Angloimperialismens trojanske hest i Europa

12
Józef Kuraś ”Ogień”
Egil Lejon
Egil Lejon

Om USA vil prøva tvingja fram TTIP-avtalen med EU, kva for EU-land vil USA då nytta som spydodd i eit slikt forsøk? Om USA vil militarisera Europa for å auka våpeneksporten sin til NATO-land, kva for EU-land vil dei då gjera seg nytte av? Dersom Tyskland og Frankrike vil visa sterkare motstand mot krigspolitikken til USA’s neocons i Ukraina, kven vil dei då nytta som brekkstang for dette? Dersom USA vil framprovosera ein krig på europeisk jord, kva for EU-land vil dei då nytta for dette formålet?

Anten spørsmåla gjeld TTIP; fredspolitikk i Europa; ei løysing på krigen i Ukraina; nedbygging av konfliktnivået mellom EU og Russland, så er det avgjerande at den progressive opposisjonen i Europa forstår at Polen er USA sin trojanske hest i Europa. Personleg trur eg at kunn-skapen om Polen si soge og praktiske politikk er altfor avgrensa til at dette i dag kan bli forstått.

Men for ei djupare forståing av kva som skjer i „Ukraina“, er det naudsynt å skjøna polsk og litauisk soge – like frå kroninga av barnet Jadwiga i Krakow 16. Oktober i 1384, til det etterfylgjande tvangsgiftemålet mellom henne og stor-hertug Jogaila av Litauen. Det var dette som skapte Det polsk-litauske samveldet (13861434). Den polsk-føydale erobringslysta austover var eit framhald av strategien til Den Tyske Orden og andre krossriddarordenar på 11-1200-talet – tyske og svenske. Den mongolsk-tatariske invasjonen på 1200-talet som svekka og splitta det gamle Rusriket, gav den polske adelen meirsmak. Og all seinare elitær polsk geopolitisk tenkjing har vore forsøk på å atterreisa og revitalisera denne storpolske draumen:

a) Det polsk-litauske samveldet under Stefan Batory (1576 –1586) var det historiske høgdepunktet for denne storpolske draumen. (Soros-foundation i Polen har namn etter denne brutale herskaren – og „Stefan Batory Foundation“ har like sidan etableringa i 1988 motteke rundhanda finansiering frå „The German Marshall Fund of the United States“, „Charles Stewart Mott Foundation“, „Ford Foundation“, „Open Society Foundations“ , «National Endowment for Democracy» og „Rockefeller Brothers Fund“ – samt EØS-midler frå Noreg.)

b) Den føydale polske eliten spelte same rolle i høve til den Habsburgske okkupasjonen av kva habsburgarane kalte Galicia, i 1772-1918, som den polske eliten i dag gjer i høve til USA i „Ukraina“. Det opphavelege namnet på Galicia, er Halychina – oppkalt etter byen Halych (latin Galic) som var hovudstaden i det vestlege Rus. Namnet kjem av rusinske ordet „halka“ som tyder kråke, og som òg er symbolet (coat of arms) for Halychina. Eg kjem attende til det rusinske spørsmålet, men her vil eg berre nemna: Halychina var opphaveleg aldri polsk. Folket som budde der var rusinar – nærare bestemt den rusinske folkegruppa som kalte seg lemkos og gruppa lenger aust som kalte seg „boykos“ – og dessutan slovakar, goralar og slaviske folk med polsk identitet.

c) Józef Klemens Piłsudski (fødd 1867 i Zułów (nå Zalavas) ved Vilnius. Han døydde i 1935 i Warszawa). Han var statssjef 1918–1922, og spelte ei viktig rolle i grunnlegginga av den Andre polske republikken. Mellom 1926–1935 var han polsk diktator. Opprinneleg var han medskipar av „Polens nasjonalsosialistiske parti“. Seinare skifta han ut „sosialismen“ med „den polske nasjonen“ og hans anti-russiske politikk og ekspansjonisme var nett kva han heldt fram med gjennom heile sitt politiske liv. Den storposlke hovudstrategien sin kalte han Międzymorze, som kan omsetjast til „Mellom hava“ – altså polsk herredøme og hegemoni mellom Austersjøen og Svartehavet. Hans storpolske visjon var eit Storpolen som inkluderte Litauen, Kviterussland og Ukraina. Med andre ord eit framhald av mellomalderens Storpolen.

