– Har ei ny regjering mot til å stanse dette?
Av Mads Løkeland og Kjell M. Derås.
Når ein går gjennom behovet for kraft, økonomien, tap av naturverdiar, kven som står bak, og ikkje minst overgrepet mot sørsamane sine rettar som urfolk, så blir ein slått av ein gjennomført skandale, at utbyggingsvedtaket for vindkraft på Fosen, Snillfjord og Hitra er trumfa gjennom mot alle reglane som skal vera grunnlaget for store investeringar i Noreg.
1. Det er overskot av kraft i Noreg, og ein kan i hovudsak få frigjort nok fornybar kraft til å fase ut fossil energi gjennom systematisk satsing på energieffektivisering og energisparing, slik mange utgreiingar har vist at er mogleg. Det er ikkje behov for gigantinvesteringa.
2. Eit gigantisk tapssluk for Statkraft og Trønderenergi kan bli resultatet. Sjølv i Sverige, med betre vilkår for vindkrafta, går anlegga med store underskot, og Statkraft måtte nedskrive svenske vindinvesteringar med 1,82 milliardar. Energiprisen er forventa å vera låg i mange år, og elsertifikata som skal gje subsidiar til vindkrafta, har falle frå 15 øre/kWh til 5 øre på kort tid, og fleire fryktar at prisen blir null. 5 øre for elsertifikata kan gje eit tap på 5 milliardar for Fosen vind.
3. Tapet av naturverdiar er stort, både gjennom vindkraftanlegga, dei lange kraftleidningane og stor vegbygging. Vindkraftanlegg er industriområde for produksjon av kraft med
store inngrep, oppstykking av naturområde og stor menneskeleg aktivitet. Anlegga og kraftleidningane kan bli det største samla naturinngrepet i Trøndelag i nyare tid. I Tyskland og Danmark blir vindkrafta lagt til kulturlandskapet, ikkje i naturområde, slik som i Noreg.
4. Banken Credit Suisse er ein av investorane, kjend frå skandalar i USA, Europa, Asia og Afrika. Skandalar i mangemilliardklassen og bøteleggingar har vore ein gjengangar. Etter årelang etterforsking tilstod Credit Suisse i 2014 at dei hadde hjelpt kundar i USA med skattesvindel, og betalte 2,6 milliardar dollar i bøter, og i mai i år kom foreløpig siste melding om bøter, denne gongen for kvitvasking i Singapore. Ønskjer vi Credit Suisse som investor i norske naturressursar?
5. ”Otillåtet statsstöd” skriv Svensk Elbrukarförening om at Statnett gir Fosen vind gratis tilkopling til sentralnettet. Naturvernforbunda i Trøndelag klaga har klaga dette til ESA som ulovleg subsidie. Statnett bad om utsetting til 2028 for å fullføre leidninga over Trondheimsfjorden. 8 år med full produksjon i vindkraftanlegga (2020 – 2028) utan samankopling viser at leidninga ikkje trengst for styrking av sentralnettet. Dette er rein tilkopling til sentralnettet, som andre kraftselskap må betale sjølv.
6. Grove inngrep i samiske rettar som urfolk i strid med FNs konvensjon om sivile og politiske rettigheter artikkel 27, og ILO-konvensjon nr 169 om urfolk. Konvensjonen krev fritt og informert samtykke frå samane for å tillate slike inngrep, men samane på Fosen og Sametinget har protestert mot utbygginga på Storheia, som ikkje på noko vis skjer etter «fritt og informert samtykke». Ein skandale at samane må gå til retten for å få rettane sine som urfolk.
Norsk nasjonalt institutt for menneskerettigheter, oppnemnd av Stortinget for å overvaka spørsmål rundt menneskerettar, rosar Olje- og Energidepartementets vedtak om å nekte konsesjon til vindkraftanlegg ved Kalvatnan (samisk reindriftsområde): «Saken er enestående i norsk forvaltningspraksis, idet drøftelsen er forankret i FNs konvensjon om sivile og politiske rettigheter, artikkel 27.»
Når menneskerettane vart lagt til grunn for å stanse konsesjonen ved Kalvvatnan, må vel same forvaltingspraksis også gjelde på Fosen?
Spørsmålet bør ikkje lengre vera om prosjektet blir stansa, men når. Vil dagens regjering gripe inn, eller må vi vente på at ei eventuell ny regjering med Jonas Gahr Støre i spissen har mot til å stanse dette vanvittige prosjektet?
Mads Løkeland, Naturvernforbundet i Sør-Trøndelag.
Kjell M. Derås, sentralstyremedlem Naturvernforbundet.