Oppgjøret som blei vekk

0
Máze i Kautokeino kommune, 1970. Befolkningen demonstrerer mot foreslått neddemming av området i de første utbyggingsplaner for Alta-Kautokeino-vassdraget. Foto: Knai, Vidar / SCANPIX
Svein Lund

Gong på gong har norske politikarar lova å ta eit oppgjør med fornorskingspolitikken mot samane, og rette opp skadane som har skjedd. Like ofte har dei svikta, og i dag synest alle dei store orda gløymde.

Samerettsutvalet si innstilling av 1997 hadde tittelen «Naturgrunnlaget for samisk kultur». Snart 20 år etterpå er dette naturgrunnlaget utsett for stadig nye åtak, samtidig som regjeringa går til åtak på samisk språk og kultur i eit omfang som vi hadde trudd var eit tilbakelagt stadium i Noreg.

Nødvendige tiltak

Trass i alle store ord har ingen av stortingspartia gått inn for dei to hovudtiltaka som er nødvendige for å sikre framtida til samane i Noreg:

– Samane må ha rett til å sette foten ned mot inngrep som trugar naturgrunnlaget.

– Det må gjørast reelle tiltak for å rette opp skadeverknadane av fornorskinga.

NRK Sápmi har siste tida hatt ein serie innslag om dei langsiktige verknadane av fornorskingspolitikken. Det er både snakk om personlige verknadar, som dei vonde røynslene til ungane som frå 6-7-årsalderen blei sendt til internatskolar der personalet ikkje forsto språket deira, og det er snakk om samfunnsmessige verknadar som at samisk kultur og språk forsvann frå store område, og i stor grad blei erstatta av eit kollektivt etnisk sjølvhat. Dei personlige trauma kan vare i fleire generasjonar, dei samfunnsmessige enno lenger. Dette er ikkje grundig undersøkt. Blant dei som er intervjua av NRK har nokre kalla det «kulturelt folkemord». Når ein ser kor lite som er igjen av det samiske over størstedelen av det samiske busettingsområdet, må ein dessverre konkludere med at det er dekning for så sterke ord.

Ulikt møte

For å forstå dagens situasjon er det nødvendig å kjenne historia om forholdet mellom folka på Nordkalotten. Møtet mellom norsk og samisk befolkning er kjent fleire tusen år tilbake, og allereie i vikingtida var det eit ulikt møte, der norske høvdingar med våpenmakt tok seg retten til å krevje inn «finneskatt». Med kvar sine kyrkjer som forpostar kjempa nabostatane for å få kolonisere størst mogleg del av Sápmi og samane blei statsborgarar av kvar sine land. Idéen om å fornorske eller fordanske den samiske befolkninga i Danmark-Noreg er kjent langt tilbake. Tidlig på 1700-talet uttalte bispen for Trøndelag og Nord-Noreg at samane skulle lære dansk «saa de nedlagde sit eget finske [samiske] Tungemaal» Etter ein del svingingar i politikken blei fornorskingslinja så godt som einerådande norsk politikk frå midt på 1850-talet og eit hundreår framover.

Dei første spede teikna til oppgjør med fornorskingspolitikken kom rett etter andre verdskrigen, med Samordningsnemnda for skoleverket, som i 1948 uttrykte at skolepolitikken overfor samane måtte endrast. Deretter følgde Samekomiteen av 1956, som gikk inn for å avvikle fornorskinga og sette inn tiltak for å styrke samisk språk og kultur. Det blei ein hard kamp mot dei som ville halde fram fornorskinga, men da saka kom til Stortinget i 1963 var det der i alle fall i ord brei semje om ein ny politikk.

 Máze i Kautokeino kommune, 1970. Befolkningen demonstrerer mot foreslått neddemming av området i de første utbyggingsplaner for Alta-Kautokeino-vassdraget.  Foto: Knai, Vidar / SCANPIX

Máze i Kautokeino kommune, 1970. Befolkningen demonstrerer mot de første utbyggingsplaner for Alta-Kautokeino-vassdraget.
Foto: Knai, Vidar / SCANPIX

Frå stortingsfrasar til kraftpraksis

I 1971 ga Magnar Mikkelsen ut boka «Masi, Norge», med utgangspunkt i planane om å demme ned samebygda Masi/Máze for å lage demning for vasskraftverk. Her siterer forfattaren nokre av dei fine orda som fall i Stortinget åtte år tidligare ved behandlinga av innstillinga frå Samekomiteen. Eg nøyer meg med Einar Hovdhaugen (Sp): «Denne innstillinga som vi i dag diskuterer, representerer etter mi meining eit syn som er eit demokratisk og humanistisk samfunn verdig. Men lat oss også i denne stund erkjenne at vi gjennom hundreåra har gjort ein masse synder og feilgrep – synder og feilgrep som vi no skal forsøke å rette opp så langt det let seg gjere. Vi har ingen ting å vere stolte av. Det er ikkje samane som står i gjeld til samfunnet. Gjeldsposten er på vår side. Det vi i dag står overfor, er eit forsøk på å betale tilbake litt av den gjelda og den skulda vi har dynga over våre hovud når det gjeld den samiske folkegruppe.»

