninga i Rojava. I dag okkuperer Tyrkia eit område like stort som Vestfold. Ingen bør undrast over at amerikanske fly var med og beskytta invasjonsstyrken. USA har jo i meir enn 30 år gitt militær og politisk støtte til den krigen ulike tyrkiske regjeringar har ført mot kurdarane.

For nokre veker sia møtte eg medleiar Leyla Mustafa ved Rojava sitt representasjonskontor i den kurdiske delen av Irak. Da eg spurde om det militære samarbeidet med USA, svara ho mellom anna:

«Den største feilen tidlegare kurdiske leiarar har gjort, er at dei har stolt på USA og Russland. Rojava har lært ei lekse av dette. Det er greitt å ha relasjonar til andre land. Vi ønskjer det. Men dei skal ikkje styre oss. Derfor snur vi aldri ryggen til dei. Vi stoler på folket vårt, ideologien vår og dei avgjerdene vi sjølv tar.»

Folket i Rojava hadde rett til å gjere opprør i 2012. Steg for steg bygger dei ei ny samfunnsordning. No forsvarer dei det nye samfunnet mot mange og mektige fiendar.

Dei treng støtte – og dei fortener det.

 

Erling Folkvord, medlem i Rødt.

Først publisert som kronikk i Klassekampen.

KampanjeStøtt oss

18 KOMMENTARER

    • Fint at vi er enige på dette punktet. Og eg meiner vi kan føye til England, Frankrike, Russland og mange andre.

  1. Folkvord sier ::—–«Eit nytt samfunn veks no fram i Rojava. Det kan bli ein modell både for folka i resten av Syria og i andre statar i Midt-Austen: Ei sekulær samfunnsordning med eit tverrkulturelt folkestyre der kvinner skal ha like mykje makt som menn. Da er kvinnekvotering utilstrekkeleg»…..

    Syria idag er en sekulær stat hvor kvinner, minoriteter,har samme rettigheter. f.eks- presidenten i parlamentet er kvinne. En høytstående general er kvinne.Det er kun president Al-Assad som er allawit i regjeringen, ministerne kommer fra en rekke minoriteter, politiske og religiøse.( kona til Al-Assad er sunnimuslim). Kurderne i Syria har hatt mange ledende posisjoner. President Al-Assad har ofte1456 møter med representanter for kurderne om deres situasjon.896656

    Videre skriver Erling Folkvord «Mest muleg av makta skal ligge nederst. Med norske begrep ville vi kanskje sagt grendeutval eller kvartalskomitear og at dei utviklar eit folkestyre nedafrå. Ein utlending som korkje snakkar kurdisk eller arabisk, kan i begrensa grad vurdere kva slags makt desse organa har i kvardagen».
    Dette kunne vært tatt rett ut av partiprogrammet til AKP på 70.tallet.

    Det som overrasker meg er denne ‘kurderomaniteringen’ blant folk på venstresida. På den ene side skal kurderne ikke ha en egen stat, kun en føderasjon innen den syriske nasjonalstaten. På den andre siden skal de ta avstand fra den samme nasjonalstaten…Så, hvordan har så kurderne løst dette og som Erling Folkvord underkommuniserer? Kurderne ønsker altså kun en føderasjon, men sloss mot den syriske hæren som nettopp kjemper for å beholde nasjonalstaten innen gjeldende grenser. Den syriske befolkningen ser på kurderne som quslinger. De går til sengs med fienden- USA og Israel når det passer. Kurdere i Syria er ikke ‘syrere’, de har kommet fra Tyrkia fordi de har trengt beskyttelse fra forfølgelse i Tyrkia. De har bodd relativt sett kort tid i Syria. Hva med kurderne i Iran, Irak, Tyrkia? Skal også disse få egne føderasjoner i disse landene?

    Kurderne er de store taperne i krigen i Syria (og i Irak). Å krige sammen med USA og IS mot landet som forsvarer dem, er ikke annet enn forræderi. Man kan ikke kjempe mot IS sammen med USA som bruker IS som leiemordere for å nettopp splitte opp Syria med mål å få en evigvarende sekterisk krig, noe også Israel kjemper for ved bruk av IS. Da er det er ikke lenger noen ‘sak’ man har støttet, man har støttet at kurderne vil forsvinne som en minoritet. Syria vil få et islamistisk styresett- styrt av små kalifater, med ‘Bagdadier’ som kalifer.

