
Alternative für Deutschland har gjort eit brakval i Sachsen-Anhalt, med 43,8% av røystene. CDU får halvert oppslutninga i delstaten, med 17,2%. Linke, SPD og Grüne held hovudet akkurat over sperregrensa, på kring 9%. Og Sahra Wagenknechts parti kom over sperregrensa – med 5,3%.

Dei andre partia har lova kvarandre og veljarane at dei skal halda AfD utanfor all innverknad gjennom ein «brannmur» – der ein skal freista sikra seg mot at partiet kan påverka regjeringssamansetjing vedtak i deltstasforsamlinga.
I eit demokrati er det mogleg å sikra seg mot at parti med oppslutning på 10-20% får innverknad. Men når eit parti får røystene til nær halvparten av veljarane er ikkje dette mogleg lenger.
Din støtte holder oss gående!
Steigan.no er en av de svært få norske nettavisene med daglig publisering som drives 100 % av frivillige leserbidrag, uten pressestøtte, uten annonser og uten betalingsmur. Takk for at du gjør det mulig.
Støtt oss herOm Sahra Wagenknecht-partiet kjem inn i deltstatsforsamlinga, har dei før valet avklart at dei ikkje stør «brannmurs»-politikken. Legg ein til BSW-veljarane, snakkar vi om 49,2% av veljarane i delstaten. Med slike tal er ein «brannmur»-politikk dømt til å enda opp i parodi.
Så kva no?
Det som skjer no, er at ein gamal, etablert politisk orden går ut på dato. Valresultatet i Sachsen-Anhalt er veljarane sitt svar på «brannmur»-politikken. Skal ein koma ut av baklåsen, kan ein ikkje forankra den politiske orden i elitekonsensus. Manipulasjon fungerer på kort sikt, men straffar seg på lengre sikt. Skal tilliten byggjast opp, må han byggjast opp frå grunnen.
Men problemet gjeld langt meir enn AfD og Tyskland.
Ta eit døme her heime. For eit par dagar hadde NRK eit oppslag om at Norgespris var årsaka til tomme kraftmagasin. Her i Trøndelag har det regna heile sommaren – likevel er magasina tomme. Og nei – det er ikkje astronomisk auke i kraftforbruk i husstandane på grunn av prisar på kring 50 øre kilowattimen som er årsak til tomme magasin.
Grunnen er krafteksport. Alle veit det. Og alle veit at politikarane som lova uendra kraftprisar då ein bygde ut utanlandskablane laug – medvite eller umedvite.
Men dei som dreiv desinformasjon før byggjingjinga av utanlandskablane tar sjølvsagt ikkje noko ansvar for konsekvensane av eigen politikk. Tvert imot. Vi kjem til å få meir av det same. Nett og generatorkapasitet kjem til å bli utbygt – på vår kostnad – for å leggja grunnlaget for enno høgare kraftprisar.
Og veljarane vil svara ved å leggja meir og meir devaluerte røystesetlar utanfor brannmuren.
oss 150 kroner!