d) Etter fredsforhandlingane i Paris i 1918-1919 fekk Polen tyske område i vest. Men det er mindre kjend at England og Frankrike gjorde ein ny deal med Polen i den vesle belgiske byen Spa i 1920. Her gav dei Polen rett til å okkupera og annektera slovakiske kjerneområde i Orava og Spiš med mest hundre prosent slovakisk folkesetnad, samt eit om-råde av moravisk-tsjekkisk Schlesien. Dette var faktisk fyrste utgave av „Munchen 38“.

e) For å skjøna moderne polsk sjåvinisme, ekspansjonisme og den særeigne karakteren av polsk fascisme, går det ingen veg utanom Roman Dmowski (1864-1939). Endå om Dmowski aldri fekk regjerande posisjon, sett bort frå ein kort periode i 1923 som utanriksminister og at han var leiaren for den polske delegasjonen under Paris-forhandlingane i 1919, så hadde han stor makt i øvde han mykje stor . Men Dmowski hadde mykje stor makt i den ekstremnasjonalistiske Endejka-rørsla. Han var den politiske og ideologiske leiaren for Stronnictwo Narodowo-Demokratyczne (Nasjonal-demokrat-isk parti) – kalt Endecja. Han var motstandar av Piłsudski sin Międzymorze-politikk. Men ikkje fordi han motsette seg Piłsudski sin ekspansjonisme og storpolske planar, men fordi han ville ha eit reint Storpolen – ingen føderasjon som Piłsudski, og inga anerkjenning av andre nasjonar som ville leva innanfor storpolske grenser. For Piłsudski spelte etnisk opphav mindre rolle. For han var det eit spørsmål om underordning og 100 % lojalitet til den polske staten kontrollert av han sjølve. I  praksis var liten skilnad på den nasjonale poltikken til Piłsudski og Dmowski. Begge tok opp att den føydale tradisjonen frå personalunionen mellom Polen og Ungarn (1370—1382) og seinare føydale dynasti: Den herskande høgadelen og omlandet av lågadel måtte sverja lojalitet til den storpolske idéen – om adelen var karsjubisk, sorbisk, mazurisk eller anna, spelte ingen rolle. Dei svor lojalitet til det polske dynastiet. Kva liveigne bønder var, spelte sjølvsagt like liten rolle som opphavet til husdyra gjorde. Då opplysningstida og romantikken tok til å å definera omgrep som „nasjon“ og „nasjonalstat“, var det til dømes i Polen aldri snakk om nasjonale minoritetar og etniske grupper, men om polsk patriotisme med grunnlag i den føydale tradisjonen.

Spørsmålet om nasjonal frigjering var reservert den polske idéen – anten det var snakk om interne spørsmål eller om „polakkar“ som levde i områder som ein gong hadde vore under storpolsk herredøme. I artikkelen „Polakkene som Undertrykkere“ frå 1907 skreiv Bjørnstjerne Bjørnson om dette klokt om dette. Bakteppet var Napoleon si oppretting av Storhertugdømet Warszawa 1807–13, og den polske adelen si sabelrasling som førebuing til Polen si deltaking i det store felttoget mot Russland. Eg kjem attende til Bjørnson sin artikkelen under spørsmålet om rusinane. Krava om polsk grenseline under Parisforhandlingane vart sette fram av Dmowski som var leiar for den polske delegasjonen, og dette var kravet var då kjend som „Dmowski-grenselina“:

Dmowski-lina
Dmowski-lina

I mellomkrigstida søkte Dmowski å gje Endecja ein politisk profil bygd på Mussolini sin fascistiske modell. Og endå om Dmowski – i motsetnad til Piłsudski, tykte Tyskland var ein strategisk fiende og ein trusel mot storpolske interesser, så mislikte han Mussolini sin manglande rasisme og meinte at nazistane på dette området hadde ein betre politikk.

f) Då Piłsudski døydde i mai 1935, fekk Polen regimet som vart kalt „diktaturet utan diktator“ – leidd av troikaen general Edward Rydz-Śmigły, president Ignacy Mościcki og Józef Beck. Beck var utan tvil politikaren med stor P, og han tente som utanriksminister. Dette regimet var det såkalte Sanacja – ei samling av ulike Piłsudski-fraksjonar, men kor russobien var sams nemnar. Likeins illusjonen om at det gjekk an å laga kompromiss med Nazi-Tyskland med utgangspunkt i storpolske interesser. Her – i diplomatiet mellom Hitler-regimet og Sanacja 1935-39, ligg mykje ukjend material – reine „bomber“ som ventar på publisering.

