Kurdarar i Syria: Frigjeringsrørsle eller løpeguttar for USA?

0

 

Erling Folkvord

Av Erling Folkvord.

Eg  snakkar korkje arabisk, kurdisk eller eit av dei andre språka i Syria. Er derfor avhengig av tolk eller skriftlege kjelder. Derfor er det mykje eg ikkje veit.  Eg vil prøve å vere litt grundigare, mellom anna på bakgrunn av kommentarane til det første innlegget mitt.

Først litt om utgangspunktet mitt: England og Frankrike delte Midt-Austen mellom seg etter første verdskrigen. Dei laga kunstige grenser, i stor grad for å splitte. Frankrike delte for eksempel Syria i fem «statar» tidleg på 1920-talet og styrte med terror. Stormaktsoppdelinga av Midt-Austen er «roten til det onda» som den svenske eksdiplomaten Ingmar Karlsson uttrykker det. Kurdistan vart delt mellom Tyrkia, Iran, Irak og Syria. Ein engelsk offiser sa at fredsforhandlarane etter første verdskrigen hadde «lyktes godt med å få til en fredsslutning som gjør slutt på freden.»

Imperialistiske omfordelingskrigar

Eg ser på dei amerikanske invasjonane i Irak (1991 og 2003) og krigane i Libya og Syria som imperialistisk omfordelingskrig. Målet har særleg vori å øydelegge sterke statar som ikkje har vori USA-lojale.

Delar av det kurdiske området i nordlege Irak vart for 25 år sia  eit amerikansk protektorat. Han som i dag  kallar seg president der (Mesud Barzanî), har sia 1990-talet vori politisk og militært alliert med USA og Tyrkia.  «Ein slave for Tyrkia», som ein rivalane hans sa da vi møttest i 1998. Sett frå ein imperialistisk synsvinkel må vel den amerikanske politikken i den kurdiske delen av Irak  seiast å vere ei suksesshistorie.

Irak, Libya og Syria var moderne statar med stort sett gratis skole og helsevesen. Samtidig var regima på ulike vis svært autoritære og dreiv hard undertrykking av delar av opposisjonen.  Eg har møtt nokre av dei som vart torturert i syriske fengsel.

Eit eksempel frå Norge i august 2010:  Justisminister Knut Storberget (Ap)  tvangsreturnerte ein politisk flyktning til Syria.  I Norge var han nestleiar i Foreningen av syriske kurdere i Norge. Norske politifolk følgte ordre frå justisministeren og utleverte han til syriske politifolk som venta på flyplassen i Damaskus.  Dei tok han med til to vekers tortur. Den norske omsettinga av legeerklæringa etterpå (sjå faksimile) er skremmande og levnar både president Assad og justisminister Storberget lite ære.

USA- og NATO-innblanding i Syria var og er likevel  i strid med folkeretten. Til samanlikning er den russiske krigføringa i Syria innafor folkeretten.

Syria er litt annleis enn Irak og Libya

På eitt punkt meiner eg  situasjonen er annleis i Syria enn han var i Irak og Libya. I den kurdiske landsdelen (Rojava) har det lenge vori ei revolusjonær rørsle. Rojava betyr Vest eller Vest-Kurdistan. Det starta med grasrotarbeid frå PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet) på 1980-talet. Eg møtte nokre av aktivistane i 1995, 1998 og 2004.

– Vi starta våren 1979, seier Ayşe Efendi, ein av veterane frå PPK sitt grasrotarbeid i Syria.

I 2003 danna dei PYD (Det demokratiske einskapspartiet) som seinare gjekk i spissen for 2012-revolusjonen i Rojava. PYD har framleis same ideologi som PKK og vil ikkje bryte ut av Syria for å opprette ein ny stat. Dei meiner ein slik  stat kan bli bra berre for den kurdiske overklassen,  men ikkje for arbeidarklassen og vanlege folk elles. Ei av dei langsiktige parolane hos PYD er: «Frå fridomen i Rojava til eit demokratisk, føderalt Syria.»  Kvinnefrigjering er ei av dei viktigaste sakene: Delt leiarskap (ein mann og ei kvinne) i partiet og i folkevalde organ er eitt av tiltaka for at kvinnene skal kunne ta politisk makt, og ikkje berre formell likestilling. Opphevinga av menns rett til vere gift med fleire kvinner, er eit anna tiltak. Du finn både kurdiske og arabiske menn som mislikar det.

