Ord til dei som er fødd inn i krigsgenerasjonen

2
Bondevik vinker oppmuntrende til bombeflyene som skal ødelegge Jugoslavia

Erling Folkvord
Erling Folkvord

Eg tilhøyrer det foreldra mine kalla etterkrigsgenerasjonen. Personleg er eg glad for at kortvarige rikspresident Karl Dönitz allereie 7. mai 1945 møtte general Montgomery i Reims og skreiv under kapitulasjonserklæringa, og at ikkje skjedde nokre veker seinare. Han som seinare vart far min, fekk etter krigen høyre at han stod på ei av okkuppasjonsmakta sine lister over personar dei skulle gjere noko med den våren.


Appell på Fredshuset, Norges Fredsråd 8. mai 2015.


Eg er for eit moderne, militært forsvar av Norge. Men det skal vere defensivt. Norge skal ikkje føre krig i utlandet, verken for eigne eller alliertes interesser.

I dag skal vi minnast og hedre dei som i fem år ofra liv og helse i kampen for å frigjere Norge frå naziokkupasjon. Sjøfolka, sabotørane i Osvaldgruppa og i Pellegruppa, motstandsfolka i Milorg og dei tusentals sivile, og ikkje minst kvinner, som tok livsfarleg ansvar for kvar sine nødvendige, og ofte usynlege  oppgåver.

Bondevik vinker oppmuntrende til bombeflyene som skal ødelegge Jugoslavia
Bondevik vinker oppmuntrende til bombeflyene som skal ødelegge Jugoslavia

Eg tilhøyrer altså etterkrigsgenerasjonen.
Dei som er fødd etter  21. mars 1999 tilhøyrer derimot den nye krigsgenerasjonen.
I dag skal vi minnast daverande statsminister Kjell Magne Bondevik som i mars 1999 stod framfor TV-kamera på Bodø flyplass og vinka farvel til F16-flya som steig mot himmelen for  å delta i bombinga av Jugoslavia. Regimet i Beograd skulle tvingast i kne. Ikkje fordi det var eitt av dei mange brutale og udemokratiske regima i verda. Ikkje fordi Milosevic var krigsforbrytar, men fordi Milosevic nekta å skrive under Rambouilletavtalen. Den avtalen betydde å avvikle Jugoslavia som sjølvstendig stat. Bombinga av kringkastingshuset i Beograd vart eit av høgdepunkta i krigen.

Mer enn 100 ortodokse serbiske kirker ble lagt i ruiner av NATOs bombefly
Mer enn 100 ortodokse serbiske kirker ble lagt i ruiner av NATOs bombefly

I dag skal vi og minnast tidlegare statsminister Jens Stoltenberg(Ap) og statsrådane hans frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. I 2010, etter ni år med norske okkupasjonsstyrker i Afghanistan, vedtok dei å gjere 8. mai til veterandag.
Vi skal minnast at den same regjeringa 19. mars 2011 erklærte krig mot Libya. Og sende 6 norske F-16 fly til den sigerrike bombekrigen som øydela den juridiske og sosiale infrastrukturen som gjorde Libya til ein stat. I dag er Libya berre namnet på  eit geografisk område. Bombinga av Great Man-Made River, det enormt store vassforsyningsanlegget langt inne i landet, var eit av høgdepunkta i den krigen.

stoltenberg bombet libya for å trene

Vi skal minnast at fleire statsrådar frå den same regjeringa for akkurat fire år sida deltok i den første veterandagen,  mens andre F-16 fly flaug lågt over Akershus. Den dagen delte forsvarssjef Harald Sunde ut Krigskorset med sverd til tre Afghanistan-veteranar.  Krigskorset med sverd er, etter offisielle reglar, «Norges høyeste utmerkelse for innsats i krig». Fordi den same regjeringa hevda at Norge ikkje førte krig i Afghanistan,  fekk dei tre krigskorset fordi dei hadde  «gjort en helt spesiell innsats i Afghanistan.»
Denne dagen sa statsminister Jens Stoltenberg at «det går en linje fra 1945 til Libya og Afghanistan i dag.» Eg meiner Stoltenberg da krenka minnet om og ettermælet til Osvaldgruppa  som no nettopp har fått eit minnesmerke på Jernbanetorget, og ettermælet til alle dei andre som frigjorde Norge og Europa frå Hitlers nazisme og okkupasjon.
Om dei som får liknande medaljar i dag, blir det opplyst at dei har «utvist personlig mot og fremragende ledelse i meget vanskelige situasjoner». Eg tvilar ikkje på at det er sant.