    Det er synd at venstresida har gått seg vill og ikke kan se at kurderromantiseringen langtfra gavner kurderne, snarere tvert i mot.

    • Jeg tror du er inne på noe her. Jeg har også stusset på dette. Det er mye blant kurderne som ikke er bra også, og de har ofte samarbeidet med amerikanerne.

      • Når du skriv at «det er mye blant kurderne som ikke er bra», minnar det meg om den første samtalen eg i 1995 hadde med den daverande PKK-leiaren Abdullah Öcalan. Han sa at at PKK maksimalt brukte 5-10 prosent av ressursane sine til å slåst mot den tyrkiske hæren. Dei andre kreftene brukte dei i arbeidet for å endre det som var dårleg i kurdisk kultur og tradisjon. Öcalan framheva særleg det tradisjonelle synet på kvinner.

    • Eg vil først seie litt generelt om spørsmål som fleire har tatt opp, og så kommentere kvart enkelt innlegg. Dette blir dessverre svært laaangt, men eg håper ein og annan orkar å lese.

      «Kurderne» eller ulike kurdiske parti og organisasjonar i fire ulike statar?

      Eg meiner det blir feil å seie at «kurderne» står for same standpunkt eller har hatt og har den same rolla i dei imperialistiske omfordelingskrigane som har herja Midt-Austen i mange tiår. USA , Tyrkia, Saudi-Arabia, Qatar, Iran og Russland er vel dei største aktørane. Dei deltar i eller finansierer krigane i Irak, Syria og Jemen. Og Norge er med, både i Syria og i Irak.

      Når gir det meining å snakke om «kurderne»?

      «Kurderne» er eit folk som truleg er rundt 40 millionar. Ingen har eit sikkert tal. Dei fleste bur i det samanhengande området med kurdisk fleirtal. Dei siste hundre åra har dette fleirkulturelle området vori delt mellom fire statar.

      Oppsplittinga var ein del av England og Frankrike si oppdeling av Midt- Austen etter første verdskrigen. Det starta med Sykes Picot-avtalen i 1916. Med god grunn er Sykes Picot framleis eit skjellsord i Midt-Austen. Denne oppdelinga er «Roten til det onda», for å låne eit presist uttrykk frå den svenske eks-diplomaten Ingmar Karlsson.

      «Kurderne» i dei fire statane har mange politiske parti med svært ulike standpunkt. Minst like store politiske skilnader som mellom FrP og Raudt i Norge. «President» Mesud Barzani i Den kurdiske regionen i Irak har for eksempel eit tett samarbeid med president Erdogan i Tyrkia, både politisk, økonomisk og militært. Samtidig gjennomfører Tyrkia kvar veke militære åtak på Rojava (det sjølvstyrte kurdiske området i Nord-Syria).

      Det er mange eksempel på at «Kurderne» har ulike rollar. Innbyrdeskrigane på 1990-talet mellom dei to store kurdiske partia i Irak er eit av eksempla.

      For eller mot ein kurdisk stat?

      Ingen av dei store kurdiske partia er for å opprette ein kurdisk stat som omfattar heile Kurdistan. Verken i Iran, Tyrkia eller Syria er det kurdiske parti som vil bryte ut av den staten dei i dag høyrer til.

      «President» Barzani skiljer seg ut ved at han agiterer for at Den kurdiske regionen i Irak skal bryte ut av Irak og bli ein ny stat som han vil kalle Kurdistan. Det ligg i korta at dette i så fall vil vere ein del av ei USA-styrt oppdeling av Irak. Barzani tar aldri med seg dei andre tre delane av Kurdistan i agitasjonen sin. Ei anna sak er at både USA, Iran og Tyrkia i dag seier nei til den staten Barzani agiterer for. Og i ei stor sak har Barzani knapt nokon gong gått på tvers av signala frå Washington.

      PYD (Det kurdiske einskapspartiet i Syria) og PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet) agiterer prinsipielt mot å opprette ein ny stat.

      Likevel gjentar president Assad i Syria, president Erdogan i Tyrkia og prestestyret i Iran at kurdiske parti og kurdiske militære styrkar i dei to landa vil opprette ein ny stat, eit «Stor-Kurdistan».

      Alliansar med stormaktene.

      I alle fall sia 1945 har ulike kurdiske leiarar satsa på hjelp frå stormakter – og har enda opp med å svikte sitt eige folk.