            Dei første åra etter stortingsbehandlinga skjedde det nokre positive endringar. I 1967 blei samisk innført som skolespråk, i 1968 kom den første domen som sa at reindriftssamar hadde rett til erstatning ved inngrep som øydela beiteområda deira. Staten kunne tillate nokre innrømmingar på det spåklige og kulturelle området, og også, om enn motvillig, at samar skulle få ein liten pengekompensasjon når landet blei tatt frå dei. Men det var aldri snakk om å rokke ved staten sin rett til å ta eller gi bort samane sitt land og gjøre inngrep som fjernar naturgrunnlaget for levebrød og samisk kultur.

Heilt frå 1912 blei det arbeida for å regulere Alta-Guovdageaidnu-vassdraget, med eit nedbørsfelt som omfattar halve Finnmarksvidda. Dei mest omfattande planane inkluderte å ta vatn frå Tanavassdraget, regulere dei to største vatna i Finnmark, Iešjávri og Stuorajávri, og sette heile elvedalen med samebygda Máze under vatn. I «Masi, Norge» viser Mikkelsen korleis styresmaktene sentralt og i fylket arbeida for dette, fullstendig uberørt av alle store ord om å rette opp tidligare overgrep mot samane.

 

Langtekkelig rettskamp

I 1974 kom konsesjonssøknaden for utbygging av Alta-Kautokeino-vassdraget. Da hadde ein gitt opp å demme ned Máze, men framleis var det eit stort inngrep, og planen blei møtt med den største miljøaksjonen i norsk historie. I løpet av kampen kom spørsmålet om samisk rett til land og vatn stadig meir i forgrunnen. I ettertida har det vore to utbreidde feiloppfatningar av denne kampen. Den eine er at det bare var ein samisk kamp, den andre at kravet om rett til land og vatn først oppsto under denne kampen. Samisk Råd for Finnmark avga allereie i 1956 ei erklæring der det bl.a. blei sagt: «Samene lever i den sikre overbevisning at høyfjellet og nes og øyer ute ved kysten som de har bruksrett til i uminnelige tider, ikke har vært herreløs eiendom, men tilhørt samene. … Samisk oppfatning går derfor ut på at staten ikke uten videre har rett til å disponere over områder uten å ta hensyn til samenes rettigheter»[1]

Det er i ettertid sagt at kampen om Alta-Kautokeino-vassdraget endte 1-1. Staten tvang gjennom utbygginga med ei bruk av politimakt som overgår alt anna i norsk historie. På andre sida blei det sett ned eit Samerettsutval, som skulle greie ut spørsmål om samisk folkevald representasjon og om retten til jorda i Finnmark. Utvalet klarte å bruke 17 år på å komme med ei innstilling om retten til land og vatn i Finnmark – men utan eigentlig å ha svart på spørsmåla. I mangel av eit klart svar blei det så oppretta nye organ, som Finnmarkskommisjonen og Utmarksdomstolen, som no vil utgreie vidare i minst like lang tid.

Formelt sett har det skjedd store endringar i norsk samepolitikk etter Altakampen. Vi har fått Sameting og omsynet til samiske interesser er skrive inn ei rekke lover, som naturmangfoldlova og minerallova. I praksis har det likevel ikkje skjedd noko endring av kjernespørsmålet. Framleis kan staten, som det blei sagt for 60 år sidan. «uten videre … disponere over områder uten å ta hensyn til samenes rettigheter».

 

Åtak på grunnlaget for samisk kultur

I motsetning til den grenselause seindrektigheita med fastsetting av samiske rettar, går det langt raskare når staten skal praktisere sine eigne «rettar» over samiske bruksområde. I løpet av det halve hundreåret sidan dei første løfta om å rette opp uretten mot samane har fjordane blitt tømt for fisk, sjøsamiske fiskarar er kasta på land og rettane deira gitt til trålarkapitalen. Gjennom reindriftslova og reindriftsavtala har staten likvidert det gamle samarbeidet mellom reindriftssamar og fastbuande, tvunge gjennom si eiga organisering av reindrifta og tvunge gjennom ein flokkstruktur som har vore øydeleggande for samisk reindrift. Norske og utanlandske gruveselskap har fått leite mineral overalt i samiske bruksområde, og nylig har fleire selskap fått løyve til drift trass i samiske protestar. Av eit utal søknadar om vind- og vasskraftanlegg i samiske område har samiske interesse klart å stoppe nokre få, mens andre er gjennomført, vedtatt eller under behandling.