Dei som enno hugsar ordskiftet i forkant av invasjonen i Irak (i tida like før Polen vart medlem av EU) om aktiv europeisk deltaking i Irak-krigen, vil hugsa at Frankrike sin president Jacques Chirac nytta høvet til å fortelja komande EU-medlemmar at dei var best tente med «å halda kjeft». Men Polen sin dåverande president Aleksander Kwaśniewski; den tidlegare kommunistiske karriere-politikaren og etter 1989 representant for det såkalt «polske venstre», gjorde Polen til et krigførende land like plutseleg som han hugsa korleis Frankrike hadde svikta «Mellom-Europa» under München-forliket i 1938. Ei sak er at dette sannsynlegvis var den mest tåpelege grunngjevinga for aktiv støtte til USA sin invasjon i Irak. Men ei heilt anna sak var at norske og vestlege media i kommentarane til Kwaśniewski si utsegn, avslørte kor totalt blotta dei var for kunnskap om polsk soge. Sanninga var jo at Polens (og Józef Becks) største diplomatiske og politiske aktivitet i forkant av München, var ein kamp for å få sitja saman med Mussolini og Hitler for å vera med på delinga av Tsjekko-Slovakia.

Eit av dei mange møta mellom Hitler og Józef Beck... Dette frå 1937.
Eit av dei mange møta mellom Hitler og Józef Beck… Dette frå 1937.

Dette var møtet kor Beck søkte sams haldning i det sudettyske og „polske minoritetsspørsmålet“ i Tsjekko-Slovakia.

Og for å streka under kor alvorleg dei meinte dette gjekk Polen til okkupasjon av deler av Slovakia og Tsjekkia i 1938. Var Kwaśniewski ukjend med dette? Nei, sjølvsagt ikkje. Men det var og er typisk polsk å hugsa kva andre har gjort mot storpolske draumar, og like sikkert gløyma kva dei har gjort mot andre. Ei samanlikning av til dømes norsk og nordisk nasjonalismetradisjon og polsk nasjonalisme-tradisjon, kan etter mitt syn enkelt karakteriserast slik: N.F.S. Grundtvig – som far for nordisk folkeleg nasjonal-ismen, nytta ofte den bibibelske utsegna som rettesnor for nordisk politisk og nasjonal aktivitet: «Gjer ikkje mot andre, kva du ikkje vil at andre skal gjera mot deg». Dette vart òg eit credo for seinare folkeleg nordisk nasjonalisme – såleis nytta både av Bjørnson og Garborg. Men kva har vore credoet i polsk nasjonalisme? Jo: «Gjer mot andre, kva du ikkje vil at andre skal gjera mot deg». Og dessutan: Skrik og skrål og grin for heila verda om kor urettferdig verden er imot Polen, når andre gjer mot Polen kva Polen gjer mot andre.