      Eit par eksempel:

      Dei som i 1946 oppretta Repulikken Kurdistan rundt byen Mahabad i Iran, satsa på hjelp frå Sovjetunionen og Stalin. Nokre av dei brukte i 1945 slagordet: «Lenge leve Stalin, de små nasjoners befrier». Dette viste seg fort å vere skivebom frå feil standplass.

      Kurdiske leiarar i Irak satsa i 1972 på USA-finansiert våpenhjelp frå Israel. Våpna vart levert via det sjah-styrte Iran. Klan- og partileiar Mulla Mustafa Barzani sa i 1973:

      «Jeg stoler på Amerika. Amerika er et for stor makt til å forråde et lite folk som kurderne.»

      Dette vart ein ny skivebom. Etter eit knusande nederlag oppsummerte Barzani fire år seinare:

      «Jeg kunne ha forhindra den katastrofen som rammet mitt folk, viss jeg bare ikke hadde stolt helt og fullt på Amerikas løfte.»

      Han som som i dag kallar seg president i Den kurdiske regionen i Irak, er sonen til Mulla Mustafa Barzani. Det ser ikkje ut som han har lært alt for mykje av faren sine mistak.

      Det er fleire slike eksempel. Og mange stiller i dag spørsmålet om alliansen mot IS som Rojava sia 2014 har hatt med USA, vil bli eit nytt eksempel.

      Leiarane i PYD (Det demokratiske einskapspartiet) seier dei har lært ei lekse av tidlegare feil og at dei verken stolar på USA eller Russland, sjølv om dei har fått og får hjelp frå begge i krigen mot IS.

      Eva Thomassen (ET)skreiv 8. juli 2017 mellom anna:

      «Syria idag er en sekulær stat hvor kvinner, minoriteter, har samme rettigheter (…)»

      Kommentar: Er det ikkje da litt rart at oppheving av mannens rett til å ha inntil fire koner var ei av dei første lovendringane etter 2012-revolusjonen i Rojava? Det finst både kurdiske og arabiske menn som synst dei mista ein viktig rett.

      ET skriv og at «Kurdere i Syria er ikke ‘syrere’, de har kommet fra Tyrkia fordi de har trengt beskyttelse fra forfølgelse i Tyrkia».

      Kommentar: Dette er det argumentet den syriske regjeringa brukte da dei i oktober 1962 oppheva det syriske statsborgarskapet for meir enn 100 000 kurdarar. Etterkommararne vart statslause frå fødselen. Ei syrisk kvinne som gifta seg med ein statslaus, mista sjølv statsborgarskapet.

      For å unngå krig eller forfølgjing har fleire folkegruppar reist – eller flykta – på tvers av dei stormaktsdikterte statsgrensene i Midt-Austen. Ein kan diskutere kor lenge ein person – eller ein familie – må bu i eit land for å få rett til statsborgarskap. I Norge er denne grensa på sju år. I 1962 kravde syriske styresmakter at kvar enkelte kurdar måtte bevise å ha budd i Syria i alle fall sia 1945. Dvs i minst 17 år.

      Ei gruppe syriske advokatar som representerte åtte politiske fangar, skreiv mange år seinare: «Tusenvis av mennesker gikk til sengs som syriske statsborgere, bare for å våkne opp neste dag for å finne ut at de ikke lenger hadde noe statsborgerskap.»

      Ungar som i 1962 vart fødd av statslaus kurdisk mor, var 49 år da president Assad i 2011 ga dei rett til å søke om statsborgarskap.

      ET skriv og at «Den syriske befolkningen ser på kurderne som quislinger».

      Kommentar: I Syria har det vori skarpe konfliktar mellom delar av den arabiske befolkninga og delar av den kurdiske befolkninga frå lenge før den første Assad vart president i 1971. Eg tvilar likevel på at heile den ikkje-kurdiske befolkninga i Syria «ser på kurderne som quislinger.»

      Om Eva har rett, syns eg det er rart at såpass mange turkmenarar, jezidiar og stadig fleire arabarar no sluttar seg til Syrian Democratic Forces (SDF) som slåst mot IS i områda nord og vest for Eufrat.

      Til slutt skriv ET: «Det er synd at venstresida har gått seg vill og ikke kan se at kurderromantiseringen langtfra gavner kurderne, snarere tvert i mot.»

