Hjem I nyhetene

Podcastkommentariatet og høgresidas opprør mot lobbyen

0

Det pågår et opprør på høyresida i USA som ryster hele grunnfjellet til Donald Trump og MAGA-bevegelsen og tar et oppgjør med Israel-lobbyen. Hans Olav Brendberg orienterer om dette.

Hans Olav Brendberg.

Eg såg ikkje denne samtalen då han kom, men fekk sett igjennom i helga. Dette er veldig opplysande, for den som tek seg tid.

Ana Kasparian, frå venstrepopulistiske «The Young Turks», diskuterer Israel, krig, lobby og svertekampanjar med Megyn Kelly – podcastar som tidlegare var programleiar på Fox News.

Opprøret mot lobbyen på amerikansk høgreside er ganske breitt – og breidare forankra enn før. I mange år har ein hatt ei libertariansk høgreside som har vore svært kritiske til lobbyen. Men dette fekk langt større tyngde i fjor.

Det var Tucker Carlson og Candace Owens som byrja brøyta veg. Men samstundes som dei gjekk ope ut mot lobbyen, og mot mobiliseringa til krig mot Iran, hamna Charlie Kirk i skvis mellom den MAGA-rørsla han sjølv var sentral i (Turning Point USA) – og dei rike onklane som finansierte det heile – og som kravde at rørsla skulle banka igjennom kanselleringskultur mot all kritikk av Israel.

Dette toppa seg då TPUSA samla til stor studentkonferanse i Florida i juli 2025. Kirk gjekk ikkje sjølv ope ut mot lobbyen – men bad Tucker Carlson og Megyn Kelly gjera det.

Resultatet vart at lobbyen byrja ein omfattande svertekampanje mot Carlson og Kelly – som slo tilbake. Dette forsterka kløyvinga mellom «Israel først»-høgre og «Amerika først»-høgre.

Kløyvinga i MAGA-rørsla vart ein avgrunn etter drapet på Kirk – og etter at Trump vart med på Netanyahus krosstog mot Iran.

Mistilliten mot etablerte media er ei viktig drivkraft i den politiske utviklinga på amerikansk høgreside – og opprøret mot lobbyen skjer først og fremst i ein podcastsfære av journalistar og kommentatorar som tidlegare hadde ei rolle i Fox News, Daily Wire og liknande plattformar – men som no overlever som uavhengige podcastvertar. I tillegg til Carlson og Kelly handlar dette om Joe Rogan, Candace Owens, Dave Smith m.fl.

I tillegg har det foregått synleg alliansebyggjing mellom denne antikrigs-høgresida og uavhengige på amerikanks venstreside – som Kasparian og Uygur i «The Young Turks».

I fabelen møtte dei blinde vismennene ein elefant – og då dei skulle fortelja kva dei hadde møtt, hadde dei veldig ulik oppfatning av korleis dyret var. Ein av vismennene hadde kjent på foten, og meinte dyret likna ein tømmerstokk. Ein annan hadde kjent på øyra, og meinte dyret var som eit stort blad. Den tredje vismannen hadde kjent på halen, og meinte dyret minna om ein slange.

Skal antikrigspartiet utvikla seg vidare, er det i og for seg meiningslaust å reindyrka eitt av desse perspektiva. Den mekanismen som dei siste tiåra har vore den sterkaste pådrivaren for krig er kompleks – og dei som insisterer på ei, og berre ei tilnærming går glipp av mykje. Det som no byrjar å skje i den amerikanske podcastsfæren – at ein diskuterer desse tinga på tvers av høgre-venstreskiljet – er nøkkelen til å forstå meir, og utvikla betre analysar (og er også nøkkelen til å mobilisera breidare motstand).

Slik sett er denne samtalen mellom Kasparian og Kelly eit utmerka døme på kva vi treng no.

Legg merke til kva miljø som gjer slike ting – og kva miljø som tviheld på eigne perspektiv, og freistar hindra at nye diskusjonar og perspektiv kjem til orde.

Forrige artikkelOljefondets «vinnerkultur»
Neste artikkelFra Epsteins nettverk til nyhetsstrømmen din