g) I 2006 fekk Polen to nye nasjonale minnesmerke. Den dåverande polske presidenten Lech Kaczyński (drept under flystyrten nær Smolensk i april 2010) reiste 13 august til Zakopane. Det var ingen blåbærtur han skulle på, men eit offisielt oppdrag som låg det storpolske hjarta hans mykje nært – og det var eit oppdrag han hadde gitt seg sjølve. Og der var han saman med høgtståande represen-tantar for den katolske kyrkja og for det polske militær-apparatet. Og oppdraget var å avduka eit monument inne i skogen. Eit monument over kva ein må kunna kalla ”ein av Polen sine store søner” – då vurdert utifrå dei offisielle talane og den store markeringa som fann stad der inne i skogen med presidenten i spissen… Dette var ikkje ei harmlaus avduking… Dette var ein offensiv framstøyt for å gje unge polakkar eit politisk idol for framtida. Ein ’positiv’ helt skrapa fram av ei soge som Kaczyński og partiet hans – saman med koalisjonspartnarar frå det politiske livet, kyrkja og hæren, meinte Polen ville ha behov for om polsk ånd skulle kunne haldast oppe i framtida. Ei avskyeleg handling. Eit regelrett hån mot alle demokratiske, kristne og humane ideal. Og som vitne til slikt, forstod ein så altfor godt kva Gandhi meinte då han sa: ”Eg liker dykkar Kristus, men eg liker ikkje dykkar kristne. Dykkar kristne er så forskjellige frå dykkar Kristus.”… Me talar her om eit monument over ein person med fascistisk, sadistisk, rasistisk og anti-kommunistisk tankegods av aller verste sort. Og avdukinga som presidenten, katolsk prominens og polsk hærleiing stod for der oppe i skogen, vekte avsky og protestar blant det jødiske, slovakiske, rusinske og kvite-russiske mindretalet. Men òg mellom mange polakkar. Men denne offisielle markeringa skapte òg djupt mismot mellom slekt og vener som hadde blitt ramma av denne ”polske sonen” som på dette avskyelege viset vart heroisert og ideolisert av det offisielle Polen. Dersom eit slikt monument hadde vorte reist i dagens Tyskland, kunne me ha vore sikre på at ikkje berre bulevardpressa, men òg alle media som reknar seg som seriøse, ville ha produsert store oppslag om saka – og då frå alle tenkjelege og utenkjelege vinklar. Men dette skjedde i Polen, og det vart ikkje ein gong registrert i vestlege media. Den store ”helten” frå monumentet; òg kalt ”Flammen” – ”Ogień” på polsk, vart med dette monumentet gjort til eit ideol for reell og potensiell ekstrem, katolsk supranasjonalisme og storpolske ideal. Det verkelege namnet til denne ”helten” var Józef Kuraś, og han blir i polske media til vanleg omtalt som Józef Kuraś ”Ogień”… Han var fødd i Waksmund – aust for Nowy Targ i det sørlege Polen; i 1915. Og han var løytnant i Den polske arméen som gjorde motstand mot den nazistiske septemberokkupasjonen etter 1939. Seinare kom han med i den breidt organiserte partisanarméen, altså «Armija Krajowa», som offisielt vart oppløyst 20. januar 1945. Då mest fordi den polske eksil-regjeringa i London frykta at den djupe politiske splittinga innan arméen kunne utløysa borgarkrig. Og noko slikt kunne lett ha skjedd om grupper-ingar i arméen hadde byrja partisankrig mot den allierte, anti-nazistiske Raude Arméen. Józef Kuraś tilhøyrde frå fyrst av «Bataliony Chłopskie» – bataljonen som opererte i den sørlegaste regionen Podhale. Bataljonen slutta seg til Armija Krajowa, og mot slutten av krigen var bataljonen fullt integrert der. Józef Kuraś hamna i unåde og vart sparka frå eit kommunist- og venstreorientert leidd partisankompani i Podhale, kor han var offiser. Det har vore peikt på mange årsaker til dette, mellom anna at han hadde for vane å ta seg sjølv til rette overfor sivile, gje maktposisjonar til nære vener og at han var utan respekt for avgjerder tatt av lokale styresmakter. Ei anna årsak var sterke reaksjonar frå andre offiserar og partisanar på sadismen og bestialiteten han utviste som offiser. Det har heller ikkje vore uvanleg å sjå på han som ein rein psykopat. Ein polsk forfattar som har skrive om livet hans, skreiv mellom anna at han insisterte på å få barn med så mange kvinner som mogleg, fordi han såg det som avgjerande for Polen si framtid at ”genene” hans overlevde… Frå 11. april 1945 organiserte Józef Kuraś sitt eige partisankompani kalt «Błyskawica Józefa Kurasia Ognia». Og dette kompaniet var heilt etter hans eige hovud – det vil seia i den mest uttrerte polsk-reaksjonære tradisjonen. Og helteglorien Kuraś vart tildelt der oppe i skogen i 2006, må utvilsomt stamma frå innsatsen hans nett i denne perioden. For merittane hans før den tida gav neppe poeng til nokon idolstatus hjå den harde kjerna i partiet «Prawo i Sprawiedliwość» (Lov og rettferd) eller frå koalisjonspartiet «Ligi Polskich Rodzin» (Ligaen for polske familiar); leidd av visestatsministaren Roman Giertych. Og heller ikkje hjå PiS og LPR sine allierte i den katolske kyrkja, hærleiinga og media, som då satsa stort på å gjera Kuraś til helt og idol for det 21. hundreåret. Og korfor må det vera sånn? Jo, fordi ein blir ikkje idol og helt i desse krinsane ved å leva ut ei eventyrleg eventyrlyst som partisan i eit kompani leidd av kommunistar og venstreorienterte – som Józef Kuraś gjorde før april 1945…