      Kommentar: Eg er samd i dette, sjølv om eg ikkje trur at heile den såkalla «venstresida» driv med slik romantisering. Solidaritet med eller avstandtaking frå ei frigjeringsrørsle bør etter mitt syn bygge på undersøking av fakta. Eg støttar derfor ein del kurdiske organisasjonar og er djupt usamd med andre.

    • Eva Thommesen gir her i kommentarfeltet opplysende redegjørelser om syriske maktstrukturer og kjønnslikestilling. Jeg synes hele Evas innlegg er interessant, men har lyst til å ta litt tak i dette om Folkvord og venstreside.

      Eva gir oss opplysninger om syriske samfunnsstrukturer, opplysninger som aldri settes fram av de kreftene som i nykolonial begeistring fremmer sine interesser i Syria og ellers i verden, man «glemmer» å beskrive det samfunnet man vil endre.
      Det er trist at også selvdefinerte venstreside-aktører (jeg bruker politiske sidebegrep i vanlig fransk revolusjonstids demokratispekter) som Folkvord heller ikke søker å ha orden i lintøyskapet, men skyver det som ikke er hans bakerst og legger sitt forrerst. Som Eva Thommessen påpeker bruker han talemåter som antyder at Rojava-prosjektet har oppdaget både likestilling og etnisk og religiøs frihet i Midtøsten (Syria), samt demokrati. Syria har allerede og tilstreber videre utvikling av strukturer som Folkvord hevder er hans gruppes «oppfinnelser» for regionen. Kanskje er det litt upresist skrevet av ham, men kanskje mener han det faktisk. I så fall er det uredelig å fremme en sak som om den er unik og selvprodusert. Som venstresideperson slipper man heller ikke unna å stå til ansvar for plagiat eller fordreiinger. Som lenge engasjert med kurdere burde Folkvord ha lært seg ett og annet om både system og historie i de landene kurderne er statsborgere i.
      Eva mener å oppdage likheter mellom AKP-ML sine program på 1970-tallet og Folkvords beskrivelse av Rojavamaktens styringsidé. Men demokratier på lave nivåer og lokale selvstyrer er ikke noe nytt hverken for Rojava eller AKP-ML anno 1970-tallet. Etter 2. verdenskrig var det faktisk store brudd med overklasse- og elite-styresett som var hevet over folk og grasrot, og mange av bruddene kom mellom 1950- og 1970-tallet. Jeg skjønner at Folkvord mener at Rojava-teorien søker en struktur der alle må delta for at beslutninger om dem selv skal kunne fattes, men i norske kommuner med få innbyggere har deltakelse vært gangbar mynt lenge. Selv i Oslo gjelder det å møte opp på bydelsstyremøter, og melder du din sak eller ønske om å snakke etter reglene får du taletid og saken må behandles og avgjøres uansett hvor lang tid/mange møter det måtte ta. I min bydel har folk lagt om busstraséer, stanset bygg- og eiendomsspekulasjon og bevart sports- og lekeplasser for å nevne bare noe. Vanlig kommunepolitikk kan være ganske direktedemokratisk når borgerne engasjerer seg. I små samfunn er konsensus, som jeg oppfatter at Rojavaprosjektet tilstreber, alltid nødvendig. Altså er typer av direkte demokrati ikke så helt nytt, hvertfall ikke så «revolusjonerende» bare ved disse veldig enkle eksemplene og takket være mange slags radikale, struktur-engasjerte aktører før i tiden. Men man må ikke glemme at høyresiden har sine måter for med- eller samvirkning og avskaffelse av statlig-demokratiske strukturer: Fascismen har forbundsrepresentasjon, alle skulle organiseres i forbund ut fra hva deres virke og annen identitet var, og disse forbundene sorterte i relevante større forbund som satt «på toppen» i forhandlingsforum sammen med «statens menneskelige uttrykk»: føreren, – litt enkelt sagt her altså, og det var ingen stat, men partiet. Fascismen kalte seg «den tredje vei», mellomkrigstidens alternativ til både kommunisme og kapitalisme. Annen høyreside kommer som revolusjoner de også, og uten ren fascisme, som går via stemmesedler og koalisjoner tilsynelatende demokratisk, er det gjerne gjennom kupp for en maktdeling med andre samfunnseliter som militære og religiøse, men disse revolusjonene går som oftest baklengs til et kjent konservativt system. Fascister kan, på tross av sin «tredje vei», blande økonomisk liberalisme og storkapitalisme siden de ikke har noen egentlig økonomisk politikk når det kommer til stykket.