Eg meiner PYD er ein del av ei marxisme-inspirert revolusjonær rørsle med solid historisk forankring i  Midt-Austen si historie.  Nedarva føydale tradisjonar og dagens klasseforhold er annleis enn i Europa.

Hedya Yosef, medleiar i Føderasjonen Nord-Syria. 2016.

Syrias Stalingrad

Alle statsleiarane i Midt-Austen er mot den nye samfunnsordninga i Rojava. USA og andre statar som fører krig i Syria, har same standpunkt. Frå 2014 vart IS – med allsidig støtte frå Tyrkia – den  militære spydspissen for å øydelegge demokratieksperimentet i Rojava. Dei i hovudsak kurdiske forsvarsstyrkane i  byen Kobanê ga IS det første  nederlaget. Hausten 2014 deltok mellom anna den arabiske gruppa Burkan al Firat i forsvaret av Kobanê.

– Kobanê er Syrias Stalingrad, sa fleire enn kurdarane som eg møtte  rett utafor byen i oktober 2014. Og slik vart det. Seinare har IS gått frå nederlag til nederlag, slik Hitler-Tyskland gjorde etter nederlaget i Stalingrad i 1943. I dag er IS-fascismen og IS sitt statsapparat på nedtur.

– Kobanê er Syrias Stalingrad, korfor gjer leiarane i Europa ingenting. Kobanê 2014

Alliansen med USA mot IS

Frå oktober 2014 har USA gitt militær støtte til dei kurdisk/arabiske styrkane som slåst mot IS. USA hevdar jo sjølv rett som det er at dei  er i Syria for å slåst mot IS. Ikkje så mange trur på dette, ettersom USA blanda seg inn for å erstatte den lovlege regjeringa med eit USA-lojalt  regime. USA fører ikkje krig for demokrati.

Dei kurdisk-arabiske styrkane som slåst mot IS, er sia hausten 2015 organisert i SDF (Syrias demokratiske styrker.) Kurdiske YPG og YPJ har mest  militær og politisk erfaring.  Dei er ei avgjerande og styrande kraft i SDF. Andre mindre grupper er og med: Turkmenarar, jezidiar og assyrarar for å nemne nokre av dei.  Wikipedia oppgir at 55 grupper utanom kurdiske YPG og YPJ (Folkets og Kvinnenes forsvarsstyrker)  har slutta seg til SDF og at SDF har minst 85 000 soldatar. Wikipedia seier at 25 prosent er arabarar. Andre kjelder seier det er langt fleire arabarar. Eg veit ikkje om dette er korrekte tal.

I løpet av dei neste månadene er det sannsynleg at SDF – med amerikansk flystøtte – vil nedkjempe IS i Raqqa, IS-kalifens hovudstad.

Rêdûr Xelîl som da var talsmann for YPG, svara mellom anna slik da eg i mai stilte spørsmål om samarbeidet med USA:

USA fører krig i Syria for sine eigne interesser. Vi slåst for våre interesser. Det er viktig at USA no står saman med oss mot Daesh (IS). Vi veit jo at USA i mange år har vori alliert med Tyrkia og har støtta Tyrkia sin krig mot kurdarane. Men akkurat no er vi alliert med USA mot Daesh. Det er viktig i kampen for å frigjere Raqqa og andre område som Daesh kontrollerer.

Medleiar Leyla Mustafa ved Rojava sitt representasjonskontor i Silemanî føyde til:

Den største feilen tidlegare kurdiske leiarar har gjort, er at dei har stolt på USA og Russland. Rojava har lært ei lekse av dette, seier Mustafa. – Det er greitt å ha relasjonar til andre land. Vi ønskjer det. Men dei skal ikkje styre oss. Derfor snur vi aldri ryggen til dei. Vi stoler på folket vårt, ideologien vår og dei avgjerdene vi sjølv tar.

Leyla Mustafa. Rojava-kontoret i Silemanî

Forholdet Rojava – Regjeringa i Damaskus.

Forholdet mellom den lovlege regjeringa i Syria og sjølvstyret i Rojava er ikkje enkelt og eintydig. Det har hatt direkte eller indirekte samarbeid mot IS.