Kongelige og ministarlige ord

Under opninga av Sametinget i 1997 sa kong Harald: «Den norske stat er grunnlagt på territoriet til to folk – nordmenn og samer. Samisk historie er tett flettet sammen med norsk historie. I dag må vi beklage den urett den norske stat tidligere har påført det samiske folk gjennom en hard fornorskningspolitikk.» Denne orsakinga blei følgt opp av statsminister Bondevik som i 2000 lova å opprette eit fond for erstatning for fornorskinga. Da fondet starta med 75 millionar, trudde optimistane at det skulle bli ei årlig påfylling, men fondet blei aldri større. Den raudgrøne regjeringa løyva på 8 år aldri eit øre, og noko av det første den blåbrune regjeringa gjorde var å legge fondet ned.

            Samar med tapt skolegang fikk etter 20 års hard kamp omsider ein svært beskjeden, nærast symbolsk erstatning. Men denne var for tapet pga. krigen, ikkje pga. norske styresmakter sine overgrep. Ofte lei dei som fikk skolegang større skader, fordi skolen førte elevane bort frå deira eige språk og kultur. Organisasjonen «Rettferd for taperne» har tatt saka for tidligare internatbarn som hadde søkt om erstatning for overgrep, Alle søknadane er avvist.

Innskrenking i samisk opplæringstilbod

Frå 1967 til ut på 1990-talet skjedde det ei gradvis utvikling av samisk opplæring i skolen. Tida har lenge vore overmogen for nye tiltak som lovfesta rett til lærebøker på samisk, rett til opplæring på samisk over heile landet, rett til å velge samisk som fag uavhengig av etnisitet og rett til plass i samisk barnehage. Men ingen av desse tiltaka er gjennomført. Derimot har samane stadig vore i forsvarsposisjon, mot stadig nye reformar som har uthola samisk opplæring, mot nedlegging av samiske skoletilbod osv. Talet på elevar med samisk som fag har gått kraftig tilbake. I vinter demonstrerte sørsamar foran Stortinget mot nedlegging av Sameskolen i Hattfjelldal. Eg skreiv da til Oslo-avisene og rikspartia og ba dei å reagere. Ikkje eitt svar frå nokon!

Uønska historie

Få år etter talane til Kongen og statsministeren starta eit lite forlag i Finnmark og ein liten gjeng med bakgrunn frå samisk skole eit prosjekt som skulle vare meir enn eit tiår. Vi kalla det Samisk skolehistorie, og det endte med 6 bøker og ein nettstad med rundt 500 artiklar. Dette blei utgitt med mange naudrop og støtte frå Sametinget, Fritt Ord og nokre til. Men dei som sidan 1815 har vore ansvarlig for skolepolitikken overfor samane, Kirke- og Undervisningsdepartementet / Kunnskapsdepartementet og underbruket Utdanningsdirektoratet, nekta konsekvent både å støtte og i det heile å diskutere saka. Det var heilt klart at dei ikkje ønska at nokon rippa opp i denne historia. I NRK Sápmi 19.04.2016 sa Siri Broch Johansen frå redaksjonen for Samisk skolehistorie: «Vi har eit nasjonalt traume i Sápmi. Smertene forsvinn ikkje på ein generasjon. Vi har ordna til ganske mye dokumentasjon og det er mogleg å starte å forske vidare». Var det nokon norsk politikar som stilte opp og sa at det må vi gjøre noko med?

Sanningskommisjon også i Noreg!

I fleire land har det vore tatt oppgjør med fortida sine synder gjennom oppretting av offentlige granskingsutval eller sanningskommisjonar, slik som etter overgrepa mot urfolka i Canada og etter apartheidstyret i Sør-Afrika. I Noreg har Sametinget tatt initiativ til eit liknande oppgjør, men regjeringa har sagt nei. Kva norske parti har støtta Sametinget sitt krav? Det er mogleg eg har oversett nokon, men eg har ikkje sett det. Hermed er dei alle utfordra.

 

Svein Lund, Guovdageaidnu

sveilund@online.no

[1]     Sitert etter Mikkelsen, Magnar: Masi.Norge, s. 163.

Forrige artikkelNorge støtter terroristene i Syria
Neste artikkelSlagmarkens logikk