      Selv om dette er ganske enkelt og kort gjennomgått hevder jeg at det alltid er tid for å stoppe opp når revolusjoner forlater marxisme og universalitet å spørre: – hva slags revolusjon? hvor på det politiske spekteret ligger den?

      Ellers synes jeg at Folkvord bruker ganske vanlig ullent snakk med «mest mulig av makta skal ligge nederst». «Mest mulig» må være blant de mest forslitte uttrykkene av uforpliktende tale som vi kjenner til. Mest Mulig sier ikke noe om Hvor Mye. Og Hvem skal bestemme hva som er «mest» og hva er «nederst»? Hvem bestemmer definisjonene, et flertall et eller annet sted?
      Når en skal ordne samhandling mellom mennesker, og når mennesker skal kunne ta stilling til ting for å planlegge livene sine trenger en faktiske entydige størrelser. Jeg synes ikke Folkvord høres ut som en AKP’er fra 1970-tallet. Norsk type ytre venstre på 1970-tallet ville vært mye mer konkret og gitt klare oppskrifter på kommiteer, forholdstall mellom arbeidere, funksjonærer og eiere, struktur på selveie-bedrifter, arbeidsdeling i hjem og barneomsorg, og så videre. Nei, Folkvord høres heller ut som en gjengs norsk politiker som vil ha stemmer men ikke vise klar eller tydelig politikk, og med politiske beskrivelser nær norsk lokalpolitisk idealstruktur i tillegg, ja kanskje også syrisk, når en ser nærmere etter.
      Så Folkvord er kanskje i tvil selv? Som jeg antydet ovenfor vet han kanskje mer enn han avslører, kanskje også om det samfunnet som den nye «staten» han forsvarer kritiserer. Kanskje føles det litt skammelig å være del av de brede vestlige gruppene som alle har en agenda om å overkjøre selvstyrte land i områder hvor koloniale makter om og om igjen har drevet med dette, enten med målrettede politiske mord, økonomisk tvang eller blod og terror militært, eller som her – via identitær konformisme og uklare demokratipåstander.

      • «Hvem skal bestemme hva(d)…(som er «mest» mulig…)» – Hvad bestemmer hvem som bestemmer?

        Som sagt var… Siri… «Når en skal ordne samhandling mellom mensker, og når mennesker skal kunne ta stilling til ting for å planlegge livene sine trenger en faktiske entydige störrelser.»

        Jaha… det säger du… så bestämt… Ja, varför inte… men vad mener du… «egentligen»?

        … «entydige störrelser»… är det egentligen något problem… annat än för den som vill og i vissa fall – enligt vissa bestämda tjänsteför(ord)ningar eller parla mentalt representativa maktambitioner – «skall ord/ne samhandling mellom mensker»… så att de kan… «ta stilling til ting» de dagligdags vanligen ikke har å göre med eller ens lov å göre?

        Vems problem?

        Är ikke perspektivet här regentens, statens, teknokratens, mors og fars; ett spörsmål om pedagogikens teknik og teknikernas didaktik… en fråga om konsten; att med lock å pock, piska å morot, styre sig själv att styre andra?

        Kan det inte räcka med att pröve å styre sig själv… efter… de «egna» entydigt tvetydiga störrelser/handlingar vi för-givet-taget, omedvetet medvetet, styrs av… vilka vi förutan inte skulle kunna leva.

        Som jag uppfattar «saken»: gör vi alltid något; og handlar si eller så, personligt olika liknandes på något slags mer eller mindre motstridigt ändå samverkande sätt… enskilt… omedvetet medvetet av gammal (o)vana.

        Det som sker det sker från tid till annan, enligt min egen-dom-liga bedömning, retoriskt snarlikt andras på grund av mina vanligen för tillfället enskilt og allmänt för-givet-taget entydiga störrelsers tolkningar… vilket givetvis är en gåva präglade av forna herraväldens uppror og segrar.

        Viss jag ikke vill… «ordne samhandling mellom mensker» på ett entydigt vis kan jag pröve å möte «entydigheten» som folk flest gör… mest med en politisk «talande tystnad»… eller likt Marx fortsätta «synge tvetydighetens lov» tills jag dör.