Monumenet over „helten“Józef Kuraś ”Ogień” ...
Monumenet over „helten“Józef Kuraś ”Ogień” …

Så helteglorien må komma frå merittane som han og dei omlag 700 soldatane hans utførde i Błyskawica-(Lyn)perioden etter 11. april 1945. Denne perioden varte fram til februar 1947, då han og nokre av soldatane hans vart omringa under eit opphald i landsbyen Ostrowsk. Og då han forstod at slaget var tapt, skaut han seg sjølv i hovudet – men ikkje målretta nok, for han døydde dagen etter; 22. februar 1947, på sjukehuset i Nowy Targ. I „Lyn-perioden“ leidde han Błyskawica under parolane ”Død over kommunistar! Død over Jødar! Død over Slovakar!”. Målet var eit „etnisk reint“ Sør-Polen. Józef Kuraś og den krimi-nelle banden hans, dreiv mellom anna klappjakt på jødar som hadde overlevd dei nazistiske utryddingsleirane og som vende heim til landsbyane sine i sør etterat Raude Arméen hadde berga livet deira. Heller ikkje barnesanatoriet i Rabka; litt nord for Nowy Targ, kor slovakiske, jødiske og andre barn vart behandla for tuberkulose, vart spart av ”Flammen” sine flammar.

Det same galdt såkalte «rusinske», «slovakiske» og ”jødiske» hus – og heimane til slovakiske og rusinske politiske leiarar – inkludert slovakiske katolske og rusinske ortodokse prestar som nekta å nytta polsk språk og brukte morsmålet sitt i slovakiske eller rusinske kyrkjelydar. I Józef Kuraś si dagbok; som Kuraśapostlar i dag sjølvsagt hevdar er forfalska av ”kommunistar”, eller til og med fabrikert, heiter det: «3 mai 1946

Józef Kuraś ”Ogień
Józef Kuraś ”Ogień

-Velkommen, Mai-daggry! Ein bil med jødar i natt. 12. Det var meininga å få dei over grensen. Zl. 50, 000. Før Krościenko, i grøfta med dei. Rivka ropte: Herr Flamme, det er eit ekkelt demokrati du steller i stand. Fekk tunga avskåren.» Denne bussen var på veg til Zamagurie i Slovakia. Dit så mange tusen hadde lukkast i å komma over grensen for å berga livet. ”Kor mange jødar må du myrda for å bli polsk nasjonalhelt?” spurde Forbundet av jødiske veteranar i eit ope brev til polske styresmater då Kuraś fekk monumentet sitt. Og spørsmålet var ”to the point!” Heile fire statuer, eller monument, av dette slaget, fekk Lech Kaczyński oppført i den tida han var polsk president. Og ved avdukingar og offiselle seremoniar var det då alltid dette med ”å halda vår stolte soge levande for kommande generasjonar” som fekk plass i talane hans. Når det offisielle Polen i apoteotisk byrgskap set fascistar, rasistar og anti-semittiske teoretikar – i tillegg til ein praktikar av verste slag, på sokkel, så må ein samstundes spør kva det i grunnen er som gjer den polske staten byrg! Og denne augustdagen i 2006, der oppe i skogen nær Zakopane – kor Józef Kuraś hadde sin løynde terroristbase med sine kriminelle bandittar, gjekk minister Andrzej Przewoźnik i fistel i talen sin om denne ’helten’. Przewoźnik var ein nær medarbeidar av presidenten – og han var òg med i flyet som styrta nær Smolensk. I talen sin om denne sadisten og banditten sa ministeren: ”I dag betalar me tilbake ei gjeld, gjenreiser han i panteon av nasjonale heltar.” Przewoźnik var historikar av yrke.

Polske vener har send meg «musikk-tekstar» laga etter 2006 om Józef Kuraś som blir nytta i storpolske-katolske ungdomsmijø. Desse tekstane viser at dei veit godt kven denne „helten“ var og kva han stod for.