Forsoningsminister Ali Haidar sa 20. april 2015 til ei kurdisk avis i Irak, at regjeringa hadde gitt militær støtte til dei kurdiske styrkane for  å  gjere dei sterkare i kampen mot terror.

I august 2015 melde Al Jazera at ein YPG-talsmann sa at regjeringshæren kunne bli ein partnar i krigen mot IS viss dei vil forplikte seg til å arbeide for demokrati.

I desember 2015 sa president Assad til britiske Sunday Times mellom anna  at «vi sende våpen til dei fordi dei er syriske statsborgarar og dei vil slåst mot terrorisme.»

Sia 2012-revolusjonen i Rojava  har det og vori mange trefningar. Slik som i Qamishlo i april 2016 og i Hasakah i august 2016. I Qamishlo  starta det med skyting frå NDF-militsen som er alliert med regjeringsstyrkane.

Regjeringa og PYD er samde om at staten Syria ikkje skal delast opp i fleire statar.

Forholdet mellom dei ulike folka i Nord-Syria

Sivile styringsorgan har overtatt styringa i arabiske byar som SDF har frigjort frå IS: Tal Abyad (juni 2015), Shaddadi (februar 2016), Manbij (august 2016). Den USA-støtta tyrkiske invasjonen i Syria i 2016 var eit direkte svar på at SDF knuste IS i Manbij. Tyrkia sende sine eigne styrker over grensa da det viste seg at IS gjekk på enda eit stort nederlag mot dei kurdisk-arabiske styrkane i SDF.

Talal Silo: Talsmann for SDF. Shaddadi 2016.

PYD og SDF seier  dei ikkje skal vere okkupasjonsmakt og at befolkninga i  dei frigjorte områda  må avgjere kva slags styre dei skal ha i framtida. Det skal gjelde i Raqqa og.

Rojava og det langt større området som SDF har frigjort frå IS,  er omringa av fiendar. Heller ikkje Russland er for den nye samfunnsordninga, sjølv om Russland har prøvd å vere meklar.  Ein av dei kurdiske leiarane sa nyleg at Russland trugar med Tyrkia, viss ikkje SDF vil rette seg etter russiske råd.

Alliansane er ikkje stabile i Syria. Kanskje har USA og forstått  det etter kvart som USA-finansierte våpenleveransar til USA-lojale opprørarar  har hamna hos Al Qaida-allierte grupper. Leiinga i PYD seier at dei i denne situasjonen må gjere taktiske manøvrar. Dei samarbeider i dag med arabiske grupper som før har hatt eit direkte eller indirekte samarbeid med Tyrkia eller med den lovlege regjeringa i Damaskus.  Eg har ikkje oversyn over alle desse gruppene. Men dei er mange.

USA: Eit taktisk og mellombels samarbeid

Situasjonen er innfløkt. Ein statssekretær i det  amerikansk Utanriksdepartementet sa i mai at samarbeidet med PYD og SDF er taktisk og mellombels. Men vi vil sikkert og få sjå mange amerikanske forsøk på å gjenta den amerikanske suksessen med å opprette eit USA-lojalt styre i den kurdiske delen av Irak. Framtida vil vise om USA får til dette, eller om PYD og SDF lever opp til Leyla Mustafa sine ord: Dei skal ikkje styre oss.

Revolusjon er ulovleg i alle land. Frigjeringsrørsler  og revolusjonære rørsler blir vanlegvis stempla som terroristar. Nelson Mandel er berre eitt eksempel. Det betyr lite om dei seier dei kjempar for ei demokratisk eller ei sosialistisk samfunnsordning.

Revolusjonære rørsler må og inngå alliansar med andre, som berre delvis er for det politiske målet. Dette ser vi i Syria etter kvart som fleire og fleire arabiske grupperingar har alliert seg med SDF.  Og av og til må revolusjonære samarbeide med krefter som har heilt andre mål.

Konklusjonen min, som revolusjonær aktivist i Norge, er at det er rett å gi politisk støtte til PYD og andre som forsvarar og utviklar demokrati-eksperimentet i det sjølvstyrte området i Nord-Syria. Folket i Rojava har skapt ei samfunnsordning som dei, viss dei ikkje blir knust, kjem til å utvikle vidare. På lang sikt kan andre av folka i Midt-Austen bruke dette som modell  i sine statar.

Erling Folkvord, medlem i Rødt

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.