        Ingen är nödvändigtvis en efterföljare bara för att den vill verka vara en fortsättare.

        Den som söker en fast punkt i universum kan eventuellt finna den i kyrkan och den som säger sig ha funnit den i sin predikan är en omedvetet medveten bedragare.
        (Sagt å gjort; så att skriva).

  2. Jeg synes det er beklagelig at denne feilaktige oppfatning av kurdere og deres rolle, blir fremmet med slik velvilje av en såkalt «venstreside». Den har gått seg vill i analyser, ser ikke realiteter og lar seg blende av «sosialist»-forestillinger – når imperialistene legger sine strategier, der de involverer de samme «kurdere» i en omfattende plan for å reorganisere hele Midtøsten. Og gir «kurderne» en rolle i det. Med støtte fra norsk «venstreside». Pinlig og beklagelig. Nå også i steigan.no?

    Jeg utfordrer Steigan: Gjør oppslag av denne artikkel om kurderes rolle (er allerede sendt til ham). Jeg skriver gjerne også en kritikk av Folkvords egen kronikk – om Steigan gir meg plass.

    Mvh
    Trond Ali Linstad

    Avisa “Friheten” tar feil om kurdere

    Trond Ali Linstad

    Avisa “Friheten” gir en hel side til støtte for en kurdisk pesmerga gruppe, i politisk og militært angrep på «den iranske barbariske persiske staten», som det står, eller «den persiske fascistiske staten», som det også heter; en stat som driver «kolonisering». (Friheten 8. juli 2017.) Da er vel de verste skjellsord brukt opp?

    Det blir lite av innhold tilbake. Så la meg hjelpe med det, og se på den internasjonale situasjonen, med fokus på Syria, et brennpunkt i dagens verden. Dette er parter i konflikten:

    Dagens storkonflikt
    USA og NATO med lokale partnere; Saudi-Arabia, Emiratene, Israel og flere vil rive opp Midtøsten og reorganisere regionen, til fremme av amerikanske og israelske interesser – er det ikke slik? Iran er en hovedfiende med sine lokale partnere; Hezbollah fremst bland dem. Og – med Syria i fokus: Syria skal rives opp, ødelegges, splittes eller deles. Sterke krefter arbeider for det.

    Kurdere
    Hva blir kurdernes rolle – disse som «Friheten» roser? De er allierte til USA. Og nær venn til Israel. Kurdiske ytringer kan variere, men dette er deres grunnleggende status.
    USA gir kurdere trening og våpen. Områder i Syria som frigjøres fra IS, gis ikke tilbake til syriske myndigheter; kurderne vil beholde dem. Den syriske staten svekkes. Kurderne ønsker et regionalt oppdelt Syria; USA og Israel bifaller det.

    Kurdere – Israel
    Det har i mange år pågått et underhånds samarbeid mellom Israel og kurdere; delvis skjult for ikke å belaste kurderes relasjon til arabiske stater. Men med konkret innhold:
    – Kurdiske pesmerga grupper er trent av Israel.
    – Kurdere har fått våpen fra Israel.
    – Israel kjøper «kurdisk» olje og bidrar økonomisk til kurdiske grupper.
    – Israel har brukt kurdiske organisasjoner for å få hemmelig etterretning om Iran og Irak.
    – Kurdere og Israel har felles interesse i å svekke Iran (nå støttet også av «Friheten»). Kurdisk «uavhenghet» vil segregere regionen, med Israel som styrket aktør.
    – Kurdiske militære kan bli en formidabel barriere mot anti-israelske styrker.
    – PLOs Generalsekretær Saeb Arekat har sagt: «Kurdisk uavhengighet vil være et forgiftet sverd rettet mot araberne.» (Kilde: American Interest.)

    Konklusjon
    Jeg vil anføre dette som konklusjon, i motsetning til «Frihetens» oppslag: Vær betenkt når det gjelder kurderne. Deres rolle bør anses som sterkt tvilsom.

    Trond Ali Linstad

    • Eg har ikkje lesi artikkelen i Friheten som Trond Ali Linstad (TAL) tar utgangspunkt i.

      Når det gjeld Iran og den kurdiske befolkninga der, meiner eg generelt vi må ta omsyn til at Iran heilt sia tidleg i perioden med sjahens diktatur har drivi ei periodevis svært brutal undertrykking i den kurdiske landsdelen.