Den polske ultranasjonalisten og raseteoretikaren Dmowski fekk også monumentet sitt dette året. Sentralt i Warszawa. Det høyrer med til soga at då mellom anna polske jødiske organisasjonar protesterte mot desse monu-menta og ville ha dei fjerna, så kom det òg sterke protestar frå regjeringa i Israel. Desse førde til at president Kaczyński gjorde ei snøgg reise til Israel. Og då han kom attende og møtte polsk presse smilte han breitt og kalte møtet mykje konstruktivt. Kva det tydde, veit ingen. Det ein veit er at Israel ikkje snakka meir om desse monumenta etterpå. Og tagnaden var like påfallande hjå leiarane i  polske jødiske organisasjonar. Endåtil leiaren for den slovakiske minoriteten i Sør-Polen vart kalla inn på teppet av den slovakiske ambassadøren i Polen, og fekk der melding om å halda kjeft. Noko han ikkje gjorde.

Om det er ei oppgåve å utvikla ein politisk strategi for fred, og for eit anti-hegemonisk og anti-imperialistisk Europa, er det uråd å gjera det utan å ha sterkt fokus på Polen og støttespelarane deira i dei baltiske statane. Her finn me, og vil finna, USA sine mest lojale vasallar. Men det finst ingen djup og allmenn innsikt i polsk og baltisk soge i Skandinavia og Vesteuropa. Der er Polen framleis det „stakkars landet som aldri har fått fred frå desse fæle russarane“, og slik vil det vera så lenge ingen gjer noko for å endra biletet. Mellom nabolanda derimot, særleg i sør, er det ingen som stolar på Polen. Til det er negative røynsler for overveldande. Dei veit at Polen alltid har søkt alliansar med imperialistiske makter sterkare enn seg sjølve. Men dei veit òg – kva intellektuelle, vestlege analytikarar med god kunnskap om Polen ikkje legg nok vekt på: At Polen alltid har sin eigen, sjølvstendige agenda når dei opptrer som lojale vasallar. Og at denne eigne agendaen alltid har vore overordna, og det endå i tider då den polske eliten finn det opportunt å tona ned eigne mål. Slik har det alltid vore i polsk soge. Same kva politikken deira skulle verna; katolisismen, den vestlege kolonialismen og imperialismen. Då den polske eliten gjorde drittarbeidet for habsburg-regimet mot den rusinske majoritetsbefolkninga i „Galicia“, var det og for å verna vesten og katolisismen mot russarane og russisk ortodoks tru. Og då Piłsudski som fraksjonsleiar i det polske nasjonalsosialistiske partiet mot slutten av det 19. hundreåret skreiv om grunnlaget for polsk sosialisme, så skreiv han at den historiske rollen for sosialismen i Polen var å verna vesten mot det reaksjonære Russland. Som representant for den polsk-litauiske føydaladelen, hugsa han sjølvsagt ikkje at det var polske representantar i Dumaen som me nebb og klør kjempa imot vedtaket om å oppheva liveigenskapet i det tsaristiske Russland, og å gje ulike nasjonale grupper større sjølvstende. No om dagen går den polske eliten i spissen for å verna naziregime i Ukraina og USA sine interesser i Europa mot den „russiske faren“… Det er kontinutet i polsk reaksjon, og det er på høg tid å gje Europa kunnskap om denne kontinuiteten. Denne kunn-skapen finst – og då ikkje minst hjå progressive, anti-sjåvinistiske polakkar. Men det må ein organisert allianse til, om dette materialet skal koma ut på andre språk enn polsk.

Egil Lejon

KampanjeStøtt oss

12 KOMMENTARER

  1. «Polen er USA sin trojanske hest i Europa»

    Ikke bare nå, men antagelig også som et påskudd til å starte 2. verdenskrig.
    Hele vårt fortalte, av vinnerne, «historie» bør gås nærmere i sømmene. Det er for mye som ikke stemmer. Det er for mye det er forbudt å analysere og samtale om. ( Bl.a. » jødar som hadde overlevd dei nazistiske utryddingsleirane» )

    «Hvis du vil se hvem som bestemmer politikken så se hvem/hva det ikke er lov å diskutere.»
    Voltaire.