Men krig handlar alltid om å påføre motstandaren størst muleg tap. Så mange drepne og så mange såra som muleg. Og samtidig sjølv ha så  få falne som muleg.  To erfarne offiserar presiserte dette på eit seminar om Afghanistankrigen for nokre år sia.

Vi bør og minnast at den første norske offiseren som fall for fiendtlege kuler i Afghanistan, han var send dit av eit samrøystes Storting, med vedtak så tidleg som våren 2002. Forsvarsleiinga presiserte denne enstemmigheta da dei kunngjorde resultatet  av ein vellykka afghansk operasjon, for å bruke tverrpolitisk, norsk nytale. Forsvarssjefen brukte ikkje det ordet om dennbe krigshandlinga.

Og akkurat no er det berre dagar igjen til at statsminister Erna Solberg sender norske soldatar til Irak – med diplomatpass. Med dette nye grepet beskyttar ho dei mot straffeforfølgjing dersom nokon av dei blir medskyldig i det som den eine eller andre regjeringa i Irak ser på som krigsbrotsverk. Alle veit jo at det kan vere eit tidsspørsmål før det blir åpent konflikt mellom regjeringa i Bagdad og den regionale kurdiske regjeringa i Erbil. Og alle veit at soldatane som reiser til Bagdad, kan få oppdrag som rådgivarar for shia-milits som har brukt akkurat dei same terrormetodane mot sivile som IS bruker. Skilnaden er at den Bagdad-allierte shiamilitsen  ikkje kunngjer drapa sine på You-tube. – Kort sagt: Det kan bli bruk for eit eller fleire av diplomatpassa Erna Solberg har delt ut.
Terrorisme er ein strategi, som bl.a. Al Qaida, al Nusra-fronten og IS bruker.  Major Henning A. Frantzen, som er instruktør ved Krigsskolen, har i eit intervju peika på ei enkel kjennsgjerning: ”- Ein kan ikkje føra krig mot strategiar, berre mot dei som står bak. Krigføring krev eit subjekt å slåst mot».
Den prøyssiske offiseren Karl von Clausewitz er framleis kjend for  det militærteoretiske hovudverket Om krigen.  Ei av spissformuleringane hans er framleis aktuell: «Krig er fortsettinga av politikken med andre metodar.»
I løpet av dei siste 20 åra har Norge vorti eit land med større og større investeringar i utlandet. Så langt i dette hundreåret er Norge ein stor kapitaleksportør. Slik England var for meire enn 100 år sia, før den første verdskrigen.
Mykje av kapitaleksporten er del av moderne norsk imperialisme. Norge fører oftast ein fredeleg politikk for å forsvare desse investeringane og alliertes investeringar rundt omkring i verda. Men, når det blir så mykje trøbbel og så stor motstand at dette ikkje er nok, da vil også den norske regjeringa fortsette denne politikken «med andre metodar», som Clausewitz sa. Da går Norge til det vi hadde kalla angrepskrig, viss vi sjølv hadde vorti utsett for det.

Eg håper mange av dei som er fødd inn i den norske krigsgenerasjonen blir med i kampen mot krigen. Berre på den måten kan vi i framtida lage anstendige og verdige markeringar av frigjeringsdagen frå 1945.

Nordahl Griegs dikt Til Ungdommen frå 1936 blir aldri uaktuelt:

Krig er forakt for liv.
Fred er å skape.
Kast dine krefter inn:
døden skal tape!

KampanjeStøtt oss

2 KOMMENTARER

  1. «Men krig handlar alltid om å påføre motstandaren størst muleg tap. Så mange drepne og så mange såra som muleg. Og samtidig sjølv ha så få falne som muleg. To erfarne offiserar presiserte dette på eit seminar om Afghanistankrigen for nokre år sia.»

    Så hvis du følger denne logikken, og er sikker på at det må massiv krigføring til for å få muslimer til å slutte å tro mer Islam er svaret på Islamske lands problemer, så er det beste å skape en generasjon med borgerkrig i muslimske land, mellom radikale og moderate muslimer. Denne borgerkrigen kan vi holde varm, ved å alltid støtte den svakeste parten, intill muslimer er blitt vaksinert for alt som har med religiøs fanatisme å gjøre.

    Nå var det nok vanskeligere å lage vold og kaos enn beregnet, så det kostbart å fjerne de som sto i veien for denne generasjons lange borgerkrigen, men så langt, har de vestlige tapene vært små, enn hvis krigen skulle vært islam støttet av Kina, mot vesten.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.