      På den andre sia må vi ta omsyn til at Iran – etter avsettinga av sjahen i 1979 – er ei viktig motkraft mot Israel og mot USA sine krigar for kontroll over Midt-Austen.

      Eg har nokre kommentarar:

      TAL: «Områder i Syria som frigjøres fra IS, gis ikke tilbake til syriske myndigheter; kurderne vil beholde dem.»

      Kommentar: For eit drygt år sia møtte eg arabarar og turkmenarar som var med i nye styringsorgan Tal Abyad ved grensa til Tyrkia. Kurdiske styrkar frigjorde denne byen frå IS i juni 2015. Den største folkegruppa i byen er arabarar. Dei eg møtte, fortalde om oppretting av nye styringsorgan som ikkje er dominert av kurdarar.

      Byen Manbij vart i august 2016 frigjort på liknande vis. Dei fleste i Manbij er arabarar. SDF (Syrian Democratic Forces) hevdar at Manbij Sivile råd og Manbij Militære Råd har overtatt styringa av byen.

      Viss frigjeringa av Raqqa lykkast, sier kurdiske talspersonar i Rojava at dei ikkje ønskjer å bli okkupasjonsmakt i Raqqa. Befolkninga i byen skal sjølv avgjere korleis byen skal styrast.

      TAL: «Det har i mange år pågått et underhånds samarbeid mellom Israel og kurdere; delvis skjult for ikke å belaste kurderes relasjon til arabiske stater.»

      Kommentar: For meg ser det ut som TAL i hovudsak skriv om nokre av dei kurdiske leiarane i Den kurdiske regionen i Irak og dels i Iran. Samarbeid med Israel og Mossad har ei lang historie, i alle fall tilbake til våpenleveringsavtalen i 1972. Deltakarane da var USA, Israel, Sjahen av Iran og kurdarleiaren Mullah Mustafa Barzani.

      Sjølv har eg snakka med mange kurdarar som, til skilnad frå meg, har eit meir eller mindre positivt syn på Israel. Eg meiner vi dag må gjere ei konkret vurdering av kva slags forhold ulike kurdiske parti og andre organisasjonar har til Israel.

      Statsminister Benjamin Netanyahu i Israel vil utan tvil juble om PYD (Det demokratiske einskapspartiet) i Rojava vedtar å endre programmet sitt og gå inn for å bryte ut av Syria og opprette ein ny stat. Dette ville gagne Israel. Men sjansen er ikkje stor. Motstanden mot å opprette ein ny stat er ein av hovudstolpane i PYD sin politikk.

  3. Som alle andre gjesteinnlegg på steigan.no står naturligvis også dette for forfatterens egen regning. Erling Folkvord har sagt at han er på reise og at han ikke får svart på kommentarer med det aller første. Vi regner med at det kan bli en god debatt.

  4. Hvorfor har venstresida latt seg sjarmere av kurdere ?
    Jo , de kjemper mot ‘makta’…..

    Dette med ‘makta’ er jo veldig diffust , men jeg mener at mange på venstresida lar seg sjarmere av ‘et lite undertrykt folk som kjemper mot makta’….uten at de analyserer hva dette ‘lille undertrykte folket’ vil.

    Ikke bare folk på den tradisjonelle venstresida lar seg forføre ‘av små folk’ , jeg mener at hele støtten til ‘den arabiske våren’ bærer dette stempel.

    Som om alt som kommer ‘nedenifra’ er av det gode , og alt som kommer ‘ovenifra’ er av det onde.
    Denne analysen blir for enkel og bærer galt av sted !

    • Ingen analys kommer «underifrån» eller «ovanifrån» men ständigt som om den göres «utifrån» ett per-spektiv på «saken» inifrån å ut.
      Anal ysens avyttringar ger icke desto mindre en hel del näring åt en å annan icke-geometriskt kvantifierad tankefigurs retoriska dikotomier…

      Viss de kommunister vilke kallar sig kurder kan tänka själva – lär den oheliga alliansen US-Israel-Saudi, mfl også vara redskap för kurdernas intressen och ikke enbart tvärtom…

      Maktutövning är inge(n) ting… men skapar ting… all tid på ett o-rätt färdigt sätt… også om en likt ett barn så slår å sparkar «underifrån»…

      Folkvälden är en oxymoron villfarelse långt unna det egentliga oväldet.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.