      • Video-linken/talen hadde en forferdelig uklar lyd og en enda verre (automatisk) oversettelse, men det nok de samme bakmennene som dengang så Tyskland som en farlig trussel mot verdenskapitalens makt, som nå sitter som bakmenn i USA/Israel.
        Som slo ned Gadaffis forsøk på løsrivelse og nå ser BRICS-landene som en sterk trussel for det samme.
        Og så lenge det er forbudt å samtale om mytene som er produsert etter 2. verdenskrig, vil det være underlig om disse kreftene ikke greier å sette i gang et nytt tredje helvete.
        Kjenner man ikke historien, eller har forbud mot å diskutere alle sider og myter, vil vi bli hjelpeløse ofre for å måtte gjenta historien . Til vi har En verden/En leder. – Så var/er disse kreftene skamløse nok til å spre propaganda om at det var NASJONALismen som ville ta verdenskontroll.

        Som Snowden sa i et intervju på NRK 2 i går. «Jeg trodde jo, som vi alle, at det er «the good guys» som styrer i USA..Så greier de altså å skremme hele den vestlige verden til å passivt godta overgrep/overvåking og sette Bolivias fly (ambasadeområde) på bakken når de trodde jeg (Snowden) var ombord. Et brudd på alle internasjonale regler. Og hele verden lot det skje.»

        Denne gruppen/disse menneskene har nå så stor makt, og styrer så mye av verdens media og politiske spill at de kan gjøre hva de vil. – Og er «smartere» enn lusa når det gjelder å suge blod og spre smitte/sitt verdensbilde.

  2. Takk for fint innlegg! Brukte noen dager på å komme gjennom, men det var verdt det.

    På jobben har vi forresten en polakk og en litauer som er bitre fiender. Vet du hva det kan komme av?

    • Hei
      Polen og Litauen har en lang og innfløkt historie sammen. Det har vært fellesskap og rivalisering. Begge land regner Storhertugdømmet Polen-Litauen eller var det Litauen-Polen som et høydepunkt. Litauen kritiserer Polen for sjåvinisme og nedlatenhet. Polen regner seg som større og viktigere enn Litauen. Polen har vært sterkt i Litauen, og en kan nsakke om en polonisering av Vilnius-området. Både Polen og Litauen regner seg som rettmessige etterkommere etter Kiev-riket, noe også Russland og Ukraina gjør. De var i en kortvarig krig 1919-20. Jeg søkte på «animosity Poland Lithuania» og fant denne artikkelen, som virker informativ, sjøl om jeg ikke kan gå god for noe jeg bare har lest en tredjedel av. http://vilnews.com/2012-06-the-tense-polish-lithuanian-relations-2 Uansett er det er relevant tema du reiser, og dessverre er det blitt svært aktuelt. Egil Lejon vet sikkert mer om dette.

      • Takk for svar! Dessverre roter jeg hele tida med Latvia og Litauen, det var Latvia jeg mente, men interessant uansett. Lejon kommer helt sikkert innom forholdet mellom Polen og Latvia seinere, da det må være noe politisk som ligger mellom polakken og latvieren på jobben, det er ikke kun av personlig art.

        Flott med slike artikler om vårt nære omland, som vi dessverre vet så altfor lite om.

  3. Hva var vitsen for polske representanter i den russiske Statsdumaen som ble først valgt i 1906 med å stemme imot opphevelse av livegenskap i Russland, som skjedde i 1861 (og i selve Polen ble den opphevet allerede i 1807 av Napoleon) ???

  4. Fiendskapet mellom Litauen og Polen har også djupe røter. Ein av dei merkelege prioriteringane til det nyfødde Polen etter første verdskrig var å halda på Litauens historiske hovudstad – Vilnius – som ein polsk by. Dette førde til at det ikkje var diplomatisk samband mellom Litauen og Polen. Det var først Molotov/Ribbentropavtalen som gjorde Vilnius litauisk. Den polske adelen – slachta – var mot oppheving av liveigenskap til lenge etter at dette var gjennomført i Russland. I et heile var den polske eliten temmeleg reaksjonær i sosiale spørsmål, sjølv om dei var allierte med det liberale vest. Rosa Luxemburg var polsk jøde, og likte korkje den polske eller den jødiske eliten. Den som grev litt i skriftene hennar vil finna mykje sinne retta mot eliten i heimlandet.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.