Hjem Internasjonalt

Neste forsvinning

0
Den russisk-israelske historikeren Arem Kirpichenok og advokaten hans Inna Inn Led er arrestert av Shin Bet. KI-generert.

Denne saka blir ikkje dekt av vestleg presse, men blir ein del omtalt i russisk-jødiske nettverk. Den russisk-israelske historikaren Arem Kirpichenok vart tidleg i august lokka til ein konferanse i Israel – landet der han tok historikarutdanninga si.

Hans Olav Brendberg.

Då han landa i Israel vart han arrestert av Shin Beth, kasta i einecelle med kontaktforbod – og det vart pålagt full pressesensur for israelske aviser når det galdt omtale av saka.

Kirpichenok blir halde totalt isolert av israelske styresmakter, men fekk etter ei tid tilgang til advokat.

Din støtte holder oss gående!

steigan.no er en av de svært få norske nettavisene med daglig publisering som drives 100 % av frivillige leserbidrag, uten pressestøtte, uten annonser og uten betalingsmur. Takk for at du gjør det mulig.

Støtt oss her

No er også advokaten til Kirpichenok kasta i einecelle.

Ein ting mange ikkje forstår med det israelske systemet, er at det tradisjonelt har vore ein rettsstat for jødar. Israelske jødar som Gideon Levy, Amira Hass og andre har i stor grad kunna kommentert og kritisert fritt – verna av dei same mekanismane som du finn i vestlege rettsstatar. Palestinarar med israelsk statsborgarskap har berre delvis desse rettane, men rettsgarantiane for jødiske borgarar har vore sterke.

Israelsk presse er underlagt førehandssensur, og vil i ein del saker få forbod mot å omtala ei sak. Etter oktoberkrigen i 1973 vart regimet til ein viss grad diskredittert, og israelsk presse utvikla mange metodar for å omgå sensuren. Etter kvart fekk du ein langt friare diskusjon av realitetane enn i vestleg presse elles.

Sidan Kirpichenok si sak er underlagt omtaleforbod, er den viktigaste sjansen han har at internasjonal presse omtalar saka. Israelsk presse har ikkje forbod mot å referera kva internasjonal presse skriv – og internasjonal presse er ikkje underlagt israelske sensurlover.

Med arrestasjonen av Kirpichenok sin advokat er det heilt tydeleg at dette er ei utprøvingssak i regi av israelske styresmakter. Den er retta mot pro-palestinske jødar generelt – og mot russiske jødar spesielt.

Om det blir internasjonalt kjent at ein opposisjonell historikar – og no advokaten hans – forsvinn i «natt og tåke» i Israel på oppkonstruerte anklagar vil israelske styresmakter bli nøydde til å vurdera å rygga i denne saka. Israelske jødar har framleis ein interesse av å forsvara den rettstryggleiken dei sjølve har krav på.

Men så lenge presseforbodet blir halde ved lag, og så lenge internasjonal presse – på grunn av medløperi eller inkompetanse – vel å ikkje omtala denne saka kan undergravinga av den israelske rettsstaten halda fram.

EINAT TEMKIN:

I can’t even believe I have to post this. When I first heard the rumors I dismissed them, but it’s now confirmed by three or four people.

I think this is unprecedented. The lawyer Inna Inn Led who was defending Artem Kirpichenok has been living and working in Israel for many years. She has been detained by Shin Bet as well and can not be contacted.

Currently one will not find media reports given the total media ban in Israel. There may be references in Russian media soon.

Anyone who was posting information on this case previously has mysteriously gone silent, which indicates to me they have been – well, let’s put it this way – “cautioned“ to cease and desist posting about it.

Welcome to Israel, have a nice day.

Forrige artikkelNår bondeorganisasjonene feirer nedbygginga av norsk landbruk